lørdag, 12 september 2020 18:50

Test: AONIC 50 - Shure lagar øyretelefonar Spesial

Skrevet av

Shure er ein av dei eldste produsentane av lydutstyr, og vert i hovudsak assosiert med dei mest kjente pickupane og mikrofonane på marknaden. Men no er produktutvalet auka med støydempande øyretelefonar. Korleis greier Shure seg i konkurransen?

Shure, ja – eg har liggande ein mikrofon som eg brukte då eg spelte i band for førti år sidan, og eg har ein av dei klassiske pickupane som er endå eldre. Shure var – og er – rekna for å vere svært skikkelege ting, men har også ord på seg for å ha trauste produkt. Pickupane er vanskelege å få tak i, og passar helst til lettvektsarmar, og det finnest mange alternativ når det gjeld mikrofonar. Likevel, det er skikkelege ting, og eg har sjølv måtte bite i meg fordomar mot eldegamle pickupar; for ved ideelle forhold er dei faktisk svært gode. Shure-lyden er ein eigen signatur som dei fleste umiddelbart vil like.Så det var svært spennande å pakke opp Shure AONIC 50 øyretelefon då dette kom i posten.

Utforming

Det fyrste eg la merke til, var emballasjen som mest av alt likna på ein kakeboks. Eg tok lokket av sylinderen og fann ei veske på innsida i same format. Inne i denne låg eit sett svært forseggjorde øyretelefonar i brun, tiltalande farge. Eg vil seie dei er svært pent utforma, og på same tid robuste. Dei var naturlegvis i «transportmodus» og flatpakka, så eg lurte ein augeblink på korleis eg skulle vri klokkene til lytting, men det var berre å vri – ein svært solid konstruksjon, om enn litt stor. No er det no eingong slik at store klokker er betre enn øyreproppar og mindre «headsett», bortsett frå det enkle faktum at dei er større når du skal ta dei med deg. Til gjengjeld er også grunnlaget for å spele høgre, betre komfort og betre lyd mykje betre, noko som det ikkje tok lang tid å legge merke til etter nokre timars innspeling.

Lyden

Det diskuterast om det er nødvendig å spele inn hifiutstyr nokre timar før det skal låte optimalt. Eg tok ingen sjansar, og lot dei ligge med kraftig musikksignal eit par døgn før eg tok til med seriøs lytting. Det kan ikkje seiast at eg vart skuffa på noko vis. Samanlikna med mine andre øyretelefonar var dette på høgd med «fasttelefonane» eg etter kvart ikkje brukar, sidan eg opplever trådlause som vesentleg meir funksjonelle, både på jobb og på tur. Problemet har vore at det normalt er betre lyd i litt kostbare modellar med leidning, men Shure har no verkeleg fått til å lage eit transportabelt, trådlaust produkt med lyd som ingen treng irritere seg over. Ettersom eg ikkje har tilgang på Stax eller andre elektrostatar, kunne eg ikkje gjere direkte samanlikning med den fantastiske detaljattgjevinga og eineståande oppløysinga som slike kan lage. Så sjølv om Shure gjer ein svært god jobb, er det eit stykke att før dei er «heilt der». Til gjengjeld har dei tydelegvis greidd å få det spesielle Shure-fingeravtrykket, den klangbalansen som Shure har når det gjeld deira betre lydustyr, som til dømes frå pickupane derifrå. Dette er ein svært realistisk mellomtone og øvre bassområde, slik at du kan skilje det som skjer på bassgitaren mot basstromma – noko av det mest avgjerande når det gjeld rockemusikk via øyretelefonar. Elles er diskanten lett tilbakelent slik mange kanskje hugsar det frå pickupane til Shure. Dette er berre positivt for ein øyretelefon om du skal ha bruke slike over lang tid. Elektrostatiske øyretelefonar har gjerne meir detaljert diskant, men det kan føre til lyttetrøttleik om du skal høyre på musikk i timevis. Lydattgjevinga er rett og slett imponerande for ein trådlaus øyretelefon. Som personleg øyretelefon er dette ein sak eg gjerne går god for. Om du brukar Spotify eller liknande strøymetenester er Shure AONIC 50 overkvalifisert for jobben.

Støydempinga

Ein av dei viktigaste grunnane eg har for å ha trådlause øyretelefonar er at eg kan bruke dei som støydemping når eg har bråk i omgjevnadane. Før prøvde eg alltid ut telefonane på snøggbåten, men no har eg funne den perfekte testarenaen – plenen. Den må klippast, og på min grasklippar står det skrive 96 dB, noko som stemmer nøyaktig med appen eg har lasta ned på mobilen. Reint praktisk gjennomfører eg utprøving av skillsa til øyretelefonar ved å klippe plenen, medan eg har musikk i øyretelefonane. Ettersom eg er i ferd med å få aldersfrådrag i diskantpersepsjonen, ynskjer eg å spele relativt lågt, noko eg kan gjere om støydempinga til øyretelefonane er god. No har eg tatt i utgangspunkt i Bose, som har svært god støydemping, om enn ikkje så ovettes fantastisk lyd. Og då eg samanlikna Shure og Bose, er fyrstnemnde avhengig av at eg skrur opp lyden for å kunne overdøyve grasklipparen. Eg vurderer difor Shure AONIC 50 til å ha ikkje heilt like god støydemping som Bose. Det må likevel meldast at Shure har ein fin ekstrafunksjon som gjer at du enkelt kan slå av støydempinga og få med deg det som skjer rundt deg. Det krev litt øving å finne funksjonen utan å ta av deg øyretelefonane, men det tek ikkje lange tida å automatisere.

Konklusjon

Eg må seie at Shure AONIC 50 er den lydleg beste transportable lydattgjevar eg har hatt tilgang til, og prisen på nokre hundrelappar under fem tusen må kunne forsvarast. Du vil kunne finne betre telefonar om du går opp i pris, og kan akseptere leidning, men då får du ein annan type produkt. Aonic 50 er såleis noko eg likar svært godt, trass i at det er nokre kompromiss. Ein må berre akseptere at klokkene er relativt store, og at telefonane tek ein del plass når dei er pakka ned i transportmappa. Dette er kostnaden ein må ta for den svært gode komforten dei har når du skal bruke dei i timevis. Det einaste eg kan sette fingeren på er at det finst endå betre støydemping på marknaden.

 

Veil. pris for Shure AONIC 50 er kr. 4.750,-

Les mer om AONIC 50 hos Shure

Importør: Benum.no

 

Lest 3534 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.