tirsdag, 29 oktober 2019 20:41

TEST: NCH 700 - Bose utfordrar seg sjølv. Spesial

Skrevet av

Etter ei periode med ein av dei beste støydempande øyretelefonane på marknaden, Quiet Comfort 35 II, kjem ein heilt ny modell 700. Kan denne forsvare ein pris som er meir enn tusen kroner dyrare?

 

 

Det er slik at øyretelefonar kan ha mange ulike bruksområde. Heimeutgåvene har som regel prioritert lyd med høg oppløysing og topp kvalitet, gjerne lang leidning og stor jackplugg, og kan endåtil vere elektrostatiske. Slike store beist eignar seg lite til å ta med på tur, så for den som er på farten finnest modellar som kan brettast saman og leggast i sekken. Nokre satsar på øyreproppar, ei løysing som tek svært lite plass, men som ikkje har den største lydkvaliteten, og som har større risiko for å skade høyrselen enn dei med store klokker som ligg utanpå øyra. Endeleg har vi dagens kategori, øyretelefonar med støydemping, perfekte til bruk saman med grasklippar og bråkete reiskap, og er ideelle om bord på fly eller snøggbåtar. Det er i denne kategorien Bose modell 700 høyrer heime.

Bose er eit audiofilfirma med lang karriere. Doktor Amar G.Bose konstruerte dei legendariske 901-høgtalarane som spreidde indirekte lyd med åtte like høgtalarelement, og berre eitt som gav direktelyd. Det var desse høgtalarane eg kjøpte då eg tok til å ta dette med lydkvalitet på alvor, så eg takka straks ja då eg fekk tilbod om å prøve ut eit nytt produkt. Bose har alltid hatt ord på seg for å finne kreative løysingar, og det er veldig greitt å sjå kva dei finn på innan dei fleste felt. Hovud-hifi er noko dei satsar stort på, endåtil med solbriller som har øyretelefonfunksjon. Men lat oss halde oss til tradisjonelle øyretelefonar denne gongen...

 

 

Støydempande

Eg har gamle toppmodellen QuietComfort 35 II, som har svært god støydemping. Eg var sjokkert over kor godt dette fungerte då eg høyrde det fyrste gong på slutten av nittitalet. Systemet baserer seg på å fange opp lyden i omgjevnadane med ein mikrofon, og sende ut at denne i motfase, slik at den ytre lyden vert eliminert. Dei fyrste utgåvene med øyretelefonar etter dette prinsippet fjerna veldig godt det som var av sinusliknande, vedvarande tonar, men slapp meir gjennom dei brutale transientane. Bose QuietComfort 35-generasjonen var ei stor forbetring. Også andre produsentar heiv seg på, så konkurransen om beste støydemping har vore knallhard. Det er altså all grunn til å ha skyhøge forventningar når Bose kjem med ein ny og dyrare modell.

Denne 700-modellen har eit penare, og kanskje meir robust design enn tidlegare modell, og til likskap med QuietComfort leverast dei i eit solid, pent etui slik at det er lett å ta vare på dei. Den tidlegare modellen måtte brettast ut, noko du fort venner deg til. Men du slepp dette med modell 700, der du vrir muslingane 90 grader for lytting/nedpakking.

 

Bose-innovasjon

Utpakkinga av 700 var grei, og utfordringa var å kople dei til musikkjelde. Dette skjer ved hjelp av ein app. Når du startar denne og slår på øyretelefonane, ordnast det automatisk, og ei dame gjev deg beskjed på engelsk via øyretelefonane kva du har kopla deg på. Dama fortel også kor mange timar du har att av batterikapasitet. Vi snakkar om 20 timars speletid når dei er fullada, og det kan vere greitt å vite kor lenge du kan halde på når du skal ut på tur. Litt fancy, men i bunn og grunn likt det meste andre av øyretelfonar notildags.

Eg sjekka lyden umiddelbart då eg fekk denne gjennom, og samanlikna via spelelistene mine i Spotify. Jadå, minst like godt som frå QC35 II som eg var vant til, kanskje litt betre bass, og ein smule meir oppløyst i toppen. Men ikkje den heilt store vinsten, det vil seie, heilt til eg kopla dei til øyretelefonutgangen på min Oppo 105 sølvplatespelar. No er modell 700 flott tilpassa bruk saman med mobiltelefon eller PC, men her er eit lydleg potensiale som kvalifiserer til bruk også heime. Ein formidabel bass du ikkje kan la vere å verte imponert av, og flott oppløysing oppover. Eg lot meg spesielt imponere over måten Bryan Ferry «Dylanesque» og Erykah Badu «Baduism» vart formidla på. Så bortsett frå at eg ikkje har blåtann på store-anlegget, og den medfølgande kabelen berre er ca 1 meter, føler eg ikkje behov for betre øyretelefon til stovebruk. Men for syns skuld, Bose 700 konkurrerer ikkje med elektrostatar og andre pretensiøse stasjonære øyretelefonar til femsifra prisar, og det er nok heller ikkje meininga.

Vi kunne nok forvente oss betre lyd når vi får ein ny modell tilgjengeleg, men dette er ikkje einaste grunn til modellskifte. Bose har som vanleg vore svært innovative, og laga nokre nesten «magiske» funksjonar i grensesnittet mot brukaren.

Trinnvis støydemping er kanskje det eg likte best. For den som har høyrt QuietComfort 35 II er det ganske likt. Men det kan vere litt valdsamt å ha full støydemping på heile tida, og det er strengt tatt ikkje alltid nødvendig heller. Den nye modellen har delt dette trinnvis inn i ti trinn, slik at du kan skreddarsy dempinga ut frå kva situasjon du er i.

Ein annan flott funksjon er at du kan mute både støydemping og lyd når nokon vil snakke med deg, ved å ta deg til venstre øyremusling. Etter få sekund forsvinn lyd, støydemping, og du vert i stand til å føre ei samtale. Når så denne er over, treng du berre stryke ein finger over øyretelefonane, så kjem lyd og støydemping attende til utgangsinnstillingane.

Du slepp også trykking på knappar for å skru volumet opp eller ned, berre stryk ved sida av festebøylen for høgre musling, så endrar volumet seg. Og skal du spole fram til neste melodi, stryk du berre fingeren vassrett langs muslingen – slik slepp du å blade på mobilen for å finne fram.

 

Konklusjon

Det finnest mange øyretelefonar der ute, til ulike bruksområde. Men om du har behov for god støydemping og set pris på glimrande funksjonalitet, er dette ein sak du trygt kan satse på. Og det beste av alt er at Bose 700 også har ein lydkvalitet som overgår det du kan forvente frå dei ordnære strøymetenestane. Med ei god skøyteleidning (eller blåtann på forsterkaren din), kan du ha ei meir enn brukbart god lydattgjeving frå stoveanlegget.

Prisen er ca kr 4200, men eg opplever dette som rettferdig i høve kva du får for pengane. God tur, og kos deg med lyden.

 

 

Lest 4554 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.