torsdag, 31 januar 2008 23:00

Bose QuietComfort

Skrevet av

Bose har det med å lage innovative produkt som ligg litt på sida av det andre lagar. Ei undesøking av øyretelefonane er såleis på sin plass...



Av Arve Åheim februar 2008

Når det gjeld øyretelefonar, er Bose ikkje på jakt etter å konkurrere korkje med elektrostatar eller dei aller mest oppløyste dynamiske konkurrentane. Dei har ganske enkelt (men tøft nok) starta frå botnen med tanke på funksjonalitet og brukskomfort. Det er stort sett tre viktige nisjar for øyretelefonar. Den mest audiofile nisja er for dei som jaktar på ekstremt høg oppløysing og mikrodetaljar, typisk lydfolk og hifientusiastar. Det beste her er etter mitt syn elektrostatar, som stort sett eignar seg mest til å sitte i ro nær eit komplett anlegg, fordi dei krev eiga straumforsyning, noko som gjer slike øyretelefonar lite mobile. Den andre, meir ordinære nisja, er dei som har behov for å skjerme omgjevnadane for uønska musikklytting. Som mange småbarnsforeldre, eller dei som bur i dårleg lydisolerte husvære. Her er ikkje alltid lydkvaliteten viktigast. Det gjer som oftast ikkje noko om telefonane er fysisk store, men dei bør vere lukka, og helst ikkje for kostbare. Den tredje gruppa er dei med ynskje om mobilitet, og ynskjer å ha god lydoppleving tilgjengeleg når dei er på farten. Det billegaste og lettaste her er øyrepropper, men beklagelegvis har desse ofte tvilsam lydkvalitet, og dei kan også vere skadelege for høyrselen. Så her er det Bose har sett inn ressursane. Og det på svært fascinerande vis.   

Bose QuietComfort 3
er toppmodellen av Bose sitt smale spekter av øyretelefonar. Her er det ikkje berre snakk om ein pent designa sak med høg berekomfort som gjev god lyd. Her er det satt store ressursar inn på at du skal få vere i fred når du vil lytte til musikken. Bose har inkorporert eit ganske fantastisk effektivt støyreduksjonssystem, der to mikrofonar utanfor kvar øyreklokke registrerer lyden på utsida, tek opp denne, for så å sende han i motfase til deg gjennom telefonane.  Sennheiser brukar same systemet på eit par ”sivile” forbrukarmodellar, som er billegare alternativ med støyreduksjon, men som er noko mindre effektive enn Bose QuietComfort 3.   

Men så har vi dette med kor trygg ein er når ein vert avskoren frå omgjevnadane – det er travelt å fjerne øyretelefonane når du skal føre ei samtale. Dersom du reiser åleine, er det heller ikkje så greitt å få med seg når det kjem meldingar over intercom, eller når andre ynskjer å snakke med deg. Med Bose QuietComfort er desse problema langt meir overkomelege enn elles. Utruleg? Kanskje. Men det verkar heilt fint. Når ein tek på seg desse telefonane, er det fyrst ikkje lyd. Du må sette batteri i. Desse er svært små, og det er med to stykke. Eitt laddar du opp, medan du brukar det andre. Det er utforma slik at dei designmessig integrerast med sjølve telefonen, og klikkast inn på toppen av høgre øyreklokke.
Når du slår på denne telefonen medan du har dei på hovudet, skjer det noko merkeleg. Ein del bakgrunnsstøy forsvinn umiddelbart, også i eit rom som elles opplevast som stille. Faktisk er det svært sjeldan heilt stille. Lyden ligg som ein svak, konstant dur, men med desse telefonane støvsugast lyden heilt vekk. Fyrste gong du høyrer dette, er det forvirrande og litt merkeleg. Normalt har du ikkje denne bakgrunnsstøyen med deg heile tida, og han er nok ein del av din naturlege orienteringssans. Når dette forsvinn, vert det merkeleg stille.
Så kan du kople til lyd. Her må du montere leidninga med to minijackar, der den eine stikkast i telefonen og den andre i apparatet du spelar av i frå. Her er som vanleg ein jackadapter, slik at ”normale” jack-kontaktar kan brukast. Mi fyrste lytteøkt var via ein stovespelar. Her avslører Bose QuietComfort seg som ein habil, om enn ikkje eliteorientert musikkformidlar. Utprega speleglede, og svært musikalsk, men utan dei heilt store oppløysingsevnene samanlikna med det vi reknar som audiofilprodukt. Til gjengjeld er det eit par eigenskapar eg uvikårleg sette pris på. Det viktigaste er at du slett ikkje treng spele særleg høgt. Eg er veldig glad i å ta vare på høyrselen min, og då er det lite gunstig å blåse hundre desibel inn i øyregongane. Ved hjelp av støyreduksjonssystemet er det lite problematisk å spele med danna lydtrykk. Måten musikken engasjerer på kjem skikkeleg god fram, utan at du treng å overdøve noko.
Ein annan faktor er den typiske Bose-lyden som kan kjennast frå andre produkt. Det går ut på ein lett korpulent bass/nedre mellomtone, tilsvarande Koss Porta Pro, men i langt mindre grad. Dette tilfører mykje av populærmusikken akkurat den varme og intensitet som skal til for å vere hyggjeleg å høyre på. Dette er gamle knep, og mykje elektronikk har gjennom tidene vore utstyrt med loudness og tilsvarande for å ha nettopp slike musikalske kvalitetar. Her rettar altså Bose seg ikkje fyrst og framst til den audiofile detaljelskar som vil ha eit alternativ til studio, men til reisande musikkentusiastar, og kanskje spesielt slike som ynskjer å ta vare på høyrselssansen sin. Så er dette skuffande? Slett ikkje. Om du skulle vere ute for å lytte til MP3-formatet, er den lydlege degraderinga langt større her enn ved å velje Bose øyretelefonar. Faktisk er denne tilføringa av Bose-lyd eit betydeleg pluss for lydopplevinga i slike samanhengar.  

Eg gjorde nokre eksperiment med bruk av QuietComfort3 på sykkeltur og spaserturar. Og eg drista meg faktisk til å køyre ørlite bil med telefonane på. Og fantastisk nok, høyrselsinntrykka vart ikkje så svekka at eg meinte å miste kontakt med omgjevnadane, iallfall så lenge eg heldt meg til dei låge lydnivå. Men det er ingen tvil om at musikkavspelinga i seg sjølv verkar inn på persepsjonen, slik at bilkøyring med øyretelefonar er minst like dumt som å spele høgt på bilstereoen. Og sykling med sånt på hovudet bør definitivt ikkje skje når du syklar. Men som passasjer er det heilt fint. Så eg bestemte meg for å ta ein testtur med snøggbåten til Bergen.  

Eg sette meg med vilje heilt bak i båten, for å vere relativt nær motorduren – dessutan er rørslene i båten minst lengre bak, og sjansen for å ha ei behageleg sjøreise relativt større enn når ein sit langt framme eller på øvre salong.  

I starten brukte eg berre øyretelefonane som støyreduksjon. Og det var ganske greitt. Eg var godt i stand til å føre ei normal samtale. I tillegg høyrde eg litt for mykje av samtalen til ein av mine ukjente medpassasjerar, trass i at vi hadde eit tomt sete mellom oss. Beklagelegvis kunne ikkje QuietComfort fjerne skriket frå snopande, sjøsjuke og sure ungar, men det er kanskje ikkje til å vente? Teknologien har nok sine avgrensingar, trass alt. Når telefonane brukast som støydemping åleine, er det sterk endring i korleis eg opplever lyden samanlikna med lyd i friluft. Støydempinga er ikkje lineær, så når støy fjernast er det bassområdet som vert råka hardast. Lågaste diskanten vert ikkje dempa nemneverdig om bord, noko som ikkje nødvendigvis skuldast systemet, men det at slike lydar er vanskelegare å utlikne med motfaselyd. Systemet verkar altså ikkje spesielt godt på brå transientar, noko som sikkert er grunnen til at samtaler kan førast. Min samtalepartnar, ein baryton, let noko pistrete samanlikna med originalen, men ikkje verre enn at eg godt forstod kva han sa. Då er det verre med han, som stappa sine øyrepluggar djupt inn i øyregangen….(han var forresten ganske imponert over både lydkvalitet og konsept, men tykte det var for mykje pengar å bruke når systemet sannsynlegvis ikkje ville fungere særleg godt som støydemping på sin yndlingsarena: skytebane.) På snøggbåten forsvann ein god del av motorduren, men då sjøen var litt knapp, vart det ein del forstyrrande modulasjonar i lydinntrykket. Likevel var det påfallande mykje støy kvar gong eg tok telefonane av meg. QC 3 kunne eg veldig lett venne meg til, spesielt om eg reiste oftare med båt.  Med musikken svakt i bakgrunnen fann eg faktisk beste bruken av QuietComfort. Her var det framleis råd å høyre samtaler og reagere på høgtalaropprop frå styrmannen. Og då vi kom fram til Bergen, hadde den relativt lange båtreisa vore merkbart mindre slitsam enn vanleg. Returen frå Bergen søndags ettermiddag er ganske berykta, spesielt når julesesongen tek til. Fullstappa båt, masse ungar og ganske mykje skrik og skrål. Å bruke QuietComfort berre som støydemping har avgrensa nytteverdi, men om du har litt bakgrunnsmusikk på, slepp du unna med ganske svak lydstyrke. Og når øyretelefonane er såpass behagelege å ha på seg, orkar du mange timar på denne måten.  

Å bruke øyretelefonane i trafikkerte samanhengar, bør absolutt avgrensast til situasjonar der ein er trygg for at kompliserte situasjonar skal oppstå. Det kan vere farleg. Men som passasjer er det ganske perfekt. Diverre fekk eg ikkje høve til å teste dei ut på flyreiser i testperioden, men snøggbåt baud på svært så behagelege opplevingar, og det er grunn til å tru at sommaraktivitetar som køyring med mindre påhengsmotarar kan vere ganske så greie å supplere med kombinasjonen lyd og støydemping.   

QuietComfort 2
Dette er ein noko større konstruksjon enn modell QC3, og har klokker som omsluttar heile øyremusilingen. Dei er såleis mindre fokuserte på at du skal kunne vere sosial under bruken. Dei er også utstyrte med dei same reiseeffektane, men er ikkje fullt så smarte i oppbygginga. Så kostar dei også ein tusenlapp mindre enn QC3. Du må då klare deg med kjøpebatteri av type AAA når systemet treng meir straum, i motsetnad til dei to medfylgjande oppladbare  batteria til toppmodell 3. Dei er også noko meir klumpete, men har same støyreduksjonssystemet. Subjektivt opplevde eg QC2 til å ha noko mindre effekt enn QC3, men det er nok eg som ”høyrer syner” når dei lukka klokkene stenger ute lyden i større grad. Du vernar høyrselen minst like godt med desse, sannsynlegvis endå betre. Men du bør så avgjort ikkje bruke desse når du ferdast i trafikken. Dei stenger ute omverda i større grad, og er såleis mindre aktuelle når du treng å ha fokus utanfor det du høyrer på.   

Lydlege kvalitetar
Som sagt er dette ikkje eit analysereiskap for den som ynskjer å lytte til sublime detaljar i musikkopptaka sine. Men det musikalske særpreget til QC-konseptet er likevel ikkje så utprega som ein kan finne t.d. i dei svært så populære Sennheiser PortaPro, sjølv om dei også kan seiast å vere musikalsk innsmigrande og øyrevenlege. På same måte som Bose sine høgtalarar, er musikaliteten i høgsetet, og det er lite av den distinkte lydattgjevinga ein kan finne i elektrostatøyretelefonar. Så er Bose ikkje innretta mot desse produktgruppene. Desse øyretelefonane legg lydidealet tett opptil slik Bose har laga sine høgtalarar, varm og fyldig attgjeving som gjer at du kan lytte i timevis utan å gå trøytt. Dette er ideelt for den som skal lytte lenge, og er såleis perfekt til fly- og båtturar der du brukar musikk for å slappe av. Ikkje det at dei maskerer detaljane i musikken, du får dei med deg ganske greitt, men ikkje på ein måte som gjer at du har det slitsamt. Spelar du MP3-format kan du neppe ha betre lyd enn med Bose QC2 eller 3, for det fokuserast ikkje på dei mest negative sidene av formatet. Og sjølv om det er ein viss varme i klangbalansen, er det ikkje snakk om PortaPro sin utprega loudness-lyd. Tendensen er den same, men i mykje svakare grad.  
Det må også nemnast at Bose leverer begge desse modellane med utmerka reise-etui, som inneheld ulike adapter og utstyr til telefonane. Dei tek veldig godt vare på dei kostbare telefonane, og er naturleg nok inkludert i prisen.    

Konklusjon
Prisnivået på Bose QuietComfort er slik at du uvilkårleg vil vurdere andre øyretelefonar i same prisklasse. Det bør du nok gjere om ditt behov er lydanalyse, nøytral attgjeving og mikrodetaljar. Bose gjer nok ein anstendig jobb også på desse felta, sjølv om det finnest betre alternativ prisklassen i form av toppmodellane frå Sennheiser, Koss, Beyerdynamic og andre. Men om du ser Bose sine eineståande fasilitetar for reisande som ikkje er velsigna med støyfrie omgjevnadar undervegs, er Bose QC3 eit det beste alternativet for den som både vil ha god musialsk og god lyd i øyret, og ta vare på høyrselen sin når det er støy på reisa.   

Pris:
QuietComfort 3: 3 500 kr
QuietComfort 2: 2 400 kr  
Link:  http://www.bose.no/NO/no/index.jsp    

Sist oppdatert : 29.03.2008 18:48:21

Lest 6500 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Koss øyretelefonar Beyerdynamics »