søndag, 31 desember 2006 23:00

Creek OBH 22 - Fullstendig passivitet

Skrevet av

Av og til møter ein argumentet om at ein forforsterkar prinsipielt er unødvendig i eit superanlegg. Dei fleste signalkjelder er kraftige nok til å drive effektforsterkarane direkte, og vinylentusiastar kjøper riaa om dei treng dette. Du treng altså berre volumkontroll og inngangsvelgjar, langt enklare og billegare å få til. Creek OBH 22 er omtalt som foforsterkar, men er ein slik fullstendig passiv sak. Som kostar ein bagatell, samanlikna med ein seriøs forforsterkar...


Av Arve Åheim januar 2007

I min stormfulle ungdom fekk eg høve til å prøve forforsterkaren Preciscion Fidelity C7, som bestod av ein phonodel, ein inngangsvelgjar og eit potmeter. Brukte du kassettspelar (det var ikkje CD den gongen), trengde du ikkje slå på forforsterkaren eingong for å få musikken ut.

Det har dukka opp fleire slike produkt etter kvart, noko som ikkje er rart når vi ser signalet frå det mest utbreidde musikkmediet (CD). Nokre effektforsterkarar og CD-spelarar er utstyrte med nivåkontroll, og då kan ein heilt hoppe over eit forsterkarledd og kabling til dette. Ut frå eit puristisk ynskje om å halde ting så enkelt som råd, skulle dette vere lurt. Sjølv verdas beste forforsterkar må vel vere noko som tilfører signalet noko om samanlikninga er ingenting?

Då eg pakka ut Creek OBH 22 såg eg at det var eit svært marginalt produkt. Bittelite, så liten at litt grove kablar fekk dingsen til å stå på skeive, sjølv om han har relativt høg eigenvekt. Fordi han er liten, er han litt krøkkete å få signalkablane til å sitte fast i. Her er nemleg mange kontakter; to vanlege signalinngangar, ein tape in, tape out og vanleg utgang. Så er her inngang til straumforsyning, noko som du strengt tatt ikkje har bruk for, men om du vil ha fjernkontrollen til å verke, må det litt straum til for å aktivisere inngangsvelgjaren og potensiometeret til volumkontrollen. Creek sender med sin vesle standard fjernkontroll i audmjuk, grå plast. Når du kikar på denne, finn du overoptimistisk mange funksjonar, men det er berre to linjeinngangar, ein tapeinngang, muting og volumkontroll som verkar – meir er det ikkje plass til inne i boksen.

Det viktigaste for eit sånt produkt er kvaliteten på potensiometeret og tilslutningane, og det er svært bra. Straumforsyninga er derimot latterleg lita og billeg, noko som er heilt ok ut frå behovet i denne samanhengen. Du kan faktisk klare deg utan straumforsyning, men då verkar berre inngang 1, og du må klare deg utan fjernkontrollen. (Eg prøvde ut skilnaden med og utan straumforsyning, men kunne ikkje ta skilnaden)

 

Lyden

Det du legg merke til fyrst, er at OBH 22 er absolutt støyfri. Ingen forforsterkar eg har hatt i hus, ikkje ein gong Mark Levinson, har hatt så fullstendig fråvere av elektronisk sus. Stilla vert ein stor kvalitet, men suset frå andre støykjelder vert såleis vesentleg meir tydeleg enn du elles registrerer – eg irriterer meg over oljefyr, elektrisk lys og den slags i større grad enn normalt. Men det er kanskje eit spørsmål om tilvenning? Når den ytterlegare lydsignatur skal beskrivast, vert det skikkeleg vanskeleg. For den teoretiske gevinsten med å ha ein passiv komponent vert absolutt innfridd – det vert sjølvsagt karakteren av anlegget elles som pregar resultatet. Det negative i ein slik samanheng er naturleg nok at dei svake sidene til desse komponentane vert svært tydelege, og du risikerer å måtte ta pengane du sparer på forforsterkar og investere i betre signalkjelde og anna utstyr. Men det er veldig greitt om du har behov for å vurdere komponentar opp i mot kvarandre. Samanlikning av CD-spelarar er like lett som når ein brukar ein ekstremt god og kostbar forforsterkar, og du sparar mykje tid om du vil finne ut kva du likar best av to alternativ (men ta no likevel fyrst og framst omsyn til korleis det høyrest ut i det faktiske oppsettet du har heime).

Det er snakk om eit svært så analytisk sluttresultat, noko som ganske sikkert ikkje vil passe alle. Ein forforsterkar tilfører naturlegvis sin lydsignatur som eit bidrag til totalresultatet, og dette vil ofte løfte anlegget vesentleg. Sjølv har eg litt blanda kjensler, og om alternativet var der, ville nok ein god forforsterkar vore kjekkare å ha for musikkopplevinga. Om vi snakkar om slike i den rimelege prisklassen under 5 kkr, vert altså lydfarginga ganske tydeleg og til tider dominerande om du har vent deg til audiofile vanar. Om du i tillegg til musikalsk klang også er på jakte etter analytiske og detaljerte aspekt i musikkattgjevinga, startar nok prisen på tre – fire gongar prisen av OBH 22. Desse aspekta er sjølvsagt noko lyttarar prioriterer ulikt, men for eigen del vil eg seie at det rimelegaste alternativet av ”i-både-pose-og-sekk-forforsterkarar” eg har prøvd ut her på www.audiophile.no,  er nok forforsterkaren Rogue Metis. Om audiofil perfeksjonisme står i høgsetet vil nok OBH 22 vere eit ekstremt godt arbeidsverktøy, og for ein produktutviklar ganske perfekt. Til rein musikkoppleving er dette ein svært så sakleg måte å regulere volumet på, men om du ikkje har ei signalkjelde som formidlar musikk på ein sånn måte som du ynskjer, risikerer du ein akk så kjedeleg, overanalytisk lydsignatur.

 

Bruksområde – ei åtvaring for den som skal ha ein billeg forforsterkar

Creek OBH 22 er fyrst og fremst ein moderne, nøktern og rasjonell erstatning for ein nøktern forforsterkar. Her er to (tre med tapeinngangen, som også fungerer utmerka til andre signalkjelder) inngangar, volumkontroll og ein fjernkontroll som styrer desse nøkterne funksjonane. OBH 22 er såleis også tingen for alle som ynskjer ein kontrollsentral til bindeledd mellom moderne signalkjelder så vel som gamle dagars riaatrinn og effektforsterkarar av gjerne høgste kvalitet. OBH 22 tilfører lyden så lite at du kan føle deg trygg på at dei karakterane som tilhører dei einskilde apparata ikkje vert maskert. Når eg brukar ting med utprega gode eigenskapar innan dynamikk, frekvensomfang eller tredimensjonalitet, er det utruleg kor godt ting kjem uskada gjennom signalkjeda. Og saken kostar i praksis mindre enn noko anna du brukar pengar på i oppsettet. Det vil seie, om du eigentleg har litt ambisjonar med anlegget elles, for på same måte som ein dyr forforsterkar, er dette ingenting du kan gøyme dei svake sidene til anlegget ditt med. På den andre sida kjem også dydene i anlegget ditt heilt til sin rett, på ein nesten utruelg måte når du tek utgangspunkt i prisen. Eg er tilbøyeleg til å tru at du ikkje finn ei erstatning for dette apparatet sjølv om du brukar tre-fire gongar så mykje pengar på ein kvalitets forforsterkar. Potmeteret, som saman med inngangsvelgjaren er det einaste i signalvegen, er mindre høyrbart enn det som står i ARC SP 10 av same fabrikat (Det er naturlegvis vanskeleg å vurdere volumkontrollar når lydstyrken då ikkje er konstant heile tida, men ved hjelp av ein volumkontroll på ein effektforsterkar, gjorde eg meg opp ei formeining om at SP 10 høyrest best ut mellom klokka 11 og klokka 2. OBH 22 gjev eit meir nøytralt inntrykk av volumkontrollen, som høyrest likt ut frå klokka 9 og heilt oppskrudd)

Det du vil sakne med bruk av OBH 22 er nok hovudsakleg den musikalske farginga frå ein forforsterkar. Baserer du deg på nådelaust analytiske signalkjelder vil du nok etter kort tid finne lyden både travel og uengasjerande. Dei neste sakna er funksjonar som tonekontrollar og balanse, og nokre ekstra signalinngangar om du har mange apparat. Og om du har eit tungdrive anlegg; ekstra forsterkning på svært svake signalkjelder.

 

I mitt oppsett

Eg hadde den nye Marantz SA 7001 på besøk. Denne uhyre musikalske og ganske romantisk klingande CD- og SACD-spelaren hadde akkurat så mykje av snill karakter saman med OBH-22 til at lyden fekk akkurat rette, engasjerande klangen som eg likar best, når denne kan skapast utan at det går ut over detaljar og tredimensjonale evner.

Ettersom eg framleis har størstedelen av musikksamlinga mi på vinyl, er dette det viktigaste mediet mitt. Eg har såleis heilt sidan 80-talet helde meg til forforsterkaren Audio Research SP 10, som har ein riaadel ganske eineståande i si tid, og som eg har hatt uhyre vanskeleg for å skilje meg av med. I dag er det råd å finne betre ting om ein brukar mykje kronasje, men gamle ARC SP 10 har eigentleg berre ein feil; linjedelen er litt for rund i klangen. Eg har fleire gonger hoppa over denne ved å kople signalet ut frå tape out og inn i ein annan forforsterkar. Eg får då den flotte riaa-forsterkaren, men mister farginga i linjedelen. Beklagelegvis mister eg også volum- og dei andre kontrollane, som altså må ordnast andre stadar.

Eg brukte sjølvsagt same metoden på OBH 22. Det spennande spørsmålet no var om signalet vart kraftig nok til å drive anlegget. Einaste forsterkninga skjer altså i riaa og effektforsterkar.

Saman med min referansepickup Dynavector DV10x5 var det ingen problem. Denne har då også kraftig utgangssignal, så det var som forventa. Men den rørbygde ARC SP 10 greier pickupar med utgangssignal ned til 0,25 mV, og det spørs om desse kan klare seg i eit sånt oppsett.

Eg var så heldig å få prøve Dynavector sin nye Karat 17D mk III. Den nyaste utgåva har 0,3 mV utsignal, men det er likevel såpass lågt at ei utprøving var relevant for denne problemstillinga.

Og resultatet var uventa godt. Eg måtte rett nok skru opp potmeteret ein god del meir enn når eg brukar DV10x5, men det var fullstendig støyfritt. Og nivået var akkurat så høgt at eg ikkje hadde behov for å skru høgre på det aller meste av vinylen. Unntaket var Deep Purple og Led Zeppelin på rølpenivå, men til sånt kan ein ha andre pickupar. Einaste faren er når ein går frå eit svakt moving coil-signal attende til linjenivået frå ein CD-spelar...

 

Generelt sett er min musikksmak slik at eg ynskjer å kunne halde fokus på innspelte detaljar i arrangementa, utan at eg er villeg til å gå på kompromiss med musikaliteten. Mikrodynamikk og detaljar i romopplevinga er svært viktig for meg, og eg har i mange år sett for meg eit veksande behov for ein sannsynlegvis vanvittig dyr forforsterkar til erstatning for ARC SP 10 sin riaadel, og samstundes innfri med moderne eigenskapar i linjedelen. Slike finnest, men no slepp eg å ta opp lån, Creek OBH 22 er for meg ganske perfekt.

 

Konklusjon

Det finnest altså fallgruver, og mykje kan tale for at du eigentleg bør spandere pengar på ein vanleg forforsterkar. Iallfall om du vanlegvis ikkje lyttar til musikk med svært avanserte arrangement og stor kompleksitet, eller om dine ambisjonar med tanke på stereoanlegget er utprega ”fornuftige”

Når det er sagt, er Creek OBH 22 heilt fenomenal for ein som er ute etter å perfeksjonere lyden i stereoanlegget sitt utan at det kostar allverda. Du slepp i praksis fullstendig unna tendensar til maskering av eigenskapane til dei andre komponentane i anlegget ditt, og så sant dine signalkjelder har kraftig nok utsignal (dei aller fleste), vil du ut frå ein nesten sjokkerande rimeleg innsats kunne fordjupe deg i kva som eigentleg går føre seg. Dette høyrest sikkert fascinerande ut, men om ikkje utgangspunktet ditt er utprega musikalsk, kan sluttsummen verte eit svært så grelt resultat.

I mitt tilfelle er iallfall dingsen så å seie perfekt, og sparar meg for oppgradering av forforsterkar som eg elles vurderte til ein kostnad i området rundt 20 000 kr.

Sjølvsagt er det visse grenser for kva denne boksen kan brukast til, men når du kan halde deg innanfor dei, er Creek OBH 22 eit fantastisk produkt!

 

Pris: 4160,00 kr

 

Forhandlar: http://www.lyrichifi.no/

Produsent: http://www.creekaudio.co.uk/main_content.asp?catlook=obh&content=obhseries

Lest 6403 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.