søndag, 04 januar 2015 23:12

Swissonor P – ”preampen”

Skrevet av

 

 

Swissonor har mellom sine produkt også laga ein slags forforsterkar kalla ”P”.  Denne er nøkternt utforma med berre volumkontroll og inngangsvelgjar. Så nøktern er han, at han ikkje har tilslutning til straumnettet, berre inngangsvelgjar og volumkontroll.

 

Ein annan uvanleg detalj er at signalkabelen som går ut frå boksen er fastlodda til konstruksjonen, slik at kabel-feinsmeckeren ikkje kan velje kabel fritt, noko som vil vere trist for somme, men ei lette for dei av oss som ikkje orkar kabelstress - produsenten har gjort valet for oss i høve sine prioriteringar, letta samvitet ved bruk av ei lodding i signalvegen der andre må ha to, og dessutan plugg/kontakt av ymse kvalitet. Ganske greitt, etter mi meining.

 

Men dette er eigentleg ingen forsterkar, for han inneheld ingen aktive delar, og skal heller ikkje koplast til straumnettet. Og då eg prøvde han som del i Swissonor-oppsettet, synte han ekstremt lite lydsignatur, i så liten grad at eg ikkje var i stand til å høyre om han var tilkopla i dette anlegget. Det som kanskje kunne merkast, var resultat av auka kabellengde og større fare for interferens frå elektriske apparat i omgjevnadane, utan at eg fekk med meg slikt. Det var altså så liten påverknad av lyden at det ikkje kan snakkast om ein lydsignatur. Så ”P” er eit apparat du ikkje vil merke. (Men eg fekk noko å tenkje på, så vi kjem attende til dette…)

 

 

Forforsterkar eller ikkje?

I Swissonor-oppsettet brukte eg den fyrste tida”P” slik det var tenkt, men eg vart fresta til prøve litt utan også. Oppo BDP 105 og Sonos er signalkjelder med mykje gain og innebygde volumkontrollar, som lett kan koplast direkte til effektforsterkarane. Desse volumkontroll er av heilt grei kvalitet.

Sidan Swissonor ikkje har fjernkontrollfunksjon, var faktisk direktekopling vel så greitt som med ”P” i signalkjeden, og eg kunne ikkje registrere negativ innverknad på lyden på nokon måte. Oppo-spelaren har massevis av tilkoplingar som gjer at han fungerer både som DAC, og via fjernkontrollen kan han også vere forforsterkar. Og multikanalsutgangane - faktisk kunne ein kjøpe så mange monoblokker ein ville, kople desse til kvar aktuell utgang, og køyre heimekinolyd heilt i tråd med Swissonor-filosofien, som går ut på å kjøpe akkurat dei modulane du har bruk for.

 

Sonos-boksen har noko av dei same kvalitetane. Her er det ein analog inngang, og du avgrensar deg til ei ekstern signalkjelde. Også Sonos-systemet har fjernkontroll av lydvolumet, som fungerar i det digitale området. Så det har relativt lite påverknad av lydkvaliteten, men personleg opplever eg Sonos-volumkontrollen ei aning maskerande når eg spelar ved lave lydnivå. Volumet vart difor styrt via Oppo og/eller PP.  Men dei andre familiemedlemene meinte det var bagatellmessig skilnad, og brukte dei meir hendige kontrollane i Sonos-systemet.  Her i heimen er det slik at det gjerne spelast lågt og lyttast kritisk på same tid, og då er det greitt med analog volumkontroll, som let betre når volumet reduserast. Men om du skrur ned for å ha bakgrunnsmusikk eller ikkje treng dønn kritisk lydattgjeving, er det absolutt å leve med digital volumkontroll.

For kontrollen si skuld henta eg også ein annan passiv ”forforsterkar” Creek OBH 22. Dette er ein veldig enkel sak som består av eit kvalitetspotensiometer og ein inngangsvelgjar, men til skilnad frå Swissonor ”P”, har denne fjernkontroll. Eg kunne ikkje registrere lydmessige skilnadar mellom desse to passive trinna, bortsett frå ei halv aning meir elektronisk sus frå Creek-boksen (noko som truleg kan tilskrivast ein noko tilårskomen signalkabel frå VdH ) når volumet stod på full guffe. Eg  konsentrerte meg etter kvart om å lytte til monoblokkene direkte, og var godt fornøgd utan nokon analog volumkontroll og/eller inngangsvelgjar i det heile, berre eg spelte ganske høgt.

 

(Her kjem ein digresjon: Verkar ”P” og OBH 22 inn på lyden på nokon måte? Dette var noko eg måtte finne ut av, så eg kopla dei to boksane inn i signalvegen i referanseanlegget. Nei, eg kunne ikkje seie her var sikre lydlege skilnadar. Eg sette volumet på absolutt maksimum, og lytta etter susing – det måtte då vere såpass interferens frå lysnettet og andre apparat at det kunne høyrast? Nei, berre så vidt det kunne registrerast skilnadar når OBH 22 fekk desse gamle VdH-kablane. ”P” hadde påmonterte leidningar, så her kunne eg ikkje gjere komplett samanlikning av apparata. Eg skifta til Viablue signalkabel. Då greidde eg ikkje å registrere skilnad på ”P” og OBH 22.  Ingenting. Så lenge eg ikkje fikla med potmetera. Eg prøvde å spele musikk, og det var absolutt ingen signatur av desse to passive greiene. Berre når eg sette volumet på full guffe på ASR Emitter 2 exclusive, utan å ha musikk på, kunne eg registrere ørlite susing, som ikkje var der når eg køyrde signalet direkte. I ein normalsituasjon, med eit normalt anlegg med musikk på, hadde eg sannsynlegvis ikkje oppdaga dette. Uansett er det også ganske tullete av meg å sette ein ekstra boks inn i signalkjeda når forsterkaren likevel er utstyrt med volumkontroll og inngangsvelgjar. Passiv forforsterkar pregar ikkje lyden på nokon måte. Berre effektforsterkaren er følsam nok.)

 

 

 

Konklusjon:

Den passive koplingsboksen ”P” er strengt tatt ikkje nødvendig, dersom du ikkje er avhengig av å skifte signalkjelde ganske ofte. Produktet fungerer utmerka, og er ekstremt nøytralt, men det er andre måtar å ordne seg på som er både billegare og meir funksjonelt. Ettersom han heller ikkje har fjernkontroll, vil nok mange brukarar heller spare pengane, og hoppe over denne investeringa. For dei små RSM er dette ingen sak, men du må ha volumkontroll av eitt eller anna slag, for inngangen til desse monotrinna er designa for å klare seg utan forsterking.

P har altså sine avgrensingar, men ein skal heller ikkje kimse av at mange ynskjer seg ein supernøytral passiv volumkontroll og inngangsvelgjar. Og då får ein det ikkje meir nøytralt enn dette.

 

Produktet er utlånt av www.bebophifi.no

 

 

 

 

 

Lest 5493 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.