onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent SP 993

Skrevet av

Eg har fått gleda av å prøve ut mange effektforsterkarar opp gjennom åra. Nokre har vore små, andre store beist, SP 993 er ein av dei siste.

 

 


Dette beistet på 36 kg er oppgjeve til å levere 2*200 W i 8 ohm, noko eg mistenkjer for å vere svært forsiktig. På framsida er det eit display som syner kor mykje effekt som spyttast ut til ei kvar tid. Då eg la på full guffe (mykje for høgt for ein som har stor glede av høyrselen sin) synte displayet 400 W, utan at eg var i stand til å registrere klipping (faktisk var eg ikkje i stand til å registrere særleg mykje i det heile med det lydtrykket) Elles har denne effektforsterkaren svært høg tomgangsforbruk. Her er klasse A-drift dei fyrste 50 Watt, og i praksis var eg aldri over dette forbruket når eg lytta. Det var sjølvsagt ikkje nokon tendens til at lyden endra seg ved passering av dette effektnivået (bortsett frå lydstyrken, då…50 Watt er svært mykje, for ikkje å snakke om 200) Med denne forsterkaren er det tydeleg at Vincent har tenkt å kappast med dei store. Og dei har funne seg ei svært forbrukarvenleg nisje. Vi snakkar om ein pris på 18998 kr. Det er langt mindre enn tilsvarande store (ja, SP 993 er verkeleg stor - eit skikkeleg beist) effektforsterkarar frå Krell, Mark Levinson og Electrocompaniet. Det bør nemnast at importøren også har to andre effekttrinn på lager: monotrinna SP 991 som kostar knapt 25 000/paret, og som har endå meir Watt. Spennande er også hybridforsterkaren (med rør på inngangen) SP 331, som berre kostar 7000. Korleis går det an å lage slike ting så rimeleg?

INNI: Med ærefrykt tok eg lokket av dette store beistet. Og forsterkaren var like flott inni som utanpå. Nydeleg handverk. Etter det eg kunne sjå, var også komponentane av god kvalitet. Alt såg også svært servicevenleg ut (bortsett frå mengda av komponentar, då - her var printplater i fleire plan…)

LYDEN: Det tok ei stund å spele inn Vincent-anlegget. Eg gjorde alt på ein gong, og kan ikkje ta stilling til om effektforsterkaren skilde seg spesielt ut. Let du han stå på ei vekes tid, vil det meste vere på plass. (Sjå generell artikkel om Vincent). Då eg gjorde dette, var det svært heitt i huset. Sommarvarme + Vincent klasse A-drift lunkar på meir enn godt er… Etter innspelingstida er det ikkje noko spesielt krevjande oppvarming som skal til før effektforsterkaren yter sitt beste. Du kan godt slå han av mellom lytte-øktene. Ettter 20-30 minutt er alt som det skal vere.

Vi har her gått bort frå det kvalitetsnivået der vi kan snakke om dårleg/god lyd. På same måte som forforsterkaren, har denne forforsterkaren sin eigen karakter, men i langt svakare grad. SP-993 sitt særpreg er vanskeleg å legge merke til. Her er nesten ikkje eigenklang. Sjølv om forsterkaren er nøytral, er det nokre eigenskapar som er verd å trekke fram: - Evne til å gje att dynamikk. Dette er stort, på linje med det aller beste innan transistorkonstruksjonar eg har erfart. Vi snakkar både om evnen til å nyansere dei små detaljane, og det å ta ut full pakke. Diverre har eg ikkje tilgang på ein skikkeleg tungdriven høgtalar som kunne vere ei skikkeleg utfordring for SP-993. Eg kan tenkje meg at det vil vere snadder saman med eit sett av dei grovaste B&W- konstruksjonane, gjerne utan biamping. Når eg prøvde noko meir enn 10 - 20 watt var begge mine lettdrivne høgtalarsett svært høgtropande. Altså arbeidde forsterkaren i klasse A-drift under det meste av utprøvinga. Og det funka fantastisk. Eg sette særleg pris på evna til å spele lavt med godt resultat. Du treng ikkje fyre høgt for at kvalitetane kjem til sin rett her. Eg har erfart at denne eigenskapen berre finnest på svært dyre effektforsterkarar i denne effektklassen. - Evne til å passe saman med andre komponentar. Eg brukte både Vincent sin eigen forforsterkar, Rotel sin forforsterkar og Audio Research SP 10 rørforforsterkar. I alle situasjonar tilførte SP 993 den krafta som skulle til, og lite anna. Dette er ein forsterkar som kan brukast i alle oppsett. Eg dreiv både elektrostatpanel og konvensjonelle høgtalarar med fantastisk resultat. - Om eg skal prøve å beskrive forsterkaren sin eigenlyd, er denne samanfallande med forforsterkaren, men i mykje mindre grad. Dynamikk og romoppleving er særleg i fokus, medan klangeigenskapane på mange måtar kan seiast å vere ein kontrast til Electrocompaniet sine 180 og 250W konstruksjonar, med krafitigare fokus på detaljane. Dette må absolutt ikkje oppfattast som ein kald og analytisk forsterkar, her er massevis av ngoma, og eg trur ikkje SP 993 vil understreke negative sider i andre deler av signalkjeda, konstruksjonen er alt for nøytral til det.

Vincent SP 993 er ein effektforsterkar som trygt kan samanliknast med langt dyrare konkurrentar. Den er blotta for svake sider, og bør absolutt vurderast uansett, dersom du er på jakt etter ein kvalitetsforsterkar i prisområdet under 50 000 kr. Dette er eigentleg eit røvarkjøp, sjølv om 19 tusenlappar også er ein god del pengar.

Les mer om Vincent-opplevelsene til Arve her...

[ diskutér omtalen her ]

Lest 15871 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.