mandag, 01 november 2004 00:00

Vincent CD-S3

Skrevet av

Eg skal fortsette mitt djupdykk i Vincent sin produktkatalog med ein kikk på toppmodellen av CD-spelarar - og dette ser slett ikkje dårleg ut..

 

Vincent CD-S3 leverast med ubalanserte kablar av god kvalitet, og ein fjernkontroll med volumkontroll. Volumkontrollen var litt skuffande, men er kjekk å ha som ei naudløysing. På baksida finn vi ubalanserte, gullforgylte utgangar. Desse er dekte av plastkapper, slik at dei ikkje vert skitne. Eigentleg burde dette ikkje vere påkreva, sidan gull skal vere eit edelmetall….

image

Vidare har vi også balanserte utgangar. Eg fekk medlevert eit par balanserte kablar på rundt 1 m, og samanlikna desse med dei medleverte ubalanserte kablane, utan den heilt store lydforbetringa. For moro skuld brukte eg også balanserte kablar av "mikrofonkvalitet" på 5 meter, men desse hadde såpass negativ innverknad på lyden, at eg berre unntaksvis brukte balansert drift. Her er to digitale utgangar, vanleg RCA og optisk. Elles finn vi på alle produkta ein brytar der det kan velgjast mellom jording. Du vel ganske enkelt det som støyar minst…

Denne CD-spelaren er utstyrt med Burr Brown 1732 DAC's, AM 1202 drivverk med CD7-MK2 digital servo, digital phonoutgang, analog phono og XLR utgang, HDCD, ringkjerne, fjernkontroll med volum, og veg 10 kg. Prisen er lagt to kroner under 9000 kr, og er såleis sånn i mellomsjiktet sett frå min ståstad.

 

image

 

UTPRØVINGA: Dei CD-spelarar eg har hatt høve til å lytte til i denne prisklassen har gjeve mykje for pengane. Ved direkte samanlikning med den 2000 kr billegare Rotel RCD 1070 tok det ikkje lang tid å legge merke til at Vincent fokuserte meir på detaljar, i lydbiletet, og kan hende også litt når det gjeld dynamiske nyansar. Klangmessig var det liten skilnad, trass i ulike prosessorar. Ved raske A/B-samanlikningar fekk eg etter kvart inntrykk av at Vincent let noko meir analytisk - kanskje ein smule mindre engasjert, men har mistanke om at dette rett og slett var at eg høyrde fleire detaljar (CD-mediet er ikkje så godt….) Men når eg tok ut signalet frå digitalutgangen og inn i Behringer 8024 som DAC (equalizeren flatt), tykte eg at lyden vart noko varmare, utan at dette gjekk ut over detaljrikdomen. Ein litt pussig ting var at volumkontrollen på Vincent CD S3 verka negativt inn på lyden, særleg dersom du skrur mykje ned. Eg vil difor ikkje tilrå at du brukar CD-spelaren direkte inn i ein effektforsterkar. Volumkontrollen på CD-spelaren er i audiofil samanheng ei naudløysing, og langt dårlegare enn forforsterkaren, heilt tydeleg når eg skrudde opp den eine, og ned den andre rundt tilnærma same lydnivå. Mesteparten av tida bruke eg difor volumkontrollen på forforsterkaren. Når det gjeld HDCD, fungerte dette greitt. Men etter mine erfaringar er dette langt frå nokon revolusjon, berre ein liten forbetring av lyden. Forventar du skilnad som t.d. då ein innførte Dolby B støyreduksjon på kassettar, eller noko tilsvarande SACD og audio DVD, vil du verte skuffa.

KONKLUSJON: Vincent CD-S3 er ein svært solid CD-spelar, og har som spesiell styrke detaljert musikkattgjeving. Eg har ingen problem med å tilrå innkjøp av denne, særleg om det er viktig for deg å få med alle smådetaljar i lydbilete og dynamikk. Dersom du ikkje har mykje HDCD eller eit svært analytisk system, ville eg likevel tatt meg tid til å sjekke ut den 3000 kr billegare Vincent CD-S1. Denne har ein enklare prosessor og ikkje er fullt så påkosta, men eg tippar at denne gjev endå meir godlyd pr.krone.

Lest 12315 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.