
Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Denne artikkelen burde eg ikkje levert. Eg har eigentleg ikkje peiling, og påstanden (overskrifta) er ganske dryg. Men likevel, eg må berre lufta det. Det er ei problemstilling med tekniske finurlegheiter som eg har fundert over i årevis. Om eg aldri tek det opp, kjem eg ikkje vidare. Eg ser gjerne at dei som har greie på dette tek kontakt, slik at me alle kan læra.
Eg er ikkje heilt fokusert. Eg har lytta til mykje sidan sist, men ein del av det krev konsentrasjon i form av lengre artiklar. Då må ein ha fred og ro i fleire kveldar på rad, utan lystige lag i hagen med naboar og drikke. Dessutan er fokuset på hagen og tomta no til dags. Mykje må gjerast i løpet av sumaren. Han er ikkje lang her til lands. Denne gongen vil eg difor satsa på - eg veit ikkje heilt. Eg byrjar no berre å skriva og so får me sjå kva det vert.
Går det an å vera heldigare med veret? Palmefredag kom våren, to-sifra grader på stokken, og sol. Jazz-turistane frå Bergen ramla ut or toget på Voss jernbanestasjon og sjangla austover mot Vangen forbi kyrkjo, for å løysa ut billettene sine mot armband i billettkontoret på Park Hotell, eller på det nye Vossajazz-kontoret andsynes.
Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri.