Viser artikler etter stikkord: Stig Arne
Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025
Ikkje for å klaga, men det har vorte mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein forstyrra av ytterlegare jazzkonsertar, Påske, fest og fyll. Og alt er friviljug, og ubetalt. At du gidd. Men slik er livet, og slik vil me ha det. Kulturarbeid har aldri vore lukrativt.
Attende til start – Stig Arne si dagbok februar 2025
Av og til gjer ein feil som er so elementære at det ikkje er til å tru. Eg vert flau. Ein skulle tru eg var ein røynd audiofil. Og det er eg vel forsovidt og, dette har vore hobbyen min i 50 år. Like lenge som Vossajazz, lommekalkulatoren, fargefjernsynet og sveisen til presidenten i Amerika. Men likavel. Eg gjer feil. Eg trøyster meg med at professorane er dei mest ubehjepelege av alle, i alle fall i teikneseriane.
ÅRET SOM GJEKK – STIG ARNE SI DAGBOK JANUAR 2025
Dobbel orsaking – Stig Arne si dagbok september 2024
Ein ikonisk høgtalar, og dampande øl – Stig Arne si dagbok Juli 2024
Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023
Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023
Dynavoice CA802BT/Loxjie A30 “Desktop" forsterkar - Stig Arne si dagbok august 2023
På eit av redaktøren sine arbeidsbord etter Hortenmessa i fjor oppdaga eg ein liten dings, som synte seg å vera ein heil liten forsterkar, men i miniformat, og digital. Sjølvsagt. (Klasse D-forsterkere er vel strengt tatt ikke digitale forsterkere – Red.anm.) Elles er det ikkje mogeleg å få han ned i den storleiken - i alle fall ikkje når han leverer 40 watt, meir enn dobbelt so mykje som ein Nad 3020. Eg vart forviten, og dum nok til å spørja om eg fekk låna han for utprøving. No har eg endeleg fått gjort det, kloss i årets messe, slik at eg kan ta han med attende. Me skal jo til Horten, Arve og.