Vi kunne oppleve ein god del nye hifiprodukt, til etter kvart relativt høge prisar. Men det har vore ei generell prisauke både inn- og utanlands, og vi får tru at ein av grunnane til at mange produkt har vorte dyrare skuldast at dei også har vorte vidareutvikla og betre enn tidlegare modellar..
SEAS
Dette er ein norsk høgtalarfabrikk. Dei har framlegg til korleis høgtalarane skal brukast, og kva konstruksjonar dei passar i. Modellen som var utstilt var konstruert av Hans Erik Lian, var ganske heftig når han fekk sjansen til å gjere det han kunne, altså spele djupare og sterkare bass enn kva som kan forventast av ein slik liten konstruksjon. Dette var ein prototype av ein aktiv høgtalar. Dette vil seie at han har innebygd forsterkar, ein Hypex-modul som yter 500 Watt pr. side. Høgtalaren er ein trevegskonstruksjon som ser ganske snill og forsagt ut, men skinnet kan lure deg. Dei fire sekstoms basselementa spelar overtydande djup bass, oppegjeven til 32 Hz som sendast ut på sidene.

ELECTROCOMPANIET OG Ø HØGTALARAR
Dette var ein velukka kombinasjon. EC sine svære forsterkar kunne kanskje spele rått og brutalt, men her var det i staden snakk om å gje att musikken på ein delikat og hyggeleg måte. Altså ein svært vellukka match. Kjekt å sjå at dette norske merket no er synleg på hifimessene.

DYNAUDIO
Dette firmaet er kjent for å lage høgtalarar av svært høg kvalitet, og i år kunne dei vise oss Contour 20, ein ganske så trasjonell stativhøgtalar, men som kunne spele markant bass utan fiksfakseri, modellen som vart kåra av EISA som “Beste produkt”. Desse kostar 84 000/paret. Det finnest også aktive høgtalarmodellar, slike som har innebygd effektforsterkar, og det er snakk om nye modellar.

JBL
synte fram heile produktrekka av “ordentlege” høgtalar, altså slike som er tiltenkt bruk i eit skikkeleg stereoanlegg, ikkje dundrebokar til party og russebussar. Det vil seie, importør The Stereo Shop hadde ikkje med toppmodellen “Everest”, så det vart modellen under - “K2” som vart brukt mest. JBL har ein svært hyggjeleg måte å gje att musikken på som mange likar, spesielt slike som spelar sjølve. Nytt for meg var subwooferen L10 CS. Diverre vart denne ikkje sett i spel medan eg var på messa, men om han passar til resten av JBL-programmet, skulle han vere attraktiv for dei fleste.

Les også Håkon sin messerapport
Les også Stig Arne sin messerapport
Les også Karl Erik sin messerapport