Messa vart halden på Thon Hotell Oslofjord i Sandvika ved E 18. Det vart stilt ut på rom i tre høgder, dvs. vestibylen, 2. og 3. høgda, so det var ganske oversikteleg. Me budde i 4. høgda, so det var berre å gå ned eit trapp og setja i gong.
Store høgtalarar
Det var mykje god lyd og musikk på dei aller fleste romma, men eg konsentrerte meg om utstillarane med dei store høgtalarane. Har du fyrst vent deg til den store, spenstige og dramatiske lyden frå store basselement, er det ingen veg attende. Småtassane klarer ikkje å stilla opp med eit truverdig lydbilete på dette nivået, særskilt ikkje i bassen. Det vert berre tynt og tamt, so desse romma stakk eg berre hovudet raskt innom for å stadfesta fordommane mine, og hasta vidare. Pluss at dei store normalt er langt meir effektive enn små, og gjer livet lettare både for deg og forsterkaren. Du kan spela høgare for same effekt. Det er ein myte at store høgtalarar er vanskelege å driva. Det er omvendt. Dei store flyttar større mengder luft enn små, og det er dessutan ei kjend sak at effektive høgtalarar vert føretrekt framføre mindre effektive, alt anna likt. Har du ein effektsvak forsterkar, er dette løysinga.
4 ROM, FIRE STORE
Regal Audio Design
Svenske Anders Hansson har drive Regal sidan 2016, og konstruerer alt sjølv. Pr. i dag gjeld det ein integrert forsterkar på 250 watt, kablar og DAC. Desse var i bruk til å demonstrera ein heilt ny høgtalar, ein dipol med 15” bass og eit biradialt horn. Ein kasselaus tovegshøgtalar mao. Ikkje alt for store, og estetisk ganske vellukka, der dei mørke sidene er plastikk-“vengjer” for å auka storleiken på baffelen, skrånande lett bakover. Dimed får fronten ein svak bogeform som hindrar refleksjonar. Smart påfunn, som og får baffelen til å virka smalare. Delefilteret med store påkosta komponent ligg på golvet og deler passivt ved 700 Hz med 12 dB pr. oktav for minst mogeleg rippel (ujamnheiter).
Utan kabinett og utan bassrefleksopningar gav dette ein sjeldan jamn og ufarga lyd med stor autoritet, fart og dynamikk.

Eg frettar Anders ut om val av basselement og tilhøyrande Q-verdi, sidan dette er avgjerande for å få eit minimum av djupbass frå ein baffel. Han fortel at elementet frå Audience har moderat magnet (noko eg alt har kikka bak høgtalarane og observert) og tilsvarande høg Q-verdi, slik at systemet samla hamnar kring 0,8. Dette kan gje djup bass frå baflar og lukka kabinett. Det stemmer heilt med mine eigne røynsler, og det var kjekt å få stadfesta at eg har oppfatta dette rett. Prisen kan verta 100.000 pluss.
Lyden vart levert frå ein variant av Technics SL-1200 med DS Audio pickup, og strøyming.

Hamrammr
Her er me endå nærare heime. Bjørn Erik Forberg og høgtalarane hans har eg omtala før. Han og har valt store element for å få fram høgare effektivitet og større dynamikk og realisme i musikken enn det små HiFi-høgtalarar maktar. Men han har valt ein litt annan veg, ved å nytta PA-element med svære magnetar i vanlege kabinett (bassrefleks). Han demonstrerte ein ny prototype med førebels namn 1512, av di ein tolvtommars koaks er assistert av 15” i botnen. Voldsam bass og levande mellomtone, som å vera på konsert. Brutalt! Kan hende fyrst og fremst tilpassa AV/heimekino, men ingenting i vegen for å nytta dei i eit vanleg stereoanlegg. Forventa pris 35.000 kroner.
Eit mindre, enklare og rimelegare alternativ kan vera Immersive 12, der det same koaks-ellementet som over er nytta i eit mindre kabinett, til kring 16.000 kroner. Dei leverer og subwooferar med både 15 og 18 tommars basselement, både aktive og passive, i lukka kabinett. Og til desse prisane: Kva ventar du på? Men du bør ikkje ha naboar innanfor ein sirkel på ein kilometer. I blokkleilegheit er du på gata innan veka er gått.

Klipsch hjørnehorn
Dette er ein oppgradert utgåve av ur-Klipschen, den fyrste amerikanaren Paul William Klipsch laga i 1946 og framleis toppmodellen i programmet. Han kostar 360.000 kroner, og vert importert av MONO. 15 tommars bass, lyden kjem ut gjennom slisser på sidene. Topp-kabinett med mt horn og diskant. Nye finessar i mellomtonehornet (sjå bilete).

Stor lyd, slik som berre er mogeleg med store element, og naturlege stemmer. Jamn frekvensgang, stor dynamikk og detaljar. Imponerer eigentleg ikkje, høyrest berre riktig ut. Og det er det som imponerer. Audio Research forforsterkar og mono effektforsterkarar. Mindre modellar finst til halve prisen; som er rektangulære og kan plasserast langs ein vegg. Hjørnehornet er trekanta og designa for å stå i eit hjørne. 

Ø Icon 12”
Norsk konstruksjon! Denne høgtalaren er heller stor og tung med sine 55 kg, til 220.000. Ein endå større modell var utstilt, Verdande, med 15” bass, til 395.000 kroner, og 100 kg. Lett assymetriske kabinett og fantastisk finish, som i alle fall eit stykke på veg kan forklara den stive prisen. Me høyrte på 12-tommaren denne gongen, men har og høyrt 15-tommaren. Begge er to-vegs, gjort mogeleg ved stort diskant-element i horn, som toler låg delefrekvens, akkurat som ein typisk topp-kasse PA-høgtalar. Forsterkning var frå Electrocompaniet på Tou, ein ny forforsterkar, to ganger AW 800 effektforsterkarar (tidlegare Nemo), og EC og DCS streamer DAC. Mektig lyd frå Johnny Cash Sound of Silence. Berre må opplevast, og det kan du gjera hjå Mala Audio.

Store høgtalarar som eg har omtala her er diverre både store, tunge og dyre, og ikkje lett å få heim og plassert. Men har du litt storleik på stova går det fint, ein mindre høgtalar på stativ med stabil fot tek og plass. Og dei rimelegaste alternativa er ikkje dyrare enn overprisa småtassar. Viktigast er at lyden er i ein heilt annan klasse. Det kan berre ikkje samanliknast. Det fekk eg oppleva når eg sjølv tok spranget for fleire år sidan. Men det vert ein annan artikkel.

Les og Arve og Karl Erik sine messerapportar som kjem ein av dei fyrsta dagane.