onsdag, 01 april 2026 20:25

Vossa Jazz 2026: 53 år og lika sprek Spesial

Skrevet av

No er ikkje 53 år nokon alder i våre dagar, men ganske bra for ein jazzfestival! Berre Moldejazz (1961) og Kongsberg Jazzfestival (1964) er eldre . Ein skal uansett alder vera i god form for å henga med denne helga, frå tjuvstart torsdag til nachspiel i Pianobaren etter (siste) konserten med Bjørn Tomren sundagskvelden - og delvis i lag med dei. Heile vegen skal du halda styr på kamera/mobil, program, speleplan, lesebriller til mobilen, notatblokk og kulepenn, og pressekortet som rett nok heng rundt halsen, du må berre hugsa å henga det på når du går heimafrå. Pluss besøkjande, vener, avtaler og ølpauser. Eit mareritt i logistikk og ingenting for amatørar. Men no har eg no gjort dette nokon år og burde kunna det, men gløymde likevel pressekortet her ein kveld. Armbandet og det bedande andletet mitt, som ein hund ved bordenden, berga meg. 

Voss Jazzklubb, som er endå eldre, skipa til fyrste VossaJazz i 1973, då eg og fleire av skiparane gjekk på Voss Gymnas. Og sidan har me hengt med. Eg og mange med meg vart sakte men sikkert jazzarar, det skal noko til å stå i mot slik indoktrinering av nesten religiøse proporsjonar. Voss rockar ikkje, Voss jazzar. I år hadde Frøydis Århus elddåpen sin som nyvald leiar av VossaJazz. Alltid blide og imøtekomande Frøydis har utdaning innan kunst, leiing, administrasjon og kulturproduksjon, og kom frå kafeen Tre Brør på Torget, berre to steinkast frå Vossajazzkontoret andsynes Park Hotell.  

Fredag

Musikk? Ja beklagar den lange innleiinga. Opningskonserten - som ikkje må forvekslast med Tingingsverket på laurdag - var ved Daniel Herskedal, som eg diverre hoppa over, av di eg trudde eg hadde sett han før. Eg blanda saman med Håkon Kornstad, saksofon og opera, som har vore på Voss fleire vender. Det var forbaska, sidan fleire meinte dette var den kan hende beste konserten i år. Du bør sjekka opp begge desse to artistane på strøymetenestene. Eller endå betre: kjøpa platene, LP eller CD. Artistane tener praktisk tala ingenting på å liggja på strøymetenestene. Det fungerer vel berre som reklame, i tillegg til eventuell omtale i media. 

The Red Barn i lokalet Jazzklubben på Park passa eg på å få med meg, sjølv om eg har høyrt dei før. Ein litt pussig konstellasjon, du kan byrja lura på om dette er jazz eller americana grunna Mathias Marstrander på steelgitar, i tillegg til andre gitarar. Dei andre er vossingane Toivo Fjose på kontrabass og Kåre Opheim på trommer, samt Aksel Røed på saksofonar og klarinett. 

Dette er jazz utan angst, og heilt utan stress. Det er lågmælt, melodisk og harmonisk, der dei går ut og inn i ulike soli og tempi. Trekk ut øyreproppane og nyt. Vakkert, og samstundes fullt av detaljar. Kontrabassen sto tydeleg fram, slik at du lett kunne fylgja bassgangen. Det er slett ikkje alltid tilfelle. Super lyd. 

I Pianobaren på Park var pianoet originalt nok assistert av eit trommesett i form av Supercharger Duo, med Ernst Wiggo Sandbakk på trommer og Erik Tveten på piano. Friskt og moro! Det utarta til dans. 

Andreas Rotevatn var siste konserten på fredag eg hugsar noko av. Me var byrja verta slitne. Men det var verkeleg bra. I mangel på notat tillet me oss å sitera Bergens Tidende frå programheftet: “Musikken er pop, men ikke poppete. Det er jazzete, men ikke jazz…Andreas Rotevatn er rett og slett grisebra musikk.” Sjekk han opp!     

Laurdag

Laurdagen frå klokka 12 og utetter vart det skipa til fleire interessante konsertar, men me var diverre ikkje heilt klare for nye opplevingar før langt på dag, dvs. Tingingsverket Lambda klokka 18.00, ved Lars Horntvedt. Det er til gjengjeld obligatorisk. Alle spør “korleis var Tingingsverket?” Og då må du kunne svara. Konserten starta med eit brak, der trommeslager Elias Tafjord trakka til på stortromma samstundes med cymballar, med ei kraft ingen normale stereoanlegg er i nærleiken av å kunne levera. Dette opplever de berre på konsert, heimesitjarar! I tråd med namnet er hovedinstrumentet tuba, om eg ikkje tek feil. Ikkje mindre enn ti musikarar var i aksjon meir eller mindre heile tida, eit helvetes spetakkel, og rasande moro å høyra på. Ikkje ein kjedeleg augneblink! Tempo og intensitet varierte naturleg nok gjennom konserten, og den einaste kritikken som kan rettast er at mykje gjekk i same duren. 

Eg har tidlegare kritisert mange tingingsverk for å vera oppstylta og til dels keisame, men dette var eit unntak. Her var det fart og moro heile vegen. 

I tråd med tradisjonane vart Vossajazzprisen delt ut før konserten til ein tydeleg rørt Arne Toivo Fjose, av den alltid like opplagde og morosame fylkesordføraren Jon Askeland og festivalsjef Frøydis Århus, saman med 50.000 kroner. Høyrt frå talen til Askeland: "Verdas største jazzfestival" (kunstpause) “på nynorsk”. Rungande latter frå salen.  

“Viseklubb!” snøfta ei dame i det ho forlot Gamlekinoen med Maridalen og Lars Lillo-Stenberg. Me gjekk likevel inn, og angra ikkje på det.  Vakre melodiar vart kjærteikna av mjuke tonar frå orkesteret. 

Sundag

Prosjektet Vetturen so va hadde premiere i 2025, der eg var til stades. “Du må koma”, seier Dag, “musikken er nykomponert og utvida”. I dette prosjektet fortel forfattaren Dag Helleve levande om vintrane i barndomen på ein måte som me alle hugsar og kjenner oss att i. Me vart sett attende til ei tid og opplevingar me alle hadde opplevd, og humringa sat laust i salen. Han fortalde om teltturar so kalde at dei heldt på å frysa i hel, og vintrar so varme at snømannen smelta og velta på rygg. Mot slutten reflekterer han om endringane i klimaet og ottast for verknadene dette kan få for komande generasjonar. Innimellom, når Dag trakk pusten smelte Bjørnar Kaldefoss Tveite på bass, Heidi Kvelvane på saksofon og Kåre Opheim på trommer til med utsøkt musisering, perfekt tilpassa lydnivået og temaet som vart båre fram. Utsøkt. 

Sundagen og festivalen sin siste konsert var Bjørn Tomren kl. 18.00. Du kan diskutera til kyrne kjem heim om han er musikar eller komikar, men han har dugleikar og eit register å spela på i begge disipliner som få har. Du har gjerne sett han på TV, men å høyra denne nesten unaturleg djupe og store stemma i røynda er slik at du måpar. Anders frå Sprilt/Voss Lyd bak spakane får dette fram som ingen andre. Ikkje berre spelar Tomren godt gitar, men saman med Edvard Mjanger på bass, Hans-Olav Molde på trommer og Einar Sogstad på både svarte og kvite tangentar framfører dei kjende låtar frå mange sjangrer med stil, krydra med gode soger. Ingen av desse skal røpast, det høyrer med til repertoaret han reiser rundt med. Det må opplevast. Kjem han til eit grendahus nær deg, so ikkje nøl eit sekund. 

Stor takk til Frøydis og apparatet rundt for ein perfekt avvikla festival.    

Festivalplakat med billete laga av festivalkunstnaren Ingunn van Etten, Fotograf: Sverre Hjørnevik/Sjut

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.