tirsdag, 15 april 2025 10:55

Vossa Jazz 2025 - laurdag og sundag

Skrevet av

Laurdagskvelden kl. 6 hender det me alle ser fram til: Tingingsverket. Scenen er Vossasalen på Park Hotel som tek inntil seks hundre sittande menneskje.

Tingingsverket: Kjetil Møster 

Eg kom som vanleg seint, og er frekk nok til å skulda på besøket mitt. Ikkje FOR seint, dei hadde ikkje byrja å spela, men seint nok til at salen alt var full, og einast ein presseplass på fyrste rad var ledig, ute til venstre. Perfekt for å ta bilete, men alt for nært for eit samla inntrykk av musikken og lyden, og alt for høgt.

 

Etter å ha tømt tanken og ordna påfyll fann eg ein ledig plass lenger bak, men då var øyrene og alt i mellom blåst ut, og det tok tid før eg kunne høyra musikken på normalt vis. Denne konserten øydela eg altso heilt på eiga hand, og fekk problem med å gjera meg opp ei meining i etterkant.

Eg har stor beundring og respekt for Møster, og har opplevd han på Voss både i -17,-18 og -19. Sjekk gjerne reportasjane frå Vossajazz desse tre åra. Han er ein spanande musikar som eg alltid møter opp for å høyre. Han lagar alltid eit helvetes liv på konsertane sine.

Men denne gongen øydela plasseringa mi ikkje berre for lyden, men og musikken. Det heng saman. Men eg fekk med meg at Møster sjølv var tilbakehalden, og gav mykje plass til medmusikarane sine; eit sympatisk trekk, og han takka audmjukt for oppdraget. Eg spurde folk på veg ut kva dei tykte, og meiningane var delte. Nokon meinte det var flott, andre gav uttrykk for at det var for komplekst, og gjekk over hovudet deira. Eit tingingsverk kan ofte ha den effekten

.

  

  • Kjetil Møster saksofon, klarinett, elektronikk, perkusjon
  • Anja Lauvdal piano, synth, elektronikk
  • Benedicte Maurseth, hardingfele
  • Eivind Lønning trompet, elektronikk
  • Gard Nilssen, trommer, perkusjon
  • Hans Magnus Ryan, gitar og vokal
  • Ole Morten Vågan, kontrabass og el-bass
  • Sofia Jernberg, vokal
  • Silje Grimstad, lysdesign
  • Johan Berntsen, lyd

Bugge Wesseltoft

Rett frå førespel fekk eg ikkje med meg notatblokk og kulepenn, men tek det på hugsen. Bugge med vener spelte kl. 9 laurdagskvelden på Gamlekinoen, og dette var ein herleg konsert, litt meir nedpå og upretensiøs enn tingingsverket, om det er ein måte å seia det på. Dei fire herrane Bugge Wesseltoft (tangentar), Arild Andersen (bass), Gard Nilssen (trommer) og Martin Myhre Olsen (saksofon) starta åleine, men fekk snart besøk av Sanskriti Shrestha på tabla, som spelte på desse med ein virtuositet og fart du ikkje ville tru var mogeleg. Eg traff tabla-dama seinare på kvelden; i pianobaren på Park. Eg kjende ho att og vågde meg bort til ho, presenterte meg og spurde: “Sei meg, korleis ser hendene dine ut?” -Heilt normal, sa ho eg rekte meg hendene sine. Ufatteleg! Dei vert tydelegvis vande til mishandlinga. 

Deretter kom Rohey Taalah på vokal inn, med ei stemme so klår og kraftig at ein kvar etterpå høyrdest ut som om dei var kraftig forkjøla. 

Flott konsert, med større vekt på det harmoniske og melodiøse enn tingingsverket. Alle eg snakka med etterpå var veldig nøgde. 

  • Bugge Wesseltoft tangentar
  • Arild Andersen bass
  • Gard Nilssen trommer  
  • Martin Myhre Olsen saksofon
  • Sanskriti Shrestha tabla 
  • Rohey Taalah vokal   

Thomas Dybdahl

 

For det fyrste trudde eg Thomas var svensk. Eg høyrer ikkje etter kva dei syng. Det er lite synging i jazzen. Men på scena i Vossasalen kl. 6  sundagskvelden, siste konserten for denne gong, snakka han Stavangersk. So då er det vel rimeleg å tenkja at han er frå Stavanger i staden.

Eg hadde ikkje anna kjennskap til Thomas enn det eg har høyrt på radioen, og har ikkje funne det særskilt spanande eller interessant. Men når det gav seg eit høve til å høyra han live på Vossa Jazz, rett ned bakken, tenkte eg det ville vera for dumt å ikkje gripa sjansen. Særskilt når han hadde med seg fleire av dei beste jazzmusikarane me har, slik som Gard Nilssen på trommer, og Ole Morten Vågan på bass. 

Eg vart sitjande litt langt framme og til venstre, so det vart mykje lyd på venstre øyre. Men for ein lyd! Eg hadde Gard Nilssen rett framføre meg, og han trakka til på basstromma på ein svær Gretsch, og laga eit utruleg rytmisk sug til alle låtane. Han la seg tettare opp til ein pop-stil enn han vanlegvis gjer i jazzgrupper, men likevel med mykje av det krydderet ein “vanleg” trommeslagar ofte ikkje maktar. Slik fekk alle låtane til Thomas ein velkomen dimensjon av spaning og dramatikk dei normalt ikkje har.

Bassist Ole Morten Vågan spelar stort sett ståbass når eg ser han på Voss Jazzklubb, men her spelte han mest elektrisk bass, som er meir vanleg i pop og vise. Og for ein kombinasjon dette er. Den djupe vedvarande bassen i kombinasjon med dei rytmiske hugga på trommene fekk verkeleg fram negeren i meg. Me stammar alle i frå Afrika, og eg elskar rytmer. Gard var i storform, og samspelet med Ole Morten var ei oppleving. Dei fann tonen,  såg på kvarandre og smilte breitt.

Og Thomas overraska med forteljarglede mellom låtane, og synte seg som reine stå-komikaren. Altso standup-komikar, men i mitt hovud heiter det stå-komikar på norsk. Det er   verkeleg eit komisk talent i den karen, og publikum byrja le berre han opna munnen. 

Alt dette gjorde avslutningskonserten til ei minnerik oppleving, kan hende den konserten eg hugsar best, saman med Room Service på fredag. Begge prega av humor og humør. 

  • Thomas Dybdal vokal, gitar
  • Gard Nilssen, trommer
  • Ole Morten Vågan, bass
  • Vegard Lien Bjerkan, tangentar
  • Lars Horntvedt sax, pedal steel, gitar, synth      
Lest 558 ganger Sist redigert tirsdag, 15 april 2025 13:22
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Vossa Jazz 2025 - Fredag