lørdag, 12 april 2025 12:13

Vossa Jazz 2025 - Fredag

Skrevet av

Sola har skine i heile Sør-Noreg i ein lengre periode no, og må ha tenkt at nok er nok, og reist heim. Og det rett før påske! I dag ligg skyene tungt, og det var på nippet at eg kom tørrskodd ned på Gamlekinoen i Voss. Spelar ingen rolle, me ska på konsert, ikkje til fjells. Det er fyrste konserten, fredag kl. eitt, dagtid, ikkje kveld, og Room Service skal spela; elevar frå jazzlina ved NTNU i Trondheim. 

ROOM SERVICE

Det var ein tidleg højdare. Ikkje mindre enn 10 utøvarar fylte heile scena, med to trommeslagarar -i front, det har eg ikkje sett før. Opningsnummeret var forrykande, og me vart servert 8 rettar med gourmet-jazz, ein komponert av kvar. Då er det to som slapp billeg, muligens trommisane, men dei jobbar ganske hardt uansett. 

Dette var friskt, variert og inspirert, og applausen sat laust, sjølv om det var tidleg på dagen og dei fleste var edru. Det var gratiskonsert dette, for ungdom i alle aldrar, so eg kunne spart meg å stressa innom billettkontoret for band rundt armen. Uansett rakk eg konserten, og samspelet var tett og presist, sidan dei har turnert i to veker. Vossajazz var siste konserten deira på denne turneen. Trommeslagarane var teknisk dyktige og rytmiske, og syngedama til å få gåsehud av. Veldig flink gjeng dette, som eg vonar å få høyra meir i frå. 

  • Alma Wikstrøm vokal
  • Rasmus Kirkholt saksofonar
  • Eirik Kosberg trombone
  • Einar Folkesson Norberg piano
  • Jens Bonderup gitar
  • Adriana Døsvik bass
  • Sander Eilertsen bass
  • Erik Wie Flaig trommer
  • Gustav Torberg trommer  

OPNINGSKONSERTEN: NILS PETTER MOLVÆR

Maria Kannegaard kunne ikkje koma. Erstatning vart funnen på kort varsel, i form av Nils Petter Molvær og “venene hans”. Eg kom eit kvarter inn i fyrste låten, og det som slo meg var “majestetisk”. Slik spelar berre verdsstjerner. Dei har dessutan vore i verdsmetropolen Voss før. Denne fyrste låten vara i nesten ein time, og utarta i litt sånn pirkete frijazz som eg har litt høg terskel for, men det er no mitt problem. 

Låt 2 byrja og litt kryptisk, men munna ut i eit vart og rytmisk parti. 

Siste låten, komponert av Maria Kannegaard, var herleg. Rytmisk gyngande og melodisk. Lyden var skrudd av Sprilt og var stor, fyldig for detaljert, heilt utan hardleik og skarpe kantar. 

Ein konsert i verdsklasse. 

  • Nils Petter Molvær – trompet  
  • Ståle Storløkken – tangentar  
  • Anja Lauvdal – tangentar  
  • Ole Morten Vågan – bass  
  • Thomas Strønen – trommer  

 

AMANDA BERGMAN

Går det an å lika både jazz og country? Det kjem an på kven du spør. I alle fall var gamlekinoen stappfull klokka halv 9. Og større kontrast frå Nils Petter Molvær til Amanda Bergman skal du leita lenge etter. Eg antyda at dette var country, medan andre frammøtte i gamlekinoen meinte det var pop. Eg trur dei har rett. Me vart samde om pop/vise, det siste det som no vert kalla singer-songwriter. Amanda framførte ei rekkje vakre songar, med litt mindre særpreg enn dei aller beste, men særs “njutbara”. Amanda er svensk, men syng på engelsk. Kvifor? Vokalen hadde ein litt hard kant, lyden var ikkje heilt på høgd med Molvær i Vossasalen.

  • Amanda Bergman vokal
  • Petter Granbeerg gitar
  • Dennis Egberth trommer
  • Alex Zethson tangentar
  • Robin Landvall bass 

 

 

Lest 568 ganger Sist redigert lørdag, 12 april 2025 12:30
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.