fredag, 28 mars 2025 14:56

Oslo HiFi Show 2025 - inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk Spesial

Skrevet av

Det var to trekk ved denne messa som bør nemnast. Det eine er bass. Så å seie alle utstillarar hadde lagt mykje arbeid i å få bassen djup og godt artikulert, både dei med store og små høgtalarar og forsterkarar. Det andre var nostalgi. For oss gråhåra er det difor naturleg å fokusere på desse sterkt fortidsutsjånadaktige greiene.

INNHALD

STAX

QUAD

MCINTOSH

AUDIOVECTOR

KUZMA

TECHNICS

STEINDORF ELLER LYNGWAY?

MARANTZ

FOLKEOPPLYSNING

 

STAX

Ein gammal kjenning var også Stax elektrostatiske øyretelefonar. Desse er kjende for ei fantastisk oppløysingsevne, og det er nok svært få høgtalarar eller øyretelefonar som kan samanliknast med det Stax kunne. No kunne vi høyre siste modellar på messa, og det verka som Stax har drive produktutvikling og forfina elektrostat-øyretelefonane ganske radikalt. Men prisen var ganske spenstig, det er ei utfordring å skrape saman 230 000 kroner for toppanlegget. Og så kan du ikkje ta det med deg på joggetur heller, vi snakkar om eit stasjonært einmannsopplegg som slett ikkje er trådlaust. 

QUAD

Elektrostatane sine lydeigenskapar er svært vanedannande, og det gjeld også høgtalarar. Eg hadde håpa på å få høyre siste versjon av Quad fulltoneelektrostatar, men dei var ikkje utstilte. Men det var kjekt å sjå att Quad sin elektronikk. Forforsterkaren 33 har innebygd riaa, akkurat som i gamle dagar, og effektforsterkaren 303. Denne har eg ikkje vore bort i sidan 70-talet, og den særeigne utsjånaden var svært minnerik, sjølv om eg personleg er litt for ung for denne - eg fekk lov å prøve Quad 405 med det spesielle “Current Dumping” straumforsyning.  Denne gongen fekk vi også vite at effektforsterkaren leverte 70 Watt, noko som Quad ikkje fann det verd å nemne på den opphavelege utgåva. Diverre hadde ikkje importør Stereofil ikkje med seg elektrostat-høgtalarar, så det får vi komme attende til når det er aktuelt.

MCINTOSH

McIntosh er også umiskjenneleg når det gjeld utsjånad, og dei aller fleste audiofile har vel sett desse ved eitt eller anna høve. Men få har vel fått høyre deira fyrste, spesielle høgtalarar modell 1. Her kunne ein nyte godlyd og nostalgisk utsjånad.

AUDIOVECTOR

Så hadde vi Audiovector Trapeze, som eg kjende att frå då eg var ung som eit sjølvbyggprosjekt etter oppskrift frå danske High Fidelity. Veldig spesielt kabinett, som hindra ståande bølgjer inne i høgtalaren. Men 2025-utgåva er langt penare - og dyrare - enn opphavet frå 80-talet. 

KUZMA

Vinylmusikk er vel ein nostalgisk sport uansett, men det skjer då stadig nyvinningar på dette feltet. Etter å ha høyrt eit føredrag om spesielt pickuparmar, fekk eg umåteleg lyst på Kuzma sin nye arm med armrør i syntetisk safirkrystall. Stivare arm enn dette kan vel ikkje tenkjast… elles er også prisen på desse armane på edelstein-niva. 

Mange nye, flotte platespelarar var fordelte rundt omkring hos utstillarane og det var ikkje fritt for at ein kunne ynskje seg både den eine og den andre, spesielt etter å ha vore på føredraget om kvifor nokre platespelarar er betre konstruerte enn andre.

TECHNICS

Den vidkjende platespelarprodusenten Technics var sjølvsagt representert fleire stadar på messa, men stilte også med eige rom, som hadde andre produkt enn platespelarar. Det er tydeleg at denne japanske storprodusenten igjen er vekt til live for fullt. Og produkta er framifrå gode, iallfall det eg opplevde å høyre av høgtalarar. Dei Technicshøgtalarane eg kan hugse ein gong frå 70-talet hadde det vi kalte “japanarlyd”, som var litt metallisk, og langt unna det som kunne kallast naturleg. Men no var det andre bollar. Eg fekk høyre at Panasonic-selskapet hadde henta inn att dei pensjonerte Technics-arbeidarane og no satsa for fullt. Her må vi altså fylgje med, for det ser ut til at ting kjem til å skje herifrå.

STEINDORF ELLER LYNGWAY?

Eit anna interessant produkt er resultatet av samarbeidet mellom flygelprodusenten Steinway og HiFi-produsenten Lyngdorf.  Imponerande lyd til å vere på ei messe. Dyrt, sjølvsagt, men billegare enn eit flygel…

MARANTZ 

Og så vart eg litt fasinert av Marantz sin nye elektronikk, eller rettare; Kabinetta til elektronikken. Desse var laga av tre lags laminering, der laget i midten er av kopar, noko som skal skjerme elektronikken frå påverknad utanfrå. Dette med å legge vekt på kabinettet som skjerm var noko Marantz la vekt på alt attende til årtusenskiftet, og eg har framleis ein CD-spelar frå den tida som var skjerma på denne måten.

FOLKEOPPLYSNING

Dette med føredrag av ressurspersonar som utstillarane har henta inn frå HiFi-produsentane er ein god tanke. Såleis var erfaringar frå pickuparmproduksjon riktig opplysande for oss amatørar, og det verkar som dei ulike momenta er svært gjennomtenkte. 

Også høgtalarkonstruksjon fekk vi eit innblikk i, gjennom eit spennande føredrag frå Ole Witthøft frå System Audio. Dei tre faktorane bassattgjeving, presisjon og kor effektiv høgtalaren er, heng alltid saman. Men framtida er å bygge aktive, integrerte høgtalarar, og droppe innfløkte delefilter og dyre komponentar, men la kvart høgtalarelement verte utstyrt med eigen forsterkar.

Elles var det ei stor messe, med mange utstillarar, og det såg ut til at arrangementet gjekk  ganske knirkefritt, og det einaste eg sakna var litt spenstigare musikkval.  

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.