fredag, 28 mars 2025 13:45

Oslo HiFi Show 2025 - inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 - Stig Arne sine inntrykk. Spesial

Skrevet av

Ei utstilling skal ikkje berre vera å springa frå utstillar til utstillar som galningar med fotoapparat og notatblokk. Me har og eit liv å leva, folk å treffa. Pauser, eta og drikka, treffa fleire, folk me ikkje har sett på fleire år. Utstillarar er mennesker, ikkje berre hifi. Det skal vera hyggeleg. Difor fokuserer eg på dette i år. 

INNHALD

FØRESPEL

   Klipsch Jubilee

   Utprøving og øl

HYGGELEG HELG

AUDIO AKTØREN

DUET AUDIO - DYNAUDIO

MALA AUDIO

AV SHOP - HAMRAMR

PAUSE MED HÅKON ROGNLIEN

AKUSTISK BUREAU

PROMENADE

SEAS

PYLON AUDIO

HIFI KLUBBEN

AVRUNDING

 

FØRESPEL

“Fyrespelet” står det over ei dør på Osasalen I Voss, Ole Bull-akademiet. Fyrespel er godt gamalt norsk for det som I dag ofte vert kalla vorspiel (tysk), eller berre vors. Verbet vert “å vorse”. Det har eg høyrt ungdomar seia. For ein gongs skuld er det faktisk tysk som vert nytta, ikkje engelsk: Vorspiel og nachspiel. Det er I alle fall dei omgrepa me vaksne nyttar. Dei kan å laga øl, tyskarane; difor. Kva det evt. Heiter på engelsk, anar eg ikkje.

Grunnen til denne lange innleiinga er at me gutane brukar å ha eit førespel fredagen før/når me er på messe. Denne gongen vart det I form av ein demonstrasjon av ein jubileumsmodell frå Klipsch på Oslo HIFI Center, og ein “shoot-out” av tre par høgtalarar heima hjå Karl Erik, med høveleg drikke. Elles er det ikkje førespel, berre arbeid. Sidan det er helg, er det siste utelukka.

Klipsch Jubilee

Om denne kan du lesa på Oslo hi-fi Center sine sider. Lat meg berre notera at to tolvtommars bassar stråler ut bak grillane på kvar si side av fronten, gjennom ein kombinasjon av horn- og bassrefleksopningar. I toppkabinettet stråler ein mellomtone-diskantkombinasjon ut gjennom eit stort horn. Fasongen på høgtalaren (eg måtte bak for å sjekka) er ein kombinasjon av modellen Klipschorn sin trekantfasong for hjørnemontering, og La Scala si flate bakside for plassering langs vegg. Jubilee har og skrånande sider, men eit flatt parti bakst, slik at dei kan brukast I begge situasjonar utan at det ser rart ut.

Høgtalarane er utruleg flotte men ruvande, eg ville plassert dei parallelt med bakveggen slik som på bilda frå Hificenteret; det ser ikkje pent ut når slike svære møblar står på skrå. Det vil og – etter mi meining – låte best slik. Dynamikken var skremmande. Muligens vil Arve eller Karl Erik skriva meir om dette. Eller begge.

Geir Tømmervik var guiden vår, og me hadde ein hyggeleg prat saman etter lytteøkta. Han og Karl Erik hadde ein lengre prat om hifi-en si stordomstid I Trondheim I gamle dagar, då Karl Erik studerte der. Han leikar med planane om å skriva litt om dette.

Utprøving og øl

Redaktøren vår, Karl Erik, har fått I oppgåve å prøva ut og skriva om ein moderne Marantz forsterkar, og fekk låna eit par Polk R200 stativhøgtalarar til jobben. Eg og Arve vart invitererte til å lytta til dette oppsettet, og so hadde me moro med å samanlikna Polkane med eit sett jamstore B&W 706 S2 og Rogers LS3/5A (som han forresten har kjøpt av meg).

Karl Erik gjorde meg merksam på at peisestova hans, ein kombinasjon av mur og treverk, har ein ganske tydeleg framheving av djupbassen. Men denne er sjarmerande og sårt tiltrengt, når ein lyttar til slike små høgtalarar. Polk let som ein stor høgtaler, og forbausande myrkt. B&W let nok meir nøytralt, men utan å vekkja noko meir begeistring frå mi side. Rogers hadde endå mindre bass, men eit fantastisk perspektiv, og som vanleg ein mellomtone som få gjer etter. Kven eg ville vald? Ingen av dei. Eg er ferdig med stativ-høgtalarar. Men med kniven på strupen kanskje Polk, sidan denne gav den djupaste bassen og den største og mest behagelege lyden, sjølv om perspektivet var sånn passe. Detaljeringa var likevel god. So ville gått inn I delefilteret og sjekka seriemotstanden til diskanten, og redusert denne frå t.d. 3,3 Ohm til 2.2. Ville det og ha forbetra stereoperspektivet? Det ville I alle fall ha gjeve ein litt meir nøytral klangkarakter. 

Apropos perspektiv har KE eit stort fjernsyn midt mellom høgtalarane, og medan dette er heilt normalt for heimekino, er det ikkje god latin I HiFi. Eg pirka litt I KE om dette, men han er urokkeleg, sidan fjernsynet er ein viktig del av underhaldningspakken der nede. Det er forståeleg. Men etter litt tenking har eg ei meining om korleis dette kan løysast, slik at anlegget kan tena begge føremål. Ved å rydda litt I kabelsalaten bak, og forlenga leidningane der det  trengs, kan fjernsynet løftast ned og setjast på golvet mellom benken og bakveggen, når seriøs HiFi er på dagsorden. Ein flatskjerm er ikkje tung. For fjernsynsskjermen er ikkje berre eit spørsmål om det optiske – det synlege. Lyd er vibrasjonar I lufta, og ein obstruksjon som eit fjernsyn vil hindre rørslene I lufta. Det påverkar stereoperspektivet. Difor er det viktig å ha fri sikt mellom høgtalarane. Høge rack, slik du diverre ofte ser på messer, har same effekten. Perspektivet vert skadelidande. Ei anna sak er at det varierer kor mykje audiofile bryr seg om dette. Nokon har fokus på dynamikk, nokon på perspektiv, andre på frekvensgang, og atter andre på øl. Det er, trass I alt, helg. Og kjekt var det, og lærerikt.   

HYGGELEG HELG

Den fyrste me trefte på inne på Scandic i Asker var Håvard Holmedal, innehavar av magasinet Stereo+, og leiar av messa i samarbeid med Jan Olav Braaten. Han kjem springande mot oss og handhelsar, og når eg spør om me skal betala i resepsjonen (det var ein prøveballong) seier han -bli med meg, og so skriv han ut kort til oss alle tre, dvs. meg, Arve og redaktør Karl Erik. Det var hyggeleg gjort, og det skal syna seg at hyggeleg vart eit gjennomgåande tema for helga. (Med unntak av turen heim over fjellet, som var langdryg. So mykje hygge tærer på kreftene. Tomt for lesestoff, og eg angra bittert på at eg takka nei til å ta med ei halv Jeger etter laurdagen.)  

Ok, eg skal skriva litt om lyd og hifi og. Men om du vil ha detaljar skal du lesa Karl Erik og Arve (sine bidrag), dei er langt meir disiplinerte enn eg. Og ikkje so tørste. 

AUDIO AKTØREN

Det fyrste rommet eg var inom var Audio Aktøren og Terje Nilsen, og anlegget var attkjennande frå Horten. Signaturen hans i det siste har vore dei store QLN-høgtalarane, og ein svær Studer spolebandopptakar. Eg hugsar ikkje om det var denne som spelte akkurat då eg var inom, det kan ha vore ein platespelar frå SME med AIDA pickup og fonosteg frå EAR, men lyden var umiskjenneleg. Svært, svært oppløyst og musikalsk. Denne sette på mange måtar standarden for alt eg høyrde seinare. Terje kan og hjelpa til med kopiering av band for andre entusiastar. 

DUET AUDIO - DYNAUDIO

Men det var sjølvsagt god lyd andre stader og, bevares. Hjå Duet audio føretalde ein danske om delefilteret i ein liten to-vegs Dynaudio, om at dette teknisk sett var 12dB pr. oktav, men likevel oppførte seg som kring 6dB, i samarbeid med elementa. Eit delefilter kan ikkje sjåast separat frå desse. Begge elementa var kopla med pluss-polaritet, og utan mykje korrigering av frekvenskurva utover dette. Dimed held ein på mykje av dynamikken. Han snakka lågt, men dette fekk eg med meg, og det høyrdest fornuftig ut. Men eg kan ikkje forstå at Dynaudio ikkje kan fella diskantelementet inn i baffelen. Basselementet kan godt skruast rett på baffelen, det er ikkje uvanleg. Men diskanten bør fellast inn, slik nesten alle gjer det. Det er penare, og betre for lyden.    

Apropos lågt, so var dette eit problem. Mange stader spelte dei lågt, eller ikkje i det heile. Då kan eg ikkje vurdera lyden. Eg treng litt volum, eg er ikkje 19 lenger. Potensialet er der, men når høgtalarane i tillegg er små og av bassreflekstypen, slik dei fleste er, går eg vidare. Då er eg ikkje interessert. Det kjem ikkje stor lyd ut av ein liten høgtalar. Det er fysiske lover for slikt. Men sjølvsagt, i små rom kan dette vera eit kompromiss.

Ei anna vanleg blemme: Eit anlegg var stilt opp mot ein vegg med store vindauge, utan at gardinene var trekt føre. Då vert eg fullstendig blenda av lyset, ute av stand til å konsentrera meg om lyden. Stereoperspektivet går fløyten. Slik verkar det i alle fall på meg. Weiter gehen.   

MALA AUDIO

Mala Audio spelte i fleire rom. Dei har jo ikkje so langt å frakta utstyret. I eitt av desse, med svenske Marten høgtalarar og Esoteric elektronikk spelte det nydeleg til Jeffrey Marten sin “Red Station Wagon”. I eit anna spelte det godt med Axxess høgtalarar. (Audio group Denmark: Ansus, Aavik, Børresen (Ø) og Axxess). 

AV SHOP - HAMRAMR

Hjå HAMRAMR, norrønt for dei som gjekk framst i striden, lagar dei høgtalarar til kino-bruk, men som utmerket godt kan nyttast til hifi. Konstruktøren understreka at dei var justerte for å unngå den vanlege harde og kliniske lyden. Original bestykning: ein 12-tommar koaksial, med ein 3-tommars mellomtone/diskant bak støvhetta. Kolossal dynamikk og bass, og aldri hardt. Sett dei på altanen eller terassen ein fin sumarkveld, so kjem Politiet med ein gong.

PAUSE MED HÅKON ROGNLIEN

-Kva gjer du her då, spør eg Håkon Rognlien i ein pause i kafeen, ein rockar med hang til dynamikk og Klipsch-høgtalarar; og tidlegare kollega i Audio og Fidelity. “Jeg er her for å drekke øll og prate med kompiser”, svarar han utan blygsel, for han bur rett i nærleiken. Men han kjem sikkert til å skriva nokre liner i bloggen sin, Rognliens hifi-blog. Den må me sjekka opp. Der har han visst terga på seg mange. Håkon er flymekanikar, han syng i rockeband, og har alltid noko å fortelja. Ein del av det må for all del ikkje gå vidare. Det var forresten forfattar og lærar Dag Helleve som ein gong forklarte meg skilnaden mellom å vera personleg og privat. Litt sladder går, men privatlivet held me for oss sjølve.  

AKUSTISK BUREAU

Det er mange artige karakterar i HiFi-bransjen. Ein slik er Olav Flugsrud i Akustisk Bureau. Eg omtalte han i Horten og, der han på Bryggen fekk fantastisk lyd frå Rogers LS3/5A med Rogers røyrforsterkar. Men denne gongen snakka me mest om Schopenhauer, “mørkrets filosof”. Olav hadde garantert vore professor i filosofi i dag, om han ikkje måtte ta seg av forretningane. Sidan me begge har liknande fagkombinasjonar frå universitetet var dette like morosamt å prata om som kva røyr som sto i den og den forsterkaren. 

PROMENADE

Laurdagen måtte me av praktiske grunnar gje oss tidleg, og det var for so vidt greitt nok, heilt til eg fekk greie på at ein utstillar hadde spandert bobler heile kvelden. Den svei. 

Sundagen bestemte eg meg for å byrja på topp, i tredje høgda, og jobba meg nedover. Eg var lei av å gå meg vill kring resepsjonen og i fyrste høgda. Det var ein genistrek: I det store arealet var mellom andre Asbjørn Eikaasen, lærar, som saman med tre andre har laga “coffee table”- boka High End Audio, til sals på nettet for 690,-. Dei har reist over heile verda for å samle info. 

SEAS

På ein annan vegg sat ein mann ved namn Chris Sørensen, med ei rekkje høgtalarelement framføre seg. Eg tenkte det var ein eller annan gjenbruksbutikk, og fekk nesten sjokk når eg oppdaga at han var frå SEAS. Som alle andre som har spikra saman høgtalarkasser i ungdomen elskar eg å prata med desse ingeniørane, og har plaga dei ganske mykje opp i gjennom åra med dumme spørsmål. Eg har nemleg alltid laga høgtalarane frå grunnen av, med eigne delefilter. Byggesett er juks. Og sidan eg ikkje har elektronikkutdaning, har det vorte mykje dårleg lyd. Men det har uansett vore lærerikt, utviklande for høyrselen og personlege prioriteringar. Eg har kjøpt ein del element frå Seas ja. I dag vert desse distribuert til privatkundar av Lyd Konseptlydkonsept.no, ein del av Mala Audio. 

Eg var litt redd for å masa for mykje på han og binda han opp, men var heldig, det var ikkje so mange andre som vågde seg frampå med spørsmål, so eg fekk prata mykje med han, og det var difor han var her sa han. Me diskuterte bassreflekskasser mot lukka kabinett, diskantelement med magnetisk olje mot “tørre element”, og alt i mellom. Han avslørte nyhende som var på veg, men som eg lova å ikkje avsløra. Chris har jobba hjå Seas i over 3 år no, og bur i Moss, og har ein far som jobba der, so han er praktisk tala oppvaksen på fabrikken og har samla seg opp ein heil del element opp i gjennom tidene, mellom anna dei gamle 12-tommarane. Sikle sikle. Han gav meg visittkortet sitt. Det kan han koma til å angra på. 

PYLON AUDIO

Eit par rom til, muligens i andre høgda: Pylon Audio, ein stor høgtalar med 12” bass, veldig bra lyd (anbefalt av Håkon Rognlien). 

HIFI KLUBBEN

HiFi Klubben demonstrerte eit anlegg med eit diskantelement med gul monteringsplate. Det let godt til gruppa Haevn, “We are”, og høgtalarane var frå Steinway. Aberet var at “du må købe hele systemet”, forklarte ein danske. Og hjå Hifi Hub, som er starta opp av to karar frå Oslo Hifi Center, spelte høgtalarane Kerr Acoustic K 2500 godt. 

AVRUNDING

A propos karakterar i HiFi-bransjen. Før avreise sundag hadde eg ein lengre samtale med Jan Olav Braaten, i ein nesten tom kafe. Utstillarane pakka saman. Gjennom eit samarbeid med Stig Inge Bjørge frå Lyra kjenner me kvarandre godt. Han er militærunge, som meg, og har mellom mange andre “eventyr" vore i Libanon. Det har ikkje eg, men me hadde likevel mykje å prata om. Ikkje alt eigner seg på trykk. 

Stor takk til arrangørar, utstillarar og publikum for ei hyggjeleg helg. Vel heime stakk Lars inom for oppsummering og “debriefing”. Eg fortalde at det smerta litt å måtte tilstå for seg sjølv at mitt eige anlegg slett ikkje er på høgd med det beste frå messa, og at det vil kosta titusenvis av kroner berre på ny forsterkning, til dømes, jamvel brukt, for å klatra denne stigen. -Er det verd det? spør Lars. Eg er framleis svar skuldig.        

Løpet av kort tid vert det og lagt ut messerapport fra Arve og Karl Erik, med link her.

 

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.