søndag, 24 mars 2024 08:07

Vossajazz - i lys loge!

Skrevet av

Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg skriv denne innleiinga. Seinare går det slag i slag heile helga. Veret ser ikkje bra ut med tanke på påsketuristane, men for oss svartkledde jazzarar passar det perfekt. Jazz er heldigvis ein inne-idrott.  

FREDAG

Kl 8 i Gamlekinoen spelar Gabriel Fliflet (65) med ein herleg gjeng (melding kjem etterpå). Han er intervjua av Vidar Herre i avisa Hordaland og seier at han må ta det litt med ro, for ikkje å hamna på akutten. Han er ein skøyar han Gabriel. Han har elles delteke på festivalen i mange år, både som artist og turist (frå Bergen), og hevdar at festivalen held seg forbløffande bra, meir vital enn nokon sinne. Det skal me snart finna ut av!

Kl 11. har eg tenkt å få med meg Marius Neset Quintet i Gamlekinoen, og dessutan Resjemheia på Park. Det er dei eg har sett meg ut i fyrste omgang. Omtale vil fylgja under.  

Festivalleiar Laila Melkevoll gav mikrofonen vidare fyrst til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, som opna festivalen offisielt, og vidare til Kjartan Fløgstad, som opna festivalen med eit lengre dikt som rett og slett var hysterisk morosamt, og publikum kvitterte med uhindra latter. Eg klappa alt eg kunne med forstua tommeltott. Ein idrotts-skade; det har nett vore NM for alpinveteranane i bygda. Eg gjekk på trynet.   

 

Opningskonserten: Øyunn “Aspects"

Det er alltid knytt stor spaning til opningskonserten (og tingingsverka). Han byrja med ein video eller film på kring ti min, som eg ikkje skal ta på meg å tolka. Eg trur da handlar om kjensler og dei grensene me set for kvarandre. På mirakuløst vis sneik musikarane seg på plass under videoen utan at eg la merka til noko som helst, og sat klar når konserten byrja. Øyunn er trommeslagar med eit solid beat, ingen frijazz her. Saman med songen hennar, avvekslande med monolog og ein slags rap kan hende, og Jacob Eri Myhre sine stundom lange, klagande trompettonar, utgjorde dette høgdepunktet i konserten. Det finst videoar på nettet. Der kan du få eit godt inntrykk av stilen hennar, som ligg ein stad mellom jazz, pop og anna, befriande sjangerlaus. Lyden var noko “elektronisk”, slik at taleforståinga ikkje var heilt på topp.

Gabriel Fliflet “I lys loge”

Det er oftast god lyd i Gamlekinoen. Trompeten til Per Jørgensen var tydeleg og hadde eit herleg snerr. Stemma hans er fasinerande; med den saktegående vibratoen. Men hovudpersonen var Gabriel Fliflet, ein trubadur av dei sjeldne (trekkspell, piano og song). Kjartan Fløgstad hadde skrive alle tekstane, medan Fliflet var komponist og arrangør. Han hadde med seg eit stjernelag av musikarar, og er ein meister i å lyfta dei fram. Dei song etter tur. Sjangeren er viser, folkemusikk og Americana, med element av jazz. Kven bryr seg. Gamlekinoen var stappfull og applausen inderleg. Det er ikkje fyrste gongen Gabriel Fliflet underheld vossingane med sin utsøkte humor.

Marius Neset Quintet 

Attende til jazz. Marius er (framleis) ein ung og framstormande saksofonist som haustar lovord over alt, og etter kveldens konsert skjønar eg kvifor (akkurat som då eg høyrde Miles Davis for fyrste gong). Eg vart merksam på han gjennom NRK Jazzklubben. I kveld var fyrste gong eg høyrde han live. Ein slik virtuositet og presisjon er det sjeldan du høyrer. Eg tenkjer ofte på Keith Jarrett når eg høyrer slikt. Og trommeslagar James Madden gjorde ikkje det heile dårlegare. Eg har høyrt mange seie at ei gruppe står og fell med trommisen. Og James heldt i gang eit fyrverkeri på trommene som nesten ikkje var sant. Men dei irriterande lydane frå synten kunne eg godt greidd meg utan. Elles var det ingen irriterande flinkisisme her. Berre god musikk. 

Resjemheia

Resjemheia var den siste konserten eg hadde kryssa av. Han starta kl.12. Ingenting for A-mennesker, men intet problem for meg. Det litt merkelege namnet kjem frå eit fjellparti mellom Notodden og Bø, ein plass me vestlendingar berre har ein svak ide om kvar kan vera. Men musikken var energisk, rytmisk og smittande. Mattis Kleppen kjenner eg frå før. Han spelar bassgitar som om det var ein heilt vanleg (?) gitar. Med ein heilt eigen (?) teknikk er det drivande og insisterande. Og kven kjenner ikkje Kenneth Kapstad frå Motorpsycho, ein av landets beste og villaste trommisar? Du vil aldri gå glipp av ein konsert der han er med, uansett sjanger. I dette tilfellet, ein blanding av slåttar frå Telemark, Vest-Arika og Mississippi (???) var dette aldri keisamt. Publikummarar som normalt held seg langt unna jazz tok heilt over dansegolvet i Vossasalen med springarar og kven veit kva. Stor stemning. Og so har eg ikkje gløymt deg, Ottar Kåsa, på Hardingfele. Utsøkt spel.        

 

Lest 1084 ganger Sist redigert søndag, 24 mars 2024 12:42
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.