lørdag, 18 november 2023 08:21

Osafestivalen, 27.-29. oktober 2023: Frå oppskóka til taterkultur

Skrevet av

Me likar oss best heime når hauststormane herjar. Men stundom lyt ein ut for å finna inspirasjon, for å læra noko, og for å ha noko å reflektera over når du er heima. Ein slik læringsarena er Osafestivalen, skipa til av Ole Bull Akademiet på Voss, årvisst i oktober. Hit kjem kvedarar og musikantar frå heile landet og vidare, og dei kan framføre dramatiske forteljingar, slik folkemusikk typisk nok byr på. Eg sette av helga, møtte fram på utvalde konsertar (eller rettere so mange som eg rakk over) og deler med glede inntrykka frå nokre av dei. 

Elias Akselsen

Det er heilt feil, men me byrjar med den aller siste konserten, i Idrottshallen sundags kveld klokka seks. Då skulle Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola kvernberg spela, men Carsten kunne ikkje stilla. Elias beklaga dette, men understreka at han og Økland (fele) hadde spela i lag før, so det skulle ikkje vera noko problem. I staden sto Elias byrgt fram som den musikaren og sogeforteljaren han er, og det var ei sår historie han fortalde i frå. Han er tatar, og dei har ikke vorte handsama fint. Melodiane skildra t.d. tapt kjærleik, som når bondeguten måtte forlata gard og arv for tatarjenta han vart kjær i, og vart redusert til ein vandringsmann som ikkje var noko verd. Den dag i dag kan dei fleste tatarar korkje lese eller skriva, heller ikkje Elias. Skulegangen var ei veke her, 14 dagar der. Dei vandrande  hadde ingen heim, og korleis skal ein då kunne kosa seg heime? 

Det var ein flott konsert, men eg vart og fylt med sorg over den urettvisa mange må tole, og Elias sjølv måtte fleire gonger turka tårene etter dei tristaste melodiane. 

Oppskóka

Men Osafestivalen er langt i frå berre felegnikking. Vossajazz er framleis størst, men Osafestivalen har utvikla seg til å verta ein festival som du ikkje kan unngå å leggja merke til, og mange vitjar. Her møter folkemusikk samtidsmusikk og sprengjer grensene mellom sjangrer. Førehandssalet var det beste nokonsinne. Har du helga fri, og er budd på å verta forført av musikk du aldri har høyrt maken til, skal du ikkje stussa på å investera i festivalpass til 1850 kroner. Det er verd kvart øre, for eit eventyr som varer frå og med torsdag til og med sundag.

Og det starta muntert. Alt torsdag kunne du vitja Gamlekinoen for einskiltbillett kr 175, -og få gratis heimabrygg! Oppskóka er namnet på ein gamal tradisjon der dei involvert møttest etter brygget var ferdig utgått, og delte det mellom seg. Og sjølvsagt måtte det smakast på. Det kunne utarta i den grad at det var tomt før dei kom seg heim. Viss dei kom seg heim. Det naturlege tilbehøret var speketallerk, og Torkjell Børsheim underheldt med dans. Ei rekkje kvedarar framførte fantastiske og morosame gamle og nye drikkeviser. Kvar andre stader startar ein festival slik enn på Voss? Ein genistrek av festival-leiinga. Eg vonar dette kan verta eit fast innslag! Bryggjemeister var Kjetil Dale frå Eldhuset Dale. 

Valkyrien Allstars

Gå aldri glipp av ein konsert med Tuva og gruppa hennar. Gode låtar i skjæringspunktet mellom mange sjangrar, god framføring og morosame kommentarar mellom låtane gjer konsertane hennar til ein fest. Det minst spesielle med Tuva er faktisk håret hennar. Og ein uvanleg inspirert trommeslagar løfta konserten til ei oppleving utanom det vanlege. “Jeg ser det danses her og der, og det er helt all right det altså, det er tross alt en gymsal dette her”. Og denne gymsalen, kor alle kveldskonsertane gjekk, var smakfullt omgjort til reine eventyrskogen, som eitt av bileta tydeleg syner. Er det lov å spe på med litt innsideinformasjon til slutt? Johnny, som av logistikk-årsaker budde hjå meg heile helga, har i fleire år vore “kongeleg leverandør” av heimabrygg til ho og gjengen hennar. 

Øystein Sunde 

Laurdagen tok kvelden med "Øystein Sunde & meget i sløyd”. Fyrste tanken min var “ka i helsike har han på Osafestivalen å gjera”, men eg vart overvelda, og me lo heile konserten gjennom. Eg har aldri opplevd han live, so det var på tide! Mannen er ein framifrå entertainer, og eit oppkome av artige soger og hysteriske assosiasjonar og ordleikar. Kraftig forsterka av Einar Mjølsnes på fele og kvedaren Kirsten Bråten Berg, millom andre, vart denne konserten eit høgdepunkt både musikalsk og humoristisk - og trakk full sal. Eg tok ingen notater - eg berre koste meg. Og det var heller ikkje turvande, eg hugsar alt, men naturlegvis ikkje alt han lirte or seg. Og ein skal heller ikkje stela  artisten sine gode poeng med å sitere han. Og for ein stemmeprakt Kirsten har. Ja, eg har ho på fleire ikoniske LP-plater alt før digitaltida, men å høyra henne live tok pusten frå meg. På ein konsert med ho åleine på Kapellankåken sundag, som eg idiotisk nok ikkje fekk med meg, fekk ho vaksne folk til å gråte. Har eg vorte fortald. Og eg trur dei. 

Festivalsjefen Ida Dyrkorn Heierland og medarbeidarane hennar har, og ikkje minst ved hjelp av dei friviljuge, avvikla ei svimlande mengd konsertar, utstillingar, seminar og “workshops” i løpet av helga. Her er noko for alle, gå for all del ikkje glipp av festivalen neste haust og, om du gjekk glipp av denne. For meg har det vorte eit "must”. Eg takkar audmjukt.           

 

Lest 2115 ganger Sist redigert mandag, 20 november 2023 19:36
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.