torsdag, 14 april 2022 07:39

Vossajazz 2022 - Sundag

Skrevet av

Eg var som vanleg seint oppe, og hadde sikta meg inn på fyrste konserten på kveldstid, Solveig Slettahjell i Vangskyrkja klokka 5. Dag ringde meg i grevens tid for å minna meg på ein konsert klokka halv 2 i gamlekinoen, med far og dotter Brunborg. Eg rakk det akkurat.

BRUNBORG OG ØYUNN: Togetherness 

Far Brunborg er vår eigen Tore Brunborg frå bygda, ein mann med ein særleg var og vakker tone i saksofonen. Dotter Liv med artistnamn Øyunn spelte trommer. Det er ikkje kvar dag ein ser ei dame bak trommesettet, ho såg ut som om ho var 19 år, eg tenkte at ho nett hadde lært å tromma, og fekk vera med berre avdi ho var dotter til faren. 

 

So synte det seg at ho var 32, og stødigare bak trommene til hardare det gjekk for seg. Med stor innleving og halvopen munn talde ho tonar og takter og kva veit eg, og smilte. Ho gav eit driv til musikken som gjorde denne konserten til ei herleg og frisk oppleving. Det gjorde heller ingenting at Bugge Wesseltoft sat bak pianoet. Eg reknar med at han ikkje treng nokon som helst presentasjon for lesarane av denne teigen. Han har same lyriske stil - om det er rette uttrykket - som Tore Brunborg. Saman med bassist Nikolai Hængsle var dette akkurat den kveiken me trengde for å kvikna til att på ein sundag. Både vakkert og oppfriskande på same tid. Men sei meg: Kvifor engelsk tittel?

SOLVEIG SLETTAHJELL

har sett saman ei ny gruppe og førte fram songar frå jazztradisjonen, saman med bluesaktige låtar og anna, i Vangskyrkja klokka 5. Denne karen går  ikkje til kyrkjes oftare enn han må, og vart overraska over at stemninga var påfallande god, til det gjekk opp for han at dette var ein konsert, og ikkje ei gravferd. Stemma til Solveig er unik, med ein svak rasp. Saman med Andreas Ulvo på piano, Trygve Waldemar Fiske på bass og Pål Hausken på trommer var dette stemningsfullt.

Lyden var god med unntak av basstromma til Hausken, som var stor og udefinert. Eg kommenterte dette til lydmannen. Hm, sa han. Det er notert. Eg skal hugsa det til neste gong. Han tok det fint, for lyden var - som eg sa til han - alt i alt svært god, men når ein fyrst har lagt merke til noko som stikk seg ut, er det forbaska vanskeleg å ignorera det. Og å halda kjeft om det. Eg prøvde, men sprakk.   

HEIM MED JONI 

er som du sikkert alt har tippa ein heidrakonsert (av å heidra nokon, dvs. ein hyllingskonsert) til Joni Mitchell frå Canada. Det ikkje alle veit er at familien hennar vandra ut frå Modalen i Hordaland i 1882. Joni er framleis i live, og vart nyleg heidra for ei plate med hittil ikkje utgjevne gamle opptak. Ho kom seg opp til scena ved hjelp av krykkjer. Ho har slutta å framføra musikk for å konsentrera seg om familien, har ho sagt. Utvalde musikarar til denne framføringa hadde ein 50 år lang karriere å ausa frå, med låtar som er ein like viktig del av musikkhistoria som dei frå Bob dylan, Jimi Hendrix, Miles Davis og andre storleikar, for å nemna berre nokre få eg kom på i farta. Stilen hennar er jazza pop eller poppa jazz, alltid i lag med framifrå musikarar, som t.d. Jaco Pastorius, som ho óg hadde eit tilhøve til. Det hadde ho vel til dei fleste ho spelte i slag med, og tekstane handler fylgjeleg stort sett om meir eller mindre lukkeleg kjærleik - som regel mindre, fortel Kjersti Mjør (forteljar). Ho sat i ein sofa og hadde som einaste oppgåve å fortelja soga om Joni mellom låtane. Med denne fasinerande og tidvis dramatiske soga drog ho oss lydarane endå tettare til musikken. Eg trefte ho i vrimliearealet etter konserten og gav ho ros for ei god og klår framføring av denne soga. Då kunne ho fortelja at ho hadde lagt merke til fleire av oss på presseplass på fyrste benkerad, og at eg ofte sat litt framoverbøyd med hovudet ned. Då eg fortalde at eg gjorde det for å skjule tårene, fekk eg ein god bamseklem. Herlege folk! Eg trur kvinnfolka likar at me mannfolka er litt mjuke på botnen.  

Annlaug Børsheim (gitar, fele og vokal) og Åse Reme Jacobsen framførte låtane vokalt, alle på nynorsk, attdikta av forfattarar og musikarar som Tor Schei Hellesnes (Ulvik), Ragnar Hovland, Frode Grytten, Linda Eide og Johannes Gjeråker, for å nemna berre nokre av dei. Og det var verkeleg mange på scena for å skapa liv i låtane. Heine Bugge (kapellmeister og trekkspell), Sigbjørn Apeland på tangentar, Kåre Opheim (Voss) på stødig perkusjon, og Halvor Folgerø (elbass) gav ei godt fundament til låtane, slik at dette vart ein konsert som sette seg i sjela til samtlege frammøtte. (Dagfinn Iversen spelte gitar og song på “Båe sider no”). Konserten hadde vore utselt lenge - og det på ein sundag! Plassbillett var turvande, og dei utan kom ikkje inn. Med pressepass var eg usikker, og hadde ikkje undersøkt. Redd for avslag vågde eg heller ikkje å spyrja, og gjekk frametter i køen med krum rygg og sjølvsikker mine og slapp inn. 

 

Halvor Folgerø (elbass) har eg ikkje sett på scena anna enn som parhest med Finn Tokvam (i Finn Erix), og var spent på korleis han løyste oppgåva. Lyden frå ein gamal Voxx forsterkar var låg og ujamn, men lydmennene må ha lese tankane mine. Lenger ut i konserten var lyden tydelegare og jamnare; det er ein fryd å få eit slikt solid fundament til musikken. Som du sikkert har forstått var dette ei storslått oppleving. Eg kjenner meg varm om hjartet og nesten på gråten medan eg skriv dette, i respekt for Joni Mitchell og alle artistane som gjorde dette til ei eineståande oppleving. Her skaut Vossajazz blink. Eg takkar audmjukt. 

 

Lat meg berre kort nemna at konserten var i ein stor sal (Vossasalen), eg sat heilt framme grunna trengsel og mangel på ledige plassar lenger bak. Presseplassane framme er perfekt for fotografar, men lyden er ikkje like godt samla som lenger bak. PA-riggen på sidene bles forbi deg. Det du høyrer er stort sett backline, dvs musikarane og monitorane deira. Det gjev ikkje same fylde til lyden som lenger bak. (I bakste delen av lokalet kan lyden framleis vera god, men då mysser du litt kontakten med musikarane, og fotografering vert vanskelegare). Uansett plass må ein berre nullstilla seg og gjera det beste ut av det.

Etter denne siste konserten var alle utslitne men lukkelege, og fleire av oss samla seg til debriefing og ei øl -eller 3- i Pianobaren. Ei perfekt avslutning på festivalen, og jamvel dei som skulle på jobb måndagen såg ikkje ut til å bekymra seg. Me takkar Vossajazz for å skapa ei slik lukka i liva våre.          

 

Lest 2013 ganger Sist redigert torsdag, 14 april 2022 08:21
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.