lørdag, 31 desember 2005 23:00

Dual-Shure - verdas beste platespelarkombinasjon?

Skrevet av

Det er somme som hevdar med stor overtyding at ein Dual påmontert Shure V15 mk II pickup overgår alt anna av platespelarar. Her tar vi utfordringa, og prøver ein av dei minste modellane frå Dual.

 


Av Arve Åheim, januar 2006.

 

 

Eg har lenge vore på jakt etter ein av desse ”superspelarane” frå 70-talet for å sjå kva potensiale dei eigentleg har. Då eg for eit par år sidan prøvde ut Shure pickupar, fekk eg meg ei stor overrasking. Og no var eg open for ei ny. Tenk om denne utgamle spelaren kunne danke ut langt dyrare, meir moderne platespelarar.

Diverre har det vore svært vanskeleg å få tak i ein Dual 701 som testobjekt.  Heller ikkje 1219, som vert hevda å vere topproduktet frå Dual. Men ein hyggjeleg nettkamerat lånte meg ein 1228, som er i same familien, sjølv om ikkje det ikkje er toppmodellen. Eg håpar likevel at det er eit relevant produkt å samanlikne med. Av kjennarar har eg fått opplyst at det er lett høyrbare skilnadar, men om lag same ”musikkfilosofi” på heile produktlinja til Dual.

Utprøving:

Spelaren kom til meg i ganske god stand, og ei ny nål var utlånt av eigaren. Signalkabelen såg ut til vere av ganske trist kvalitet, og eg vart av entusiastar frårådd å skifte til noko betre. Så eg berre skøytte saman med ei ”skolissereim”, sidan det visstnok ikkje er mykje å hente ved å skifte kablar for Shure-pickupar. Nettstikk måtte settast på, og det synte seg at jordinga ikkje var heilt i orden. Eg måtte difor til med ei provisorisk jordingsleidning. Dessutan var det litt knirking frå drivverket, men det sjenerte lite, då eg sit over 4 meter unna spelaren når eg lyttar på hovudanlegget. Mesteparten av tida brukte eg også ein tung platestrammar frå Clearaudio. Dette hadde positiv innverknad på lyden. Eg ville helst brukt mi gamle platematte frå Platter Matter, men dette gjekk ikkje. Reknar med at det er eit forbetringspotensiale ved bruk av sånt, om ein får det til.

Stifftrykk: Då var eg oppe på 60 my, hadde ikkje pickupen det godt. Stifftrykket var då knapt 1,5 gram. Det var tydeleg at Shure ikkje hadde det så godt som nødvendig for tilfredsstillande sporingsevne. Eg auka stifftrykket, til 1,7 gram og fekk då spora 70 my heilt fint, men tok ikkje sjansen på å ha for høgt stifftrykk på platene mine. Avspelingsresultata vart altså gjort med 1,5 gram for å få tilfredsstillande sporing i armen.

Elles brukte eg to oppsett for utprøvinga, i tillegg til nyleg utlånte Koss elektrostatiske øyretelefonar for finlytting. Det fyrste oppsettet var i lytterom #3, og bestod av rørforsterkarar frå JoLida og Ming Da, Epos M5 høgtalar (og delvis Dali Concept).  Lyttinga her vart gjort utan direkte samanlikning med anna analog signalkjelde, men mot tre CD og SACD-spelarar i ymse prisklassar.

Det andre oppsettet var i referanseanlegget mitt, med direkte samanlikning med min spelar, ein Linn Sondek LP 12 med Linn Akito-arm, påmontert Dynavector DV10x5. Signalet frå begge spelarane vart ført inn i Audio Research SP 10. Sjølv om eg tykkjer det er interessant å gje Dynavector sin hi-output MC-pickup ei impedanse på 1 kOhm, vart alle utprøvingar gjort med MM-innstilling, altså 47 kOhm for begge pickupar.

 

I det minste anlegget bruke eg riaaen til Le Tube-forforsterkaren som er konstruert på ECC-83-rør av Jean Hiraga. Denne leverer litt mindre output enn ein NAD pp2, som kanskje somme vil oppleve å fungere betre, men etter mi meining absolutt ikkje kler Shure klangmessig, sjølv om Shure har relativt mykje output, slik at lydstyrken vert akseptabelt kraftig. Le Tube er dessutan knystande stille, utan det minste rørsus.

 

Det minste anlegget:

Eg fekk mange hyggjelege timar i oppsettet med MingDa og Epos M5, svært sjarmerande og musikalsk, og med masse lytteglede. Spesielt med MingDa triodekopla. Dette var kanskje farga lydmessig, men du verda så hyggjeleg klang. Og det var ei fryd å spele både referanseplater med stor klangnøytralitet, og slike som hadde kjøleg farging av klangbalansen.

 

Med denne svært rimelege riggen var det altså stor musikalitet. Og om du skal finne eit alternativ, må du oppover i pris, spesielt med tanke på pickup. Ein Denon DL160 vil kunne utfordre Shure, men ikkje heile vegen. Denon har ikkje den same varmen og spelegleden som Shure i Dual 1228. Til gjengjeld får du med deg meir detaljar og dynamiske nyansar. Diverre er det uråd å samanlikne direkte, då Shure treng ein litt lettare pickuparm enn DL160.

Klarer du å finne ein Technics SL 1200 med Denon 103 pickup, og med ein fornuftig riaa (det går faktisk med ein PP2, sjølv om DL 103 i høgste grad fortener noko betre), vil du nok ha ein betre spelar enn Dual/Shure. Men eg tviler på at du klarer å finne ein slik under 5 – 6000 på bruktmarknaden. Det skal heller ikkje stikkast under ein stol at SL 1200 høyrest ut som ein direktedriven spelar, ein eigenlyd som du ikkje legg umiddelbart merke til, men som kan vere irriterande over tid. Dette kan ein til ei viss grad redusere ved hjelp av platematte, men det kostar endå meir pengar…

Dynamisk avgrensing på Dual1228/Shure, oppfattar eg fyrst og framst som eit resultat av Le Tube forforsterkar, noko som vart stadfesta umiddelbart då eg flytta spelaren til hovudanlegget.

 

Dual i hovudanlegget:

Det var klart frå fyrste stund at Dual 1228 hadde anna innverknad på Shure-pickupen enn då eg prøvde ein liknande pickup i Clearaudio Champion II med tangentialarm. Pickupen var mykje varmare i klangen, og spora på langt nær så godt dei tøffare platene.

Den direkte samanlikninga med Linn Sondek og Dynavector, var slik at eg må gje skotten med japansk styrmann fyrsteplassering i alle idrettsgreiner.

For å vere presis i grunngjevinga til denne dommen, finn eg det best å bruke heilt konkrete døme på kva eg lytta til. I tillegg til å fortelje at Dynavector i Akito-arm spora nesten 90 my når eg sette stifftrykket på maksimum etter tilrådinga frå produsent.

 

Lytting til frekvensar:

Dette er øvingar eg sjeldan tek meg tid til, men i denne samanheng, då det skal prøvast ut skilnad på to så ulike spelarar, finn eg det oppklarande å lytte etter skilnadar også her.

Frekvenstesting viste at Dual/Shure-oppsettet hengde med så langt eg kan høyre, heilt til 16 kHz, men at det var eit visst nivåtap heilt i toppen. Frekvensattgjevinga var ikkje heilt rett, med ei viss heving av området frå 8 – 12 kHz. Men mellomtoneområdet var heilt fint. Frå 250 Hz og nedover var det litt ujamt, med svak 30 Hz-attgjeving, litt ekstra rundt 40 Hz og litt tilbaketrukke 60-80Hz område, pluss ”pukkel” rundt 120 Hz.

Med Dynavector/Akito sporast det på høgste tilrådde stifttrykk nesten 90 my. Frekvenstestinga var utan subjektivt nivåtap, og heller ikkje hevingar i området 8-12 kHz. Bassattgjevinga var også rettare, og det var meir trøkk heilt i botnen.

 

Så til musikkdøme:

 

1. Sheffield Track record :

Dette er ei av dei råaste innspelinga av eit standard rockeband eg veit om, sjølv om musikken kankskje ikkje er den største.

Det var absolutt moro å spele denne kjempeplata på Dual 1228. Mange vil nok føle at attgjevinga var engasjerande og musikalsk tilfredsstillande, og det er massevis av speleglede ved oppsettet. Etter å ha prøvd ut nokre av dei absolutt rimelegaste spelarane på marknaden, er det tydeleg at Dual/Shure gjer dette langt betre.

Men det er ikkje tvil om at det også er klare manglar om eg samanliknar med min referanse. Utklinginga oppover i diskanten er som på svært mange MM-pickupar ikkje på langt nær så god som Dynavector DV10x5, som eigentleg ikkje kan måle seg med gode lågutputsMC-pickupar frå både eige og andre fabrikat.

Evna til å få fram dynamiske nyansar er nok brukbar, men vert klart overgått på Dynavector/LP12, som briljerer heile vegen.

Frekvensområdet er også meir overdrive enn på skotten. Cymbalar blir ikkje attgjeve med den presisjonen som finnest på dette opptaket.

Ekstra varme i nedre mellomtone, og litt feitare, men mindre artikulert bass samanlikna med Dynavector/LP12. Hogget i basstromma og pizzicato-slaga på bassen er meir distinkte og det er lettare å halde fokus på kva bassisten gjer enn via Dual. Og sjølv om ikkje tredimensjonaliteten er på topp i dette opptaket, er det også her klar utklassing. Men dette er analyse-musikk. Kva skjer når det vert alvor med vanlege plater? Eg har spelt ut og inn ein god del slike, og nemner her korleis det gjekk med eit knippe av favorittane mine:

2. Harry Belafonte in Carneige Hall RCA LSP 6006 L

Dette er ei av dei mest velukka platene eg veit om. Lydkvaliteten av Harry si stemme er mykje betre enn alle andre opptak av mannstemme eg har høyrt, og orkester og heile framføringa er så dokumentert at det må vere det teknologiske høgdepunktet i 1959. Eg kan ikkje tenkje meg at det kunne gjerast betre..

Her greier Dual/Shure å gje at musikken med begeistring, men det vert litt for varmt og farga, samanlikna med D10x5/LP12. Og alle dei tredimensjonale kvalitetane på opptaket kom ikkje skikkeleg fram.

 

3. Vømmøl: Vømlingen L

Kuttet ”Førarkortet”.

Denne plata er vel kjent for dei fleste? Men mange er ikkje klar over kor godt opptaket er til å syne detaljar ved lydattgjevinga. Via Hans Rotmo si stemme er tydeleg, og lurken markerar takta tydeleg, men også med ujamn styrke. Det er ikkje på alle taktslag denne vert brukt.

Koret kjem inn litt kraftig innimellom, så den ekstra mikrofonbruken er også tydeleg på opptaket.

Klangen i mandolinen er klar og rik på overtonar. Plekterlyden av gitaren er noko dominerande og langt framme i lydbildet i opptaket.  (Bassen er kontant og tydeleg, noko som går att på heile plata). På siste verset er den forsiktige sologitaren svak, men likevel tydeleg.

Dual/Shure har ein meir ullen klang generelt, og stemma er mindre distinkt, samstundes som mandolinen manglar litt. Lurken flyt saman med dei andre basstonane. Koret er strekt og flott, og du får ei attgjeving som er engasjerande og artig. Plekterlyden er mindre irriterande, så her skjer ei forsiktig maskering av diskanten. Siste vers-sologitaren er til stades, men vanskelegare å få med seg.

”Slaktarn”

er eit anna kutt, med kvessing av kniv i næropptak, og ein masse småkommentarar frå Rotmo, medan ei fele spelar. Her kan det vere vanskeleg å få med seg kva som vert sagt via Dual/Shure. Bass-markeringane med lurk vert litt grautete. Her kjem varmen til Shure tydeleg fram. Fint, men meir enn kva som er innspelt på plata.

Funksjonærn er prega av fleire stemmer, handklapp og ein mandolinsolo som går som kontrapunkt i høve vokalen, og her syner igjen Dynavector seg overlegen når det gjeld å halde oversikt og formidle alt som går føre seg.

 

4. Tomboy: Time to be free L

Om vi i fyrste gang held oss til tittelkuttet: Dette typiske 80-tals opptaket inneheld ein ganske markant dynamikk, og det er ein vanskeleg jobb å få dette gjennomført både med fylde og presisjon.

Den varme klangbalansen til shure er her ei ulempe. Torill Sivertsen si stemme vert innpakka, og effektbruk som romklang vert ullent. Dei små musikalske detajane kjem gså mykje betre fram, og perkusjonen høyrest meir distinkt ut ved bruk av Dynavector.

Også resten av plata vert ei for stor utfordring for Dual/Shure. Har du høve, kan du t.d. lytte til saksofon, vokal og bass på ”don´t break it”. Her vert det bompebass og overfokusering på vokalen, kjempevokal og nasalitet. Saksofonen kling også utriveleg.

 

5. Yes: 90125 L

Yes sitt comeback inneheld ein del studiomiksing som er ein viktig del av det musikalske uttrykket, og det tek Dual/Shure-kombinasjonen alt for lettvint. Klangmessig tilfører likevel Shure ein varme somme nok vil like, men albumet kjem ikkje til sin rett. Klar utklassing når Dynavector/Linn kom på banen.

 

6. Bizet: L’Arlesienne suite Herbert von Karajan + Phil.O. J

(EMI, fleire innspelingar.)

Her er det gøy å spele Dual/Shure. Ikkje slik å forstå at ikkje Dynavector si gode oppløysing gjer seg, her heng Shure ikkje med. Og tredimensjonalitet og den dynamiske nyanseringsevna er langt betre med referansen min.  Men det gjer liksom ingenting, for det musikalske uttrykket kler den spesielle farginga som den gamle, rimelege spelaren tilfører. Om anlegget ditt dertil ikkje er ekstremt veloppløyst (slik oppsettet mitt var i lytterom #3) vil du kanskje aldri fokusere på skilnadane her.

 

6. Sibelius: Karelia Suite, Okku Kamu + Helsinki Radio O. J

(Deutche Grammofon)

Dette er mi ultimative referanse på om eit godt anlegg formidlar ngoma, eller fokuserer på detaljar og endar opp som hi-tech hifi. Opptaket er typisk DG, med masse feil i perspektiv, og overdriven dynamikk og tett-på mikrofonar som er etterjusterte i miksen. Men som venteleg er dette absolutt ikkje noko problem med Dual/Shure. Vi må likevel merke oss at Dynavector/Linn gjer ein vesentleg betre jobb, som du høyrer umiddelbart i kraft av betre utklinging og meir nyansert dynamikk. At lydbildet er rotete, kan ein likevel ikkje komme frå, så har får ikkje Dynavector synt fram dette sterke kortet sitt.

 

7. Bernstein: West side story. (DG) J

Dette var Bernstein sitt testament av det vi må rekne for hovudverket hans. Iallfall det mest spelte. Ei gnistrande studioinnspeling, med alle DG sine lydlege preferansar (og etter mitt syn feilvurderingar).

Sjølv om lyden er ganske ulik over dei to platespelarane, er det ikkje tvil om at begge greidde å få fokus på musikken, utan å trekkje inn dei svake sidene til opptaket. Det vil seie, lyttar du etter det, vil du ha lettare for å høyre dei med DV10x5/LP12 enn med Dual/Shure. Såleis kan eg gå med på at dette 80-tals digitalopptaket faktisk kan forbetrast ved å equaliserast gjennom ein slik rigg. Og på anlegget i rom #3 kan det seiast å vere vel så greitt å ha ein sånn spelar enn mi referanse. Tru likevel ikkje ein augneblink på at dette skuldast betre kvalitetar, effekten er å sidestille med bruk av tonekontrollar/equalizer i anlegget.

 

8. Shostakovich; Symfoni 11 G-moll Paavo Berglund+Bournemouth S.O. L

3.sats av dette sjokkerande musikkverket er i denne innspelinga den aller råaste prøva eg kan sette ein vinylrigg. Det har alt ei klassisk innspeling kan ha. Og er ei for stor utfordring til at Shure klarar seg gjennom dynamikk, tredimensjonalitet og klang. Medan Dynavector/Linn gjorde ein utmerka jobb.

 

9. Kraftwerk: Autobahn

Dette er ei fantastisk plate, med eigen klangfilosofi. Kraftwerk og Kling Klang Studio er eit studie verd, og denne plata er kanskje den med aller best lyd.

Her er det uråd å seie kva som skal føretrekkast mellom dei to spelarane. Den flatare frekvenskurva, romopplevinga og den betre dynamikken gjer at eg personleg føretrekk den meir korrekte skotten m/Dynavector. Men her kan igjen equaliseringa til Dual/Shure opplevast som ei forbetring. Prøver du derimot den ”Electric Cafe”, fungerer ikkje Dual/Shure i det heile tatt. Heile ideen bak det syntetiske og stigmatiserte vert equalisert vekk. Og den akk så syntetiske, men absolutt tilstadeverande romiformasjonen reduserast til ganske stakkarslege tilhøve. Håplaust!

 

10. Tom Waits: Rain Dogs L

Nei, her fall Dual/Shure igjennom. Alle nyansane her, og dessutan på albumet ”Swordfishtrombone” vert usynlege, og musikken mister ein viktig dimensjon. Det er rett og slett ikkje gøy.

 

Konklusjon:

Det er ingen tvil om at Dual 1228 påmontert Shure  representerer god verdi for pengane, sjølv om du skulle komme opp i nokre tusenlappar for å sette spelaren i stand. Den fungerer utmerka, og samanlikna med dei mange billegspelarane som finnest, er dette eit klart betre alternativ. Og spelar du hovudsakleg klassisk musikk, og akustiske opptak frå 50-og 60-tal, er dette noko av det aller mest fornuftige du kan satse på.

Den påmonterte Shuren kan sikkert oppgraderast vesentleg ved val av endå betre stift, slik eg fekk prøvd ut i ein tidlegare artikkel (uviss på om dette er ein fine-line-sliping). Ei totalrenovering av spelaren vil også ganske sikkert få spelaren til å fungere betre enn han gjorde hos meg. Eg sleit tidvis med å få god jording, og det må også seiast at motor og mekanikk ikkje var heilt lydlaus. Det kan gjerast mange forbetringar, og service på Dual-spelarar kan utførast i Tyskland. Du vil finne råd, opplysningar og mykje hjelp til dette hos entusiastane på www.alternativaudio.com.

Med å bruke meir pengar, kan du skaffe deg vesentleg betre ting. Betre på den måten at det er meir korrekt musikkformidling. Ein Dynavector DV10x5 kostar i dag 3200 kr, og fungerer godt i svært mange mellomtunge armar, som er det vanlege i dag. Kan du sette ein slik pickup på eit drivverk som Linn Sondek LP 12 med Aktio-arm, er det ganske nær utklassing om du skal gå for allsidig musikkattgjeving, spesielt om du legg vekt på tredimensjonalitet, i tillegg til klangnøytralitet og dynamikk.

Men i kvardagen, til eit relativt normalt stereoanlegg, er eg ikkje sikker på om eg ville vore lukkelegare. Det vil i så fall henge nøye saman med den musikken eg spelar, og kor høgt ein prioriterer dei ulike sidene av ein sånn spelar.

 

Ettertanke:

Etter å ha fått litt kommentarar frå Dual-entusiastar, er eg usikker i kva grad akkurat dette eksemplaret av 1228 og pickupen er representativt for kva ein kan finne av brukte Dual-spelarar. Og det er klart at denne gamle, brukte spelaren har sett betre dagar. Det er berre gjort eit minimum av oppussing frå mi si side. Uansett er det vanskeleg å forholde seg til bruktmarknaden og det som finnest der av hifiobjekt, så ein "arkeologisk" artikkel må forståast i denne settinga, og ikkje direkte samanliknast med omtale av tilsvarande nye produkt.

Potensialet til Dual/Shure er kanskje større enn det som kjem fram her. Eg har fått fleire tips, m.a. om at kanskje armlageret m.m. treng litt rensespray. Eg vil prøve dette så snart eg får sjansen, og lage ein oppfylgjingsartikkel.

Lest 6837 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Dynavector DV10x5 Dual 701 »