mandag, 09 desember 2013 10:22

Ferdaminne II

Skrevet av

Eg driv ikkje berre med hifi. Av og til går eg rundt i gatene som ein heilt vanleg mann. Mitt alter ego er lærar. Norsklærar. Nynorsk som hovudmål. Faget er ikkje berre eit ork, det er svært interessant, og eg er til tider minst like oppteken av dette som musikkreproduksjon. Men av og til smeltar mine to sider saman….

Les meir:

Som glødande nynorskbrukar er det naturleg å vere oppteken av dei som har brukt målføret før meg. Heltane er mange, men størst av alle er Aasmund Olavsson Vinje. Diktar, flåkjeft, og ein av verdas fyrste pionerar innan moderne journalistikk. Eit idol eg har sett opp til heilt sidan eg vart introdusert for ”Dølen”, ”Blåmann” og ”Tytebæret”. I euforiske stunder har eg hatt ambisjonar om å verte hifiverdas svar på Vinje, men etter kvart må eg innrømme at bortsett frå nynorsken, er eg ikkje komen så langt som eg hadde håpa på.

Aasmund reiste i si tid til kroningsseremonien til Oscar II i Nidarosdomen, men på vegen dit opplevde han mykje som han fann det verd å skrive om og kommentere, oftast på ein kritisk, om enn subjektiv måte. Dette vart utgjeve i boka ”Ferdaminne”. Ikkje så veldig aktuelt i dag, men veldig interessant.

No har eg på ny sett lyset. De skjønar, eg skulle selje ein påhengsmotor, og var invitert i fødselsdag i Bergen, samstundes som eg hadde lyst til å gjere ein del hifi-besøk. Eit høve til å slå fleire fluger i ein smekk? Eg hadde tre fridagar til gode, og var einig med motorkjøparen om levering. Fridagar vart avtalte, og eg budde meg til reisa. Men så ombestemte kjøparen seg. Kva no? Eg tok sjølvsagt turen likevel….

(..men om du treng ein påhengsmotor…)

I Bergen

er det naturleg for alle hifiinteresserte å besøke Renaissance Audio, butikken til Roald Mikkelsen, som etter mi oppfatning er den mest spennande butikken på Vestlandet. Utruleg mykje spennande, vinylplater i sokk og kav, og alltid god lyd. Denne gongen var det Von Schweikert-høgtalarar eg fekk lytta litt til. Den aktuelle modellen høyrer ikkje til dei heilt billege, og dei har behov for kvalitetselektronikk for å kunne yte sitt beste. Men etter måten er dei lette å plassere og med ein tiltalande utsjånad som kunne passe bra i stova. Roald hadde det travelt, og eg hadde andre avtaler, så det vart ikkje så veldig mykje tid til prat, men den lydlege oppkvikkaren var hyggjeleg.

Definitivt

 

Eg fekk også høve til å møte ein av dei som markerer seg på Hifisentralen med sterke meiningar, Dephnot. Ein livsnytar i særklasse, ikkje alltid like enkel å verte einig med, men levande interessert i alt som er godt, særleg når det gjeld lyd og mat. Eg navigerte meg fram til bustaden hans, og fekk sjå fantastisk bergensutsikt frå ein ganse så uvanleg vinkel. Eit stort og godt rom, som også hadde spennande lyd. Deffe spelar fulldigitalt frå data, og med eit svært spesielt anlegg. Dei eksotiske høgtalarane hans var kjøpte brukte. Dei har Manger-element, men også to 15” element, der det eine spelte mellomtone i ei bipolar ramme, medan det andre spelte bass i eit lukka kabinett. Anlegget var fullstendig utan delefilter, men det var til gjengjeld seks klasse D-forsterkarar, ein til kvart element. Men før signalet kom fram til desse, vert lyden individuelt equalisert via pc over heile linja. Dette er uhyre komplisert, og det hadde ikkje lukkast å få til skikkeleg frekvensgong og dynamikk. Til gjengjeld baud anlegget på holografiske kvalitetar som sjeldan kan opplevast uansett pris. Dette merkelege anlegget er ei kjempeutfordring, men har også eit potensiale som er heilt i samsvar med den jobben som må gjerast.  Deffe har planar om å flytte på seg om ikkje så lenge, så det vert ikkje finjobba i det lytterommet han skal flytte frå om ei tid. Men når tida er inne, vurderer han å få tak i spisskompetente folk som kan hjelpe han med å få orden på detaljane.

Når dette er på plass, er det høgaktuelt å skrive besøksartikkel frå ein svært så spennande lydleg heim.

Det var ikkje berre lyd som var på programmet. På same måte som meg sjølv, er Deffe svært entusiastisk når det gjeld det gode liv. Tidlegare hadde eg tipsa han om bukkeribbe (altså pinnekjøtt) av kystgeit som julemat, noko han var svært begeistra for, og no diska han opp med ei nydeleg eplekake. Men utan is eller piska krem – han hadde handla rømme av eit slag eg berre hadde høyrt om, og aldri hadde smakt før. Heilt fantastisk, og garantert ikkje slankekost. Deffe, som har driv eit korstog der han kritiserar norsk landbruk og uniformeringa av produkta til Tine og Gilde, er ein glødande entusiast når det gjeld kortreiste kvalitetsprodukt, og dette var verkeleg nydeleg. Han seier elles: ”Høyttalerne er Overkill Finale, og ellers ble det brukt en Digital Audio Denmark AX24 DAC og Lynx AES 16 digitalkort i en PC. Jriver avspillingsprogram med en plugin for aktiv deling. Forsterkerne er Hypex Ncore til egget, og icepower til mellom- og dypbass. Og rømmen var fra Tyssen Gard.

Mennesket lever ikkje av brød åleine, og eg var mett både på lyd og mat då eg gjekk derifrå.

I austerveg til Roy

 

Tidleg dagen etter køyrde eg vidare austover. Eg hadde avtale om å overnatte hos Roy Erwin Solstad, lærar- og journalistutdanna hifientusiast som er skribent for magasinet Watt. Eg har kjent Roy i over 20 år, og det er alltid hyggjeleg å helse på han. Særleg kjekt var det no, etter at han har fornya og forfina anlegget sitt. Eit anlegg som i høgste grad er i samsvar verdig rolla Roy har som hifiskribent. Einaste skår i gleda var at han dagen før hadde kvitta seg med sin VPI-spelar, men til gjengjeld hadde han fått storfint besøk av det som må vere verdas vakraste spelar, den danske (….), med ein svært forseggjort luftlagra tangentialarm. Min tilsvarande tapte superspelar, Technics SL 1000 og med ET2-arm, hadde ein del av dei same kvaltetane som den danske sjarmøren, men ikkje alle. Armen verka rett og slett betre, og formidlinga av djupbass, som ofte er akilleshælen til luftlagra armar, var svært overtydande.

Lyden til anlegget til Roy var storarta. I dette rommet har han hatt svært mange oppsett, og eg hugsa godt korleis det var då han hadde Magnepan her for mange år sidan. No var lyden til dels mykje betre. Eg var særleg imponert over dei dynamiske eigenskapane, men også klangbalanse og perspektiv var svært overtydande. Rommet til Roy er relativt smalt, og eg trur han må ha greidd å tyne ut det maksimale potensialet som kan oppnåast her. Kombinasjonen Krell og Wilson var svært vellukka, og Oppo 105-spelaren gjorde eit svært overtydande inntrykk – avgjort eit funn til prisen. Sjølv om Roy hadde ein snadder-dac som også kunne brukast, var det svært moro å høyre ein spelar i denne prisklassen som spelte alle sølvplateformat, kunne by på skikkeleg stereoattgjeving så vel som multikanalutgangar en masse. Dette var ikkje berre ein spelar, det var også så mange digitale inngangar at du kunne bruke saken som dac for heile anlegget. Roy hadde og sett opp ein liten TV-skjerm som gjorde at han kunne bruke alle display-alternativa Oppo hadde lagt til spelaren. Dette var usannsynleg bra, og det verste var at Roy kunne fortelje meg om ei forfina utgåve til tredobbel pris han hadde prøvd ut – endå betre, sjølvsagt. Eg hadde vanskeleg for å tru det. Måten Roy hadde utforma lytterommet sitt var ein påfallande god kombinasjon av eit gjennomsiktig referanseoppsett med massevis av dei kvalitetane han treng for å vurdere hifi og musikk, men likevel så smakfult og pent at denne stovekroken er ein pryd for heimen, som neppe fører til kommentarar av det slaget eg får når vi får framande på besøk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Snarbesøk i Drammen

Etter ein svært hyggjeleg kveld var det på tide å komme seg vidare. Roy og familien skulle på jobb, og eg hadde gjort avtale i Drammen om å få høyre på Spendor- høgtalarar og ein del spennande elektronikk.

Spendor er ein av desse hyggjelege, engelske høgtalarprodusentane som skapar fornuftige høgtalarar med musikalitet som kjenneteikn. Det er ikkje snakk om å verte imponert over eitt eller anna, men etter ganske kort tid går det opp for ein at anlegget faktisk er veldig godt, og passar til all slags musikk. Det fyrste høgtalarsettet var ganske rimeleg, men må seiast å vere både lettplassert og i stand til å by på truverdig, organisk lydattgjeving. Eit anlegg som truleg ikkje vil verte skifta ut når det fyrst har kome i hus. For det gjer ingen feil, og det formidlar alt så velsigna greitt, utan å gje seg ut på analyseringsarbeid. Men det var også slik at det er i stand til å reagere på elektronikken. Nokre komponentar passa det sjølvsagt betre saman med enn andre, og vi brukte litt tid på å eksperimentere. Så fekk eg også høyre toppmodellen til Spendor, ein stativhøgtalar av det større slaget. Sjølvsagt var det meir trøkk her, og meir autoritet, større dynamikk- og frekvensomfang. Likevel ikkje slik at det spelte jordskjelvristande bass. Dette vil mange sette pris på, for Spendor hadde i staden fokusert på der det har innverknad på musikken. Bass vart altså attgjeve med snert og autoritet på ein svært så naturleg måte, utan at det gjekk ut over den viktige mellomtonen. Og diskanten var luftig, men aldri tendens til å vere kvass. Det seiest at engelskmennene er snille med hundane sine…

 

Besøk hos redaktøren for Fidelity

Men så måtte eg vidare. Eg hadde lyst å stikke innom Knut Vadseth, som eg visste var oppteken med å redigere Fidelity. Han hadde likevel tid og kaffi til ein langvegsfarande entusiast, og dessutan eit oppsett som vel var verd å låne øyret til. Med sin gamle, men nyoppgraderte Krell CD-spelar, Mårten-høgtalarar av argaste slag, og ikkje minst elektronikk frå Dan D’Augostino. Denne lydtrollmannen har gått fullstendig bananas, og konstruert forsterkarar så annleis alt anna at det rett og slett var nifst. Knut har eit til dels veldig godt lytterom, sjølv om det ved fyrste augekast kanskje ikkje ser optimalt ut. Men plassering av døropninga er gunstig for høgtalaroppsettet Knut har kome fram til, og sluttresultatet eg no fekk lytte til, er i stand til å formidle musikalske opptak med ein presisjon og detaljrikdom eg faktisk ikkje har høyrt maken til. Det som stod og spelte i Knut si stove, var faktisk det ulitimative eg har vore bort i innan hifi-idrett. Om eg ville bytta? Ja! Nei! Kanskje? Kanskje ikkje. Eg ville nok gjerne kunne leike meg med elektronikken ei stund, men ikkje vore innstilt på  å betale mellomlegget her. Og dei høgtalarane eg alt har, fungerer veldig godt i mitt rom. Totalt anna spelestil. Men Knut sitt anlegg gjorde meg i stand til å høyre ting eg aldri hadde høyrt før på velkjende opptak, noko som alltid er spennande. Perfekt for å kunne diagnostisere skilnadar og særpreg når det gjeld hifi. Høyrer du ikkje skilnadar her, vil eg tru det ikkje er skilnad.

Eg vart også introdusert for ein ny type CD, der det var gjort ein del handgrep for å få betre lyd. Slike ting er eg normalt skeptisk til, og på fyrste kutt greidde eg ikkje høyre skilnad på A og B. Men på neste gjekk det umiddelbart opp for meg kva dette handla om, kva eg skulle lytte etter. Og no greidde eg også på fyrste kutt å identifisere skilnaden. Knut spelte eit par fleire kutt, og eg var ikkje i tvil. Men eg tvilar på at eg hadde vore like trygg på A og B-skilnadane med eit anlegg i meir nøysam prisklasse..

Knut har etter kvart vorte godt vaksen, og det har lenge vore kjent at han søkjer etter ein etterfølgjar som kan ta redaktøransvaret for Fidelity. Dette tek for mykje tid, og no signaliserar han at han ikkje kan vere redaktør lenger. Når dette skrivast, er situasjonen framleis ikkje avklara. Eg håpar at Knut uansett held seg med dette lytterommet og har eit anlegg som gjer det råd å analysere lydreproduksjon på ein såpass krystallklar måte.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




    

 

 

Så hadde eg eit ærend innom Stereofil, og nytta høvet til å gjere avtale om å få lytte litt til referanseanlegget deira frå mbl. Eg ynskte å kalibrere meg når det gjeld mbl 101E mk2, høgtalarane eg har heime, men i eit anna rom, og med rein mbl-elektronikk. Stereofil har utruleg nok fått brukbar lyd av mbl-anlegget i eit ganske lite lytterom, men eg trur ikkje eg skryt når eg hevdar at det let betre heime. Sjølv om elektronikken eg brukar har vore ei naudløysing i samanlikning.

Det var faktisk nettopp dette som var bakgrunnen for ærendet mitt. Stereofil hadde fått inn Manley Neo-Classic 500. Nokre av dei største kommersielle rørforsterkarane på marknaden. 500 rørwatt, og ti KT90-utgangsrør pr kanal. Hundreogattentusen er prisen, og eit rørskift måtte påreknast å nærme seg 10 kilokroner. Stereofil-gutane hadde prøvd desse saman med mbl 101, og sjølv om dei var forsiktige med kommentarar, forstod eg såpass at det var nok av hestekrefter. Dette skulle eg få sjansen til å prøve heime, i oppsett med mbl 101. Kan ikkje Neoclassic trekkje 101, kan ingen rørforsterkar klare jobben.

Attende til Horten – Audioaktøren

Men i mellomtida måtte eg attende til Horten, for eg hadde avtala med Terje på Audioaktøren om eit møte. Terje kom nettopp frå ein utanlandstur, men tok seg tid til å gå i butikken og demonstrere eit vanvittig oppsett for meg. Audioaktøren er ein av desse få, men utrulege hifi-oasene som kan by på audiofile opplevingar du knapt kan tenkje deg. Terje er ikkje berre hyggjeleg, men også ekstremt kunnskapsrik, og ein stor guru innan audiofil alternativrørsle. La gå med at han har tjukt av vinylriggar i butikken, sånt kan ein finne fleire av både i Oslo og Bergen. Men vis meg ein annan butikk på denne planeten der det er utstilt sju spolebandopptakarar – og den eine brukast som signalkjelde under demonstrasjon av referanseanlegget i kjellaren.

Forsterkarane hadde naturlegvis vore avslått medan Terje var bortreist, så det tok ei god stund før dei var varme. Men då lyden hadde stabilisert seg, var det tydeleg at her spelte utstyr med potensiale langt inn i himmelriket. Rommet var Terje ikkje heilt fornøgd med, trass i hard jobbing. Men hadde eg ikkje vore på nettopp den ferda eg hadde bak meg, hadde eg truleg gjeve meg ende over – heilt annleis lyd enn dei andre anlegga eg nyleg hadde høyrt, men så avgjort i same klasse. Storarta musikkopplevingar, som ikkje vart mindre då Terje skifta til vinylrigg og spelte nokre utrulege vinylskattar, både av dei kjære og kjende, men også ting eg berre hadde høyrt om. Ein av dei flottaste lyddemonstrasjonane eg har fått, og eg fekk innmari lyst til å skaffe meg monoblokk-versjonen av desse forsterkarane, som dei med erfaring i dette, hevdar fungerer svært godt saman med mbl 101. Beklagelegvis kostar slikt for mange hundretusen til at Terje kan ha dette ståande som utlånsobjekt….   Men gode ting tek slutt til sist, og tida flyg når ein har det topp. Til sist var klokka så mykje at vi måtte ta kvelden.  Terje er ein morgonfugl, og sytte for at eg kom meg tidleg av garde. Eg skulle nemleg nok ein tur til Oslo, og besøke Erik med Manley-agenturet.

Kalibrering

Aller fyrst hadde eg meg ein lynvisitt på ein times tid innom Stereofil, og fekk kalibrert hovudet til oppsettet dei har i butikken. Same høgtalarar som eg har heime, men i eit reint mbl-oppsett. Sjølv om demonstrasjonsrommet er i minste laget, og langt mindre enn mitt lytterom, er det svært god lyd å høyre. Og sjølv om romma er ganske ulike, er det greitt å oppdatere seg på lyden frå det reine mbl-oppsettet. Mbl er dyrt og stort, men til gjengjeld er du garantert å kunne drive mbl 101E med det… og då er det greitt å ha dette som samanlikningsgrunnlag når nye ting skal prøvast ut. Veldig tydeleg at sjølv om vesle Copland CTA 520 driv heimehøgtalarane overraskande godt, har han alt for lite krefter til å gjere jobben fullt ut. Bassen er kanskje største mankoen, kjem det for ein dag når eg sit i butikken med så mykje krefter at det skal svært lite til å overloade rommet.

Men dette var ein rask gjennomlytting, og no skulle eg på nok eit spennande besøk.

Erik sitt Manley-anlegg

Erik og Steingrim er to entusiastar som prøver å drive Manley Norge, og naturleg nok har dei basert seg på dette merket også heime. Såleis hadde Erik eit ganske heftig oppsett som kunne ta pusten frå ein stakkar. Her stod eit sett Kensington med superdiskantar, ein av dei tradisjonelle og svært vellukka konstruksjonane frå engelske Tannoy. Eg har høyrt desse ved fleire høve, og må medgje at det er ein svært fornuftig høgtalar, som gjer det meste heilt rett. Dei er lette å drive, og fungerer godt med det meste, samstundes som dei er i stand til å la superelektronikk komme til sin rett. Det finnest større Tannoymodellar som nok spelar både høgre og djupare, men då vert det mykje jobbing med plassering for å ta vare på det gode lydbildet Tannoy normalt får til, og så vert det meir krevjande å møblere, sjølvsagt.

Eirik hadde så avgjort ikkje gått på kompromiss når det gjeld Manleyelektronikken. Høgtalarane vart drivne av monoblokker utstyrte med to stk 300B-utgangsrør, som til saman skapte ei trass alt ikkje heilt imponerande utgangseffekt på 11 Watt. Men dette synte seg å vere nok i det aktuelle oppsettet. Dessutan var effektforsterkarane utstyrte med variabel tilbakekopling, slik at dette kunne justerast med eit potmeter, og blodtrimme forsterkarane til å matche høgtalarane. Det å sverje på prinsippet om 0 feedback er ein smule bomastisk og sneversynt, og dette systemet med å sjølv velje feedbackgrad synte seg å fungere glimrande.

Trass i all denne velstanden er det rosina i pølsa til slutt. Manley sin absolutt råaste og mest spesielle forforsterkar er utstyrt med 300B-rør. Såleis skulle ein tru at dette høyrdest både feitt og rørslede-aktig, men det stemmer ikkje. Kombinasjonen var heilt utruleg når det gjeld dynamikk, og klangbalansen – ja, det har eg aldri høyrt betre frå Kensington.

Eg høyrer kanskje til dei som har vorte prega av rørelektronikk, slik at eg er ein smule entusiastisk på førehand når det gjeld slikt? Eigentleg har det vore såpass mykje rart i anlegget mitt opp gjennom åra at det må vere lov å tvile på det. Mine erfaringar seier at det er vanskelegare for konstruktørane å kvitte seg med den eigenarta transistorlyden enn å unngå varm rørlyd. Faktisk er det fleire rørelektronikkprodusentar som har lukkast over alle forventningar med å unngå varmen i klangen at det innimellom lagast vel slanke og superdetaljerte rørkonstruksjonar. Slik er det ikkje med Manley, iallfall ikkje i dette oppsettet saman med Tannoy. Hadde det ikkje vore for at høgtalarane eg har i heimen definitivt ikkje kan klare seg med 100 Watt, måtte desse effektforsterkarane vurderast. Men i staden skulle eg altså få prøve det aller grovaste frå Manley, Neoclassic 500 monoblokker som brukar 10 stk KT 90 – pr kanal. Ein av dei svært, svært få rørkonstrukusjonane som ein kan håpe klarar å tukte mbl 101E. Eg lasta opp bilen og sette kursen attende mot Vestlandet. Her skal det spelast, og det vert nok ei forteljing….

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.