Skriv ut denne siden
fredag, 21 februar 2014 05:52

Stig Arne si dagbok januar -14

Skrevet av

Eg hadde ikkje før skrive ferdig Dagboka for desember, med gjennomgang av diverse pickupar som ”hovudoppslag” - før eg gnei meg i hendene over velgjort arbeid, skjenkte meg ein akevitt og ei øl og lurte på –kva gjer eg no? Det er jo framleis tidleg på kveld, og eg skal ikkje på jobb i morgon.

Shure V15 Mk III

Så eg tenkte at eg har jo nokre gamle Shure V15 (Mk111) liggjande, det er jo ikoniske pickupar, truleg den mest kjende av dei alle. Dei patenterte MM-prinsippet, og lanserte V15 i 1964. Men lat meg ikkje driva med oppramsing her, du finn mengder av info på nettet.

Eg inspiserte begge to, at nålene sat rimeleg godt fast, børsta av diamantane, og sjekka i eit ”mini-mikroskop” som eg har til føremålet at stiftane var heile og reine. Ein dråpe vodka på børsta gjorde susen, og ein dråpe i eigaren og, når korken først var av. Eg kopla først opp den eine og lytta ein halvtime til denne, so kopla eg til Pickering XV-15/625E, for å ”kontrollera” resultatet. Denne fungerar som ein slags ”referanse”, i og med at det er den eg likar best so langt. So kopla eg opp den andre V15 eg hadde, og spelte same melodiane på denne. Resultatet frå desse to var mykje det same, sjølv om stiftane ikkje var heilt like. So eg kommenterar dei begge under eitt.



MM kontra MC

Lat meg skyta inn noko her. Som du har sett, har eg berre testa MM-pickupar (so langt). Eg snakka på telefonen med Lars Tørresen her ein dag (kjend audiofil og sjølvbyggar frå Bergen), og han tykte dette var svært bra, sidan alt fokus normalt er på MC-pickupar. Sidan Ortofon sitt patent på MC-pu gjekk ut på 50-talet, fløymde marknaden over med MC-pickupar, og desse har sidan dominert ”high-end”-marknaden, godt hjelpt fram av god marknadsføring og stive prisar. For nokre hifi-freaks er det alltid kjekt å kunne skryta av at ein har det nyaste og dyraste.

Men er no MC-pickupane so mykje betre enn MM-varianten? Er dei i det heile betre? Ja, kan hende. På somme område i alle fall, på andre kan hende ikkje. Men for å få lyd frå MC-pickupen må du ha eit heilt anna fono-steg enn det som er bygd inn i ”vanlege” forsterkarar eller radioar, gjerne ein utvendes boks. Eller ein utvortes ”MC step-up”. Og då byrjar det verta komplisert. Du må ha eit ekstra sett kablar, og impedansar og følsomheiter må passa. Det gjer det ofte ikkje. Difor vert resultatet med ein MC-pu ofte ikkje betre enn med ein MM-pickup i eit enkelt og tilpassa system. I verste fall dårlegare. Mykje dårlegare. Eg har høyrt hårreisande døme på kor gale det kan gå når du ikkje veit kva du gjer. Eg snakkar av eigen erfaring og. Eg har bomma like mykje som alle andre.

Men poenget i denne omgongen er ikkje å slå fast kva som er best. Eg har til hensikt å halda fram med MC-pickupar når lageret av MM er tømt. Eg har nemleg flust med MC-pickupar og. So den konklusjonen kan venta. No vil eg berre nemna at det kan vera lurt å snobba ned litt, i alle fall dersom du ikkje har det MC-steget som skal til for å få det beste ut av MC-pickupen. Då kan det vera lurt å halda seg til MM. Og det finst vidgjetne folk i hifi-industrien som snakkar varmt om dei beste MM-pickupane, og som til og med hevdar at desse let meir naturleg enn MC-variantane. Eg har høyrt det same sjølv. Menneskestemmer kan låta fantastisk via MM. So fylg med, folkens, dette vert spanande. Når eg har kåra ein MM-vinnar, vil denne fungera som ”referanse” for komande testar av MC-pickupar. Attende til Shure V 15:

Var det ikkje moro om eg kunne utrope Shure V15 til verdas beste pickup? Det hadde vorte ein snakkis, tippar eg. Kunne eg vona i alle fall. Då hadde eg fått dei fleste av verdas audiofile mot meg, men alle gamlisar med pipe og tøflar med meg. For denne pickupen har jo litt av eit rykte. Han målar flott, har uklanderleg frekvensgang, og sporar som ein blodhund. Og dette siste er viktig, for eg er mektig lei feilsporing på S-ane på menneskestemmer. Men det er  ikkje nødvendigvis berre det eg har nemnt som avgjer lyden. Det er muligens like mykje korleis komponenta i pickup-kroppen er konstruerte. Og det er vanskelegare å finna ut av. For ikkje å snakka om at det er ingen som veit korleis det funkar – med unntak av ingeniørar. Uansett var det mange som meinte at dette var verdas beste pickup når han kom på marknaden.

Så eg var verkeleg spent når eg byrja å lytta. Fyrsteinntrykket var godt, med eit djupt lydbilete (perspektivisk) og med relativt god detaljering. Men etter kvart demra det at lyden var relativt mørk og ikkje veldig open oppover mot diskanten. Eg sat med kjensla av at eg mangla noko. Som om du er tørst, men har ikkje eit glas vatn. Eg skrudde opp lyden i von om å få lydbiletet til å opne seg. Men heller ikkje dette hjelpte. Ein kjapp sjekk mot Pickering stadfesta at her var eit meir ope lydbilete med meir liv, og ei større kjensle av konsert. For det er eit live-opptak, dette. (Sjå Dagboka desember for info, og ein gjennomgang av andre pickupar). Så eg er altså relativt skuffa, men må seia at inntrykket stemmer med sist gong eg sjekka (mange år sidan).

Då og fekk eg inntrykk av eit relativt mørkt og innelukka lydbilete. Og det var med eit heilt anna anlegg. So då kan eg nesten seia at eg har gjort ein relativt grundig sjekk. Eg har testa denne pickupen på minst to ulike anlegg, og likevel med same resultat.

Eg skal likevel ikkje sverja på at eg har rett. Tenk om det er Shure V15 som spelar slik plata er spelt inn? Eller meir sannsynleg: Tenk om ei meir korrekt belastning av pickupen kunne gjeve eit betre resultat. Eg veit ikkje. Eg veit berre at eg ikkje har korkje tid eller tolmod til å finna ut meir om dette akkurat no. Så du skal ikkje vera sikker på at eg har rett. Du må prøva sjølv. Eg veit berre at her og no, med det utstyret eg nyttar akkurat no er det Pickering-en som har gjort den mest overtydande jobben, og med god margin. Men merk at det og finst eldre utgåver av V15, som einskilte meiner er endå betre enn MKIII. Og merk at V15 er gått ut av produksjon, og at M 97 i dag er toppmodellen. Eg har (sjølvsagt ) ein slik og, men stiften har losna, so eg må kjøpa ny stift før eg kan sei noko om denne. Og det faktum at V15 har gått ut av produksjon gjer sikkert at dei ulike modellane av V15 vert endå meir myte, og endå meir samleobjekt.


I kjømda:

Fleire PU

Nye røynsler med forsterkarar

Høgtalarar: Tannoy og B&W

Lest 5819 ganger Sist redigert fredag, 21 februar 2014 06:29
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei