onsdag, 26 november 2025 15:03

3 koaksialkablar – Stig Arne si dagbok oktober 2025 Spesial

Skrevet av

Eg har aldri før prøvd ut digitalkablar. Har ikkje hatt trong for det. Men no har eg brått digital koaksialkabel mellom CD-transport og DAC, og digital nettverkskabel (LAN) mellom ruteren og same DAC-en. Det har fått konsekvensar.    

Då er me komne til del 2 i serien “Du kan nesten ikkje tru det er sant”, denne gongen om koaksialkablar. Eigentleg har eg aldri starta ein slik serie, sidan førre artikkelen berre heitte “Bananpluggar". Men når eg no endå eingong har gjort oppdagingar som verkeleg forvirra meg, introduserer me lika godt del to, og like smalt! Utruleg nok er det mange som alt har lese om bananpluggane. Og det er gledeleg, for det er verd å merka seg kor viktig det er å gjera ting so enkelt som mogeleg, elles kan du berre vinka farvel til god lyd. 

DU KAN NESTEN IKKJE TRU DET ER SANT (Del II)

Det heile byrja då ein kompis ville ha CD-spelar, og eg kopla opp eit par eg hadde liggjande å slenga for å sjekka om dei virka. For ofte vil ikkje CD-skuffa ut, anten grunna reimer som har morkna, akkurat som på kassettspelarar, eller tannhjul som har sprukke grunna alder og osteoporose. Nett som oss. 

Det var då eg oppdaga at eg tykte bassen var betre enn vanleg. Mystisk. Eg gjekk attende til strøyming att (frå Apple Music), med same låtane sjølvsagt, og følte at CD var overlegen. Kva i all verda. Eg trudde eg hadde god lyd frå strøyming, det hadde eg altso ikkje. Ikkje når ein gamal og rimeleg Yamaha CD-spelar (CDX 480) spelar betre! Som vanleg: Du er overtydd om at du har god lyd, heilt til du brått får betre. Då er den gode lyden plutseleg dårleg i samanlikning. Slik er det. Det beste er det nestbestes verste fiende. 

CD BEST?

Eit par dagar fylgde kor eg grunna litt på dette. Apple Music er jo tapsfri, dvs CD-kvalitet. Det var difor eg gjekk over frå Spotify til Apple. So kvifor spelar Apple likevel dårlegare enn CD-plata? Beklagar viss det er vanskeleg å henga med i svingane, for her er fleire “testar" i ein; eg har sjølv vanskar med å halda tunga rett i munnen. Eg skriv det no om att for femte eller sjette gongen, og er framleis ikkje komen til koaksialkablane. Eg ville finna ut kvifor strøyming let dårlegare enn CD, og då måtte eg mellom anna sjekka om det kunne skuldast DAC-en eg nyttar til strøyming, ein Gustard R26. CD-spelaren brukar sin eigen DAC og har ingen digitalutgong. Eg fann ein måte å testa dette ut på. Eg kopla ein gamal men topp kvalitets Teac CD-transport til Gustarden. Dimed er både CD og strøyming kopla til same Gustard-DAC. 

KOAKSIALKABLAR

Kombinasjonen Teac/Gustard spelte godt, og me kunne dermed stadfeste at det ikkje var Gustarden som var flaskehalsen i strøyminga. Men det spelte framleis ikkje fullt like godt som med Yamaha CD-spelaren. Det var då eg byrja å prøva ut ulike koaksialkablar mellom Teac og Gustard.

Samankoplinga var i starten via ein enkel og tynn koaksialkabel med gule pluggar tilpassa video, dvs. 75 Ohm, slik desse skal vera. 

Eg diskuterte dette med eit knippe kyndige, og fekk låna eit par koaksialkablar frå Tomas, vonaleg av betre kvalitet enn den tynne gule.  Den eine var av heimelaga antennekabel,  75 Ohm, og den andre ein feit og dyr kabel frå Tara Labs, RSC air Digital 75. Antennekabelen var muligens eit framsteg, men ikkje mykje. Det var Tara Labs som fekk augne til å spretta ut or hovudet på meg, og som gjorde at Teac/Gustard-kombinasjonen passerte Yamahaen med god margin. So var det altso ingenting i vegen med DAC-en frå Gustard. Han held tydelegvis ein høg standard.

Men korleis kan det ha seg at kablar som berre skal transportera eit digitalt signal av nullar og eitt-tal, skal vera av vidt ulik kvalitet lydmessig? Det stemmer ikkje med teorien. Eg måtte sjekka med fleire, og til slutt reparatøren min. Då kom mysteriet for ein dag. 

Eg har lidd under den vrangførestillinga at eit digitalt signal kjem fram eller ikkje fram, og kjem det fram er alt ok. Det stemmer ikkje. Det kan og koma fram med redusert kvalitet. Om kabelen ikkje er i tråd med spesifikasjonane for slike kablar, som til dømes impedans, vil signalet kunne koma fram med lågare lyd, eller redusert kvalitet og færre bit enn opphavleg. Eg er ikkje ingeniør, og digitalis har eg i alle fall ikkje greie på. Det høyrest ut som ein kjønnssjukdom. Forvrenging i CD-spelarar vert kalla jitter, og er den digitale broren til analog forvrenging. Trur eg han sa. Elles har eg dikta det opp sjølv. 

RELEVANS

So er det altso system i galskapen. Digitallyd er ikkje “perfect sound forever”, slik Philips reklamerte med i 1982 eller der ikring. Signaltap kan førekoma alle stader der produsentane tek snarvegar for å spara pengar. Og det gjeld ikkje berre i kabelen mellom CD-transport og DAC. Kva med kablane frå ruteren? Til TV, til heimekinoen, til forsterkaren, til DAC? Frå Mac til DAC? Og kva med sjølve ruteren? Kva kvalitet held han? Det var enklare i gamle dagar.    

Det står framleis att å finna ut kvifor strøyming spelar dårlegare enn CD, sjølv med same DAC. Det må ha noko med oppkoplinga å gjera. Her finst det fleire alternativ. Alt må sjekkast frå WiFi-signalet kjem inn i stova til det går inn i stereoanlegget. Kan strøyming bringast opp på same nivået som CD? Eller er dårlegare lyd prisen me må betala for det digitale musikkbiblioteket?

PS Me har nett funne ut at Spotify har lagt musikken sin ut tapsfri (lossless), akkurat som til dømes Apple og Tidal. Eg har lurt litt på korleis dei har gjort dette. Har dei berre nappa vekk boksen som komprimerte signalet til MP3? Uansett har me mykje lyttearbeid å gjera frametter. Eg gler meg.   

ØLSPALTA - JOLAØL

Tru mot tradisjonen startar me i år - som åra før - med dei små og pyntelege glasflaskene på 0,33L frå Vinmonopolet; dei store produsentane. Me tilstår at me ikkje var nøgd med kvaliteten i år, utan at me kan forklara kvifor. Difor den noko summariske gjennomgangen. Prøv sjølv! Me henta flaskene frå kjellaren, mot tidlegare frå kjøleskapet. For min del kunne dei godt vore eit par grader kaldare, men det plaga ikkje Lars og Dag. So då so. 

Hansa Juleøl 6,5% og Mack God Jul 6,5% er på det jamne. Dahls sin variant på 6% er litt kraftigare på smak, men ikkje so aromatisk som før. Og varianten på 7% fekk både ros og ris. Ass sine variantar på 6,5 og 9% klarte heller ikkje å samla panelet. 

Då står Ringnes sine variantar att. Juleøl sterk på 6,3% enda opp som alle tre sin favoritt, om ikkje anna enn avdi han er ein smakeleg all-roundar. I tillegg vil eg framheva Julebokk på 9%, som brukar vera god, og her er me etter mi meining endeleg i luksusklassen. Han luktar rosin, daddel og sviske i mykje større grad enn dei andre. Men grunna alkoholstyrken, som forresten ikkje var framtredande i lukt eller smak, og den kraftigare karakteren enn dei andre, kan du ikkje drikka like mykje av han. Til helg og stearinljos.  

Butikkøl

Om Hansa ikkje kom på topp i den sterke klassen, vil eg gjerne framheva han som butikkøl, i klassen maks. 4,7%. Han er balansert og frisk og med mykje meirsmak. Mange, som t.d. VG, plasserer varianten Julebrygg høgt opp, det gjer og Dag og Lars. Men både eg og Tore tykkjer den ekstra sødmen er kunstig. Me føretrekkjer standardvarianten Juleøl.

Me er sjølvsagt sterkt attende med fleire spanande øl frå inn- og utland i neste dagbok, som me skal prøva å få ut før jol.    

 

 

Lest 1342 ganger Sist redigert fredag, 28 november 2025 12:09
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.