fredag, 23 juni 2023 12:01

Ein defekt forsterkar, lytting og ein tur til Tyskland - Stig Arne si dagbok for mai 2023 Spesial

Skrevet av

Ting går ikkje alltid som planlagt. Forsterkaren synte seg å vera defekt. I staden kan du lesa eit essay om lytting, og ein tur til Tyskland. 

Sony TA-F30

Skulle du ha sett. Ikkje før eg har lagt bak meg ein mislukka freistnad på å samanlikna Spotify med Apple Music, har eg gått på ein ny smell. Den forsterkaren eg har “testa” og var klar til å skriva om, er tydelegvis ikkje frisk. Han har livstrugande feber. Det var naboen Erlend, musikaren, som ville ha han, og her ein kveld kopla me han opp. Alt fungerte naturlegvis, eg hadde prøvd han grundig ut heime. Men gleda var kortvarig. Det påfølgjande døgeret vart han so varm at det lukta elektronikk over heile huset. Han vart slått av, og aldri på att. No må han på verkstad. Han oppførte seg ikkje slik hjå meg. Ja, han vart lovleg varm etter mange timar, men ikkje slik at eg mistenkte noko unormalt. 

PS. Eg har nett snakka med reparatøren min, Ones, og han har sagt seg viljug til å sjå på han. Den forsterkaren som vart kopla ned derimot (vector research stereo integrated amplifier VA-1100), hjå naboen, var berre å levera til elektronikkreturen, sa han. Denne putrar og kokar på begge kanalane; stundom, stundom ikkje, som om du steikjer flesk. Det er ein feil som det kan ta tid å finna ut av, og er difor ikkje rekningssvarande å vøla (reparera). Det kokar ned til at dei vil halda fram med å nytta han so lenge problemet ikkje er større enn at det er til å leva med.    

Eg likar å skriva om konkrete produkt, i tillegg til laust og fast frå hifi-soga, lytting og den slags. For andre gong på rad har eg altso ikkje eit produkt å skriva om, i alle fall ikkje om eg ska rekka “deadline” (utgangen av juni). Då vil eg heller nytta høve til å skriva om noko eg har tenkt på lenge, og ville ha skrive om før eller seinare uansett: Testing. Kva vil det seia å testa eit produkt? Kva inneber det? Kva er minstemålet for ein test?

Test og test fru Blom

Lesarane har sikkert lagt merke til at eg sjeldan eller aldri tek ordet test i min munn. Eg brukar “test” eller omtale. Då eg var ung og dum skreiv eg plenty av testar. No er eg ikkje lenger ung, dum kan diskuterast. Men eg har lært litt. Dei som er seriøse på testing, har - eller bør ha - eit apparat bak seg. Ein forsterkar, t.d., bør ikkje berre lyttast til av kompetente, helst fleire, det bør òg målast med måleutstyr. Slikt har eg ikkje. I apparatet bak bør det finnast ein person som kan måla, og i tillegg uttala seg om den generelle kvaliteten på apparatet. Du kan ikkje skryta eit apparat opp i skyene som har openlyse manglar. Dessutan bør apparatet prøvast ut i fleire ulike situasjonar med varierande utstyr kopla til. Ein forsterkar bør prøvast ut med fleire ulike høgtalarar, og ein høgtalar bør prøvast med fleire forsterkarar, og i fleire ulike rom. Eg har lese mykje om korleis slike testar vert gjennomført av forskarar og profesjonelle, og dei er so omfattande at ingen “vanlege” personar åleine kan stetta desse krava. 

Spør deg sjølv: Har du tilfredsstilt alle kriteria til ein seriøs test kvar gong du har prøvd ut eit nytt produkt? Sjølvsagt ikkje, og det gjeld meg sjølv òg. Dei færraste av oss har slike moglegheiter. Eg har ikkje ork til denne typen rigorøse testar. Eg prøver produktet ut i mi eiga stove, med mitt eige utstyr. Ferdig arbeid. Difor kallar eg aldri utprøvingane mine for testar. Dei ville aldri bestått ein test. 

Det er viktig å ha ei kritisk innstilling til alt ein les, elles vert me lett bytte for konspirasjonsteoriar, falske nyhende og villeiande informasjon. Det gjeld også omtaler av hifi-utstyr, inkludert dei eg sjølv lagar. Eg kan gjera feil. Eg kan ha bedømt feil. Som eg i ettertid oppdagar, eller i verste fall aldri oppdagar. Det er viktig at du er klar over at eg berre er ein glad amatør som elskar musikk, elskar stereoanlegget mitt og er glad i å skriva. Vonleg har eg noko å læra vekk, eller noko du kan tenkja på i alle fall, og eventuelt prøva ut sjølv. Eg sit ikkje på nokon fasit meir enn andre.  

So kvifor skriv eg, og kvifor skal du lesa det? Det fyrste har eg alt vore inne på. Det andre er verre. Eg har prøvd å skapa meg ein nisje. Utan å skryta kan eg vel seia at eg har lang røynsle som lyttar og audiofil. Eg freistar å sjå dei lange linene. Eg likar best eldre klassisk utstyr, som ein kan kjøpa brukt utan å blakka seg. Det gjer meg glad å setja i stand og bruka slikt utstyr. Det har karakter. Er det nye utstyret betre? Som ein polakk ville sagt det: Kanskje ja, kanskje nei, kanskje vet ikkje. Det vert opp til deg å vurdera. Men ikkje gå i den fella å tru at det nye alltid er betre. Ikkje tru på reklamen. Ikkje ver naiv, og ikkje fordomsfull. Ikkje sjå på pris, og heller ikkje  merke. Delta på blindtestar når du kan.

Den altavgjerande lyttinga

Om eg skal rettferdiggjera skrivinga, og attpå til forventa at du vil lesa det, må eg ha ein grunn. Eg må ha ein spesialitet. Ein "reason d ètre", på fransk. Ein ting eg kan godt, kan hende til og med betre enn andre. Kanskje til og med betre enn dei som jobbar for dei store hifi-magasina. For dei kan ha det travelt. Dei har deadlines. Det har ikkje eg, bortsett frå at eg har lova meg sjølv å levera ein artikkel i månaden. Som nybakt pensjonist har eg god tid til å prøva ut produkta, og publiserer aldri eit ord før eg har eit klårt bilete av kva produktet er godt for. I anlegget mitt, vel å merke, og med dei avgrensingane som alt er nemnt. Eg har eit stort lytterom, og har stilt opp høgtalarane slik at dei dreg maksimal nytte av rommet. Etter mi meining i alle fall. Og du skal vita at eg har prøvd ut og vurdert alle mogelege oppstillingar etterkvart, inklusive dei eg har høyrt hjå andre og på messer. Det er ikkje det minste tilfeldig at høgtalarane mine står der dei står. Med denne oppstillinga meiner eg å høyra tydeleg kva som skjer, og manglande kvalitetar vert raskt avslørt. Difor er eg relativt trygg på at produktet let slik eg hevdar, uansett kva andre måtte meina. Ei større utgreiing om høgtalarplassering og kvifor vil føra for langt, det må verta ein artikkel for seg. Men eg har vore inne på det før. Kort fortalt står høgtalarane alltid godt ut frå bakveggen, og peikar beint fram. Og referansane er i orden: eg går stadig på konsertar, både med og utan forsterking, og pratar ofte med lydmannen om det byr seg høve til det. Det er mykje å læra av korleis han har skrudd lyden og kvifor. Og som du har lagt merke til: eg inviterer ofte naboar eller andre som medlyttarar, slik at du ikkje treng lita på mine meiningar åleine. Og so ofte eg kan arrangerer eg blindtestar. Trass i alle manglar, samanlikna med vitskapeleg utprøving, prøver eg likevel å vera so grundig som eg kan.          

Eg innbiller meg at det er nitidig, uavhengig og fordomsfri lytting som er spesialiteten min. Uansett korleis eit produkt måler, og kva rykte det har, er det lyden som er det viktige, ikkje sant? Eg lyttar og lyttar, i vekevis, berre av di eg er forviten på kva det oppkopla produktet er godt for. På dette punktet er eg truleg nysgjerrig og tolmodig langt utover det “normale”. Eg elskar det. Det er hobbyen min, og har vore det heile livet. Samstundes nyt eg god musikk, og gjerne noko godt i glaset. Det er kjekt å ha ein hobby. Eg vonar entusiasmen er smittande, og at du har hugnad av å lesa det eg skriv. God sumar!

PS. Nei då. Eg har ikkje tenkt å ta sumarferie. Ny dagbok kjem vonaleg om ein månad - som vanleg. Eg må då for pokker ha fått prøvd ut noko før den tid.  

Dagens autokorrektur: Steikjer flesk vart omsett til Steinkjer. Der eg vart fødd. Korleis visste Mac-en det? 

Tyskland spesial

Eg trivst godt i nabolanda våre, som t.d. Sverige, Danmark og Tyskland. Me har mykje av den same bakgrunnen og dei same tradisjonane. Eg likar meg godt i Tyskland og kjenner meg avslappa der, sidan eg har vore der fleire gonger, og kan so mykje tysk at eg klarar å tinga meg både mat og drykk - og får stort sett det eg tingar. I fleire år hindra covid oss i å reisa, men i år drista Stig Inge seg ut i samband med hifi-messa i München. Me har treffest der fleire gonger, sånn halvveges mellom Japan og Noreg, og diskuterte om me kunne treffast denne gongen òg. Sidan Stig Inge var travelt oppteken under sjølve messa, vart me samde om torsdagen etter. Samstundes skulle Lars på jazzfestival i Moers fredagen, omlag same området, dvs sentralt/sør i Tyskland. Etter litt planlegging fann me ut at reisene kunne kombinerast, slik at me hadde selskap, og kunne treffast alle tre. Eg og Lars tok fly til Dusseldorf og tog til Køln, der me traff Stig Inge og hadde ein fin torsdagskveld på den tradisjonsrike restauranten Früh am Dom. Fredag reiste Lars på festival, medan eg reiste rundt med Stig Inge, og trefte kjende og samarbeidspartnarar, mellom desse Joachim Gerhard, som i si tid grunnla Audio Physic, og ofte var i Noreg på messer, gjerne iført fengselsdrakt medan han demonstrerte høgtalarane sine. Me vitja han heime i Brilon, blant anna av di Stig Inge og Joachim (og faktisk eg) har diverse høgtalarprosjekt me samarbeider om. Brilon er ei lita bygd (dorf) oppi høgda, kring 400 moh, med alpinanlegg like ved. Sentrum i Brilon var ein rund open plass, som eit torg, med restaurantar i bindeverks-stil. Veldig sjarmerande. Joachim har verkstad og utsal like ved, der me gjorde unna mykje lytting.   

Kølsch

Men attende til Køln: Me var godt førebudde, for Aslak hadde dumma seg ut der før oss. Han tinga pils på ein kafe, og fekk straks ein reprimande: "In Køln trinkt man nicht Pils, in Køln trinkt man Kølsch”. Mange byar har sine lokale øl som dei er svært byrge av, og i Køln er det altso Kølsch som gjeld. Du må gjerne kjøpa pilsner i butikken, men i restauranten er det ikkje lurt. Det kan gå ut over sørvisen. Eg slo opp Kølsch i wikipedia dagen etter, og fann ut korleis han er laga, og mykje interessant historie. Heime, når eg førebudde artikkelen, fann eg berre ei kort skildring, heilt til det gjekk opp for med at eg måtte spesifisera engelske wikipedia (en.wikipedia.org.) Kort fortalt startar dagens Kølsch livet som eit overgjæra øl, slik alt øl (og ale) opphavleg var, men gjærar ut ved lågare temperatur, som pils, etter gjæra har søkkt til botnars og gjærar vidare der (undergjæra øl). Det kan kallast eit hybridøl. Kampen mot undergjæra øl, som bryggjarane oppdaga på 1700-talet og auka i popularitet har vore hard, og ei stund var undergjæra øl forbode i Køln. Men sidan 1997 har Kølsch vore eit “beskytta varemerke” og står seg i konkurransen. Han vert servert i høge rette glas på berre 2 cl slik at innbyggjarane ikkje skulle verta for dritings i løpet av ein tre dagar lang festival; vart me fortalt.  

Altbier

Me drakk mengder av Kølsch i Køln (også kalla Cologne), og ein liknande stoltleik i Düsseldorf, Altbier. Denne er laga på liknande vis, men er myrkare. Alt tyder gamal eller klassisk, derav fargen muligens. Me er normalt begeistra for overgjera øl, ein tradisjon som har vunne ny popularitet med mikrobryggeria, men sleit litt med å slå fast kva Kølsch hadde som ein god lager eller pilsner ikkje har. 

Det høyrer med til soga at på veg heim frå Früh am Dom torsdagen, dvs Kølnerdomen, dette svære myrke og skræmelege kyrkjebygg i gotisk stil som står i alle byar i Tyskland med respekt for seg sjølv, for meg berre eit utdatert symbol på fanatisk religiøsitet som det må kosta ei formue å halda ved like, var Lars ikkje nøgd med kaloriinntaket og styrte oss inn på ein pub. Der vart me hengande i baren ved sidan av ei godt drukken ung pen studine som gjorde sitt beste for å lokka oss til å spandera Gin Tonic på seg og venninna. Då ho ikkje lukkast med dette var ho ikkje verre enn at ho spanderte GT på oss i staden! Ho trengte berre å blunka til servitøren, og der sto fem GT. Ho var tydeleg stamgjest. Ho enda opp på krakken ved sida av Stig Inge, men etter det eg kan hugsa var han framleis med oss når me gjekk heim til hotellet; relativt uskadd, men litt ustø.         

 

Lest 2101 ganger Sist redigert lørdag, 24 juni 2023 07:31
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei