fredag, 10 september 2021 18:58

Vossacountryfestivalspesial – Stig Arne si dagbok juli 2021 Spesial

Skrevet av

 

Det er haust. Slutt på blåtann, over til stereo; musikk i form av “lassojazz” denne gongen, og ølspalta til slutt. Då er alt som det skal vera. 

No får det vera nok med utprøving av blåtann-høgtalarar. Eg tippar dei fleste gjev blaffen i korleis slike høgtalarar let, berre storleiken, fargen og prisen er i nærleiken av kva dei hadde tenkt seg. Ikkje eigentleg gjev blaffen, naturlegvis, men berre lyden er nokolunde grei, er det ok. Men bruk litt tid i butikken. I ein Powerbutikk lytta eg og Dag til ein slik mellomstor rund JBL, og denne let godt, medan kjeda sitt eige “husmerke” ikkje let so godt. Det var ganske lett å høyra. 

Då er det noko heilt anna med eit stereoanlegg. Dei som driv med slikt, og som er gladare i musikk enn gjennomsnittet, og er over snittet nerdete, er lidenskapleg oppteken av anlegget sitt. Og alle deler av anlegget. Det kan me snakka om og skriva om heile året, ikkje berre sumarmånadane. Eit stereoanlegg er fulltidsjobb. 

Ei utprøving av NAD C 326 BEE er i emning. Den fann Terje på ein kommunal returstasjon for alt inklusive elektronikk. Fullt fungerande, og praktisk tala utan ei stripa. Pussig. Kven kastar noko slikt? Høgtalarleidningane var klypt rett av. Neppe eit tjuveri, for då kastar du han ikkje. Heller eit skilsmål med to uforsonlege partar som klorar augene ut på kvarandre over stereoanlegget og alt anna. Ein helt annan plass - i ein bruktbutikk i Førde, på ein liten tur opp i Fjordane for å vitja slekta - fekk eg kjøpt ein eldre Philips CD-spelar som eg gler meg til å prøva ut. Også denne fullt fungerande. Eg likar lyden av Philipsane. Dei er grovt undervurderte. Og so kjøpte eg ein annan utruleg søt dings som eg ikkje vil avsløra endå. Og endå ein forsterkar står på oppvarming. Og ein brukt radio og ein kassett-spelar er på veg - med sporingsnummer. Spanande. 

 

Musikk: Den forvitnelege countryfestivalen

Denne relativt nystarta festivalen hadde i år sin tredje runde alt, mellom 27. og 29. august, trass i Corona. Det var eit ynskje at festivalen skulle byta namn for kvart år; fyrste året heitte han “Den intellektuelle countryfestivalen”. Mange opplevde dette diverre som snobbete og nedlatande, og leiinga kjende seg tvinga til å byta namn. Når han no er “på børs” (registrert i Brønnøysundregisteret) vert han vel heitande "Den forvitnelege -“ til evig tid.  

Sentrale personar i og rundt Voss Jazzklubb har nemleg eit stort hjarte for countrymusikk óg, slik at denne no årvisse festivalen har fått si eiga stifting og styre og lever sitt eige liv. Eg var til stades, og deler gjerne litt av det eg høyrde og opplevde. Som medarbeidar var eg oppteken store deler av tida og hadde eg ingen planar om å laga reportasje, og tok ingen notat. Når eg att på til har dårleg hugs—eg seier ikkje meir. Men eg tok bilete. Alt no kan eg røpa at lydmessig var fleire av konsertane heilt der oppe, faktisk noko av det beste eg nokon sinne har høyrt, uansett om me snakkar om konsertar, messe-demonstrasjonar eller heimeanlegg! Dette takka vera godt utstyr og godt skrudd lyd frå Voss Lyd med Anders (Gamle Voss kino) og Ørjan (Park Hotell). Eg snakka ein del med Anders på dagtid før det braka laus med konsertar; han forklarte ting kring “miksing” og “mastring” av lyd, som eg har lurt på. Dette er sentrale  omgrep både for han i ein konsertsituasjon, og ved produksjon av musikk for sal («salg» på dansk). Me kjem attende til det, men ikkje i denne dagboka. 

Fyrste konserten for kvelden gjekk alltid føre seg i Voss gamle kino, med teak-interiør frå 50-talet. Høveleg og stemningsskapande. Seinare konsertar gjekk føre seg på Park Hotell, berre to minuttars spasertur unna, retning jernbanestasjonen. Vergudane skal vera ganske krakilske om du ikkje klarar denne turen utan drosje. 

Aller fyrste konserten (fredag), med Wounded Birds, var ein hyllingskonsert til The Flying Norwegians, frå dei tre fyrste platene deira: New Day, Wounded Bird (difor namnet) og Still Riding. På Park stilte lokale krefter opp i “juvet”, anført av Oda Eirin Almeland (og . I Vossasalen spelte Jeffreys Reverie og Yngve Jordalen. 

Laurdagen klokka to alt, på Park, fekk me gjensyn med ein populær kombinasjon som har vore med frå starten: Finn Tokvam og Twang Gang (med min eigen gode nabo Erling Styve). Dei ritlar og pratar, og Finn har øvd inn eit par miniføredrag, under temaet “Sur vin og søt kjærleik i musikkhistorisk perspektiv - eventuelt omvendt". Han var på hogget i år han Finn, og hadde visstnok hatt betre tid til å førebu seg enn i fjor. Uansett er han best når han kan improvisera litt, om ikkje alt går på skinner. Og det gjer det jo som regel ikkje. Me humra og lo heile showet igjennom. Innimellom drog Erlend enkle og gripande songar (frå Elvis og andre) med enkel backing, eller berre han og gitar. Og når lyden i tillegg var so til dei grader tydeleg og naturleg kollapsa ein gamal audiofil i sitjande framoverbøygd fosterstilling, med tårevåt serviett frå Ringheim kafé.  

Dette var ein konsert på dagtid. Klokka seks spelte Ida Jenshus med band på Gamlekinoen, og her var lyden meir diskutabel. Nokre på fremste rekkjene gjekk bakover i salen, eller ut, av di lyden var for høg, eller av di dette ikkje var den musikken dei hadde rekna med å få høyra. For dette var i periodar so drivande at det er det næraste eg har vore jazz i countrysjangeren. Eg snakka med ein av musikarane medan dei rydda scena, og fortalde dette. “Ja, me prøver å leggja oss tett oppunder jazz”, sa han. Om han berre for moro snakka meg etter munnen eller ikkje, so fann eg dette for å vera sant. 

Sundagen kom eg seint til konserten med Signe Marie Rustad Band, og fekk med meg akkurat nok til å forstå at eg hadde gått glipp av noko stort. Eg slit framleis med å tilgje meg sjølv. Men eg høyrer frå festivalsjef Lars Mossefinn at ho kjem til å verta invitert til neste år óg. Eg er klar som eit egg. Embla (tidlegare trommeslagar i Razika) and the Karidotters avslutta kvelden klokka halv ti (konsertstart), lovleg seint. Ingen problem for ein nyklekka pensjonist, men stakkars dei som skal på jobb dagen etter! Dette vert nok justert til neste år. Embla har hoppa over på countrysjangeren og starta si eiga gruppe, med hjelp frå tidlegare medlemer frå Razika og andre. I programmet til Linda Eide (Linda Eides Språkshow) demonstrerte ho sin  fasinerande “countryknekk”, og saman med ei lettare ru og nasal stemme høver dette perfekt for sjangeren. Men på sitt beste er ho likevel, etter mi meining, med berre seg sjølv og gitaren. Det er slett ikkje alle som klarar å trollbinde publikummet sitt med so enkle midlar. 

Litt meir om lyden, sidan eg skriv for eit lydinteressert publikum. Berre på konsert får du lyden rett ut frå mikrofonane. Vel nesten i alle fall, han er ein tur innom miksepulten, men han er fri for alle mordforsøk i form av mastring og anna før utgjeving på plate. Lyden er difor uvanleg direkte, levande og detaljert. Og i eit stort lokale vert lyden dynamisk, dramatisk og majestetisk i ein grad du kan gløyma å oppleva i mindre rom, som heime. Dette takka vera tusenvis av Watt til rådvelde, og enorme basshøgtalarar. Det må berre opplevast. Som ivrig konsertgåar vert eg ofte mint på dette, men det er like imponerande og overraskande kvar gong. Eg vert slått i bakken. Det er nesten betre enn sex.   

Skuffande forresten, at korkje lokalavisa hordaland eller Bergens Tidende og Bergens Arbeiderblad fann høve til å dekkja festivalen. Les i staden Tom Skjeklesæther sin glimrande reportasje “Ville vossavesten” i Klassekampen sitt Musikkmagasinet måndag 6. september.             

Ølspalta

Over til noko heilt anna som - i min alder - også nesten er betre enn sex: På ein av dei mest originale uteplassane eg veit, på plenen ved Lille Lungegården i Bergen, utanfor Landmark, smakte eg for fyrste gong ein “Birra Peroni” frå Italia. Eg var ung og tussete etter å freista nye ølsortar. (Det er eg for so vidt endå). Ein slik hadde eg aldri smakt før. Han smakte naturlegvis ingenting, som industriøl av typen lager/pils vanlegvis gjer, men på ein varm sumardag gjer ein kald slik nytten. 

Og denne konklusjonen står eg ved den dag i dag. Eg prøver han ut ein sjeldan gong i mellom, berre for å sjekka, og for å minnast. Det tek tid å prøva ut ein øl, og å gjera seg kjend med alle hans eigenskapar: Her ein dag gjorde eg ei ny og interessant oppdaging. Bakgrunnen er at han Helge har kjøpt seg ny bil. Han trakka gjennom golvet på den førre- ein Renault 12. Det var ete opp av rust. I mange år var Helge utan bil, og garasjen, som han hadde fått bygd til den nye bilen vart fylt opp med ved. Eg var difor ganske sikker på at han aldri kom til å kjøpa seg ny bil. Eg tok feil. Fullstendig ute av trening med bilkøyring inviterer Helge meg ofte med ut på tur til eit handlesenter, der me handlar varer me ikkje får tak i i sentrum. Helge vågar knapt køyra åleine. Han er ein minst lika dårleg sjåfør som eg er. Eg køyrer heller ikkje bil. Han står til pynt. (Og det er vel difor eg framleis har førarkort). Eg finn det raskare å hiva meg på sykkelen. Eg har nedoverbakke til butikkane og Vinmonopolet.  

Men poenget var at Helge inviterte meg ut på tur, og me køyrde opp til eit handlesenter for det du veit. Og der brukar han, etter at me har fått det me treng oppi korga, å kjøpa ein øl til meg, som eg kan hyggja meg med på heimturen. Sidan eg har vore so grei å fylgja han ut på farlege vegar. -Helvete! Der kjem ein bil! -skrik Helge i kvart einaste kryss. Eg stemmer i. Dei kunne godt halda seg heime når eg og Helge er ute og øvingskøyrer. Ha litt respekt for dei eldre!

Langsetter heimvegen får eg endeleg teke meg ein slurk av Peroni-flaska. -Ah, seier Helge, for ei utruleg fin lukt! Og det same hender kvar gong eg tek meg ein sup og dermed virvlar litt lukt opp og ut i kupeen. -Aaaah, seier Helge att, utruleg lukt. Eg merkar det sjølv og, men har aldri gjort det før. Det må vera den vetle kupeen i bilen som konsentrerer lukta, i motsetnad til ei stor stove eller eit ope rom ute, der lukta spreier seg og forsvinn. Denne ølen er tilsett ein utruleg velduftande humle. Du merkar han knapt på smak, men du luktar han sovidt. Som ei dame som har på seg akkurat rett mengd av ein nydeleg parfyme. Ikkje for mykje, og slett ikkje slik ein IPA er humla. Det er som regel alltid for mykje av det gode. 

På seinare turar har me ikkje opplevd det same (med andre liknande øl). Men me skal halda dykk oppdatert. I mellomtida må de gjerne prøva ein Peroni, medan det framleis, utruleg nok, er sol og høge temperaturar her på vestlandet i alle fall. Og ikkje kall fylket mitt for Vestland, då vert eg berre forbanna. Det heiter Hordaland, og eg ber kvar kveld om at landet får ny regjering, slik at me får reversert denne sentraliseringssjuka.   

Lest 571 ganger Sist redigert søndag, 12 september 2021 14:14
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.