Skriv ut denne siden
fredag, 07 august 2020 08:43

Dansar med ulvar – Stig Arne si dagbok juni 2020 Spesial

Skrevet av

Eg traff Endre nede på Vangen ein dag i fjor. Eg kjenner (deler av) familien hans, og drog kjensel på han. Og han kjende meg att og, utruleg nok, for han var berre ein ungdom - eller berre gutungen? - sist eg traff han. No er han ein vaksen kar med hus, familie - og stereoanlegg!

Me enda opp oppe hjå meg til musikk, øl og akevitt, og han inviterte meg til Bergen slik at eg kunne få lytta til hans anlegg og. Og det var nett det eg gjorde nyleg, etter verste Koronabylgja hadde lagt seg. 

Heime hjå Endre Wolf - Eit litt uvanleg anlegg

Endre har synt bilete av anlegget sitt tidlegare. Det er so ulikt mitt som det kan bli. Eg har eit par "HiFi-riktige" høgtalarar godt ut frå bakvegg i ei stor stove, Endre har eit par svære høgtalarar kloss i bakveggen i ei slags kjellarstove. Det kunne vel umogeleg låte godt?  

Eg vart overraska frå fyrste stund. Mellomtonen som kom frå eit stort mellomtonehorn korkje ropte eller skingra, men var mjuk og detaljert, og diskanten (frå eit lite horn øvst på høgtaleren) gjorde ikkje merksam på seg sjølv. Bassen var slagkraftig, tørr og presis, som du kunne venta frå ein slags nesten PA-høgtalar, som jo dette er, med eit svært basselement (15”). Det er ein heimelaga blanding av Klipsch La Scala og Cornwall, visstnok. Sidan Endre ikkje har bygd dei sjølve, men kjøpt alt brukt, veit eg ikkje meir her og no enn at høgtalaren totalt manglar dempematerial. Eg trur han må få litt saueull frå Voss hjå meg som han kan stappa inn i botnen av kabinettet. Som du veit: For mykje og for lite er lika gale. 

Endre har ei fortid som DJ, mellom anna, so det undrar difor ikkje at han har ein Technics SL 1200 på toppen av racket, med Kuzma Stabi arm og ein Grado MM Pick-up i trekropp. Discjockeyar brukar ikke moving coil-pickupar. Og det er nok arven frå denne tida som er grunnen til at han har eit par store disco-liknande høgtalarar. Forforsterkaren er ein John Curl-konstruert Parasound P3, og effektforsterkaren eit heimebygg med 2 x 2 stk EL 84 utgongsrøyr i push-pull, 13 Watt. Og meir trengs ikkje med so effektive høgtalarar. Det spelte endeleg høgt nok; me ville ha korkje naboane eller politiet på døra. 

Rett til høgre for høgre høgtalar sto ei dør til eit gjesterom ope, og denne vart lukka, slik at ikkje all bassen frå høgre høgtaleren forsvann ut dit, og skapte ubalanse i lyden. For bak oss gjekk det ei trapp opp til kjøkenet, slik at lyden slapp opp dit, og dermed utvida rommet anlegget spelte i. Det forklarar den tørre og presise bassen utan boom. Det var morosamt å stå i trappa og høyra bassen samla seg der, på veg opp. Når gjesteromsdøra sto open, derimot, forsvann lyden ut dit og vart ujamn, og gjekk i mindre grad opp trappa til kjøkenet, noko eg merka på veg opp for ein tissepause. Dette var ein morosam og nyttig leksjon i akustikk. Mest mogeleg symmetri i rommet er alltid ein fordel, noko eg og har merka i mi eiga stove, og difor var obs på det. 

Trass i denne blandinga av HiFi og PA, med høgtalarane kloss i bakvegg, var lyden forbausande open og detaljert, og likevel jamn og musikalsk. Det er tydeleg at både forforsterkaren og den heimelaga effektforsterkaren er av høgt kaliber, elles hadde me ikkje opplevd ein slik levande lyd. Eg har og lite å innvenda mot høgtalarane, som eg kanskje kan presentera fleire detaljar om seinare. Platespelaren står, ganske typisk, på toppen av eit høgt rack, men er heldigvis av typen utan flytande oppheng. Armen spora like godt sjølv om eg svinga på racket. Ein spelar med flytande oppheng ville ha svinga med og kome ut av kontroll. Likevel er det mange som gjer denne tabben. Spelarar med flytande sub-chassis må stå på låge og stabile underlag, eller vegghylle.

Endre har naturleg nok mengder med LP-plater, og spelte ute lukkande desse i starten. Men for å spela ei låt han ikkje hadde på LP, vart Spotify nytta. Det var eit sjokk. Lyden kollapsa i vesentleg grad. Stemmene vart grove og harde, og all glans i lydbiletet forsvann. Til alt hell hadde Endre nett teikna eit prøveabonnement på Tidal, der oppløysinga er på CD-nivå, i motsetnad til Spotify sin MP3. Då var me nesten oppe på LP-nivå att, men ikkje heilt. Ein viktig lærdom. Det ser definitivt ut som om eg må spandera på meg eit Tidal-abonnement, sjølv om eg er uhyre skeptisk til å støtta ein amerikansk ræppar og Trump-tilhengar framføre våre svenske naboar. 

Med anlegget kloss i bakveggen kan du ikkje venta stor djupne i lydbiletet. Men om du studerer biletet av oppsettet, vil du sjå at det er ei opning i racket mellom forsterkaren og platespelaren, på høgd med mellomtonehorna, og der inne levde mellomtonen i beste velgåande, forbausande levande. Alt i alt var dette ein gild og uventa lærerik kveld, og Endre er ein positiv mann og framifrå vert. Han er ingen fanatisk audiofil og har få andre kommentarar til anlegget sitt enn at “eg syns det spelar fantastisk”. Og det har han faktisk heilt rett i. Med ein blanding av kunnskapar, slump og rein flaks har han samla eit anlegg som faktisk passar saman, og fungerer langt over det eg hadde venta.         

Ølspalten: trim og trening

Det finst fortvilande lite forsking på helsevinstane ved å sitja på ræva og drikka øl heile dagen, sjølv om det stundom er det einaste me har lyst til. Etter at eg knekte ankelen i januar har det vorte litt mykje av det siste, sidan det har vore ille nok berre å hinka seg ut til kjøleskåpet. Eg har difor lagt på meg eit par kilo, og det er ikkje musklar. Forskinga syner derimot heilt klart at skal du ned i vekt og opp i muskelmasse, må du eta mindre og trena meir. Det siste er ingen problem sidan Fitness har opna opp att, og ankelen toler forsiktige joggeturar. Eg drikk framleis like mykje øl som før, men har likevel gått ned i vekt. Det er det du et attåt ølet som gjer deg feit. Sjølv om det kunne vera freistande å bruka øldrikkinga som orsaking for å vera litt rund. Du skal med andre ord drikka ølet ditt med godt samvit, slik at eg ikkje treng legga ned spalten.     

Nyaste forskinga seier vidare at mindre mat er ein betre veg til vektreduksjon enn trening. Det er sikkert rett, men når dette har fått nokre ekspertar til å rå i mot trening, er vi på ville vegar. Akkurat som at stereoanlegget har to kanalar, trur eg me klarar å ha to tankar i hovudet samstundes. Og ølet smakar mykje betre etter ein oppfriskande joggetur.  

 

Lest 3556 ganger Sist redigert fredag, 07 august 2020 11:30
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler