Skriv ut denne siden
lørdag, 17 november 2018 10:43

Om gamle platespelarar - Stig Arne si dagbok for november 2018 Spesial

Skrevet av

Gamle platespelarar går til returpunkta eller i verste fall i søpla, grunna ubetydelege feil. 

Technics SL-J11

Den platespelaren eg no skal snakka om gjekk heldigvis på loftet, og ikkje i søpla. Han tilhøyrde ei dame, og hadde ikkje andre defektar enn ei totalt oppsmuldra reim (vel, noko meir, skulle det syna seg). Litt interesserte (mann)folk hadde nok bytta reim, og helde fram med å bruka spelaren. Men kva visste vel Kari om utslitne reimar? Like lite som eg veit om strikketøy. Eg fekk spelaren gratis, med beskjeden “Han virker ikkje”.

Flott. Eg tok han med heim, og gleda meg til å sjekka han. Det var jo berre å levera han til det lokale og godkjende returpunktet for elektronikk om han ikkje virka. So venta elementær inspeksjon. Eg kopla han til nettet, og ein diode lyste opp. Eit godt teikn. Eg opna loket, fjerna platematta, tok eit godt tak med peikefinger og tommeltott i to hol i platetallerken og drog denne rett opp med eit rykk. Dette brukar gå bra, so og denne gongen. Under tallerken låg drivreima i tusen bitar. Ikkje rart han ikkje virka. Dette er ein rimeleg, beltedriven Technics, ulikt dei dyre og gode som dei er meir kjende for, nemleg SL 7 og toppmodellen SL 10. Men storleiken er den same, akkurat som for eit plateomslag. So dette er ein praktisk spelar for alle med liten plass. Er det frekt å kalla han for “damespelar”? 

Eg trykkjer “Play" og motorspindelen går rundt. Endå eit godt teikn. Eg brukar plassera ein liten dråpe olje der kor spindelen går opp av motoren. Og utan at eg har gjort noko som helst, går “sleden" med armen innover mot sentrum, stoggar, og går attende til “Stop”. Automatisk. Flott! Dermed virkar dette og. Av og til, med desse Technicsane som har armen i loket og ikkje på basen, har armen låst seg i turka grease, eller har gjeve opp av andre grunnar, som t.d. avslitne reimer eller wire-trekk. Men spelaren har andre feil. Eg dreg ut pickupen for å inspisera stiften, og ser med lesebriller at stiftarmen er rett og at diamanten er på plass, men at stiftarmen (cantileveren) er vridd i festet slik at stiften står nesten 45 grader skeivt. Framleis hadde det vel vore mogeleg å spela ei plate, men lydkvaliteten ville vore diskutabel, sporinga dårleg, og stakkars plater. Men eg er ganske “handy”, og freistar eit triks eg har lukkast med før, og av og til ikkje. Med nebbtanga  knip eg forsiktig rundt nålefana frå framsida, og vrir. Etter eit par forsøk sit stiften beint, og eg har ikkje eingong skada stiften/diamanten. Eg “masserer” stiften og nålafana forsiktig med peikefingeren, for å sjekka at alt held seg på plass. Med sterke lesebriller og diverse forstørringsglas kan eg konstatera at alt held seg på plass, at stiften sit beint og har riktig fasong. Det er forresten som regel ikkje stiften som vert utsliten, men gummiopphenget. Dette vil du oppleva som dårleg sporing og ureine S-lydar.    

 

 

Eg oppdagar ein tredje og siste feil. Som eigar av både ein SL-7 og 10, veit eg at pickupen, som du berre skubbar rett inn i armen, er festa/ låst med ein skrue, som er pressa inn frå venstre sida, går rett gjennom pickupen sin bakre del og festar i gjenger på andre sida av armen. Han er borte. Eg lurte på om denne var uteleten på denne rimelege spelaren, men holet er der. Ein eller annan idiot har altså vore her før meg, og drite i å skru skruen på plass att. Det seier seg sjølv at det er umogeleg å få tak i ein slik skrue som originaldel. Spelaren er trass i alt kring 30 år gamal, og eg veit frå Stig Inge Bjørge (Lyra), busett i Japan, at japanske verksemder har som politikk å supplera deler i 10 år. Pickupen sit eigentleg godt nok fast utan skrue, men det tomme holet irriterer meg, og nærast ropar etter ein skrue. Dessutan: Sjølve armen er kort og lett og av plastikk, og mangelen på skrue gjer at stift-trykket kan verta mindre enn spesifisert - om ikkje mykje. Dette kan lett kompenserast ved hjelp av til dømes ein klatt med modellerkitt på pickupen ein plass, men eg klarar ikkje å slå meg til ro med dette gapende holet utan skrue. Eg leitar fram ein boks med små skruer til feste av pickupar til “head shells”, som eg har samla opp gjennom 40 år som audiofil og entusiast. Den vanlege storleiken syner seg å vera litt for tjukk, og går ikkje inn gjennom holet utan makt. Men eg finn ein som er litt tynnare, og ikkje berre går han inn gjennom holet, men han har rett lengd, og gjengene festar på andre sida av armen. Går det an å ha slik flaks? 

Dermed er spelaren klar for tilkopling og utprøving. Det er seint på kveld, og her er besøkjande, og leigebuar i kjellaren, so dette vert utsett til dagen etter. Då vert spelaren sett opp på ein liten skammel framføre forsterkaren, knappen merka “Phono” trykt inn, og ei plate med eit omslag av totalt uforståeleg skrift, på russisk, som eg har fått av ein kjenning som jobbar i diplomatiet i Moskva, vert lagt på. Eg trudde det var klassisk musikk, men det synte seg å vera jazz. Diplomaten er ein ivrig besøkjande på musikkscenene i Moskva og kor han måtte vera. Han er so langt frå ein audiofil som du kan koma, lite teknisk og vil i framtida nytta enklare løysingar (CD). Det er difor eg har LP-platene hans. Eg trykker endå ein gong “Play”, og underet skjer. Armen løftar seg opp, går sidelengs innetter plata, sidan dette er ein tangentialarm, og set seg fint ned på fyrste sporet. Musikken strøymer ut, klår og tydeleg og utan nokon som helst forvrenging, og gangkonstansen er heilt utan “wow” og “flutter”. Eg fann forresten ikkje berre ein passande skrue til feste av pickupen, men og ei reim frå ein kassert platespelar i ein pose merka “B&O”. Denne var flat, som (restane) av originalreima og ein tanke breiare, men dette var det plass til på motorspindelen, og reima var akkurat passe stram. Me som har jobba nokre år med platespelarar veit når ei reim er for slakk eller for stram. Mellom desse ytterpunkta er det litt å gå på, so det var ingen grunn til å kjøpa ny reim. Farten kan endra seg om reima er litt for stram eller litt for slakk, men det er ubetydeleg.  

Takka vera ei nebbtang, eit rikhaldig utval av skruer, som alle vaksne menn med kjellar eller hobbyrom har, og ei reim som ved rein flaks synte seg å passa, fekk eg altså ein sliten gamal platespelar opp og stå i løpet av ein kveld. Det er ei god kjensle. Eg har spart samfunnet frå sløsing og ureining gjennom gjenbruk, og kan hjelpa den fyrste og best som spør “du skulle vel ikkje ha ein platespelar til sals?” Kan hende burde spelaren hatt ny pickup, for gummiopphenget kan stivna med aldring og gje dårleg sporing. Då kan eg anbefala Ortofon OMP 20, som eg har omtalt tidlegare i audiophile.no. Men det kan vera opp til den nye eigaren. Spelaren har kanhende ikkje direkte audiofile kvalitetar, men han spelar som han er. Og det trur eg er godt nok for dei fleste. Som avslutning freista eg å polera opp pleksiglasloket, som var matt og stygt. Eg starta med Autosol, som eigentleg er ein krompuss, og motorsyklistens beste ven. Dei hevdar han kan nyttast til alt, inklusive plast, men utan større hell denne gongen. Eg gjekk vidare til “rubbing compound” frå Turtle, og det hjalp godt. Eg avslutta med vanleg bilpolering, Turtle Wax, og resultatet var ganske vellukka. No ser spelaren ikkje lenger ut som ein uteliggar, og ventar spent på ny eigar. 

PS. Del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte” kjem neste gong - eller gongen etter der att. Beklagar. Har besøk og mykje å gjera. Og alle veit at det er ingen som har det so travelt som pensjonistane. 

 

Ølspalten: Jolaøl

Vinmonopolet får jolaølet alt tidleg i november. Eg var tidleg ute og kjøpte to av nesten alle dei norske. Det er dei som er over 4,7%, typisk 6,5. Desse er det ikkje løyve til å selja i butikk. Eg har skrive notat etter som eg har prøvd dei. 

Men eg må kjappa meg litt (ligg som vanleg på etterskot) og vil her difor ta ein rask gjennomgang av nokre jolaøl kjøpt i butikk nyleg (maks 4,7%). Desse har eg nett supt i meg og hugsar godt. Vil difor skriva om desse før eg gløymer dei ut. Eg har hatt ein runde i butikkane og kjøpt eit utval. Mange vil føretrekkja desse, sidan dei er mildere på smak, og billegare. 

Den fyrste eg prøvde var Ladegaards Brygghus på (lita) glasflaske, 0,33cl. Søt flaske, men innhaldet smakar ganske kraftig av kaffi, altså relativt brent malt. Smak og behag, men for meg vart han litt einsidig og ubalansert. Neste ut var Nordlands juleøl, som er balansert og sprek. Denne likte eg. Eg prøvde Tuborg etter dette, og han fall i smak. Denne har vore god dei siste åra. Prøvde Ringnes og vart litt spyrjande, gjekk attende til Tuborg, og panelet var samstemt: Me likte Tuborg betre. Så Frydenlund på 0,33-boksar: aldeles nydeleg, søt, aromatisk  og smaksrik. I dag kjøpte eg på Dag si tilråding Aass “Bryggerimesterens” juleøl på små søte boksar (0,33). Dag hevda hardnakka at "Bryggerimesterens” er beste juleøl hittil, men eg føretrekkjer faktisk standardvarianten, som berre heiter Juleøl. Denne er betre balansert og difor meir i min smak. "Bryggerimesterens” hadde litt for mykje preg av kaffi. Men god er han. Smak og behag, igjen! Av Hansa (framleis butikkøl) har eg berre fått smakt “Julebrygg”, som er ein litt meir julete variant av standard Juleøl. Og søtare. Men i år var han søtare enn nokonsinne, so denne styrer eg unna. Kjøper standardvarianten neste gong. 

 

Favoritt? Er ikkje sikker, men Tuborg, Dahls og Nordland står høgt. 

Lest 5640 ganger Sist redigert lørdag, 17 november 2018 10:59
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler