Skriv ut denne siden
mandag, 05 mars 2018 22:41

Sandstrøm-Electrocompaniet - Stig Arne si dagbok desember 2017 Spesial

Skrevet av

Det er framleis fire timar til me lander, og eg held på å kjeda meg i hel. Eg er på reis att. Har nett sett ferdig ein film, og orkar ikkje sjå ein til. Det slår meg at eg kan fiska opp Mac´en frå sekken under flysetet og skriva litt på “frå dagboka”. Eg er jo i ferd med å koma meg ajour! Og då skal eg fortelja litt om kva eg har lytta på i det siste. Det er ikkje småtteri. 

 

ELECTROCOMPANIET

Mange av oss kjøpte Electrocompaniet forsterkarsett når desse kom på syttitalet. Eg hadde opptil fleire sett fram i gjennom. Skulle ynskja eg framleis hadde dei. Uansett kjøpte eg eit brukt 25-wattar for mange år sidan, og han var innom (gamle) Electrocompaniet for oppdatering. So eg visste at dette eksemplaret fungerte. Det gjekk likevel mange år før eg gadd å kopla han opp (no nyleg). Avdi ein alltid har andre “prosjekt" som må gjerast fyrst. 

 

Stig Inge Bjørge, (hifi)-kompisen min i Tokyo, har óg eit eksemplar, som av praktiske årsaker ferierar hjå meg. Dette eksemplaret er spesielt. Det er ein sokalla “Sandstrøm-Electrocompaniet". Terje Sandstrøm jobba opprinneleg for Per Abrahamsen på Electrocompaniet, men starta seinare eigen produksjon frå “Norsk Radiofabrikk”. Dette var ein modifisert/forbetra versjon, om me skal tru Sandstrøm. Stig Inge meinte at straumforsyninga var den svake lekken i forsterkeren, og reiv han ut. Han prøvde å få (nye) Electrocompaniet i Tau i Rogaland til å byggja ny straumforsyning, men dei kom aldri so langt. Etter dette hamna forsterkeren i Tyskland, der Stig Inge har gode kontaktar; hjå ein særs elektronikk-kyndig Andreas Schubert. I tillegg til ny straumforsyning gjorde han ytterlegare forbetringar, mellom anna for å auka inngangsimpedansen mest mogeleg (men fekk elles streng beskjed om å respektera originalen, slik at det ikkje vart ein heilt annan forsterkar). Inngangsimpedansen er veldig låg på orginalen, og gjer at han berre kan nyttast saman med forforsterkarar med tilsvarande låg utgangsimpedans. Eg kjem gjerne attende til detaljane, men vil denne gongen berre laga eit omriss av historia.  

I samband med fødselsdagen hans nyleg, tvinga Stig Inge meg til å kopla opp denne forsterkaren, saman med tilhøyrande forforsterkar (PRE 2), som òg har fått ny straumforsyning (utvendes i eigen boks). For å sjekka at alt fungerte, og for ein førebels lytterapport. Det var no det minste eg kunne gjera for han, meinte han, sidan han hadde fødselsdag. Dermed måtte eg kopla ned alt eg hadde, og opp med Stig Inge sitt sett. Og når eg var i farta, ville eg sjølvsagt samanlikna med min eigen (originale) Electrocompaniet, og til slutt med ein Nad 3020 A som eg nett har fått og aldri prøvd. Merk dekan at dette er ein A, som muligens er den beste av alle Nad 3020. Altså tre klassiske og ikoniske 25-wattarar. 

Skal eg fortelja om resultatet her og no, eller halda dykk i spenning til neste dagbok? Eg skal vera grei. Førebels resultat er at Stig Inge sitt sett spelar fantastisk. Alle detaljar er med, og her er snert og dynamikk i lyden. Jamvel bassen er rask og spenstig, men samstundes voluminøs; litt av ein bragd for ein forsterkar på 25 Watt. Heilskapen er musikalsk, uanstrengt og dynamisk. Ein “vaksen” lyd heilt utan sjenerande framhevingar i mellomtone og diskant. Det er tydeleg at forforsterkeren óg er god, elles hadde settet samla aldri nådd ein slik standard. Min eigen 25-wattar rakk ikkje opp til denne standarden, bassen var svakare og mindre detaljert, sjølv om han har fått nye kondensatorar i straumforsyninga. Han var likevel relativt detaljert og levande i lyden på live-innspelingar, men meir uryddig, og med ein litt “lettare” klangbalanse. Det er ikkje ein sjølvfylgje at ein “modifisert og forbetra” forsterkar er betre enn originalen. Det finst mange døme på det motsette. Men i dette tilfelle vil eg gje Sandstrøm rett, godt hjulpen av Andreas Schubert. Nad 3020 A var heilt original og utan friske kondensatorar, men var likevel ei positiv overrasking. Han har ein fyldig bass og “vaksen” lyd på same måten som Sandstrøm/Electro/Schubert, til og med brukbar dynamikk i mellomtonen. Men ikkje same dynamikken i bassen, og heller ikkje heilt same detaljeringsnivået. Men likevel ein musikalsk forsterkar som det er lett og fullt mogeleg å leva med, når ein berre har lagt endå betre lyd bak seg. I mangel på ein S/E/S har eg von om at den omtala 3020 A med pleie og forbetringar kan nærma seg ein S/E/S. For ikkje å snakka om TO Nad 3020 i samarbeid, eit oppsett eg nyleg har byrja å lytte til. Meir om dette seinare.       

 

Ølspalten: Glas kontra boks og plast

Nordmenn er eit øldrikkande folk, og Noreg vert nemnd i same andedrag som tyskarar, engelskmenn og tsjekkarar når det gjeld å laga godt øl. Bevares, du får godt øl kor du enn reiser i verda no til dags, men sjekk etiketten på baksida av flaska: Bryggjemeisteren har gjerne eit tysk-klingande namn. Han er m.a.o lånt inn frå Tyskland. 

Men dette skulle ein ikkje tru når du går inn i ein daglegvarebutikk i Noreg. Pilsner på rekke og rad, pils, pils pils. Frå ei rekkje ulike produsentar som smakar akkurat det same. Kvar er dei andre øla? Du finn dei, utvalet har trass i alt vorte betre, men dei kostar ei lita formue. 

Og omlag alt ølet er på boks. Aluminiumskanner med plastbelegg inni! Begge deler er reine gifta. Det set sitt preg på ølet. Eg seier ikkje at det set smak på ølet slik at det vert dårleg, men ølet som har stått på glasflasker har ein djupare, kraftigere og reinare smak med fleire og tydelegare nyansar. Eg har vore i ølbutikkar i Tyskland. Mest alt av kvalitetsølet er på glasflasker. Berre dei verkeleg store produsentane (av billeg og dårleg øl) sel ølet frå boks på paller midt i butikken. Innsurra i plastikk sjølvsagt. Kvalitetsølet står på glassflasker i hyllene langs veggane; frå golv til tak.   

 

Glas kontra plast

Eg bestemte meg for å prøva ut kor stor skilnad det er frå glas til plastflaske, og frå glas til boks. Og skal dette gjerast skikkeleg og halvt vitskapeleg, i alle fall “amatørvitskapleg”, må det gjerast blindt. Eg tok difor med meg ein pose med ymse øl opp til naboen, kor sonen Dag var servitør, medan naboen Lars laga mat. For ei tid attende hadde eg kjøpt ein 25-litersdunk med heimabrygg, altså heimelaga øl, og mesteparten vart fylt på 1,5-liters brusflasker. Når eg gjekk tom for desse vart resten tappa på tomme vinflasker med skrukork. 

Dag serverte øl frå plastflaske og glasflaske i identiske glas, og berre han visste kva glas som inneholdt kva. Eg tippa rett tre av tre gonger på rad. Ølet som hadde vorte tappa på glasflasker og stått på desse i nokre veker, hadde ein tydeleg djupare og reinare smak. Rett og slett betre. Skilnaden var relativt tydeleg. Denne delen av testen hadde eg ingen problem med.

 

Glas kontra boks

Då fleire produsentar gjekk over frå flaske til boks, passa eg på å ta vare på nokre flasker, og kjøpte tilsvarande på boks. Nøyaktig same ølet, lyt ein tru. Dag var framleis skjenkemeister, og slo ølet opp i to identiske glas. Eg visste naturlegvis ikkje kva som var kva. Denne gongen var det vanskelegare, skilnaden var mindre, men likevel slik at eg denne gongen óg klarte tre rette etter kvarandre. Også her hadde glas-ølet ein djupare og reinare smak. Rett og slett betre. Dag og Lars var imponert. Lars skulle óg vore med på denne testen, men var for oppteken med å laga mat til oss. Men testen kan jo dupliserast seinare; det er framleis nokre produsentar som tappar både på flaske og på boks. Både Tuborg og Carlsberg. Og forresten Hansa. Men no er flaskene dyrast, før var det boksen. Pokkers til tull! 

Jamvel mange av mikrobryggeria har no gått over til boks. Dei forsvarar seg med at boksane slepp mindre ljos inn til ølet, som dimed oksyderer mindre og held seg lengre. Teknisk sett er dette rett. Men kvifor skal ølet halda seg så lenge? Det er ikkje vin me snakkar om! Me drikk det opp same helga. Og den ekstra mogninga som glas gjev ved ved å sleppa gjennom litt ljos, er vel slik sett berre av det gode? Så eg seier berre eit stort FYYYYYYY! til produsentane som serverer oss øl på aluminium og plast. Dei kan umogeleg ha prøvd dette skikkeleg ut med omsyn på smak. Mest truleg er det praktiske eller økonomiske omsyn som ligg bak. I gamle dagar lagra dei ølet på tretunner, og då smakte det visst endå betre. I vinverda gjer dei dette framleis. Det er ein tankekross. Kvifor skal ikkje ølet få lika god handsaming?      

 

Ymist

Eg har oppretta eit nytt avsnitt, kalla ymist. Det er nynorsk eller dialekt for ymse, som tyder diverse på bokmål. Her tillet eg meg å ta føre meg ting som framleis har med hifi å gjera, men berre så vidt. 

Me som skriv har naturlegvis interesse for språk. Nyleg las eg ei annonse der det stod “gratis utrydding” av innbo/dødsbo. Er det då innbuaren som skal utryddast? Men han er jo alt daud? Å rydda han ut, derimot, er ein jobb for familien eller helsepersonalet. Me pensjonistar er rett nok ein utryddingstruga rase, men eg vil gjerne sjøldauda før eg vert utrydda. Og rydda ut. Saman med stereoanlegget. Som óg er utryddingstruga, truleg, med den rivande utviklinga me har i dag. Eller ikkje. Kven veit. Den som ikkje vert utrydda, får sjå.  

Lest 6328 ganger Sist redigert mandag, 05 mars 2018 22:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler