Skriv ut denne siden
søndag, 04 februar 2018 19:59

Analog kontra digital. Stig Arne si dagbok for November 2017 Spesial

Skrevet av

 

Kjære lesar,

førre dagbok, “gode stereoanlegg, dårlege vilkår?” er signert oktober -17, so her kjem november -17. Desember -17 er alt klar, og vil koma ganske kjapt. Eg er altså ikkje so mykje på etterskot som det kan sjå ut som. Forseinkingane skuldast reise for min del, og flytting for redaktøren sin del. 

Analog kontra digital  

Det er berre ein ting som slår å slappa av på sofaen med ei avis: Å slappa av med eit hifi-blad. Når eg ikkje har nye blad å lesa, finn eg eit gamalt. Eg har hundrevis. Det er nesten som å lesa eit nytt blad, for eg hugsar jo ikkje innhaldet. Det er alltid noko interessant å lesa, for sidan eg las det sist, for 5, 10 eller 20 år sidan, har eg sjølvsagt utvida interessa og kunnskapen monaleg, og les med store auge artiklar som eg knapt vørde den gong bladet var nytt. 

 

Såleis las eg nyleg i Hi-Fi News (august 2001!) ein test av eit komplett stereoanlegg frå Audio Note i England, kalla Zero. Det som fanga interessa mi var omtalen av DAC-en (CD-spelaren består av ein transport og ein Dac, i kvart sitt kabinett). Dette er nemleg ein av dei ytterst få DAC-ane som ikkje har digitalt filter. Audio Note matar datastraumen ufiltrert rett inn i DAC-en, og filtrerer (analogt) først etter DAC-en. (Med kondensatorar og spolar, lyt ein tru). I ein konvensjonell DAC oppstår det ei viss ringing (ripple) både før og etter signalet, men ikkje her. Ringinga før signalet uteblir. Ei slik ringing, (pre-echo eller før-ekko), rett før det eigentlege signalet, oppstår normalt ikkje i naturen, og heller ikkje i elektronikk, vanlegvis. Ringing, eller utklingingar etter signalet derimot, er vanleg, og vanskeleg å unngå. Det er eit mindre problem. Audio Note Zero skil seg altså ut frå andre DAC-ar på eit vesentleg punkt.  

 

 

Mykje kan seiast om digital kontra analog. Når ein korkje er ingeniør eller innspelingsteknikar, bør ein vera forsiktig med å lansera teoriar og påstandar som det muligens ikkje er dekning for. Men når eg las artikkelen kom eg til å tenkje på korleis CD-spelarane eg har oppfører seg ulikt på brå og kontante lydar, sokalla transientar, som piano, slagverk og anna. Ingen av dei verkar veldig presise i anslaget, og her har me muligens årsaka. I motsetnad tykkjer eg at lyden frå platespelar alltid verkar kjapp og presis.  

 

Den no avlidne Harry Pearson, tidlegare redaktør i The Absolute Sound, var tidleg ute med å skildra lyden frå CD-mediet. Han sa noko slikt som at “om eg skal karakterisera lyden frå digital med eitt ord, må det verta “analytisk”. Eg har tenkt mykje over denne utsegna, og er på mange måtar samd. Ei godt innspela CD-plate var ofte reinare i lyden enn LP-plata. Det var nok óg grunnen til at “alle” etter kvart gjekk over til CD, sjølv ihuga tilhengjarar av platespelaren. Andre fordeler og ulemper kan me diskutera seinare. 

 

Eg skal ikkje gå Pearson i næringa, få kunne vel det, han hadde stor innsikt og var ein framifrå skribent. Men lat meg likevel koma med eit liknande utsegn, sjølv om det neppe vil gjera meg like vidgjeten: Om eg skal karakterisera analog med eitt einaste ord, må det vera “levande”. Den analoge lyden, frå radio (den gong då), platespelar og bandspelar; verkar naturleg, rask og presis. Medan digital-lyden kan verka noko kunstig, og med upresise oppstartar av brå lydar. Mykje av skilnaden mellom analog og digital innspeling og attergjeving av musikk skuldast naturlegvis digitaliseringsprosessen generelt. Men etter å ha lese artikkelen i Hi-Fi News, har eg ein gryande mistanke om at den manglande oppstart-presisjonen på digitale transientar som plagar CD-spelarane, skuldast før-ekko i DAC-en. Denne teorien er i alle fall plausibel, om ikkje anna!  Dei som nyttar DAC frå Audio Note har muligens meiningar om dette. Ta gjerne kontakt. 

 

Illustrasjonsfoto: ein billeg Harman Kardon HD 7400 CD-spelar, som eg fann i ein bruktbutikk. Han spelar forbausende bra, beint fram fantastisk for prisen. Eg trur eg lyt skriva om denne. Han er plassert oppå to Radionette høgtalarar, som er til sals. Begge er heile og fine, teak-modellen er strøken. Kabinetta er kring 20 liter. Berre å ringa. Vurderer også å selja JBL L 112; og hald deg fast: Yamaha NS 1000. Det er ikkje ofte. Andre ting til sals:  Ein eller begge av CD-spelarane Philips CD960 og Revox B 226 The Signature. Sjå bilete. Begge er omtala i tidlegare artiklar. Vidare sel eg to stk Cambridge Audio P 500 effektforsterkarar. 

 

Sidan dette vart både lang og litt tung lesnad, sluttar eg her, og kjem med meir lettlest stoff i desember-utgåva. Og fleire emne.     

 

 

 

Ølspalten

Dette vert eit litt forseinka framhald på jolaøl-testen eg skreiv i oktober, pluss litt til. Her tillet me oss å kritisera VB (Voss Bryggeri) sin jolaøl (både pol- og butikk-variant). Denne fekk flotte omtalar andre stader, so panelet bestemte seg for å prøva på ny. Og for ei overrasking. Denne gongen var det nesten som å drikka heimabrygg. Eit fantastisk øl. Kva har skjedd? Har ølen utvikla seg på boksen? Har dei laga to brygg, kor det siste var meir vellukka? Eg kunne ringt og sjekka, men det er seint på kveld. 

Eit par butikkøl:

Ægirs jul: Lars begeistra, var fyrste han drakk etter ein lang dag. Eg og son min Tore er meir tilbakehaldne. Grei, men anonym.

Voss Fellesbryggeri “jolagåva”: Hmmmm. Litt turr, og ikkje særleg søt. Meir som ein Pale Ale. Ikkje veldig julete. Ein god øl om dei ikkje hadde kalla han jolaøl. 

7F (7 Fjell, Bergen): James: Vassen og smaklaus, heller ikkje denne er ein typisk jolaøal. Kunne vore meir maltrik. Og søt. 

Eit par andre øl: 

ELØ: (ikkje jolaøl): Ein god pilsner, men utan tilstrekkeleg særpreg. Ein stad mellom storprodusentpilsner og mikrobryggeri. 

Lothepils: Då eg såg denne i butikken tenkte eg -å nei. Ikkje endå ein kjendis som skal lansera ein dårleg pilsner i eige namn. Det siste me treng er  endå ein pilsner! Men dette måtte eg bita i meg etter prøvesmaking: Nydeleg! Ein pilsner med smak og substans! Det er ikkje ofte. Beklagar Leif Einar. Eg undervurderte deg. Og det er Hansa som har laga han! Og teksten på boksen er på nynorsk. Fabelaktig. Men eg reagerer på ordet “maltsøtleik”. Det er eit litt oppkonstruert ord midt i mellom bokmål og nynorsk. Helst vil ein på nynorsk unngå slike substantiv, og heller skriva om  setninga (verbalisera ho). "Meir malt gjev ein søt og rund smak” er mitt forslag. Hansa burde definitivt vurdera kvaliteten på sin eigen pilsner etter dette, for denne smakar lite. 

 

Sitatet: “Le av deg sjølv før andre gjer det”. Då vil du oppleva at folk ler med deg, ikkje av deg. Moral: Ikkje ver so forbanna sjølvhøgtideleg.

 

Lest 5757 ganger Sist redigert søndag, 04 februar 2018 20:43
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler