søndag, 02 april 2017 06:17

Audioquest JitterBug - Stig Arne si dagbok februar 2017 Spesial

Skrevet av

Førre dagboksartikkel, som vart presentert i januar, var skriven ferdig alt i november, men kom av årsaker som kan henda den beste, ikkje på trykk før i januar som sagt. I denne artikkelen har eg “dyrt og heilagt” lova at eg ska skriva oftare, og det har eg tenkt å halda.

Om eg so berre skal skriva tøv for å ikkje hoppa over ein månad. Det var ein spøk. Det er eg ganske trygg på ikkje skal skje. Det ville for det fyrste vore direkte pinleg. For det andre ville det  vorte sensurert av redaktøren. Etter eit langt liv som audiofil er det alltid noko å grunna over, sjølv om ein ikkje har prøvd ut noko konkret produkt på ei stund. Her og no har eg fleire produkt på “oppvarming”, men som eg vil prøva ut grundigare før eg rapporterer. Men under vil du finna ein omtale av eit relativt nytt produkt. 

 

AudioQuest JitterBug

Hi-finews & Record Review nr. 12, Yearbook 2015, skriv om AudioQuest JitterBug at “we almost fell off the sofa hearing how it could improve clarity and focus”. Flott. Men eg tenkjer og at det skal ganske mykje til for å detta ut or sofaen. 

AudioQuest har i mange år vore kjend for kablane sine, fyrst og framst. Men sidan 2012 har dei gjort stor suksess med eit anna produkt: Dragonfly USB-dac-ane. Dei er ikkje stort større enn ein minnepinne, og med ein rimeleg pris har dei vorte særs populære (medan eg stort sett har halde meg til HRT). Men parallellt med nye og forbetra Dragonfly (Red og Black) har dei og lansert ein liten dings som ser ut som ein Dragonfly (nesten), men som er eit heilt anna produkt: Han skal redusera jitter og støy. Plugg JitterBug-en i datamaskina sin USB-port, og plugg dac-en "i rumpa” på Jitterbugen (studer biletet, så skjønar du kva eg meiner, eller sjekk Audioquest si heimeside). Kva som helst slags DAC skal visstnok kunne tena på dette; i form av betre lyd og mindre jitter. Målingar (frå ulike hifi-magasin) stadfester langt på veg dette: Med JitterBug-en i serie med signalet minkar støy og jitter. Men han skal og kunne forbetra lyden ved å stå i ein ledig USB-port (ein kan muligens hevda at han då står i parallell med signalet). Og det er denne funksjonen som interesserar meg, og som eg vil prøva ut: Korleis kan eit produkt som står i ein ledig inngong i det heile verka inn på signalet? 

 

Sjå føre deg forsterkaren din. Du har sikkert kopla til ein CD-spelar. I dei andre inngongane har du sikkert kopla til tuner og andre ting. Godtek du at desse verkar inn på lyden frå CD-spelaren? Eg er i alle fall ikkje van med å tenkja at so er tilfelle. Forsterkaren har jo ein velgjar som koplar til det eine eller andre apparatet. Ein slik velgjar finst tydelegvis i Mac-en min og, i ei eller anna form, for når eg strøymer musikk frå Spotify gjennom den USB-utgongen eg vanlegvis nyttar, kjem det lyd. Nappar eg ut pluggen og set han inn i den ledige porten, kjem det ikkje eit pip. Samanlikninga med ein forsterkar må difor vera relevant, slik eg ser det. Eg ringde Knut Øverdal, tidlegare skribentkollega og sjølvlært elektronikk-kyndig; og det er mogeleg, slik han filosoferte (utan å ha sjekka skjemaet, om slikt finst), at straumen/spenninga via JitterBug-en vert lagt til jord. Me kan med andre ord ikkje sjå vekk i frå at insektet KAN ha positive effektar, og at konstruktørane veit kva dei har gjort. Dette kan muligens samanliknast med fono-pluggar kor pluss og minus er lodda saman. I ein periode var det vanleg å plugga slike i ledige inngongar på forsterkaren. Kva effekt har det? Og kven nyttar slike pluggar i dag? Det kunne eg faktisk tenkt meg å prøva ut (endå ein gong). Men kva relevans har det? Eg har ikkje ein einaste ledig inngong på forsterkaren. Heller for få.  

 

 

 

UTPRØVING

Eg har ein MacBook Pro med to USB utgongar, so eg har høve til å freista begge alternativ: Både serie og parallell. 

Når Jitterbug-en er kopla i serie med signalet, altså i forlenginga av signalet, er det naturleg at han vil verka inn på signalet: Du har jo skote ein komponent direkte inn i signalvegen. Dette vil kunne påverka signalet positivt eller negativt. JitterBug er ein passiv komponent. Han inneheld med andre ord berre passive komponent, som spolar, kondensatorar og motstandar; lodda på printet. Han vil fungera som eit filter. Her er ingen aktive komponent, som transistorar. Han dreg difor heller ikkje straum frå USB-porten. 

Hi-finews har, etter det eg kan sjå, berre nytta JitterBug-en i serie med signalet, og rapportert om store forbetringar i lyden både i samarbeid med Audioquest Dragonfly og ein annan DAC (T+A). Stig Inge Bjørge (Lyra), hadde med både Dragonfly og JitterBug i kofferten sist han var på vitjing, for at me skulle kunne leika oss med desse. Me har ei "alternativ sanning", som det heiter i politikken etter at USA fekk ny president: I serie med Dragonfly DAC høyrde me og ei forbetring av signalet. Ikkje overraskande, sidan begge komponenta kjem frå same produsent. Dei er jo gjerne tilpassa til kvarandre. Me datt ikkje ut av sofaen, men uansett: Ei forbetring er ei forbetring. I serie med HRT HD dac, derimot, var me samde om ei forringing av signalet. Kan hende er heller ikkje det overraskande: Dersom HRT-dac-en, som er den beste og dyraste frå HRT, inneheld alle turvande komponent for å gjera ein fullgod jobb, kva er poenget med å dobla opp med ein JitterBug? Det kan vel like godt slå kontra? Merk at dette ikkje var nokon “seriøs” test; snarare ei rask gjennomlytting. Men so lenge me begge høyrde det same, set eg ein viss lit til resultatet. Svakheita med testen til hi-fi news, etter mi meining, er at dei ikkje nytta blindtest i tillegg til vanleg testprosedyre. Det hadde vore so utruleg enkelt å gjennomføra. Det trengs berre ein ekstra person (ein kamerat eller nabo, og kven har vel ikkje det) til å ta ut og inn JitterBugen, slik at lyttaren ikke veit kva tid han er i signalet eller ikkje. Ein eigen artikkel om blindtesting er i kjømda.  

 

Med JitterBugen i parallell med signalet, i ein ledig port, er me usamde. Stig Inge meiner å kunne høyra ein positiv effekt, eg høyrer ingen skilnad. Eg vil difor kalla inn til ein blindtest med naboar som hjelp. For ut i frå prinsippet om å halda anlegget so enkelt som mogeleg, vil eg unngå nye komponent utan at eg er 100% sikker på at det har ein positiv effekt. Elles vil eg ikkje ha det der. Rapport kjem.

 

SISTE:

Eg utsette ein nabo (Daniel) for blindtest. Eg utstyrte han med ein øl og plasserte han i beste lytteposisjon. Eg orienterte han om kva me skulle testa, men ikkje kva tid Bug-en var kopla til eller ikkje. Han lytta til tre melodiar, so tok eg ut bug-en (eller sette han inn) og han lytta om att til dei tre same melodiane (etter påfyll til begge). Me avslutta med å gå attende til fyrste alternativet som ein dobbeltsjekk: Altså ein A-B-A-test. Dette for å friska opp att minnet, og for å kompensera for mogeleg “tilspeling" av alle komponenta (sjølv om alt var påslått og brukt på førehand). Eg sat bak testpersonen og lytta med, og visste naturlegvis kva som spelte. Såleis er eg inhabil, men uansett samd med den “blinde": Etter ein pause og eit par rundar med seg sjølv, og ein ny øl, kjende Daniel seg relativt trygg på at han ikkje høyrde skilnad på dei ulike omgongane. Ytterlegare utprøving og utforsking vil finne stad, og vil verte rapportert seinare. 

 

ALLER SISTE:

 

Eg har og diskutert problemstillinga med den faste reparatøren min, Svein Ones, som er knytta til Hi-Fi Klubben i Bergen. Han har naturlegvis elektronikk-utdaning, og har lang røynsle som reparatør. Han er ein av dei eg alltid ringjer når eg fundarar på noko teknisk. For å gjera ei mellomlang historie kort, hadde han veldig store problem med å sjå føre seg korleis ein komponent i ein ledig USB-utgong kunne ha nokon som helst innverknad på lyden på nabo-utgongen. Og då er fylgjande konklusjon nærliggande: Kva er poenget med denne komponenten? I parallell med signalet er han mest sannsynleg utan  eller med marginal effekt. Om han forbetrar lyden frå Audioquest Dragonfly i serie med denne, kan dette tyda på at Dragonfly er mangelfullt konstruert. Kvifor kunne ikkje dei få komponenta som JitterBug inneheld, vore bygd inn i Dragonfly, slik at det ikkje var turvande med ein ekstra komponent? Og til slutt: Det er veldig lett å få ein knekk på to “stive” komponent etter kvarandre ut frå USB-porten, om du er uheldig. Utover dette må det vera opp til kvar einskilt duppeditt-elskande audiofil å gjera seg opp sine eigna konklusjonar. Sidan JitterBug-en berre kostar nokre hundrelappar er jo dette billeg moro. Eller hardt arbeid for ein audioskribent som seriøst freistar å skilja skit frå kanel.           

  

 

Ølspalten

I førre spalte skreiv eg litt om pilsner-øl, noko skvip som me drikk i sumarvarmen. Planen var å skriva om jola-ølet til desember-dagboka, og store mengder dyrt og godt øl vart kjøpt inn frå statens Vinmonopol medan medan bankkontoen gret, tom og einsam. Men som forklart i innleiinga vart dette ikkje slik, men jula varer jo som kjend heilt til Påske. Eg tenkjer du hugsar attende til dei runde, edle og velsmakande dråpane frå desember og utetter med glede. Og har du, som meg, kan hende til og med “arkivert” eit par av favorittane? 

Eg har lyst til å laga ei kort oppsummering: Takka vera gode notatar hugsar eg godt alle smakane. Jamvel utan notatar hugsar eg dei fleste. 

Som vestlending byrjar eg alltid med Hansa, det er tradisjon. Merk at eg snakkar om Pol-variantane på 6-7% viss ikkje anna er notert. Hansa Juleøl  var nydeleg “i år”, dvs i fjor. Fyldig og smaksrikt. Kan ikkje hugsa det har vore so godt. Mogleg traff eg akkurat på temperaturen (slikt godt øl skal ikkje stå i kjøleskåpet, då vert det kaldt og smaklaust. Kjellaren passar betre). Hansa Julebrygg var og god, og ikkje emmen søt slik som tidlegare. Hansa JuleAle var belgisk-inspirert overgjera, og her var det mykje smak. Nydeleg. Voss Bryggeri på Norheim “Jolabrygg” hadde eit friskt, kraftig humla men likevel balansert øl med god fylde og substans. Voss Fellesbryggeri si “Jolagåva” var litt for mykje prega av krydder. Kinn Julefred hella litt mot kaffi og stout. Venninna mi vart etter kvart litt brisen og gløymde å kjenna etter, men karakteriserte CB som god og velbalansert (han gjekk ned på høgkant). “Lakris”, sa ho om Mack God Jul, og mykje meir, no var ho endå meir brisen. “-Kan godt drikka ein slik til”. Det var konklusjonen. 

Nøgne Ø God Jul smakte litt mykje av kaffi og stout. Varianten "Christmas Holiday Ale" vørde eg ikkje. Eg drikk ikkje norsk jolaøl med engelsk tekst. Der går grensa. Litt gamaldags og gretten må ein få lov til å vera. 

 

 

Vinnarane, i år som i fjor, av dei typane du får tak i “over alt": Aass og Ringnes. Nydelege jolaøl i god norsk tradisjon, maltrike og søte med balanserte smakar, utan tilsette krydder og jåleri. Eg prøver elles å venja meg av med å utnemna vinnarar og taparar. Det er litt destruktivt, og dessutan uvitskapleg. Øl er ei smakssak. 

 

Stundom kan du ynskja ein meir leskande øl med litt mindre smak, og då kan butikk-variantane (maks 4,7%) vera gode nok. Og dessutan billegare. Då varierte eg stort sett mellom Tuborg og Ringnes (som den billegaste), som du fekk tak i stort sett over alt; og andre om eg fann dei, som Frydenlund og Nøgne Ø. Denne siste drikk eg akkurat no, og vert forbausa over ein “kraftig smak" som nesten tevlar med Pol-variantane. Hansa hadde litt for lite smak, det same galdt Dahls. Det vart nesten som å drikka Pilsner. Polvarianten til Dahls fann eg ikkje på Voss denne jula, og i Bergen var han utseld. Synd. Han brukar vera mild men særs aromatisk. Litt som når ei nydeleg dame med ein perfekt tilpassa parfyme går opp i ei høgare eining.    

 

 

Lest 7251 ganger Sist redigert søndag, 02 april 2017 06:30
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler