lørdag juni 23 , 2018
fredag, 02 januar 2015 23:16

Fokus eller ingenting! – Stig Arne si dagbok desember 2014

Skrevet av

Kva er eigentleg rett avstand mellom høgtalarane? 
”Fokus” er eit omgrep eg normalt avskyr. Det er så mykje nytta på kurs og konferansar at eg nesten spyr av det. Og sidan eg jobbar i det offentlege, har eg fått min del av idiotiske moteord. Men på det eg skal skriva om i dag, er det faktisk dekkjande. 

Avstanden frå høgtalarane til bakvegg er mykje omtala. Avstandane sidevegs er det mindre snakk om, og her har eg nyleg gjort erfaringar som eg brenn etter å fortelja om. Det seier nesten seg sjølv at høgtalarplassering er viktig. Kan hende ein av dei viktigaste einskiltfaktorane for god lyd i stova. Og det har alltid oppteke meg. Eg hugsar at eg i ei leilegheit i Bergen drog Quad-ane fram og attende på golvet, til eg var nøgd. Dette var dei gode gamle Quad ESL -57; ei gong på 80-talet. Eg brukte ikkje måleband, berre øyrene. Stova hadde to seksjonar, eg hadde den eine for meg sjølv, og kunne plassera høgtalarane som eg ville. For ein luksus!

Seinare lærte eg at det fanst reglar for plassering, eg vart kjend med den såkalla ”oddetalsregelen”, kor du plasserer høgtalarane 1/3, 1/5, eller 1/7 osb. frå bakvegg. Altså om rommet ditt er 6 meter langt, er ideell plassering 2 meter frå bakvegg. Det tilsvarar ein tredjedel. Eg rekna ut og målte frå bakvegg og fram til Quadane, og hadde bomma med berre nokre cm på ein tredjedel. Etter dette har eg helde meg til denne regelen, han funkar fint for meg. Den teoretiske bakgrunnen er at høgtalarane bør plasserast der kor det er minst mogeleg resonansar i rommet (sokalla ”ståande bylgjer”). I tillegg kjem at ein plassering godt ute i rommet gjev ein romleg og levande lyd, og ein heilt annan ”atmosfære” enn om du klemmer høgtalarane inn til bakveggen. Og det var faktisk dette eg lytta mest etter, sidan eg alltid har vore ein ”sjåande” lyttar. Eg ”ser” stereoperspektivet. Ein kan spørja seg om eg ikkje heller skulle kjøpt eit heimekino-anlegg!

Etter å ha snakka litt med kollegaskribent Arve, presiserar me: Oddetalsregelen gjeld og avstanden frå sideveggane. Unngå same avstand frå bakvegg som frå sidevegg. Og merk at eg alltid - no til dags i alle fall - plasserer høgtalarane peikande rett fram. Om du har diskantelement med snever spreiing, eller andre høgtalarar med særskilte krav eller eigenskapar, kan det vera ynskjeleg å vinkla høgtalarane inn. Då vil du kanhenda føretrekkja andre plasseringar? 

Men no: Breidd!

Avstanden MELLOM høgtalarane har eg praktisk tala aldri eksperimentert med. Eg har berre plassert dei slik det var praktisk, ein skal trass i alt bu i stova og. Eg har berre sett dei der det såg ”fornuftig” ut. Men i den stova eg bur i no, har eg måtta byrja heilt på ny. Ei lang og smal stove, ”ferdigmøblert” med peis, trappper og salong, har gjort at eg ikkje kan plassera høgtalarane der eg normalt ville ha gjort, altså på dei vanlege matematisk utrekna plassane. Det passar ikkje. Eg har måtta lytta meg fram til brukandes plasseringar. Akkurat som i gamle dagar. Avstanden til bakvegg gjekk relativt greit. Eg fann til slutt ei plassering eg kunne leva med. Avstanden til sideveggane er eit heilt anna problem: Peisen på høgre sida pressar høgre høgtalar ut i rommet, slik at høgtalarane står usymmetrisk (dersom eg set venstre høgtalar ute av vegen til venstre). Dette er eg ikkje heilt komfortabel med, sidan eg har erfart tidlegare at høgtalarane bør stå symmetrisk i rommet, elles vert lydbiletet vagt og upresist. For å oppnå symmetri, har eg altså berre eitt val: Å trekkja venstre høgtalaren ut i rommet mot den høgre. Resultatet ser du på dei to bileta til artikkelen: Den venstre høgtalaren er ulikt plassert. På det eine biletet står han lenger ute til venstre, slik han brukte stå. På det andre biletet står dei tettare saman, slik dei gjer no. Det er ikkje så mange centimetrane (14), men det har ein forbausande effekt.

 

Solid!

Stereo tyder pussig nok ikkje to kanalar, men solid (på gresk, presiserer kollegaskribent Miriam. På latin tyder det tosidig). Og det er det som skjer når eg plasserer høgtalarane så tett saman som på det eine biletet. Dette var ei veldig uvant oppleving, for eg har aldri hatt høgtalarane så tett saman. Det såg veldig uvant ut og, så det tok lang tid å venje seg til det. Men med denne plasseringa skjer det noko nesten magisk: Musikken får substans, og ein heilt annan soliditet. Stemmer og instrument i sentrum av lydbiletet får brått større tyngd og kraft, alt vert tydelegare, og perspektivet har  fått fokus. Det er skarpstilt. Ti cm ut, og alt er øydelagd. Då vert perspektivet vagt att, lyden misser fokus og interesse. Du vil ikkje tru kor mange gonger eg har prøvd. Flytte ut, lytta. Flytte inn, lytta. Eg gløymer ikkje den kvelden dette vart veldig klart: Eg hadde ”Lars” på vitjing, me drakk øl og spelte jazz. Eg sa til han: Lytt nøye no, og sei STOGG når du er nøgd. Så la eg meg ned på golvet og drog venstre høgtalar sakte inn mot høgre; medan musikken dundra. -DER! Sa han. -Der er det perfekt! Han veivar med armane i begeistring. Eg flyttar høgtalaren ut att; ingen reaksjon. Så dreg eg han inn att, og på nøyaktig same posisjon som sist bryt han atter ut: -DER! Der er det perfekt! I dagane etter eksperimenterte eg vidare, for om mogeleg å kunne stadfeste resultatet, og eg er ikkje i tvil: Lars traff  på centimeteren. Men merk at eg ikkje hevdar at dette er det rette i alle samanhengar. Det passar i mi stove akkurat no, men stova di kan ha heilt andre eigenskapar, og dette kan gje andre resultat. Det er litt som å finna mandelen i grauten, dette. Det finst vel eigentleg ikkje ålment godkjende reglar for det. Og det kan vera eg hadde opplevd andre resultat om eg kunne flytta BEGGE høgtalarane lenger ut til sidene. Men peisen står som sagt i vegen, og det er ikkje noko du berre kan saga av. Eg vil berre at du skal eksperimentera!

 

Nye lyttevanar

Eg har tradisjonelt plassert høgtalarane relativt breitt, og hatt lyttestolen ganske nær høgtalarane. Eg har lytta i ”nærfelt”, som det heiter, det tyder m.a. at du får mest mogleg direktelyd, og lite refleksjonar frå veggane. Ein slik ”trekant-oppstilling” er ofte tilrådd i høgtalarprodusentane sine bruksrettleiingar, men har og ulemper: Du sit ganske langt utanfor høgtalar-aksen, og får difor ein ujamn frekvensgang med lite diskant. Og du får eit ”førsterad”-perspektiv på lyden, med mykje detaljar og lite rom. Du har sikkert opplevd dette på konsert: Sit du langt framme og tett på musikarane får du alle detaljane, men mindre av rommet og atmosfæren. På ”Presseplass” har eg ofte opplevd dette. Bileta vert gode, men lyden dårleg. Eg føretrekkjer litt meir distanse og rom, og dette opplever du betre lenger bak. Eg er storveges nøgd med den ”nye” lyden min, og har etterkvart vendt meg til å ha høgtalarane så ”trongt” plassert. Det har og ført til nye lyttevanar: Sidan eg no har, (meiner eg sjølv iallfall), eit mykje betre og meir presist stereoperspektiv, nyt eg dette i fulle drag ved å sitja lenger bak i stova. Eg får difor eit djupare perspektiv med meir atmosfære. Og som ein ekstra bonus lyttar eg meir direkte på høgtalaren sin akse, og får ein rettare frekvensgang. Dette har igjen ført til ei anna oppdaging: At det er stor skilnad på gode og middelmådige forsterkarar. Dette ligg i hovudsak på to plan: Kor mykje av atmosfæren i opptaket forsterkaren maktar å formidla, og om lyden er mild og musikalsk, eller hard og unaturleg. Om dette vil eg straks koma attende, i ein eigen artikkel om emnet.

 

 

 

Lest 3382 ganger Sist redigert lørdag, 03 januar 2015 06:15
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen