lørdag juni 23 , 2018
onsdag, 24 september 2014 16:34

IMF Reference Monitor - frå Stig Arne si dagbok september 2014

Skrevet av

Lyst på ein STOOOOR høgtalar?

Ein kompis av meg driv med sal av inventar på fritida, dødsbu og kva det skal vera, som ein hobby. Eg kjøpte hagemøblar av han i vår, og det kom godt med då eg hadde jobben på vitjing i sumar.

Men då han ringde og fortalde at ein kjenning av han hadde eit par IMF Reference Monitor eg kunne få kjøpa, brusa blodet litt kraftigare. Dette er ein svær, ”sagnomsust” høgtalar, og visstnok ein av Martin Colloms sine refaransar (M C er ein kjend skribent i Hi Fi News & RR, mellom andre). Tenk å få eit par slike til ”dødsbu-prisar”! Det synte seg at eigaren på ingen måte var død, han ville til og med ha betaling. Kr 10.000. Noko som er nær ingenting med tanke på kva desse kosta i si tid. Eller kva dei ville ha kosta i dag. Det var berre med eit nødrop at eg klarte å bera eller flytta på dei. Og dei var praktisk tala strokne. For fleire detaljar er det lika greitt at du googlar dei, så slepp eg å ramse opp allslags tekniske detaljar som ein likevel kan lesa på nettet.

Klassisk "race-track" 12" basselement frå Kef

IMF Reference Monitor

Det er svære flotte høgtalarar dette, men korleis ville dei ta seg ut i stova mi? Ville eg i det heile få plass til dei? Neppe. Eg har ei stor stove, men ho er smal, og desse høgtalarane er breie. Men, eg kunne ikkje seia nei. Når får du prøve eit slikt høgtalarsett neste gong? Når du er 90? Nei, her var det berre å slå til, og avtala transport. Eg skulle få prøva dei utan vilkår. 

Dei som gjesta Audioscan i si tid, før dei endra namn til Hi Fi Klubben, veit godt kva høgtalar IMF TLS-80 var. Dette var ein populær høgtalar hjå Audioscan, og det er mogeleg dei selde mange av han. I alle fall var det mykje snakk om han. Han var tungdriven som berre juling, og forsterkarar frå Accuphase vart rådd til som kraftfullt fylgje. Reference Monitor er storebror til denne alt store høgtalaren, Og største i serien. Dei eg aldri har sett i levande livet, berre lese om. Med store auge.

Høgtalarane vart kopla opp, og eg byrja å spele musikk, dels frå CD, og dels frå radio. For ein gongs skuld hadde eg djuuup bass, og det er herleg. Det var ikkje noko rocke-bass, dette, likevel, eg tykte han var noko slapp og seig. Men resultatet kunne godt vore noko heilt anna om eg hadde nytta ein kraftigare forsterkar. Eg brukte Nad 3020. Og no kan du godt le. For denne forsterkaren yter 20 watt, medan høgtalaren, som jobbar etter transmisjonsline-prinsippet, er kjend for å vera notorisk tungdriven. På den andre sida er Nad-en kjend for å kunne driva kva som helst (berre ikkje høgt). Så eg godtok at eg måtte halda meg på eit nabovenleg volum. Eg er dessutan av den oppfatning at høgtalarar som ikkje let seg driva av ein Nad 3020 ikkje er interesanne. Og der tenkjer eg kollegaskribent Arve Åheim vakna, han har høgtalarar som er så tungdrivne at han må ha eit lite atomkraftverk for å driva dei. Og det er sjølvsagt heilt greitt, det er valet hans. Men eg er for tida audiophile sin kontainer-nisse, og jobbar eg etter filosofien om at eit stereoanlegget skal vera enkelt og rimeleg.

 

Denne lille fulltonehøgtalaren fekk tena som

 

Vanskeleg å summera

Det er ein vanskeleg høgtalar å summera opp, dette. På mange måtar spelte dei stort og imponerande, med god frekvenslinearitet, eit djupt og detaljert lydbilete, og ein god samanheng i lyden; som er litt av ein bragd med tanke på alle elementa, og eit tilsvarande kompisert delefilter. Men på einskilde melodiar var resultatet likevel ikkje perfekt. Av og til likte eg ikkje lyden frå mellomtone-elementet, herrestemmer kunne verta grove og unyanserte. Og her var rikeleg med djup bass, men mindre mellombass, og ingen bass som slo deg i magen eller overraska med hurtigheit. Men som sagt, det kunne fort ha endra seg med ein kraftigare forsterkar, men eg hadde ingen slike til rådvelde der og då, og ikkje gadd eg reisa på bygda for å låna nokon heller. For det kunne jo enda opp med ein forsterkar som kunne spela høgt, men ikkje godt, og som attpå til ikkje passa til  høgtalarane. Og det hadde jo ikkje vore noko betre det. Høgtalarane er dessutan såpass breie at dei nesten sperrar for sitt eige stereoperspektiv, som dimed og varierte frå melodi til melodi. Men ei breiare stove hadde nok løyst noko at dette problemet.

 

David mot Goliat

Etter å ha spelt på høgtalarane kring ein veke kjende eg trong for å samanlikna dei med ein eller annan ”referanse”, og gjekk til den rake motsetnaden, ein verkeleg liten fulltonehøgtalar av eit fabrikat som eg ikkje einkong kunne tyde ut i frå emblemet på grillen. Eg tippar innmaten var ein sokalla ”TV-høgtalar”, og slike enkle og rimeleg høgtalarar fylgde med dei billegaste stereoanlegga.

Men dei treng ikkje vera dårlege av den grunn. Dei kan ikkje spela høgt, men har ofte ein forbausande god mellomtone, nettopp avdi det er ein fulltone, utan delefilter. Det er jo i realiteten ein litt stor mellomtone, slik at ein fekk med litt bass og, så det er ikkje rart mellomtonen er god. Og dette torer eg nesten ikkje å seia, men ein kamerat som var innom føretrekte faktisk lyden frå denne vesle ”TV-høgtalaren”, som naturleg nok hadde ein meir samanhengande lyd, og til og med ein viss sprett i bassen. Men i det lange løp høyrer dei nok meir heime i snikkarbua eller i garasjen. 

Det enda med at eg leverte dei attende. Ikkje avdi eg ikkje likte dei, og ikkje på grunn av at eg føretrekte ”TV-høgtalarane”, men eg hadde ikkje plass, og dei skugga for sola. Og eigaren var ein hyggeleg mann som ikkje vart det minste sur over å få dei attende. Og ikkje veit eg om han no har fått selt dei (dette var eigentleg dagboka for april eller mai!), det seier historia ingenting om, som det heiter.

Men det var eit hyggeleg kjennskap, og eg takkar dei involverte så mykje for lånet.

 

Ein IMF Reference Monitor fyller godt opp i stova

 

 

Lest 3036 ganger Sist redigert onsdag, 24 september 2014 16:56
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen