fredag, 09 mai 2014 05:13

For god til å Gløyma? - Stig Arne si dagbok frå Mars 14

Skrevet av

Denne spalten heitte opprinneleg ”Gamalt – men godt?” og det var ein vignett som eg tykte var så god at eg var førebudd på å bruka han no og til verdas ende. Men neidå. På eit redaksjonsmøte langt ute i havgapet (Øygarden) vart det bestemt at spalten skulle heita det du no ser som overskrift. Som den demokratisk innstilte personen eg er, er dette no namnet. Men blid er eg ikkje.

Les meir:

 

 


Tannoy mercury m2

Ok, nok tull og tøys. Dette er seriøst folkens, no skal eg skriva om to par høgtalarar, og det eine paret er godt nok til at det er det paret eg lyttar til her og no. Og det er ikkje berre fordi eg ikkje har gidda å kopla dei ned att og kopla opp noko anstendigt, men fordi dei er forbaska gode. Men lat meg byrja med Tannoy m2.



Arild Wærness er med og driv ein etterkvart vidgjeten kafe i Bergen (BarBarista i Øvregaten). Men starten var annleis i eit heller lite lokale. Der fekk han noko gamal – eller retro- hifi av meg slik at han kunne koma i gang med litt musikk for gjestene; han har ei fortid som DJ mellom anna. Med større lokale og nye krav har han kjøpt ein del nye ting og parkert ein del anna, og ein kveld stakk han innom meg med bagasjerommet fullt av meir eller mindre fungerande hifi, som han lurte på om eg ville ha. Eg seier jo ikkje nei til slikt. Hifi er jo hobbyen min, ingenting er for billeg og ingenting for dårleg, og virkar det ikkje ska da vølast. Og så skal det testast. Om ”test” er litt pretensiøst, kan me godt seie ”prøvast ut”. Eg tenkjer at det er atskillig meir dekkjande for det me amatørar driv med. Og om du ikkje fekk med deg at dette var eit spark til einskilte sjølvutnemnde ”guruar”, fekk du det no svart på kvitt. Og for all del, det inkluderer meg sjølv og. Eg har vel aldri eigentleg ”testa” noko som helst,  det trur eg er klokt å innsjå når det einaste måleutstyret du har er ein meterstokk. Vent litt, det er ein to-meter, men det er likevel eit stykke unna eit målelaboratorium.

Men Tannoyane funka perfekt, så eg anar eigentleg ikkje kvifor desse ikkje er i bruk. Dei vart muligens for små. Men eg er ikkje så dum at eg har tenkt å spørja. Eg vil jo ha dei. Eg har sjekka dei og vaska over dei, og det einaste som var gale var at den eine grillen var montert opp ned, slik at den tversgåande ribba mellom bass og diskant trefte rett over bassen, og det vil naturlegvis føre til at bassen ikkje lear seg slik han skal.

Tannoy er ein tradisjonsrik og vidgjeten produsent av høgtalarar, men det er ikkje først og framst den teknologien som sit i denne ”billegserien” mercury dei er kjende for. Dei er kjende for svære høgtalarar med koaksialelement, kor diskantelementet er montert i midten av sjølve basselementet. Desse er ettertrakta og vert selde over heile verda, både nye og brukte. Men du skal ha plass til dei, og pengar. Difor har dei alltid hatt billegare seriar til ”vanlege” folk med mindre pengar og plass. Eksisterande serie heiter V, og kva ser eg ikkje når eg er innom Audiophile.no som snarast for å sjekka kva som har hendt sidan sist? Jau, web-redaktør Karl Erik sin test av Tannoy V1. Ikkje nok med det, han har kunna samanlikna denne med eit gamalt sett m2, som han har på soverommet. Akkurat same modell som eg her talar om. Eller omtalar. Og Karl Erik kan melda at den nye V1 er ein god del meir raffinert enn m2. Og det trur eg på. For m2 er ein god høgtalar, men ikkje perfekt.

Tannoy har store ressursar til rådvelde, og det synar att i m2. Bassen, for å byrja på bånn, er både stram, utstrekt og rytmisk, og ganske oppløyst. Lydbiletet er svært samanhengande, truleg takka eit godt utvikla delefilter. Men det tyder ikkje at frekvensgangen er perfekt. Eg har aldri sett ein presentasjon av frekvenskurva, men ho er nok litt opp og ned, og at høgtalaren er noko på den ljose sida, totalt sett. Det er greitt. Men det som for min del dreg ned, er ein litt turr og matt mellomtone, og eit lydbilete som ikkje opnar heilt opp. Så tusenkronersspørsmålet er: Kan eg byggja eit verkeleg godt billeg-anlegg kring desse høgtalarane? Vert dei ståande? Svaret er diverre nei. Den litt sandpapir-aktige mellomtonen, som indikerer forvrenging frå eit av elementa, eller noko anna eg ikkje kan vita, gjer at eg ikkje når heilt fram til scenen. Eg har ikkje kjensla av å vera på konsert – eller i studio – med andre enn dei aller beste opptaka. Muligens vil ei plassering nærare bakvegg – slik dei aller fleste plasserer høgtalarane sine – jamne ut frekvensgongen og skapa ein betre illusjon av konserten. Ein brukbar høgtalar, bevares, men ikkje god nok for ein som er meir enn vanleg interessert. Eg trur ikkje denne modellen ligg an til å verta samleobjekt eller geniforklara på nokon måte. Den posisjonen har andre Tannoy-modellar.

 



B&W DM110

Eg har eit lite hefte kalla ”Hi-Fi that rocked the world, the 50 greatest components of all time”, som fylgde med eit nummer av HI-FI CHOICE. Utvalet er noko prega av at dette er eit engelsk magasin, men likevel, det er forvitneleg lesnad. På det lokale returpunktet for elektronikk finn eg ein dag ein høgtalar som ser kjent ut, har eg ikkje lese noko om denne før? Eg leiter febrilsk etter den andre, men finn diverre berre denne eine. Heime sjekkar eg opp litt og finn at det er akkurat den høgtalaren eg har sett omtalt i heftet, som objekt nr 25: B&W DM110, frå -83, og omtalen er slik, kort fortalt: ”Løyndomen bak ein suksessfull høgtalar er i hovudsak ein god balanse mellom dei ulike delane, og med denne modellen har B&W oppnådd nettopp dette”. Etterfylgjaren er 600-serien. DM110 er, akkurat som med Tannoy, ein ”billegserie” med vinylkledd kabinett.

Eg trur ikkje på lagnaden, men han er grei å ty til når planlegginga har svikta, las eg ein stad. Her har eg ikkje planlagt noko som helst, men kva finn eg på FINN same kvelden? Eit sett DM110. Eg sender straks ein e-post og ikkje lenge etter er høgtalarane mine. Den eine er stort sett i perfekt stand, medan den andre har fått skader i hjørna og er mindre pen. Eg har etter kvart fått ganske god røynsle med å fiksa opp brukt hi-fi, og med Elasticon wood filler (Mahogny) ser det ganske bra ut, og høgtalarane kjem etter kvart opp på stativet.

Det første som overraskar meg er kor mykje meir ein 8-tommar, slik som sit i denne, klarar enn ein 6-tommar, slik som sit i t.d. Tannoy. Bassen er mykje ”større”, han har meir vekt, verkar jamnare, går djupare og kan spelar høgare enn 6-tommarar. Det vert vanskeleg å gå attende til 6-tommarar etter dette. Då vert det mykje meir ”reiseradiolyd” i motsetnad til skikkeleg hifi. Eg konstaterer vidare, gjennom speling dei fylgjande kveldane, at frekvensgangen neppe er perfekt, men rimeleg jamn alt i alt. Og at grillen bør vera på, elles er det ein del av mellomtonen som stikk seg ut. Grillen dempar dette, men slører diskantområde lite, heldigvis; eit vanleg problem med mange grillar.

 


Men det beste kjem her: Ein kveld eg har tid til å høyra skikkeleg etter, høyrer eg at desse høgtalarane er verkeleg opne. Uansett om eg høyrer på radio, eller spelar CD-plater, det er som å vera til stades. Det er veldig lite her som slører lyden, som legg seg mellom meg og musikken. Dette er eit veldig bra resultat, særskilt med tanke på prisen. Det er tydelegvis ein eigenskap som ikkje har så mykje med prisen å gjera, sidan ein enkel høgtalar ofte klarar dette betre enn ein større og meir komplisert. Det er heldigvis ikkje ALT som er betre sjølv om det er større og dyrare.

 

Eg stiller same spørsmålet: Kan desse høgtalarane gjera nytte i eit best mogeleg billeg-anlegg? Vert dei ståande? Svaret er eit rungande JA. Dette er eit av dei beste kjøpa eg har gjort. Med desse høgtalarane er eg på konsert.



Lest 6552 ganger Sist redigert fredag, 09 mai 2014 07:20
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.