søndag, 15 mai 2011 14:03

Skogrand - ny, norsk produsent av høgtalarkabel

Skrevet av

Skogrand SC Air - Solid Core referanse høyttalerkabler

Det har vore ein del ordveksling rundt ein ny aktør som prøver seg i kabelbransjen.  I staden for å krangle, var eg om meg, tok kontakt, og fekk tilsendt eit dobbelt sett på to meter til utprøving.

Les meir:

http://www.hifisentralen.no/forum/index.php/topic,57079.0.html

Høgtalarkablar er eit interessant felt, men mitt inntrykk er at det er mange som leikar seg i skjeringspunktet mellom reelle lydmessige skilnadar og subjektive, placeboaktige opplevingar som ligg meir inne i hjernen enn i det vi eigentleg sansar. For fleire år sidan prøvde eg meg på ein samanliknande kabeltest, med så få variablar som mogleg, men det tok heilt knekken på meg. Importørane signaliserte at kablane ikkje berre skulle spelast inn, men at dei også skulle vere oppkopla nokre dagar før seriøs lytting kunne gjennomførast. Når du så har fire –fem ulike kabelsett, går det veldig fort å miste oversikta, og eg brukte over eit halvt år på å få skrive artikkelen. Eg fekk skrekken, og har vore ganske tilbaketrukken i debattane som har rasa rundt dette.

Men så er det slik at nye, norske aktørar på hifimarknaden må få ein sjanse. Og her er eit ganske greitt produkt, ein høgtalarkabel der massive koparleiarar ligg inne i ei strømpe av teflon, med skikkeleg solide terminalar. Enkelt og greitt, og kanskje akkurat det som skal til for å få god lyd?

Kablane kom i ei solid transportkasse med skikkeleg polstring, slik at ein kan vere sikker på at ingenting kan skje med terminering eller kablar under transport. Ei DIGER t-skjorte med Skogrand-Logo var også vedlagt, utan at denne har vorte sett på som testobjekt (vel kan det tenkjast at eg har lagt på meg dei siste åra, men trøya var rett og slett for stor…)

Kvelden før fjerna eg mine referansekablar, rimelege modellar frå Synergistic Research, og erstatta dei med Skogrand SC Air. Dette gjekk ganske greitt, men kablane var svært stive. Eg måtte vere ganske forsiktig så eg ikkje bøygde koparen unødig, eller utsette termineringane for påkjenningar dei ikkje tålte.
Kablane var altså blodferske, og eg sette på anlegget kvelden før mi faste kritiske lytteøkt laurdag, og spelte ganske lavt nokre minutt. Fyrsteinntrykket var veldig lovande, med tydeleg tendens til forbetringar i bassen. Men ting måtte få gå seg til, og eg tok sjansen på å la anlegget stå på natta over med musikk på.
Neste morgon var forventningane klare, og den kritiske lyttinga tok til.  Eg spelte nokre innleiande rundar med vinyl, og oppfatta at her faktisk var skilnad. Og med dei nye høgtalarane var det lett å detektere dei også, sjølv om mbl 101Emk2 har eit stykke att før dei er skikkeleg innspelte.

 

Fyrste lyttedag:
Etter å ha spelt litt forsiktig i starten hadde eg danna meg eit inntrykk av at bassen var veldig kontakt og veldig presis. Ei tørr bassattgjeving, veldig tørr, med massevis av detaljar, og tydeleg teikning av korleis bassgitaristane oppførte seg på dei ulike opptaka. Men denne tørre tendensen gjorde seg gjeldande også elles i frekvensane oppover. Tendensen vart ekstremt tydeleg når eg tok til å skru opp volumet, og til sist vart det noko slitsamt. No spelar eg normalt ikkje så veldig høgt. Konsentrasjonen er betre når eg ikkje overdriv, men i dag vart det litt høgt. Dynamikknyansar var lette å høyre, og når det gjeld diskant var det moro ei stund, heilt til eg faktisk kjende meg stressa av attgjevinga. Så eg dempa lydstyrken og heldt meg til normale lydtrykk. Likevel var diskanten ikkje optimal. Kva var dette? Er kablane såpass spesielle lydmessig? Eller er mbl 101E2 så langt unna ferdig innspelingstid at det dukkar opp markante endringar? Eg har tidlegare sansa at toppoktavane ikkje på langt nær er stabile, sjølv om dei har vore bra no ei stund. Det kan tenkjast at det kom eit ”ras” av endringar då eg drog på litt. Så skifta eg frå vinyl til Spotify Premium via Sonos. Dette er kanskje fy-fy, ettersom eg får litt loudness og komprimering, og mister ein del detaljar samanlikna med "ekte" innspelingar, men no ville eg prøve mykje musikk fort, og då er Spotify konge.
Eg spelte ei runde med Randy Newman (Dixie Flyer, Falling In Love, It’s money that I love, Short People,) Billy Joel (Scenes from an Italian restaurant, Just the way you are, Only the good die young, My Life, og til sist You may be right) og likte ikkje det eg høyrde. Veldig tydeleg piano, tendens til å vere superanalytisk, og til tider kunne det nesten verke som mikrofonane låg inne i pianoet under opptaket. Var dette kablane si skuld? Eller høgtalarane? Kanskje Copland CTA 520 er ekstra stressa med kablar og så tungdrivne høgtalarar?

Dette måtte undersøkjast nærare, og no var eg mest motivert for å høyre kva som skjedde når lydtrykket aukar og det hardnast til i musikkvalet. Eg plukka ”Get the Party Started” med Pink, Bon Jovi “Living on a Prayer”, Steve Winwood; “Valerie”, og Shanaya Twain “Still the one”. Det var blanda drops, ikkje berre musikalsk, men også når det gjeld kor god musikkformidlinga var.

Erikah Badu: “Baduism” var ekstra imponerande, sjølv om resonansane frå ymse gjenstandar i og utanfor stova tok til å danse med. Men her var iallfall Skogrand-kablane eintydig positive, og til god hjelp for å skape betre lyd.

No gjekk eg attende til mine referansekablar, og prøvde dei. Ganske rett, den tørre attgjevinga vart meir normal, og - skal vi kalle det "harmonisk"? Men eg miste også den gode attgjevinga av ”Baduism”. Det var tydelegvis ikkje så mykje effektforsterkar og høgtalar som stod for endringane, høgtalarkablane har ein god del av æra (eller skal vi seie skulda) for totalen.
Eg vart trøytt i øyra relativt tidleg, endå lydtrykket ikkje gjekk høgre enn det som eg for skams skuld måtte opp i når det skulle spelast rølpemusikk. Så venta eg til neste morgon for å lytte meir kritisk, medan anlegget vart sett over på Popquiz og andre radiooppgåver.

Andre lyttedag
Little Feat ”Two Trains” på livealbumet let heilt fantastisk. Det klarast opp i eit etter måten ganske komplekst og til tider rotete lydbilde, og best av alt, bassen markerast så tørt og presist at det er råd å høyre detaljane som gjev oss heile musikkinntrykket. Veldig ofte, særleg på anlegg der det skal spelast djup bass og kompromissast, greier ikkje eit anlegg å formidle dette. Og det må innrømmast at sjølv om mine meir audmjuke Synergistic Research ikkje gjorde nokon dårleg jobb, er dette langt betre. Og nettopp på dette albumet ”Live from Neon Park” kjem Skogrand-kablane til sin rett. Det er som bandet har fått ryddehjelp. Og ”Hates to loose” har aldri gjeve meg større opplevingar enn det eg får ut av dette no. Toppen av kransekaka er likevel nummeret ”Dixie Chicken”, der to slidegitarar saman med rølpe-piano hausar seg opp. Høgdepunkta kjem tett når halvville publikummarar høglydt går av skaftet på same tid, og eit par trompetar også vil vere med, slik at det totale kaos i lydbildet er farleg nær, men utfordringa har eg aldri fått betre servert.

Erykah Badu ”Baduism” fekk seg ein omgang til, no frå CD. Det er tydeleg at musikken tener også no på oppryddinga i bassen. Her slepp trykket godt gjennom utan bremse av noko slag, men strammast opp til same imponerande djupbassen vi er kjende med, berre på ein meir kledeleg måte.

Det ser ut som denne oppklaringa kan vere eit pluss der lydbildet er rotete, og eg sette på ein del av ungdomsmusikken min. Bad Company var ikkje så tente med dette, medan Blood, Sweat and Tears kunne nytast i detaljrikdomen, og det umiddelbare og ekte i vokalattgjevinga. Eg har sans for tromboneklang, og den kjem no gjennom, både her og på andre opptak. Eg gjekk gjennom ymse rockemusikk med ein viss kompleksitet, og må seie at det er flott å få rydda i bassområdet og ein del oppover, men at det til tider ikkje er rette kabelvalet. Mi subjektive oppleving av Moody Blues, Creecence, Procol Harum og andre band frå denne epoken på ulike måtar ikkje fungerer i anlegget mitt no når Skogrand-høgtalarkablane er inne. Og om du spelar moderne opptak som er komprimerte, vil du tydeleg registrere at dynamikken er kappa ned. Glatt nok, men irriterande lett å legge merke til med godt utstyr.

Det ser ut som tendensen er at dynamisk, bassrik og kompleks musikk der elektriske instrument dominerer, er favorittmaten. Men også dei aller øvste overtonane er sterkt fokuserte, og om du spelar musikk med nærfeltsopptak av spesielt damestemmer (døme: Haugtussa med Lynni Treekrem) vert det heile noko anstrengt. Det er eg ikkje fornøgd med. Bassen derimot, må seiast å vere ganske så fullkomen. Same fenomenet gjer seg gjeldande på Yello ”The Eye”. Bassen i storform, men for anstrengande og overfokusert i den aller øvste toppdiskanten.

Usikker i vurderingsarbeidet
Kabelarbeid er veldig konsentrasjonskrevjande, og det er som sagt større utslag ved å skifte til dømes høgtalarar enn kablane deira. Vi snakkar om nyansar, i seg sjølve er dei små, men i eit gjeve oppsett kan dei vere viktige. Dess mindre skilnadar (og dess dyrare testobjekt) som skal omtalast og vurderast, stig kravet om å vere sikker på at ein har høyrt rett. Det er mange placeboliknande faktorar som spelar inn. Eg hadde fått mykje å tenkje på etter andre lyttedag.

For å utforske om mi lange tilvenningstid på Synergistic Research hadde vorte vanedannande, og såleis gjorde meg ”fartsblind” med tanke på Skogrand sine kvalitetar, lot eg Skogrand vere fast oppkopla i anlegget nokre veker, der eg var opptatt i helgane, og berre lytta seriøst innimellom andre gjeremål. Eg er veldig nøye med å "kalibrere" meg når eg skal vere presis, og lyttar berre seriøst laurdag og sundags morgon. elles går det mykje i Spotify og radio for tida. Og for innspelinga av høgtalarane sin del, står dette på dag og natt, med ganske høgt volum dei timane vi er på jobb (for ikkje å nemne då eg var på The Wall-konsert, og helga etter, då vi var bortreiste i konfirmasjon. Mykje hadde skjedd med høgtalarane i denne tida)

Så vart det mindre helgestyr, og dei vanlege testrutinene kunne ta til på ny. Min vanlege testlaurdagsmorgon gjekk med Skogrand som einaste høgtalarkabel, medan eg spelte musikk og prøvde ut nokre andre produkt. Fokuset var på endringar i høgtalarane etter nokre hundre timars innspelingstid, men eg meinte at lydmessige endringar som kan vere kabelrelaterte, hadde vorte "hyggjelegare" å lytte til - altså hadde eg vore gjennom ei slags tilvenning, som vi kunne vente. Alt dette førte meg fram mot siste test-søndagsmorgon, då Synergistic igjen skulle inn for siste samanlikning.

 

Det vart spelt gjennom ein del musikk ganske raskt tidleg på morgonen med Skogrand i anlegget. Eg passa på at musikalske repertoaret som vart brukt var sterkt varierande, og hadde også A/B utprøvingar mellom vinyl, CD og Sonos/Spotify. Så skifta eg til Synergistic, og gjentok musikkutvalet slavisk. Det synte seg at inntrykka frå dei tidlegare utprøvingane var ganske like, men at eg kanskje la vekt på ting på ein annan måte. Her kan ein ikkje utelukke at innspelinga av høgtalarane har vore ein variabel eg ikkje har hatt kontroll over, men eg tek likevel sjansen på å meine litt om resultata.

Mine subjektive opplevingar når det gjeld å ”like” den eine kabelen framfor den andre, er ikkje tema her. Ingen av kablane fungerer 100% optimalt i det oppsettet eg brukar no, men eg kan tenke meg at Skogrand hadde fått fram meir konsis bassattgjeving heilt i botnen då eg hadde InnerSound som referansehøgtalar.
Det er heilt tydeleg at djupbass kjem lettare gjennom, med meir slagkraft enn Synergistic. Så du likar å lytte til musikk som baserer seg på den absolutte botnoktaven, spesielt klassisk musikk der basstrommer (og kanoner, om du har 1812-overtyra på repertoaret) får ta seg heilt ut, er det veldig greitt med Skogrand. Men om du brukar Synergistic saman med mbl, er det slett ikkje nødvendig. Her er uansett eit sinnsjukt attakk.
Lenger oppe i bassområdet er skilnaden mindre, men Skogrand teiknar laupa til bassgitaristane meir tydeleg. Mange døme kan trekkjast fram, men gamle Popol Vuh sin ”Leaving Chicago” var ein stad der eg la tydeleg merke til dette.
Mellomtonen er kanskje det området der dei gamle Synergistic passar best for meg. Det er veldig vanskeleg å vurdere kva alternativ som er best i diskantområdet. Skogrand løyser veldig opp, men er på ein måte uharmonisk, og det på ein måte som eg legg veldig lett merke til på mbl-høgtalarane, som no sannsynlegvis er ganske så innspelte.

Lydbildet er kanskje det eg var minst fornøgd med. Eg trur eigentleg ikkje dette heng direkte saman med eigenskapar i kablane, men at måten kablane verkar inn på dynamikk og klang er eit forstyrrande element når Skogrand vert samanlikna med den noko maskerande, men meir ”harmoniske” Synergistic Research.
Og om ein er ute å la seg irritere (eller begeiste) over loudness på ”harmoniserte” opptak, der ein har fjerna dynamikken, er dette meir fokusert når Skogrand-kablane er i anlegget. På den andre sida er det også meir frydefullt å lytte til Yello og musikk med veldige djupbass-attakk..

Kontrolltest
For å sjå om mb/Skograndl er ein dårleg match, fekk kablane seg også ein rask tur i lytterom #3, der JBL TL 260 er plasserte. Og her fekk solid-core-kablane briljere samanlikna med dei gamle Monster-kablane som høyrde til oppsettet. Det å få meir definisjon ut av bassen gjorde seg, og øvre bass/ mellomtone var denne forførande JBL-aktige som er så utruleg musikalsk å høyre på. Diskanten var heller ikkje noko problem. JBL har ein total annleis diskant enn mbl, musikalsk nok, men langt frå så oppløyst og detaljert. Her er det mindre sjanse for å legge merke til noko ”ureglementert” i attgjevinga. Og lybildet var ”greitt nok”, slik TL 260 har for vane, men naturlegvis langt unna det som er eit av dei sterkaste korta til den iallfall 16 gonger dyrare mbl.

 

 

Praktisk bruk
Eg hadde ingen problem med Skogrand bruksmessig. Men det er ”hardcore” (iallfall solidcore) av argaste slag, så det er ein viss fare for at mykje bryting og bending av kablane kan føre til at dei knekk. Eg har difor stor sans for pakkinga i ei skikkeleg verktøykasse med demping, slik at ein eliminerer faren for transportskadar. Pakkinga er veldig skikkeleg. Då vert utfordringa å pakke dei ut og plassere dei skikkeleg i anlegget. Ettersom eg har ein familie som etter kvart har opparbeidd stor ekspertise når det gjeld å gå over høgtalarkablar (ein god del gjennomfart går over høgre høgtalarkabel), gjekk dette bra i testperioden, men du kan ikkje rekne med at kablane vil føye seg etter dine behov, dette er stive, grove greier. Men dei er veldig skikkelege med tanke på å feste dei til høgtalarane. Dei grove spadane eg fekk påmonterte passa veldig godt til mbl sine ”sveisekontakter”, og eg var aldri redd for at dei skulle løsne. For meg kjentest det ut som utmerka loddearbeid, utan at eg gjorde forsøk på å inspisere sjølve loddinga. Men dei løsna iallfall ikkje av litt draging i pluggane.

 

Konklusjon
På mange måtar vil Skogrand vere ein kabel det kan vere lurt vurdere i mange anlegg. I den grad du vil hente det siste ut av dynamikk, særleg i bassområdet er desse nye produkta i stand til å gjere ein god jobb. Dei har eigenart; ein liten, men tydeleg innverknad på dynamikk og klangbalanse som markerer sider av lydattgjevinga som kan vere akkurat det du saknar i ditt anlegg. Men det kan også vere at dei ikkje passar din smak. Sjølv er eg ingen kabel-feinsmecker, og har tatt slikt med stor ro. Men gjennom nye referansehøgtalarar vert dette området ein god del klarare, slik at eg kanskje må gje kabelproblematikken større fokus enn kva eg har gjort tidlegare. Best av alt likte eg evna Skogrand hadde til å få ut kvar ein trevl av djupbassdynamikk i anlegget, noko som kan vere rette tingen når du har ein høgtalar som spelar djupt, men ikkje artikulerer kreftene som er i arbeid i det djupaste frekvensområdet. Det har vore interessant å prøve kablane ut i to anlegg, der det gjorde svært mykje bra i det eine, medan dei ikkje var heilt optimale for det andre. Uansett ein produktdebut som det er verd å merke seg.

Lest 6813 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.