fredag, 23 februar 2007 23:00

Isotek GII mini sub

Skrevet av

Av og til blir ein stakkars hifiskribent berre heilt overbegeistra. Dingsen kom til utprøving i går. Det er alt for tidleg å publisere ein reflektert artikkel, men i mi overstadige begeistring klarte eg ikkje å la vere...
Så altså:
Er dette endå meir hifi-voodoo, eller eit produkt som kan forbetre lyden i anlegget ditt? Gjett tre gonger....

 

 

Av Arve Åheim 24.02.2007

På Hificenterkjeden si haustmesse møtte eg Keith frå Isotek, som villeg fortalde om korleis kvaliteten på straumforsyninga kunne verke inn på lyden. Dette var slett ikkje nytt for meg, men ein del tankar om korleis interferens mellom apparata og korleis desse kunne påverke kvarandre, og anlegget kunne ende opp med eit dårleg lydresultat, var riktig interessant.

Isotek har som forretningside å konstruere produkt som nettopp skal gjere noko med dette. Sjølv om eg tidlegare har høyrt ymse nettfilter i heimeanlegget utan å ha funne det bryet vert å investere i ein ekstra boks i anlegget,   tenkte eg alvorleg på ein del problem eg har. Min noko tilårskomne ARC SP 10 lagar etter kvart litt støy. Når eg skiftar CD, er det ikkje vanskeleg å høyre om min gamle rør-riaa er påslått eller ikkje. Og etter eit uhell eg hadde med InnerSound sin kombinerte bassforsterkar/elektronisk delefilter, er anlegget så fritt for elektronisk sus som eg skulle ynskje meg. Dessutan merkar eg interferens frå lysrør og anna elektrisk utstyr i anlegget, så då sjansen baud seg, takka eg ja til å prøve ut Isotek GII Minisub,

Boksen kom, ikkje forskrekkande tung, og utan eigen straumkabel. Eg sjekka bruksrettleiinga for ein gongs skuld, og fann ut at det var ganske enkle greier å forholde seg til. To uttak som skulle vere tilpassa effektforsterkarar, og her vart bassforsterkar og effektforsterkarane tilknytta. Dei fire resterande kontaktene vart fylt opp med støypsel frå CD-spelar, ARC SP 10, platespelaren og den vesle Creek OBH 22, (som strengt tatt ikkje brukar straum). Ein straumkabel av god kvalitet frå Electrocompaniet vart brukt til å sette anlegget i veggen,   og vanleg påslåingsprosedyre vart iverksatt. Plassering vart gjort fort og ukritisk.

Og effekten var umiddelbar.

Udiskutabel og øyeblikkeleg forbetring av lyden.

Alt elektronisk gruff og susing var sterkt redusert då det var lyd igjennom anlegget, lett å høyre sjølv før eg kom til godstolen. Og ikkje berre det – eit raskt besøk i sweetspot var det tydeleg at musikalske detaljar, tredimensjonaliet og dynamikk hadde vesentlege forbetringar. Anders Ertzeid hadde sagt at boksen tilpassa seg dei ”forventingane” som dei ulike elektroniske komponentane hadde om straumbehov i laupet av dei fyrste minutta, så då eg hadde det travelt, overlot eg jobben med å spele inn GII Mini Sub til mi 14-årige dotter, som overlukkeleg kunne spele Pink på husryddenivå eit par timar til forelda skulle komme heim att…

 




Fyrste seriøse lyttedags inntrykk.

Etter å ha vore gjennom tre timar med kritisk lytting til vinylplater, og i tillegg dura eit par CD-ar, er det heilt klart at Isotek G II Mini Sub gjer ein kjempejobb i anlegget. Ved sida av å bytte signalkjelder eller høgtalarar, er denne ”trylleboksen” ved sida av forforsterkar den einskildkomponent eg har merka har gjort største lydforbetring av lyden i anlegget generelt. Dette er nesten utruleg. Og kanskje heilt utan andre negative biverknadar. Eg er litt i stuss om min Copland CTA 520 har eit snev av forsiktig transistorklang likevel i dette oppsettet.   Anders Ertzeid nemnde at om eg kopla effektforsterkar til eit av dei fire minste uttaka kunne det føre til dynamiske avgrensingar. Dette har ikkje eg gjort, og heller ikkje merka det aller minste snev til dynamisk avgrensing, snarare vart nyanseringsevna tydelegare, spesielt når eg spelte på moderate lydnivå, noko som både eg og resten av familien finn best i lengda.

 

Vegen vidare:

Begeistringa herjar kropp og sjel! Dette produktet kostar om lag 7000 kr. Det er ein del kroner, men i eit anlegg som mitt er det snakk om ei lydforbetring som gjer denne summen til ein bagatell samanlikna med kva du elles måtte finne på å investere i for å oppnå betre lyd. Så eg berre MÅ publisere artikkelen no, sjølv om det er i ny begeistringsrus. Eg tar sjansen på å seie at Isotek kurerer elektronisk gruff, og bør vurderast om du har litt eldre utstyr som du merkar støyar ein smule. Du får dessutan med deg sånt på heimlån, så sjansen for å tabbe seg ut er minimal. Høyrer du ikkje umiddelbar forbetring av lyden, er det berre å gå attende med dingsen.

Det som står att av vurderinga, og som absolutt også burde ha vore med, er å sjekke ut i kva grad Isotek-effekten gjer seg gjeldande også for andre anlegg som har mindre støyproblem enn mitt referanseoppsett. Eg må også prøve visse langtidseffekter, og gjere ein direkte samanlikning med den 5000 kr dyrare modell Sigmas som har same funksjon, men som skal ha endå betre effekt.

I alle fall; ein straumreinsar har alle musikkglade hifientusiastar bruk for. Det er berre å kjøpe så fort som råd, før lageret vert tomt…

(oppfylgingsartikkel og endeleg konklusjon kjem så fort eg klarer å verte ferdig).

 

Pris: kr 6995,00

 

Link til forhandlar:

www.hificenter.no

Produktet og tekniske data:

http://www.hificenter.no/shop_item.cfm?path=10,163&id=1637

Lest 7741 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.