fredag, 31 august 2007 23:00

IsoTek Sigmas straumrenseboks - betre enn Minisub?

Skrevet av

For ei stund sidan skreiv eg ein halleluja-prega artikkel om Isotek Minisub II. No fekk eg den om lag dobbelt så dyre modell Sigmas på besøk, og har sidan prøvd å finne ut korleis desse to apparata påverkar lyden, og kva som er den mest fornuftige å kjøpe. Det har ikkje vore lett.

 

 

Av Arve Åheim august 2007

 

Etter å ha hatt Minisub ei tid har eg fått prøvd ut effekten av slike nettfilter, og funne dei svært så velkomne i mitt anlegg. Så då den fire tusen kroner dyrare modellen dukka opp, tilslutta eg Sigmas så snart han var ute av emballasjen. Litt meir styr, då det er to kraftige brytarar i fronten under kabinettet som må slåast på før det går straum gjennom apparatet, Det verkar som dette er automatsikringar som gjer at anlegget ditt er godt verna mot lynnedslag og tull frå nettet. Eg fylgte same prosedyre eg hadde brukt på Minisub med ein god times oppvarming vart brukt før lyttinga tok til. No hadde eg Minisub ståande konstant påslått under Sigmas, slik at relativt raske skift mellom apparata kunne gjerast. Ingen av apparata vart slått av på over ein månad, noko som heller ikkje bør vere nødvendig.

Utsjånaden elles er eigentleg ganske lik på desse to modellane, anna enn dei nemnde sbrytarane/sikringane, og at Sigmas har grovare kontaktar og eigen nettkabel, med grovare plugg som ikkje passar i Minisub. Det var altså uråd å seie i kva grad skilnaden mellom dei to apparata kom av kabelen. Men den litt innrykka midten av Sigma si frontplate, gjer at det er lett å sjå skilnaden på dei likevel.


Når det gjeld det tekniske, opna eg Minisub og fotograferte dei indre organ, men då eg ville gjere det same med Sigmas, synte det seg at siste skruen var plombert. Her skulle tydelegvis ikkje innmaten offentleggjerast, iallfall ikkje utan å ta knekken på ein spesialskrue. Så de får beklagelegvis ikkje foto av anna enn Minisub...og spesialskruen - ein liten stjernesak med tagg i midten, slik at du må ha spesialskrujern tilgjengeleg.

 

Pass på!

Eit lite sjokk møtte meg når eg fyrst sette meg ned for finlytting – i oppsettet mitt var det faktisk godt merkbart meir støy av Sigmas. Eg gjorde nokre kontrollskift og kom til at dette likevel ikkje var tilfelle. I den lett opphausa apparatskiftemodus eg hadde vore i, hadde eg ikkje vore nøye nok med plasseringsprosedyrene på kablane. Eg hadde lagt apparat- og signalkablane litt annleis enn vanleg, slik at dei skapte interferens. Dette vart hurtig retta, og problemet forsvann. Lesarane kan altså roe seg ned, Sigmas har absolutt ikkje har dårlegare støyeigenskapar enn veslebror Minisub. Erfaringa sa meg likevel at det er spesielt viktig å halde god kabeldisiplin når ein brukar slike apparat. Når mange kablar krøller seg saman, er interferensfaren stor, og det luraste er å halde desse så parallelle som råd, og la signal og nettleidningar krysse kvarandre berre ein stad, i kontrollerte former. Kanskje du endåtil bør kutte nettkablane så korte som råd, slik at det vert minst muleg spoleeffekt og påverknad av resten av anlegget. Dette er vel så viktig som å kjøpe flotte kablar og fine boksar, og gløymast det, kan anlegget miste viktige eigenskapar.

 

Så korleis høyrest så det ut når apparata brukast?

Eg slit med å formulere akkurat kva som skjer. Det er dels eit støyproblem som forsvinn, at det høyrest mindre ”elektronisk” ut, men dette er ikkje det heile. Det er også noko med måten tonen settast på, attakket og den ”innleiande transientdelen” som er karakteristisk for måten desse to apparata høyrest ut. Og så er det forvirrande å prøve å beskrive at det er skilnad på desse to apparata. For det er skilnad, men eg finn rett og slett ikkje ord. Det næraste eg finn er som skilnaden på ei vanleg vinylplate og ei halvfartsgravering, ein slags oppklaring, som du umiddelbart merkar forsvinn om du går attende til å tappe straum direkte frå veggen. Eller som skilnaden på sikta på ein klar dag om sommaren eller ein tilsvarande om hausten (lufta er klarast om hausten der eg kjem frå).

Innbyrdes er det akkurat same ”smaken” av begge apparata, men Sigmas har ein kanskje meir kontant måte å servere på. Rett og slett ein del meir av det du finn i Minisub, men ikkje ulikt i vesen, berre meir av det same, noko ein lettast legg merke til i korleis det heile let mindre transistor-aktig i og "digitalt" i overtonane (slett ikkje alle digitale opptak høyrest digitale ut, men her er ordet brukt i den negative forståinga), og korleis bassgitarar så mykje tydelegare vert formidla. Sigmas er altså noko betre, samstundes som eg fleire gonger har mishugsa meg og trudd at det var Minisub som var tilkopla sist medan eg prøvde ut desse to alternativa. Under A/B-utprøvinga var det nesten alltid Sigmas som gjorde mest ut av seg, men graden var til tider ganske lik, kanskje mest merkbart i når overtonar i bassinstrument og perkusjon vart levert med trykk og smell. Eg dristar meg difor til å seie at skilnaden ikkje er spesielt stor, og at Minisub i mange tilfelle vil vere beste kjøpet. I alle fall i anlegg vil eg altså hevde at ein Minisub er heilt greitt, og behovet for Sigmas-oppgradering ikkje er spesielt stor.

 

Eg gjorde også ein del eksperiment med å slutte dei ulike komponentane til dei to apparata, eller direkte til veggen. Eg fann ut at effekten hang saman med kor mykje straum apparata brukte, såleis var dei to effektforsterkarane mest avhengige. Forforsterkaren ARC SP 10 synte seg også å vere ”avhengig” av å vere klart best når han var tilslutta saman med vinylsnurraren. Vinylriggen synte seg då spesielt glad i Sigmas, som her synte at det kunne vere lurt å bruke litt meir kronasje enn billege Minisub, spesielt ved bruk av MC-pickup med låg output. Min referansepickup DV 10x5, var mindre avhengig av Sigmas enn DV17mk3. Dette kan hende kjem av at det låge signalet gjorde riaadelen meir kritisk til støy utanfrå. ARC SP 10 var i si tid ein spesielt kostbar og avansert sak, så kanskje alderen og dei etter kvart mykje brukte komponentane hadde mest att for litt ekstra stell av arbeidsvilkåra.
Når det gjeld Creek OBH 17 passive forforsterkar, CD-spelarane og LP12 platespelar var det heller lite å hente med å byte til den dyrare saken. Heller ikkje elektrostathøgtalarane såg ut til å bry seg særleg om å vere tilslutta nettet gjennom boksane, og klarte seg like godt med å hente dei fem watta sine rett frå veggen. Eg eksperimenterte også litt med å ha litt apparat tilslutta Sigmas samstundes som andre fekk straum gjennom Minisub. Og det var altså SP10 som gjorde mest ut av Sigmas. Elles prøvde eg også Sigmas og Minisub på eit langt enklare anlegg enn mi referanse, og her var det nesten uråd å skilje dei to apparata. Den oppklarande effekten av "straumrensinga" var også mykje mindre, men likevel merkbar.

 

Konklusjon:

Eit slikt apparat er ei fornuftig investering for dei aller fleste som har ambisjonar om godlyd. Sigmas er tydelegvis best for dei som har gjort større investeringar enn meg, med ambisjonar om å få dei siste detaljane ut av anlegget, og med appell til dei som ynskjer å sikre anlegget ekstra godt mot spenningsvariasjonar på nettet. Men eg tykkjer du også skal vurdere om Minisub gjer jobben godt nok. Det er ikkje særleg anna skilnad på dei enn graden av same effekt, som kan seiast å medføre ei noko reinare og meir tydeleg attgjeving av det øvre bassområdet. Ver merksam på at mitt anlegg er ganske lettdrive. Tungdrivne høgtalarar kan medføre at effektforsterkarar jobbar hardare, og såleis kan effekten av Sigmas kanskje verte kraftigare. Eg har heller ikkje hatt høve til å vurdere i kva grad effekten av straumreinsing skiljar seg geografisk, om det er like stor utteljing der elnettet er moderne og godt dimensjoner, og der det ikkje er det.

Uansett har eg vorte overraska over kor mykje det eigentleg fører til å bruke straumreinsing, så eg vert nøydd til å prøve endå fleire slike dingsar for å verte medviten om potensialet. For Sigmas er slett ikkje dyraste alternativet på marknaden…

 

Pris: 12 995 kr

Importør: www.hificenter.no

Lest 6015 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler