onsdag, 31 desember 2003 23:00

SLAPPA - TOPP CD-mapper

Skrevet av

RuBe sendte meg nokre CD-mapper for vurdering, merke Slappa

Mappene du kjøper til vanleg er gjerne heilt ok. Men desse Slappa-mappene gjev eit svært skikkeleg inntrykk. Der vanlege mapper har tynn plast i CD-omslaga, er det skikkeleg kvalitet, og sjølve kofferten er stivare og tåler mykje meir enn det som er vanleg, med innsida dekt av svart fløyel. Her er ein glidelås som ikkje kjem til å gi seg med det fyrste, og ei lomme med pusseklut og plass til papir m.m.

Den minste mappa har plass til 32 CD-ar, medan den største eg fekk tilsendt (det finnest ei endå større) rommer 160, eller du kan ha CD-omslag i halvparten, dersom du ikkje vil ha med deg meir enn 80 plater. Det morosame då, er at omslaget ligg utanpå, og CD-skiva i ei eiga lomme innanfor. Svært oversiktleg, og perfekt til DJ-bruk og den som likar musikk i bilen, men som er lei av manglande oversikt og ynskjer system. På handtaket er det plass for etikettar, slik at du kan ha fleire mapper til ulike føremål.

Elles finnest det ulike modellar, mellom anna ei spesialmappe tiltenkt DVD med omslag.  Prisane på desse mappene er høgre enn vanleg. Men det er sanneleg også kvaliteten. Eg kosta på meg den største. Greitt å ha skikkeleg oppbevaring av sølvskivene når ein er ute på tur…. Topp presang for entusiasten!

Pris for den største mappa: 440 kr.

Importør: www.rube.no

Lest 4359 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.