onsdag, 31 desember 2003 23:00

Soundcare - luksusspikes!

Skrevet av

Når du kjøper eit lydanlegg, er det ikkje berre signalkjelder, forsterkarar og høgtalar som høyrer til. Det er mykje småtteri som kan påverke lyden. Ei interessant produktgruppe er spikes.

 

 

Heile kolleksjonen: bak til venstre er luksusutgåva. Fleire gjengestandardar (sjekk heimesidene for detaljar). Framme: sjølvklebande høgtalarbein og ein av ”labbane” til elektronikk m.m.

Prisen på desse produkta kan variere litt, men Eltek sel dei for: Gjenga sett 4 stk kr 360 Sjølvklebande 3 stk: kr 240 Elektronikk-labbar kr 380 Luksus sjølvklebande:kr 950 Luksus gjenga: kr 1 450 (begge inkludert skrin i mahogny)

Dette er i prinsippet spikes (”spikar”), i eit lukka system, der spissen står på ei plate, og har ei ramme på. Den som har prøvd å sette tiøringar under spikane sine, veit at dette er vanskeleg, særleg når du eksperimenterer med å flytte høgtalarane. Dessutan øydelegg tiøringane lydforbetringa (men ikkje golvet ditt). Dei norske Soundcare bergar både lydkvalitet og parkett.

Eg valde å montere setta med fire høgtalarbein og skrufeste. Sjølv om tre bein står fastare, har ein høgtalar på over 1,8 meter tyngdepunktet langt oppe…då er det ikkje bra med ustabilitet når ein har fire ungar i same rommet… Elles er setta med tre bein utstyrt med sjølvklebande, dobbelsidig teip. (Resultata med slike vil ganske sikkert ikkje vere dårlegare enn det eg registrerte, og dessutan sparer du 1/3 av prisen) Opprinneleg hadde eg tradisjonelle spikes i stål på høgtalarane mine. Dei øydela golvet, og då eg heldt på med flytting av høgtalarane, gjekk eg over til vanlege bein. Så A/B-testa eg skilnaden mellom bein og spikes, og fann skilnaden så liten at eg ikkje fann balet verd å ha spikes (golvet mitt er av sponplater med vinylbelegg). Eg prøvde også eit par ulike ”konseptspikes” når eg fekk høve til det, utan at eg fann lydforbetringane særleg omfattande. Dette var utgangspunktet mitt før Soundcare-lyttinga.

PÅMONTERING: Dette var ikkje rare utfordringa, alt gjekk greitt. Det må nemnast at ein enkel nøkkel leverast med skrusettet, slik at du raskt kan sikre at alle fire beina har god kontakt med underlaget. Alle setta var også leverte med filtputer, slik at du er heilt sikker på å unngå oppstriping av parkett og fine underlag. Desse vart ikkje brukte under testen – underlaget mitt har hatt besøk av spikes før….

FRAMGANGSMÅTE UNDER LYTTINGA: Eg passa på å spele i ein halv time med gamle høgtalarføter før eg skifta til Soundcare. Så vart dei same låtane spelte ein gong til. Og skilnaden var heilt tydeleg: Umiddelbart verka bassen svakare, men det tok berre nokre sekund før eg vart klar over at lyden faktisk var betre. Det som vart svakare, var dei typiske ”buldre-lydane”, upresis bass. Det som no vart igjen, var den kontante og dynamiske basslyden. Høgtalarane vart endå kvikkare, nesten som eit basshorn som går ned under 30 Hz. Og dette var noko alle opptaka profiterte på. Her var mykje meir nyansar og detaljar, ikkje berre i bassen, men langt opp i mellomtoneregisteret. All rytmisk musikk vart rikare på nyansar, og klangen i vokalmusikk vart rett og slett betre, spesielt kom artikuleringa seg mykje. Soundcare sendte meg måleresultat som syner at frekvensgongen vert påverka, særleg i bassområdet, men også i 3kHz-området og oppover. Mange decibel, noko som skapar merkbar skilnad (red.:svensk forskning har vist at vi er istand til å oppfatte endringer helt nede i 0,2 dB) – og heilt klart til det betre ( mange ”modifikasjonar” du kan kjøpe til anlegget ditt, kan tydeleg merkast, men det er ikkje alltid slik at skilnaden er positiv) Så tok eg fram vinylskivene og prøvde om referanselyden hadde endra seg. Det hadde han. Eg registrerte at fleire av platene mine som inneheld gode lydbilete og mykje rominformasjon no gav att dette meir tydeleg enn før. Ein annan faktor var lydstyrken under avspelinga. Ettersom dynamikken vart tydelegare, fekk eg ikkje lenger behov for å spele særleg høgt. På den andre sida var det under kraftig lydnivå at fordelane med Soundcare vart mest tydeleg – eg orka høgre avspelingsnivå (-om det kan kallast ein fordel eller ulempe må kanskje diskuterast)

IKKJE BERRE UNDER HØGTALARANE
Eg prøvde så å legge elektronikk-labbane under platespelaren, og håpa på at eg skulle oppnå endå større forbetring av lydkvaliteten. Og det kunne merkast – når eg konsentrerte meg godt. Eit kontrollforsøk vart gjort, eg gjekk attende til Linn Sondek sine original-labbar. Og etter litt usikker vurdering fann eg at bassen vart mindre presis utan Soundcare. Dette høyrest kanskje mindre imponerande ut, men eg må tilføye at platespelaren min står på ei Target veggfast platespelarhylle utan kobling mot golv. Utgangspunktet er altså svært godt. No burde eg hente rørforforsterkarane mine og prøve ut om det var mykje å hente på å plassere soundcare under desse, men effektforsterkaren er til reparasjon, og forforsterkaren sparer på kreftene i mellomtida. Så dette må eventuelle kjøparar finne ut av sjølv. Du må også finne ut om du vil prøve de luxe-utgåvene.  Men eg kan love deg at dei to setta eg hadde under høgtalarane mine gav store forbetringar.

KONKLUSJON:
Spring til butikken og kjøp Soundcare til høgtalarane dine, iallfall om dei er i stand til å spele i det djupare bassområdet. Om dei ikkje gjer det, kan det tenkast at du kjem til å sakne buldringa du har i staden for bass. Om du derimot har seriøs lyd som mål, trur eg at dei få kronene til Soundcare høgtalarføter kan vere ein av dei rimelegaste forbetringane du kan gjere på anlegget ditt. Merk at forbetringane er mykje større enn ved bruk av stålspikes, som høgtalarar gjerne blir leverte med. Du oppnår også ein lettare kvardag når du skal finjustere høgtalarplasseringa, eller flytte høgtalaren for reingjering. Eg trur ikkje eg har prøvd kabelskift som kan gjere noko tilsvarande, i så fall må det brukast alvorleg mykje meir kroner. Når du er i gang, kan du også vurdere om du treng labbar til elektronikken din. Du får nok ikkje så stor utteljing som under høgtalarane, men det er eit forsøk verd, særleg dersom du har rørutstyr og vinyl.

---

Redaktørens kommentar:
Mahogny-eske og sink? Dette er skikkelige potensielle miljøsynder! Vi spurte Soundcare om dette. Her er svaret:

"Når det gjelder mahogeney esken er denne forsvarlig. Vi har vært veldig miljøbevisste i alt som heter innpakning. Alt vi har av pappemballasje, både pakninger og esker er laget av resirkulerbart ikke klorbleket kartong. Alt vi bruker av plastemballasje er resirkulerbar pp. Den er ikke bare resirkulerbar, men har faktisk allerede vært sirkulert da det tidligere har vært brusflaker som er blitt utslitt. Når det gjelder mahogeneyen kommer den fra et firma som heter Treepack i Trondhjem. Treepack har et samarbeide med en Dansk fabrikk som heter Dansk egeskov, eller noe i den stilen. Disse har garantert for oss at de materialene som brukes ikke kommer fra truede områder eller regnskog, men plantasjer. Vi bruker også en masse penger hvert år for å holde grüne punkt avtalen vår i orden. Denne gjelder riktig behandling av all innpakning i mange europeiske land. Vider kan jeg fortelle at for overflatebehandling av sink, noe som er vanskelig, brukes det i dag kun syanidholdige bad. Vår partner som tar overflatebehandling for oss er sansynligvis den første i Europa som i disse dager prøver å få til et syanidfritt bad etter helt nye metoder fra USA. Dette for å redusere all forrurensning til et minimum. Soundcare er pådriver for å få til dette. Med dette ønsker jeg å fremme at vi har tatt forurensning og miljø på alvor."

Imponerende! Audiophile.no ønsker å oppfordre flere hifiaktører til å være sitt miljøansvar bevisst!

LINK TIL PRODUSENT

Lest 3666 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « SLAPPA - TOPP CD-mapper