onsdag, 30 november 2005 23:00

Onkyo A-1VL

Skrevet av

Onkyo har vore med på hifikarusellen i mange år no, men var nok meir utbreidd på 70- og 80 talet. I dag har dei fått si renessanse, men då hovudsakleg i billegsegmentet og når det gjeld heimekino. Dette verka litt merkeleg med denne heidersprodusenten, så her er ei omtale av toppmodellen av integrerte stereoforsterkarar.

 


Av Arve Åheim desember 2005

 


Utforming

Onkyo A-1VL har ikkje noko spesiell utsjånad. Absolutt pen og stil rein, men det er liksom ikkje noko som gjer at du festar blikket på denne. Eit augekast kan ikkje avgjere om han kostar 4 eller 40 tusenlappar, og fronten er svært så nykter, med av/på-knapp, inngangsveljar og volumkontroll. Ein direktfunksjon tyder på at her er ambisjonar om å vere lekker for kravfulle kjøparar, som ynskjer å dele mellom for- og effektforsterkardel. Ut over dette er det berre blank, pen overflate og ei (lyseblå!) diode. Eg hugsar ikkje akkurat kva eg tenkte då eg høyrde at prisen var 17 000, men eg heva iallfall augebrynene….

Om du tek tak i saken, skjønar du litt meir. Sjølv om det er makeleg å flytte på lette forsterkarar, er det så avgjort ikkje noko kvalitetsteikn i seg sjølv. Lette og gode straumforsyningar er like sjeldne som lommekontrabassar. Og A1 kjennest ut som ei ganske solid metallblokk. Snur du forsterkaren, ser du også at høgtalarterminalane er av dei beste som kan kjøpast for pengar. Og her er passeleg med inngangar, tuner, CD og to linjeinngangar den eine har også utgang, slik at du kan bruke han til opptaksutstyr. Også riaa for vinylentusiastane har det vorte plass til, og ein MM-inngang av god kvalitet er kanskje akkurat det du leiter etter på forsterkaren din.Her er ein enkel, liten fjernkontroll, som ser ut til å vere mest med tanke på den matchande CD-spelaren. For på A1 styrast berre volumet, naturleg nok. Du må i alle fall fram til anlegget for å skifte skive, så fjernkontrollert inngangsveljar er ikkje noko å bruke mykje pengar på. Men som vanleg saknar eg balansekontroll.



Lyden:

Eg hadde rimeleg høge forventningar til Onkyo A1, og må seie dei vart godt innfridde. Dette er eit rasedyr av ein klasse vi sjeldan opplever austfrå, og så avgjort i pakt med Onkyo sitt gamle kvalitetsry. Eg let som vanleg meg imponere mest av perspektiveigenskapane. Med dei rette høgtalarane ( t.d. D ali Ikon 7, Epos M5 eller Vienna Haydn Grand) leverast lydbilde like djupt og presist som dei absolutt beste transistorkonstruksjonar eg har prøvd. Det neste eg let meg imponere av, er den dynamiske nyanseringsevna, som du må høyre sjølv for å tru. Sjølv ikkje svært kostbare rørforsterkarar klarer dette.

Desse gode eigenskapane forsvinn ikkje når eg splittar forsterkaren i referanseanlegget, slik at A1 fungerer som forforsterkar, sender signalet vidare til det elektroniske delefilteret, for så å la effektdelen ta seg av elektrostatane i InnerSound Eros. Topp perspektiv og dynamisk nyanseringsevne. Andre forsterkarar ordnar då basselementa, men også A1-effektforsterkardelen er fullt i stand til å fungere som basspumpe. Sjølv om effektdelen tydelegvis er ein uvanleg kompetent konstruksjon som arbeider like godt over heile frekvensområdet, er eg kanskje mest imponert over at det er kjæla så mykje med detaljane i forforsterkardelen.Det er sjeldan ein integrert forsterkar er så god på dette feltet. Også platespelarinngangen var god, spesielt når det gjeld dynamikk og tredimensjonal lydattgjeving, men mangla dette aller flottaste som ein berre får på dei aller beste riaa-forsterkarane på marknaden. Dessutan er her berre MM-inngang, som fungerte utmerka med Dynavector og Denon-pickupar sine high output MC i sine rimelegare utgåver. Totalt sett må eg seie at dette held mål eit godt stykke oppover når det gjeld lydkvalitet, men heilt vinylreferanse er det ikkje.

 

Å spele svært dynamisk musikk via A1 over Dali Ikon 7, er ei overtydande oppleving, og imponerer stort, spesielt når det gjeld nyansering og kontroll av bassområdet. Men også saman med Vienna Acoustics Haydn Grand dukka det opp kvalitetar som ein uhyre sjeldan får med seg i det eg er frekk nok til å kalle ”mellomprisklassen” – anlegg som kostar to-tre månadsløner. Det var verkeleg symbiose med Haydn Grand her, og eg kosa meg med å flytte høgtalarane så langt frå kvarandre som råd. Heilt fantastisk tredimensjonalitet, utan den aller minste tendens til ping-pong-effekt og hol i midten. Og svært flott dynamikk og frekvensgong. Diskantattgjevinga til desse høgtalarane passa svært godt til A1.

Når det gjeld den generelle klangsignaturen, er dette ein ganske ”presis” forsterkar. Å spele Jim Stärk gjev utruleg tørr og detaljrik informasjon om instrumenta. Dette er ein utruleg styrke, men på same tid også nettopp det som kan vere A1 sin akilleshæl. For med ekstremt presise høgtalarar vert dette i litt for stor grad fokusert på kvalitetar føretrukne av venstre hjernehalvdel. Det kan verte litt for analytisk og mangle dette siste engasjementet som mange vil sette som den aller høgste kvaliteten til eit superanlegg. Men eg vil understreke at dette eigentleg er ein kvalitet, noko som du må bruke mykje kroner på å finne, og som sjeldan er tilgjengeleg på ein integrert forsterkar i denne prisgruppa. Her er altså utfordringa å finne den matchande høgtalaren. Sidan det var såpass symbiotiske tendensar saman med Innersound Eros, er det naturleg å tru at elektrostatar kan vere ein optimal match. Elles vil eg tru at høgtalarar som er kjende for varm, musikalsk attgjeving kan gjere det godt i partnarskapet. Om du er opptatt av det presise og nøyaktige, og har handla av dei dyrare B&W-konstruksjonane, trur eg også du kan gjere lurt i sjå nærare på denne saken. Av høgtalarane eg prøvde, ville nok ein del tykkje Dali Ikon7 vart litt for klinisk, medan Vienna Acoustics Haydn Grand passa som hand i hanske.

 

Konklusjon:

Onkyo er her framleis! Med A1 kan dei krevje plass mellom elektronikkprodusentar som kallar seg hi-end. 17 000 kr er ein god del for ein transistorbasert, integrert forsterkar, men det er ikkje sjølvsagt at d u kan få like mykje lydkvalitet om du brukar denne summen på elektronikk andre stadar. Det handlar som alltid om å matche anlegget, men med dei rette høgtalarane, er A-1VL eit råsterkt alternativ.

 

Det er visstnok nokre billegare stereoforsterkarar bygde på same grunnkonstruksjon på gong frå Onkyo no. Desse skal prøvast ut så snart som råd….

 

Effekt: 2x100W i 8 ohm.

Vekt: 11,3 kg

 

Mål: 434 x 81,5 x 390 mm

 

Importør: www.mono.no

Lest 5798 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.