Ei vurdering av ASR Emitter 2 Exclusive

Skrevet av

Mi lange nøling i ”endeleg” forsterkarval er no over. I sommar, etter nokre utprøvingar av alternativa eg fekk tak i til heimlån, vart det til at eg bestemte meg for å kjøpe tyske ASR. Ikkje fordi det er den perfekte forsterkar på alle måtar, men fordi denne forsterkaren byr på nokre kvalitetar eg ikkje har høyrt maken til…

Les meir:

Publisert 3. desember 2013.

Mykje styr og stæsj

Det vart altså til at ASR sine fire kolli kom i hus på slutten av sommaren. Dei vart pakka ut, og rigga opp på ein måte som gjorde at eg fekk plass til alt. Dette er vel den ”integrerte” forsterkaren som er mest plassfrækjen av alt som finnest på marknaden. Eller kanskje ikkje? Konstruktøren kallar ikkje produktet sitt for ein integrert forsterkar. Og det er ikkje spesielt integrerande å spreie komponentane på to separate straumforsyningar og eit digert batteri, i tillegg til sjølve forsterkardelen. Men plass tek greiene, det er sikkert. Og så må racket (og golvet) ditt tåle over 140 kg forsterkari. Det er vanskeleg å få det til å gli diskret inn i stoveinnreiinga, så hadde det ikkje vore for at høgtalarane mine er endå rarare, hadde det nok vekt oppsikt.

Eg plasserte straumforsyningsboksane så langt unna forsterkaren som plass og leidningar tillot. Dette er trass alt vitsen med å ha separat straumforsyning. Og det gjer også at ASR er taus som grava – det er uråd å høyre susing av noko slag, uansett korleis du har skrudd volumkontrollen – om du ikkje har dårlege signalkablar liggande nær nettleidningar, då.

Emitter har rikeleg med inngangar, og her er også ein balansert, som eg ikkje har nytta så langt.

Dei mange, tunge løfta gjer at du må ha god tid, og helst vere to mann når dette skal riggast saman. Medfylgjande kabel skal rullast ut, og koplast til via ekstremt godt dimensjonerte og tillitsvekkjande kontaktar. Så skal tinga slåast på, og det tek nokre døgn før alt er stabilt. I tillegg skulle forsterkaren spelast inn. Så det gjekk hardt på tålmodet fram til eg kunne stette basisbehova for godlyd.

Men så, etter tre dagar, tok eg sjansen på å kveike opp kraftverket. Eigentleg tilrår produsenten ei 100  til 200 timars innspelingstid, spesielt på grunn av at batteriet som skal forsyne forforsterkardelen skal få stabilisere seg skikkeleg. Men det fekk då vere måte på…

Dei tekniske spesifikasjonane er gode, sjølv om vi ikkje hevar augebryna så høgt no som ein kanskje gjorde før i tida, når det var snakk om 2x500 watt i 4 Ohm. At forsterkaren doblar i 2 ohm, og at det visstnok skal tålast 1, er kanskje meir spennande, eigentleg. Men alt det gjennomtenkte styret har heilt klart sine føremoner – og tekniske data seier ikkje alt.

Når det gjeld straumforsyninga, er dette oppgjeve til totalt 862 000 µF, og det er eg glad for. Høgtalarane mine er dei svoltnaste eg nokosinne har opplevd, og ein kan tydelegvis ikkje gje dei nok mat. Men eg tykkjer Emitter 2 Exclusive gjorde det på ein overtydande måte.

Vi får også nemne batteriet til forforsterkardelen. Dette er på over 400 000µF, heilt sikkert tilsrekkjeleg til småsignal.

Elles er har Emitter 2 også ein ”sparemodus”, der ein kan spele på berre halvparten av straumforsyninga. Skrur du volumet over ”35” skiftar fosterkaren automatisk til full pakke, og dette høyrest. På straumbrytaren har ein også standbymodus så vel som at ein kan kutte ut sparinga, og bruke straum på heile forsterkaren også ved låge volum. På dette stillet kan dessutan volumet skruast opp til nivå 76, medan det stoppar på 61 dB når vi brukar ”sparemodus”-innstillinga. Sparemodus er heilt greitt – einaste problemet er at ”full pakke” faktisk er betre…


Lyd

Frå fyrste stund høyrdest det heile svært imponerande ut – spesielt i bassområdet. Dette er heilt eksepsjonelt, noko eg hugsar att frå demonstrasjonsrommet til Stereofil, der eg fekk høyre kombinasjonen ASR/mbl for fyrste gong. Dette var samanlikna både med mbl-elektronikk, så vel som dei elles svært basstruverdige Rogue 180watts monoblokker, som no måtte finne seg i å stille i ein noko svakare divisjon. ASR var nok også hakket betre i bassen enn sjølvaste Manley Neoclassic 500, iallfall når det gjeld kontroll – men Neoclassic 500 er likevel ein forsterkar eg vil halde som det absolutt beste eg har prøvd saman med mbl 101E mkII når det gjeld det musikalske – og det er vel basisoppgåva til eit godt anlegg, vil eg tru..?  Engasjementet, det eg dristar meg til å definere som ”ngoma”, er så veldig til stades når det spelast via dei svinedyre, spyflugeblå 20-utgangsrørbelasta beista. Men no var det altså ASR Emitter 2 Exclusive vi snakka om…


Det tok ei stund før Emitter 2 Ex hadde vorte skikkeleg husvarme. Eg trur ei viss innspelingstid må påreknast. Kanskje eg også må tilpasse meg til den nye forsterkaren?  Men etter fire månadar tok eg til å oppsummere notatane mine for vurdering av kvalitetane:

Eg måtte aller fyrst revidere fyrsteinntrykket av det svært mektige, men veldig kontrollerte bassområdet. Ikkje slik at eg må ta tilbake det eg noterte meg – nei då, ASR står for den beste basselektronikk eg har vore bort i, kjellardjup, eksplosiv og fullstendig kontrollert. Det er berre slik at også resten av frekvensområdet er på same måten. Homogent, så eg ikkje kan minnest å ha høyrt noko liknande. Fullstendig gjennomsiktig, og med stålkontroll på absolutt alt. Og ei nyanseringsevne som gjeld absolutt alle felt, det vere seg mikro- eller makrodynamikk, tredimensjonalitet og måten instrumenta plasserast i konsertsalen, formidling av kroppen og sjela til songarar, og ikkje berre stemma. Du høyrer korleis Harry Belafonte jobbar i Carneige Hall, og du får med deg absolutt alt av kompleksitet når det gjeld Fritz Reiner Scheherazade, så vel som Supertramp sine beste album. Men annleis enn det Manley Neoclassic gjer. Der Neoclassic kan driste seg til å vere overstadig, og til tider kan seiast å livsbejae musikken, held Emitter 2 på det formelle og korrekte, men formidlar det reelle, utan å overdrive eller understreke noko for å poengtere spesielle sider ved musikken. Eg er tilbøyeleg til å like Neoclassic best, og let meg gjerne sjarmere av den utruleg musikalske spelestilen. Men om eg skal vurdere opptak, utstyr eller detaljar av noko slag, vert det altså ASR Emitter som held hovudet kaldt.


Alle lydtrykk

Og det beste av alt, det spelast no like godt uansett om eg ligg på lågt eller høgt volum. I utgangspunktet følte eg at mbl-ane mine likte seg best når dei fekk dra på litt. Dette likar dei absolutt, men dei spelar faktisk på ”fornuftige” lydtrykk også, berre elektronikken fiksar det. Dei to beste forsterkarane eg har prøvd ut – Manley Neoclassic og ASR – gjer faktisk slik at lydattgjevinga får ein relativ lytteterskel, som lett tilpassast den musikken du til ei kvar tid spelar. Ein kontrast til høgtalarar med høg lytteterskel, dei som må spele høgt for å løyse opp. Eit døme på slike høgtalarar er Magnepan. Eg skulle like å prøve ASR saman med dei største modellane derifrå – kanskje dei også kan spele lågt med den rette forsterkaren?


Fasilitetar

Vi må nemne at Emitter har 2 fleire fornuftige funksjonar. Her er høve til å justere balansen. Litt tungvint, som ein underfunksjon, men ikkje vanskeleg. Det berre vert sånn at du justerer ein gong etter rommet – og ikkje etter kvar innspeling. Greitt nok, og langt betre enn ingen balansekontroll i det heile, som mange av konkurrentane manglar. Det er også fint at inngangsnivået kan justerast, slik at du kan fintrimme nivået på alle inngangane. Då slepp du eit veldig lågt signal frå vinylen, medan t.d. radiosignalet er alt for kraftig. Dette trimmast også ved hjelp av fjernkontroll og litt nøye lesing av manualen.

For dei som har ekstremt vanskelege høgtalarar – det er sikringskrinslaup på Emitter, noko eg oppdaga då eg skulle spele svært høgt. Ja då, mbl vil gjerne ha tusen watt, men greier seg relativt bra med fem hundre. Det var veldig høgt, og eg var åleine i heimen då Emitter sa frå at no var det nok.


Endeleg vurdering, i starten av desember, etter fire månadars lytting

No skjer det lite med anlegget. Det verkar som alle parametrar har falle til ro. Eg kan bruke sparemodus på ASR når eg spelar Spotify eller ikkje er så kritisk til lydattgjevinga, men brenn av meir straum når eg vil ha skikkeleg kvalitet. Å lytte til kombinasjonen ASR/mbl er fantastisk. Det kan rett nok ikkje spelast så avsindig høgt som eg gjorde med W4S sin 1200-Watts monoblokker, og eg manglar den fantastisk innsmigrande musikaliteten til Manley-elektronikk. Til gjengjeld har eg med ASR opna vindauget ut mot orkestersalen, utan det aller minste snev at elektronisk ”glans”, slik transistorforsterkarar no eingong har for vane. Det finnest kanskje forsterkari med betre kvalitetar ein stad der ute – men når ein ser kva ein får når det investerast i ASR, har eg vanskeleg for å tru det finnest betre lyd til ein sånn pris.

Distribuerast gjennom Stereofil.

Meir info på: http://www.stereofil.no/produkter/stereo/asr_emitter_ii.html

eller produsenten sine sider: http://www.asraudio.de/

Lest 7860 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.