lørdag, 31 mai 2008 23:00

Ayon –austerriksk produsent av rørforsterkarar.

Skrevet av

Med tradisjonelle engelske, nyvinnande amerikanske, raffinerte franske og billege kinesiske - er det plass til fleire som produserer rørforsterkarar?

Av Arve Åheim juni 2008

Etter at transistoren tok over for elektronrøret utover 60-talet, gjekk det ikkje så frykteleg lenge før nokre småprodusentar gjorde opprør mot røra sin dinosaur-status. Den velkjende britiske konservative haldninga gjorde at det var nisjemarknadar som gjorde det muleg å overleve som rørprodusent. I USA var det i ferd med å utvikle seg ein marknad for ekstrem-hifi. Då magasinet The Abolute Sound var skipa, tok det ikkje lange tida før Audio Research og Conrad Johnson sine forsterkarar vart kåra til det aller beste, og då dei også fekk teste britiske og franske rørprodukt, fekk også desse god hjelp til å etablere seg på den amerikanske hiend-marknaden.

Etter kvart har røret fått ein solid renessanse, og det er ikkje vanskeleg for den interesserte å få demonstrert og eventuelt kjøpe rørprodukt i mange ulike prisnivå. Det må likevel peikast på at transistorar og ICar er vesentleg lettare å bruke i masseproduksjon enn rør, så mange var skikkeleg forbausa då det dukka opp godt fungerande rørkonstruksjonar frå Kina til brøkdelen av prisane på dei leiande. Mellom ytterpunkta finnest etter kvart eit hav av nisjar innan både pris og kvalitetar.

Ayon Spirit
Det var nytt for meg at også i Austerrike fanst ein produsent med produkt vel verd å merke seg, og eg takka sjølvsagt ja til å prøve noko då importøren Sound Planet tok kontakt med oss. Eg bad om den ganske rimelege integrerte ”Spirit”, som er ein relativt tradisjonell KT88-konstruksjon, og såleis ville gje ein god peikepinn om korleis Ayon stiller seg i konkurransen med dei mange andre. Spirit er den billegaste konstruksjonen frå Ayon, og den eigentlege spesialiteten er å lage single end-forsterkarar av spesialrør dei sjølv har konstruert, og har svært påkosta modellar i mykje meir ambisiøse produktkategoriar, men sidan dette er den fyrste Ayon eg prøver, er det veldig greitt å ha ein konstruksjon som lett kan samanliknast.

Når Spirit pakkast ut, startar lovorda med ein gong. Svært god emballasje er viktig når store rørapparat skal transporterast, noko som før eller seinare brukar å skje. Ute av pakken er det fyrst designet som tek pusten frå ein stakkar. Dette er noko av det aller mest gjennomførte eg har sett, og finishen overgår til og med dei flottaste franske Jadis-produkta. Når du skrur på knappane, må det litt makt til, her har austerrikarane ikkje spara på noko. Og vi snakkar her om ein sak som ikkje er i øvste prisklasse, 21 900 kroner er ikkje det eg hadde tippa på om eg måtte. Flottare enn det meste, men det må passast på så den blanke overflata ikkje vert dekt av støv eller fingeravtrykk.

For ein som har levd saman med engelske forsterkarar er Spirit sine 30 kilo heilt greitt. Dei råaste av oss vil kanskje seie at dette ikkje er ”tung” hifi, men den noko lågare vekta skuldast nok at utgangstrafoane er av ringkjernetypen. Dette er framleis ikkje heilt vanleg for rørforsterkarar, men mine erfaringar med sånne tyder på at det også har lydlege føremoner, spesielt i bassområdet.

Forsterkaren kan spele både som pentodeforsterkar og med triodedrift. Effekten er tydelegvis noko forsiktig oppgjeven til å vere 50 og 30 watt, for eg greidde meg iallfall godt med dei 30 triodewatta i dei aller fleste høve. Til å drive elektrostatar baud triodedrifta på betre kontroll, betre perspektiv og gjennomgåande betre lydeigenskapar, så det vart mest køyrt slik gjennom den kritiske lyttinga. Som vanleg for rørforsterkarar kunne ein velje mellom 4 og 8 Ohms høgtalarterminalar. Som alltid prøvde eg begge, og opplevde denne gongen at 8 Ohm fungerte marginalt best til elektrostatpanela mine som skal halde seg rundt 4 ohm. Her bør ein eksperimentere, og ikkje berre halde seg til det som står på høgtalaren.

Andre tekniske data:
Rør: 4x KT88, 3x 12AU7 EH
Bandbreidde: 15Hz-60kHz
Peak Output Power: 2 x 70 Watt
Nominal voltage gain: 40dB
Frekvensrespons: 27 Hz - 42 kHz/ 0.5 dB
Inngangsimpedanse: at 1 kHz 100K Ohm
S/N ratio at full power: 80 dB
Inngongar: 4 RCA
Straumforbruk: 145 Watt
Mål: (BxDxH) 46x34x26 cm

Lytteinntrykk
Ettersom dette er ein integrert forsterkar, var det ikkje det opplagde valet til mine hybridhøgtalarar, som krev både forforsterkar og to effektforsterkarar. Eg brukte likevel Spirit både til bass- og diskantområdet, noko som fungerte greitt, sjølv om det ikkje er optimalt. Kontrollytting via tre sett vanlege høgtalarar vart også gjennomført, men erfaringane er hovudsakleg frå hovudanlegget.

Når det gjeld bassområdet, er dette ein av dei aller beste rørforsterkarane. Han har nok ikkje det jerngrepet som må til for å styre dei aller mest krevjande basskonstruksjonane, men det kan ein ikkje vente av to KT88-rør pr kanal. Men det gjekk fint både på transmisjonslinjebassane mine så vel som på JBL TL260, så dette er faktisk ein av dei betre bassformidlarane når det gjeld denne forsterkarstorleiken.

Særpreget til Spirit er samansett av ei ganske nøytral klangbalanse som umiddelbart opplevast som å halle mot det mørke, noko du etter kvart vert klar over berre er fråver av ”elektronisk glans”, som så mange andre forsterkarar er plaga av. Såleis er det naturleg å samanlikne med den meir enn ti tusenlappar dyrare Audio Research VSI 55 innan dette aspektet. Audio Research er den forsterkarprodusenten eg assosierer som den som ligg nærast Spirit klangmessig, der kontrollen nærmar seg det fullkomne.

Dynamikken til Spirit er også eit svært sterkt kort. Her er både makt og nyanseringsevne, slik at både dei råare kraftpartia og dei små nyansane i musikken kjem fram på ein utmerka måte. Dette har mange rørforsterkarar, men det er få i denne prisklassen som maktar dette i slik grad som austerrikaren.

Også i når det gjeld dei tredimensjonale eigenskapane er Spirit svært bra, og overgår med klar margin det eg har høyrt av rimelegare kinesiskproduserte konkurrentar. Einaste farlege utfordrar eg har hatt på testbenken er Rogue. Her er Cronus ein tusenlapp billegare, og er endå opnare. Men her er det ikkje snakk om KT88-rør, men dei rimelegare og kanskje ikkje så nøytrale EL34. (Rogue har også ein KT88-basert integrert sak til ca 30 000). For å få ut fullt potensiale når det gjeld djupna i lydbildet, spesielt på sidene, er det triodedrift som er det rette, men pentode kan gje litt ekstra punsj når det skal rockast ut, t.d. med Red Hot Chili Peppers via JBL-høgtalarar. Det kan altså vere greitt å ha pentodeknappen i reserve, sjølv om eg spår at du kjem til å køyre triodedrift mesteparten av tida…

Elles er dette ein forsterkar for alle musikksjangrar, og for det aller meste av høgtalarar, så lenge vi snakkar om lydnivå til vanleg stovebruk. Ein verkeleg allroudsak, som både lydleg og visuelt kan fylgje ei opptrapping av eit anlegg utan å skamme seg.

Konklusjon
Ayon Spirit er ein svært tiltalande forsterkar heilt utan manglar, og til ein svært fornuftig pris, som gjer det vanskeleg for dei fleste konkurrentane. Skal du ha betre forsterkar, må det nok brukast fleire tusenlappar eller bruke andre rør enn dei gode KT88.
Flott musikalsk attgjeving, som gjer det lett å fokusere både på detaljar og heilskap, og med slik tyngde og autoritet at det er lett å vere begeistra. Ut frå denne smakebiten av Ayon, er det dessutan all grunn til å prøve ut dei andre modellane.

Pris: 23 900 kr

Link til importør og forhandlar Link til produsent Ayon Spirit må kunne kallast vakker... Ayon Spirit må kunne kallast vakker... Ayon har sine eigne, skreddarsydde rør. Endå meir spennande på dei større modellane, kanskje? KT88 er trass alt ganske vanleg.. Ayon har sine eigne, skreddarsydde rør. Endå meir spennande på dei større modellane, kanskje? KT88 er trass alt ganske vanleg.. Ringkjernetrafo vert ofte brukt i straumforsyninga. Men det er tydelegvis mykje å hente som utgangstrafo til rørforsterkarar også Ringkjernetrafo vert ofte brukt i straumforsyninga. Men det er tydelegvis mykje å hente som utgangstrafo til rørforsterkarar

Lest 7788 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler

Mer i denne kategorien « Creek A50iR Creek Destiny »