torsdag, 31 august 2006 23:00

JoLida JD 202B integrert rørforsterkar

Skrevet av

Vi har prøvd ut JoLida sin minste integrerte forsterkar med forbausande godt resultat. Då eg skulle returnere forsterkaren, peika eg på alle dei gode eigenskapane, men at JD 102B trass alt ikkje var på meir enn 2x20W. ”Prøv 202B også, då vel” føreslo Hifi-stasjons-meisteren…..litt dyrare, og 2x40W -dobbelt så kraftig.

 

 


av Arve Åheim, september 2006

Ut av kassa

Den EL34-baserte JD202A ser nesten akkurat ut som veslebror, men har eit ekstra dobbelt trioderør, og litt tyngre transformatorar. Ein god del mindre enn det integrerte rørforsterkarar vanlegvis er, med røra i front og trafoar i bakkant. og tre kontrollar på fronten. Dei tre kontrollane på fronten er akkurat det du har bruk for. Sjølvsagt volumkontroll og inngangsveljar, og heldigvis også balanse. Men ingen fjernkontroll.

EL34-røret er kanskje det mest utbreidde effektrøret vi har, og det leverast av om lag alle rørprodusentar. Det brukast både til hifi og til gitarforsterkarar, og har fleire variasjonar enn noko anna rør – noko som kanskje kan verke forvirrande i utgangspunktet, men som gjev eit fantastisk handlingsrom for den som ynskjer spesielle tonale eller dynamiske eigenskapar. Den som har fuska litt med gitarforsterkarar har her ein fin plass å prøve erfaringane sine. Importøren hadde då også sendt meg eit utval EL34 til å eksperimentere med.

E?lles må det seiast at desse rørforsterkarane er svært små, for den som er kjent med tilsvarande store integrerte forsterkarar i same effektkategori. Men tunge er dei...

 

På same måte som veslebror 102B, er 202A ustyrt med utgang til subwoofer. Sjølv om denne forsterkaren er vesentleg kraftigare, er dette veldig greitt, spesielt for den som likar små hovudhøgtalarar og likevel ynskjer eit godt grep om botnoktavane. Ein integrert rørforsterkar vil i dag gjerne produserast utan linjeutgang og effektforsterkarinngang, og ein subwoofer kan ikkje utan vidare koplast til. Men her er altså reine delefilterfrie subwooferutgangar som kan brukast.

 

102B til venstre, og 202A til høgre.

 

Dette er ynskjeleg på rørforsterkarar, fordi trafoen ikkje er optimal til alle høgtalarimpedansar. Med to ulike tapningspunkt ut frå trafoen sine viklingar, kan du få optimalisert forsterkaren til 4 eller 8 Ohm. Uansett bør du eksperimentere med kva du likar best av desse to, for ikkje alle høgtalarar har lineær impedanse i heile frekvensområdet, og det er litt skilnad på?; lyden. Du kan ikkje gjere noko gale, pass berre på å ikkje la forsterkaren stå på utan tilslutta høgtalarbelastning. Ingen røreffektforsterkar tåler slikt.

JoLida har ein elles svært fornuftige ”integrerte” forsterkarar. Og prisen er det lite å seie på. Samanlikna med det aller beste av slaget, må det nødvendigvis vere gjort ein del kompromiss, men du får så mykje rørlyd med sjarmerande klang og skikkelege dynamiske eigenskapar, at dei fleste vil verte fornøgde.

Endeleg må den fantastiske emballasjen til JoLida nemnast. Forsterkaren er så godt pakka at sjølv den mest ondsinna kartør ikkje kan klare å bortforklare at ein eventuell skade på utstyret er gjort med overlegg. Slik skal det gjerast!

 

Lydkvaliteten

Heller ikkje denne forsterkaren har pre out/main in-kontakter på baksida, og eg kunne ikkje bruke han saman med referanseanlegget sine hybridhøgtalarar med elektronisk deling. Subwooferutgangen kan brukast slik at bassforsterkaren fekk signal, men då måtte elektrostatane spele fulltone, og dei vert forferdelege når vi går ned til eigenresonnansen på panelet på ca 150 Hz. Forsterkaren vart difor prøvd ut med andre fulltonehøgtalarar.

Saman med Dali Ikon 7 var lydnivået brukbart til mitt vanlege bruk, og eit stort løft samanlikna med JC102B. Likevel ikkje heilt så mykje som eg skulle ynske til "helgebruk" når det gjeld rock og kraftige musikkuttrykk, og definitivt ikkje noko partyoppsett. Med Dali Concept 8 gjekk det betre, men også her fekk vi meir moro for pengane med eit stort transistortrinn. Men Concept 6 saman med subwoofer fungerte veldig greitt. Her tok subwooferen sin innebygde forsterkar over det tyngste arbeidet, og Concept 6 har ikkje ambisjonar om å få til noko under 40 Hz uansett, så sjølv om det eigentleg vart spelt fulltone, vart det ganske avstemt og god samanheng i bassområdet.

Dynamisk sett er JD202B ein typisk rørforsterkar, som gjerne understrekar kraftige dynamiske uttrykk. Dette passar godt saman med klangbalansen, som har eit romantisk skjær over nedre mellomtone/øvre bassområde. Ettersom EL34-røret kjem i så mange variantar, kan du ved hjelp av rettleiing frå importøren få hjelp til å finne din spesielle klang. Eg likte veldig godt Tesla-røra, rør med blå farge på glaset, og skikkeleg karamellfarge på lyden. Ikkje glasklar hi-end, men du verda så mykje musikk…akkurat det som skal til for å få mange moderne høgtalarar til å løyse opp snippen og vise sine mindre formelle eigenskapar. Dette røret er berre herleg til dei som likar EL34-lydkarakteren, her vert det skikkeleg gøy!

Når det gjeld tredimensjonalitet, greier JD202B seg greitt, men du må ikkje forvente det heilt fantastiske. Betre enn det meste i prisklassen, men om du kjem med ambisjonar om å få Audio Research, Condrad Johnson, Rogue eller VTL/Manley sine kvalitetar til ein rimeleg pris, vert du skuffa.

Ein slik forsterkar er eit godt kjøp, men også innan rørforsterkarar er det enorme variasjonar mellom ”rimeleg” og ”hi-end”. Har du ambisjonsnivå om det beste, må du også vere innstilt om å bruke vesentleg meir pengar.

Samanlikna med veslebror 102, er det fyrst og framst skilnad på evna til å spele kraftigare, men klangbalansen var faktisk meir nøytral på 102, med dei røra eg hadde tilgang på i utprøvingsperioden. 202 har meir sjarm, og gjer meir av seg, men om du ynskjer billeg hi-end, ville eg satsa på 102 og starta arbeidet med å finne den heilt rette høgtalaren. Det vert ikkje lett, men for den tålmodige kan det løne seg. Og for den reine musikkelskar, og iallfall den som likar understreking av det rytmiske, og stort engasjement i lydattgjevinga, er 202 det heilt rette. Det er også langt fleire høgtalaralternativ når vi snakkar om dobbelt så mykje Watt som veslebror.

Ein høgtalar som kanskje burde vore eit opplagt val, er Epos M5 – ein av dei beste minihøgtalarar eg har vore bort i. Men merkeleg nok fekk eg ikkje desse skikkeleg til, og ville heller prøvd modell ELS 3 saman med desse små rørforsterkarane.

 

Rør og heimekino - fenomenalt

I partnerskap med JD102B i heimekinoen vart 4+1-kanals attgjeving veldig moro, men også i reint stereooppsett, med høgtalarplassering eit stykke frå det optimale, var heimekino uvanleg engasjerande. Mirage Omnisat glitra saman med denne forsterkaren, og subwooferen tok seg av det muskelmessige. Ein herleg kombinasjon, der klang og dynamikk var i særklasse i kinosamanheng. Rør syner seg igjen å vere optimalt til kino. Dei tre manglande kanalane vart sakna i forbausande liten grad, men eg prøvde også eit oppsett der JD102B drog bakhøgtalarane, medan den litt JD 202B fekk fronthøgtalarane. Ikkje den heilt fine samahengen i lyden, men med svært interessante musikkeigenskapar. Å spele fleirkanals SACD og DVD-A var spesielt morosamt. Dette var berre eksperimentering, men eg føler meg trygg på at potensialet innan musikalske eigenskapar på ein 5-kanals rørforsterkar er så gode at det vil vere kommersielt interessant. Men mesteparten av tida brukte eg heimekinoen i stereo. Har du sjansen til det, vil eg absolutt tilrå at du prøver ein heimekinoaftan med ein eller helst to av desse glødande greiene. Faktisk aukar kinoopplevinga, det er heilt sant!

Konklusjon:

JD202B er ein forsterkar som er eit godt hakk kraftigare enn 102B, som berre er på 2x20 Watt, og storebror har ikkje så knappe avgrensingar til kva utstyr du kan bruke forsterkaren saman med. Også her er det snakk om å gjere ein del kompromiss, men dei er etter måten ganske greie. Dei 2x40 Watta som 202 har, er nok til langt fleire høgtalarar enn vesle 102B, og vil klare å gjere ein grei jobb med det meste av det du kan kalle "vanleg" driftseffekt (over 90 dB/W skulle vere ok). Dessutan har forsterkaren ekstra uttak til ein sub, akkurat som veslebror, og sparast for dei tyngste basstaka ved hjelp av ein god slik med innebygd effekttrinn. Det er vel også på sin plass å nemne at JoLida sitt konsept med enkle, rimelege, manuelle (utan fjernkontroll) integrerte forsterkarar finnest i eit stort utval i ulike Watt- og prisgrupper. Nokre baserer seg på andre rør - som fører til andre klangeigenskapar, men det finnest til og med ein JD 1000A med dobbelt så mange EL 34-rør, og som kan levere 100 Watt pr kanal. Alle desse alternativa kan altså vere verd å sjekke ut før du tar stilling til kva som passar best til deg.

Elles er det spelestilen som er JoLida JD202B sin spesialitet, og på same tid både den sterke og svake sida. Varme, speleglede og engasjement, men ikkje så mykje nøytralitet, kontroll og detaljrikdom. Men du kjem til å bli glad i ein slik, og det er vanskeleg å finne betre kjøp.

Forsterkaren for musikkelskaren!

 

 

 

 

Pris: kr 7 990,00

(kr 500 ekstra for Tesla eller andre rør med spesielle klangkarakteristikkar).

Importør: www.hifi-stasjonen.no

Nettsidene til produsenten: http://www.jolida.com/

Lest 4841 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.