tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Raidho Ayra C 1

Skrevet av

Det finnest mange utmerka små høgtalarar. Felles for desse er at dei er relativt lette å stille opp, fleksible når det gjeld plassering, og at dei har behov for eit svært godt stativ. Her er eit av dei aller beste alternativa.

 

 

 

Av Arve Åheim april 2009 

Dette er ein heildansk konstruksjon. Opp gjennom åra har det vore massevis av glimrande høgtalarar frå vårt broderfolk i sør, men også her har det vorte vanleg å gå internasjonalt ved å sette bort deler av produksjonen. Raidho har gjort det motsette. Her er det ikkje berre kabinetta som lagast heime. Faktisk er både delefilter og element eigenproduserte, ikkje berre det spesielle banddiskantelementet, men også dei konvensjoelle bass/mellomtoneelementa.

Dette er altså den minste høgtalaren frå Raidho. Ut frå kva Per Bendiksen, den norske representanten for merket seier, er dei Eigenutvikla og heimeproduserte elementaller største modellane på eit ambisjonsnivå der dei kan måle seg med kva som helst. Produsenten har såleis ikkje nøgd seg med å stole på underleverandørar, men har utvikla alle delane til høgtalaren sjølv, heilt ned til dei svært interessante høgtalarelementa som er handlaga heime hos konstruktøren. Den spesielle, nesten vektlause banddiskanten er kanskje det ein legg mest merke til, men her er også eit dynamisk element med spesielt stivt membran og eit magnetopplegg eg ikkje har sett maken til. Krevande produksjon, javel, men resultata står då også i samsvar til innsatsen, som vi snart skal komme til.

 

Eg fekk demonstrert C1 og den større C 3 på Hortenmessa sist haust. Per hadde eit langt frå perfekt rom, men ved hjelp av mykje erfaring og ikkje minst god elektronikk greidde han å få svært så imponerande lyd i det vesle hotellrommet. Eg fekk ein god time med finlytting, og var i grunnen like imponert over både store- og veslebror, og merka eit veldig potensiale som eg vart svært nyfiken på å prøve ut. Så eg fekk avtale på å låne C1 til test, og i haust sende Per sine godt innspelte demonstrasjonseksemplar til meg.

Kabinettet har ekstremt flott overflate, fint trevverk og ei bråte med lakkstrøk som vert eit smykke i sjølv svært så pent møblerte heimar. Frontplata er tydelegvis massiv, og kan sjå ut til å vere laga av metall, sjølv om også denne delen av kabinettet er svært daudt, og greier knoketesten på ein svært overtydande måte. Men det er svært nøye avrunda med tanke på å optimalisere spreiinga av lyd frå dei to elementa, nesten som eit svært forenkla horn. Kabinettet elles er utan plane eller parallelle sider (bortsett frå topp og botn), for det meste avrunda. På baksida finn vi ein bassport. Ein såpass liten høgtalar må vere bassrefleks for å kunne overleve utan Betre overflatebehandla høgtalarar skal du leite lenge ettersubwoofer. Der er også berre eitt sett høgtalarterminalar, så her vurderer konstruktøren tydelegvis at det ikkje er poeng med biwiring eller fleire enn ein effektforsterkar. Noko eg er tilbøyeleg til å vere einig i, dersom ein har tilgong på ein skikkeleg god og kraftig forsterkar.

Plasseringmessig er dei ikkje på nokon måte vanskelege, men må ha litt avstand til bakveggen. Til gjengjeld kan dei stå med stor innbyrdes avstand, og plasserast tett på sideveggane, med litt vinkling innover. Banddiskantane har eit anna spreiingsmønster enn meir vanlege diskantar, men nettopp dette gjev ein del kvalitetar innan perspektiv, som vi skal komme attende til.


Stativet

Sjølvsagt er stativ nødvendig for å kunne få til ein liten høgtalar som C1. Og i denne prisklassen På stativ, framfor elektrostatane i lytterom #1er det grunn til å forvente at desse er godt gjennomtenkte. Men Per sine stativ var ikkje i orden, så eit nytt sett måtte sendast meg frå Danmark. I mellomtida valde eg å bruke eit sett elles gode standardstativ under utprøvinga.
Mitt lytterom #3 var noko mindre enn hotellrommet frå Horten, men eg kjenner det godt, og tenkte eg skulle få til godlyd ganske raskt. Dei innleiande rundane gjekk ganske greitt, men trass i til dels glimrande elektronikk og pirkete flytting vart det ikkje til at eg var skikkeleg fornøgd. Vi snakkar om ein høgtalar som prismessig legg seg godt over både store elektrostatar og det meste av høgtalarar av sin eigen storleik, så forventningane mine var høge.
Så kom dei nye stativa. Desse var demonterte, og i mange deler som skulle settast saman. X-krysset består av ei hol, svart metallstang og ein grå H-forma konstruksjon i eit materiale som likna på relativt lett kryssfiner. Det same gjer topp- og botnplata på stativet, men her er i tillegg ”spikane” som eg mistenkjer for å vere essensen i stativa sine kvalitetar. Beina er hengt opp i ei hylse av eit slags hardt nylonstoff, som held på plass ein godt avrunda metallfot, slik at dei slett ikkje vil lage merke i parketten. Toppen av denne metallfoten er skålforma, og her ligg ei kulelagerkule, med ein ny skålforma metalldel over, som koplast mot stativet. Fire liknande konstruksjonar utgjer grunnlaget sjølve høgtalaren skal stå på. Det vert altså ei dobbel spike-effekt av dette. Eg trur at også X-utforminga er med på å påverke lyden gunstig. Stariva er visuelt spesielle, men dette er ikkje berre med tanke på design. Då eg endeleg fekk sett dei rett saman og i rett posisjon, viste det seg så markant skilnad frå vanlege stativ at eg vart svært overraska. For her skjedde det mange gledelege ting. Det var sjølvsagt fint å få diskantane plasserte i nøyaktig den høgda konstruktøren har tenkt seg. Banddiskantar spreier ikkje så mykje som ein dome, og det er viktig å få dette korrekt, særleg når bandet er senka inn i eit lite hornkammer som her. Dette skulle tilseie at høgtalarane skulle vinklast litt innover, men i mitt tifelle øydela dette noko av perspektivet, og eg fekk best totalresultat når høgtalarfrontane var nesten parallelle, og peika så få grader innover som råd for utklinginga i den øvste diskanten si skuld.

Banddiskantar byr nesten alltid på super oppløysing, og det er i høgste grad tilfellet her. Desse eigenskapane forsvinn ikkje ved dårleg plassering, og grunnen til at du må bruke tid på dette, er om du ynskjer perspektiv og korrekt frekvensgang. Trikset med Den nydelege banddiskantenå flytte høgtalarane nær veggflater for å auke nivået i bassområdet verkar også her, men det går i uvanleg stor grad ut over dei glimrande perspektiveigenskapane. Om du ser på deg sjølv som potensiell kjøpar av C1, er eg sikker på at du prioriterer perspektivet, så du må rekne med at plasseringa vert iallfall 80 - 90 cm frå bakvegg. Dei er ikkje fullt så kritiske til sidevegg, så om du held deg iallfall 30 – 40 cm frå desse, skulle det fungere ganske bra også i små rom.

Frekvensgangen er svært nøytral, men ganske ulik mange andre småhøgtalarar. Her er ikkje snakk om heving av deler av midbassområdet, slik mange konstruktørar gjer for å imponere med basseigenskapane.
Bassområdet sluttar der basstromma har sitt attakk, og der E-strengen på bassen klirrar laust. Du får altså ikkje det fundamentet som skal til for å spele hjarteslaga til DSOTM overtydande (Om du hadde venta dette frå ein stativhøgtalarar er du vel optimistisk). Mellomtonen er svært glatt, lett og detaljrik. Og diskanten er utprega naturleg. Dette reagerer ein umiddelbart på, for det kan verke som her er mindre nivå i diskanten enn du finn på konstruksjonar utan banddiskant. Men ved finlytting syner det seg at det er banddiskanten som har rett. Verkelege instrument har faktisk ein diskantkarakteristikk som ikkje er så ekstremt markert som rimelegare høgtalarar av det konvensjonelle slaget ei kulelagerkule ligg mellom to ofte gjev inntrykk av. Banddiskantar og elektrostatar er etter mine erfaringar best på dette feltet, og her har vi ein av dei betre av slaget. For dei med kjennskap til Audio Resesarch sine forsterkarar kan det trekkjast klare parallellar. Også desse kan verke diskantfattige ved første ”øyrekast”, men når ein lyttar meir nøye, er det dette som er korrekt. Og kombinasjonen med Audio Research gjer underverk for Raidho. Fråveret av kunstig ”glans eller atmosfære” er svært naturleg, og gjev ei sterk og nesten intens lytteoppleving, men utan at du vert trøytt eller mister fokus og konsentrasjon.

Dynamisk sett er det den viktige mikrodynamikken som er storarta. Denne kjem fram så sant du har ein veloppløyst forsterkar. Dei heilt rå fortissimo-eigenskapane vil alltid vere vanskelege på ein liten høgtalar, iallfall i bassområdet, men du kjem eit langt stykke på veg om du har enorme reservar i effektforsterkaren. Saman med den brutale Pass INT 150 var det såpass overtydande at eg ikkje sakna bassnivå i det heile, eigentlieg ikkje eingong på DSOTM, sjølv om hjarteslaga mangla det verkelege fundamentet. I lytterom #3 var det aldri inne i mine tankar at dette mangla, men det 41 m2 store lytterom #1, var uråd å fylle med realistiske lydtrykk ved hjelp av ein høgtalar som ikkje var større enn dette. Under klokkekiminga på same plate teikna oppstillinga av klokkene seg knivskarpt, heilt på linje med slik ein oppnår det med elektrostatar av det finare slaget. På alle dei klassiske opptaka mine der perspektiv og mikrodynamikk er vesentleg, kom dette godt fram. Også på kvalitetsopptak med pop/rock var opplevinga av rom og atmosfære veldig truverdig, og i samsvar med det eg har fått ut av denne musikken i mine beste stunder tidlegare. Dette var svært overtydande både i det største og det minste rommet, og slike kvalitetar er sjeldne. Dei med store rom, sans for djup bass og kraftige lydtrykk bør nok sjekke ut C3 og dei endå større modellane.
Det er slik at desse høgtalarane er i stand til å differensiere kvaliteten og då spesielt kraftreservane til forsterkaren svært godt. Eg ser ikkje bort frå at det går an å drive dei med 30 kvaliteswatt, men skilnaden på Creek Destiny, Copland CTA 520 til den brutale PASS INT 150 var svært radikal. Sjølvsagt kom kvalitetane til høgtalarane godt fram på dei fyrstnemnde, men det må vere heilt klart at du får utteljing for dei ekstra kronene du brukar på å kjøpe storarta elektronikk i tillegg til høgtalarane. Det er absolutt ikkje bortkasta med mykje effekt. Mitt råd er å gje dei så god forsterkar du på kan sjå deg råd til, og heller spare andre stadar. Pass er eit utmerka val, og eg er rimeleg sikker på at store Audio Research også vil passe svært godt. Rørforsterkarar er veldig kledelege, men eg ville hatt dei skikkeleg store. Per Bendiksen har tidlegare synt meg oppsett der også mindre slike fungerer godt, men då må du i alle fall prøve ut kombinasjonen på førehand under kontrollerte tilhøve.

Rommet verkar sjølvsagt inn på høgtalarprestasjonane. Mitt største rom på 41 m2 fekk fram eit storarta perspektiv, og med plassering langt frå veggflatene fekk eg ei ”pinpointing” det ikkje har vore maken til sidan Quad ESL 2905 var på besøk (og då på ein heilt annan måte). Diverre vart bassnivået i svakaste laget til at det vart skikkeleg moro. I lytterom #3 på 10m2 fekk eg beste resultat – fin bass, og likevel uvanleg flotte perspektiveigenskapar.


Konklusjon:
Dette er ganske små høgtalarar med eigenskapar som på sitt felt er ganske eineståande. Dei er lette å få til å yte sitt beste, iallfall så lenge du har dei eksepsjonelle stativa (som fungerer utruleg godt også på andre høgtalar av tilsvarande storleik), og aller helst fantastisk god elektronikk. Likevel er dei eigentleg ikkje kravstore når det gjeld å levere godlyd med svært god frekvensgang og nesten eksepsjonelle perspektiveigenskapar, det er berre det at dei leverer mykje betre når du spanderer på dei elektronikk henta frå øvste hylle.

Ein høgtalar du kan vekse med. I mange år. Og veldig, Tilsvarande kule og stålkoppar er plasserte i topplata av stativet. Øvste kopp er ein del av foten som høgtalaren kviler på. veldig langt. Om du i det heile finn svake punkt i konstruksjonen, har det nok med storleiken å gjere, kan dei større modellane vere svaret. Dessutan leverast dei med det som må vere verdas beste høgtalarstativ. Småhøgtalarentusiastar må berre prøve dette, for det seier noko om kva potensiale som eigentleg ligg i musikkavspeling frå små konstruksjonar - med C1 vert det demonstrert at det er langt igjen å gå for dei fleste høgtalarprodusentar...
Om du er ein av dei som må klare seg med eit lite lytterom, kan Ayre C 1 gje deg store musikalske opplevingar og mykje glede, som eg hadde i mitt 11 m2 store lytterom der desse småtassane gjenskapte musikalske hendingar på ein måte eg ikkje trudde var muleg i eit så lite rom.

Vi ser her kula på toppen av nedre del av foten. Nylonhylsa skal festast til botnplata med spikar i dei små spora vi ser, og held systemet på plass under flytting. Øvste kopp ser du ikkje her, men vekta av stativet kviler på denne.Eit rasedyr. Noko som også speglast av i prisen: 100 000 norske kroner, inkludert stativet, som kan leverast til 10 000.




Er du interessert, er det lettast å ta kontakt direkte med Raidho Norge på tlf nr 4760 9236. Vi håpar nettsidene til produsenten snart vert oppdaterte... 


Vi ser bassporten. For å få så god bass ut av ein såpass liten høgtalarkonstruksjon, må det bassrefleks til. Dette er ein svært velukka ein...













Her ser du dei fire

Link til produsent

Lest 5932 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.