onsdag, 31 desember 2003 23:00

InnerSound Eros

Skrevet av

Fekk lyst til å skrive om høgtalaren eg har – eit relativt uvanleg val, trur eg. Eg er gammal elektrostat-entusiast, og har vore fortruleg med ein god del av slaget (pluss nokre andre bipolare greier) gjennom åra. Etter eit par forsøk på å overleve med konvensjonelle høgtalarar (slike med høgtalarelement), er eg attende på det elektrostatiske…..og der trur eg at eg blir ei stund!

 

 


ALTERNATIV ELEKSTROSTATHYBRID

InnerSound er eit amerikansk hifi-firma, der Roger Sanders er guru. Tilfeldigvis har Sanders vore interessant familienamn, og mange trur at Martin Logan-Sanders er ein slektning av Roger. Dette er ikkje tilfelle. Han har aldri truffe mannen!.

For ordens skuld må det seiast at InnerSound no har endra høgtalarmodellar ganske radikalt. Prisane har også endra seg, og merket er framleis ikkje importert til Skandinavia. Einaste grunnen til å ha denne omtalen, er at dette er høgtalaren eg brukar som referanse, eller om du skulle prøve deg som importør sjølv...

Elles er det stor skilnad i produktfilosofien til Martin Logan og InnerSound. Sistnemnde lagar berre hybridar. Eros leverast i to modellar, ein med passivt delefilter, og "min modell" som leverast med ein basseffektforsterkar med innebygd elektronisk deling mellom elektrostatdelen og bassen.

Innersound sin b assdel er transmisjonslinje. For oss som lytta til IMF på slutten av 70-talet, kan dette synest å vere ein dårleg ide. Men faktisk passar transmisjonslinjeprinsippet langt betre  til dei lynraske elektrostatane enn Martin Logan og andre med bassreflekskabinett.  Roger Sanders arbeidde med ein prototype då eg besøkte han i 2001 som framleis ikkje er sett i serieproduksjon. Denne har separate basskabinett med 24 toms Hartley – verdas største serieproduserte basselement, og er eit forsøk på å konkurrere med Martin Logan Statement og tilsvarande referansehøgtalarar. Den mellomste EROS er 1,85 meter høg, og har ein 12 toms bass i transmisjonskabinett i botnen. Du kan velje mellom elektronisk deling (då får du ein eigen bassforsterkar som er tilpassa høgtalaren) eller vanleg delefilter.

  1. Elektrostatpanela er plane. Roger Sanders som var med å designa Martin Logan sitt kurveforma panel, har gått bort frå dette. Han meiner at dynamikken forbetrast, fordi lydenergien spreier seg mindre. Dette gjer at lydbiletet er lettare å arbeide med, og at du kan klare deg med mindre effekt. I tillegg vert plasseringa mykje enklare å få til. Ulempa er at lyttevindauget vert noko mindre, men du får uansett ikkje godlyd på meir enn maks to-tre stadar i noko lytterom…
  2. Delefrekvensen er 500 Hz. Dette er det høgste eg har høyrt om på nokon hybrid, og filteret er stupbratt – 24 dB på oktaven. Dette er uvanleg, dei fleste konstruktørar vil gjerne at elektrostaten skal gjere så ”mykje av jobben” som råd – (det er elektrostaten som kostar i ein slik konstruksjon) Med dette kunstgrepet vert frekvensane som lagar problem for ein bipolar høgtalar overletne til transmisjonslinja. Resultatet er ein høgtalar som er svært enkel å stille opp.

ANDRE PRODUKT:

Elles lagar InnerSound svært gode (men i norsk målestokk ganske dyre) forsterkarar også surroundutstyr med imponerande data. InnerSound var amerikansk agent for Behringer, og er såleis eksponent for digital+high-tech retninga innan hifi (i motsetnad til rør og analog. Men mist ikkje interessa av den grunn….dei lagar også røreffektforsterkarar)

Sanders høyrer til dei som meiner at det einaste som skil lydkvaliteten mellom to forsterkarar, er forvrenging. Han er opptatt av å lage forsterkarar som kan levere nok straum og effekt til alle føremål, og meiner eigentleg at forsterkarane hans er like gode som alt anna. Difor har han eit ståande veddemål: Dersom du kan høyre skilnad på forsterkaren hans og ein annan, under like føresetnadar (lydstyrke), må dette skuldast ulik grad av forvrenging. Vel vel, eg besøkte Roger heime i Atlanta, men hadde ikkje tatt med min eigen forsterkar…. Eg konkluderer likevel med at anlegget han hadde konstruert ikkje hadde noko å skamme seg over (eg var då fortruleg med høgtalarane på førehand). Faktisk kan eg ikkje påstå å ha høyrt særleg betre anlegg i det heile – iallfall ikkje under digital avspeling. (Roger hadde ei svært stor daglegstove, om lag 70m2, med skrått tak, enorm takhøgd og tungt, hårete vegg til vegg- teppe. Ein avdempa, men likevel levande akustikk og eit utmerka rom til lydbruk – og den einskildkomponenten eg helst ville hatt med meg heim frå InnerSound) I tillegg til eigne produkt (nyaste utgåve av Eros + svært feite forsterkarar og fjernkontroll), hadde Sanders DAT-teipar som hovudprogramkjelde, pluss ein kostbar amerikansk CD-spelar. Musikken som vart spelt var slikt eg hadde med heimanfrå, og Roger sine teipar. Særleg interessant var tomikrofonsopptak han hadde gjort som amatør i ein konsertsal i Atlanta. Enorm lydkvalitet, gjort på enklaste måte. (Fekk idear om å lage bootleg-opptak frå Grieg-hallen i Bergen…..dette var på mange måtar betre enn profesjonelle innspelingar) Elles kan du finne produkta på www.innersound.net

EROS I STUA

Eg sjansa på å kjøpe eit Eros frå AudioArt ut frå omtale og beskrivingar av konseptet. Dette var eit demo-sett av tidleg modell, men i utmerka stand. Anlegget eg brukte det saman med, var:

  • Forforsterkar Audio Research SP 10, (eg brukar også andre forforsterkarar)

  • Effektforsterkarar: Grant G100 AS (rør, no utskifta med Copland CTA 520 transistorforsterkar) og den medfølgjande bassforsterkaren.

  • Ulike signalkjelder

OPPSTILLING

Alle oppsetta eg gjennomførte hadde høgtalarane vinkla mot meg ved hjelp av lommelykt-refleks, og nøye oppmålt lik avstand frå begge høgtalarar til lytteplass.

Fyrste plassering eg prøvde var etter ”tredjedelsregelen”. Ut frå tidlegare erfaringar med eit tjuetals høgtalarar, derav tre bipolare, har eg funne ut at dette er beste oppstillinga dersom påverknaden frå rommet skal vere eit minimum. Dette gav ein lyd som i stor grad minte om Martin Logan; litt upresis bass, som var vanskeleg å tilpasse gjennom å regulere nivået på bassforsterkaren. Likevel var det svært positive trekk i lyden; lydbiletet var svært tredimensjonalt og detaljrikt, og klangbalanse og mikrodynamikk (utanom bass) var svært imponerande. Men eg kom for tett på  – berre knapt tre meter er travelt med så fysisk store høgtalarar.

Neste plasseringsforsøk var å sette høgtalarane så tett opp til bakvegg som praktisk muleg, og med så stor innbyrdes avstand som eg fekk til, altså nesten hjørneplassering. Dette gav store forbetringar i bassen, og eg opplevde nesten ingen innskrenkingar av lydbiletet, eller upresis dynamikk, slik ein gjerne gjer når bipolare høgtalarar kjem nær bakveggen. Avstanden til høgtalarane auka til fire meter, og alt vart langt meir realistisk. Eg hadde altså funne ein elektrostathybrid som var lett å stille opp.

STERKE SIDER:

Eros kan verkeleg sleppe seg laus når det gjeld trøkk. I motsetnad til nesten alle andre elektrostatar eg har høyrt (unntak: Acoustat 4), kan Deep Purple og DumDumBoys spelast med engasjerande lydtrykk. Men sjølv om dei er ganske lettdrivne (oppgjevne til 92 dB/W/m) har eg lyst på ein kraftigare forsterkar til elektrostatpanela. Men det er slett ikkje påkrevja å spele høgt – høgtalarane kan spele med god oppløysning på ganske lave nivå, slik elektrostatar gjerne har. Eros har dei klassiske elektrostat-dydene, pluss skikkeleg dynamikk. Det er difor eg har vorte så glad i dei.....

Høgtalarane kan ikkje berre plasserast med stor innbyrdes avstand, dei tener faktisk på dette, og du får ikkje ”hol i midten”, slik ein gjer med vanlege høgtalarar. Dette er altså ein ganske lettplassert elektrostat. Med unntak av dei legendariske Beverigde frå slutten av 70-talet den mest plasseringsvenlege eg har høyrt. Du kan også ta ut kontakten, dersom du vil unngå at dei samlar støv – dei er klare til avspeling etter knapt eitt minutt, i motsetnad til mange eldre konstruksjonar som treng ein time eller to for å spreie spenninga over heile høgtalarflata.

SVAKE SIDER:

Det verste med denne høgtalaren er prisen. I USA kostar dei nye modellane $ 10000 med elektronisk deling og bassforsterkar, $ 2000 mindre dersom du tek den med vanleg delefilter. Veslebror ISIS kostar ein god del mindre, og kan vel vere eit alternativ (små høgtalarar er dessutan endå lettare å plassere).

Det nest verste er at InnerSound ikkje har norsk agent – eg trur ikkje merket er representert i Europa i det heile. Men Roger Sanders er svært interessert i den europeiske marknaden.

Ein annan svak side ved min eldre modell (Eros er no komen i både mk II og III-utgåve, pluss to heilt nye modellar), er at elektrostatpanela slepp insekt inn, som straks vert grilla (vi snakkar om 3 – 4000 volt her), men som lagar sjenerande lydar. Panela var også ganske vare ovanfor høg luftfukt, men då eg kontakta InnerSound fekk eg straks tilsendt panel av nyemodellen – slik god service ein highend-produsent må vere bekjent av for å overleve. Den nye utgåva har dessutan variabelt nivå på både bass og mellomtone, slik at justeringar til rommet, og gjerne også etter innspelingane vert enkelt. (min modell har berre volumkontroll på bassforsterkaren, altså frå 500 Hz og nedover, det vert altså ein slags mellomtonetrim)  Eg fekk høve til å prøve desse funksjonane, som var integrert med forforsterkar og fjernkontroll på anlegget i Sanders-heimen. Den presise inndelinga var gjort i trinn på 0,5 dB, og faktisk gjorde slikt (som etter mi oppfatning knapt skulle kunne høyrast) endringar i lydbilete og klang.

KONKLUSJON

Å eige kostbare høgtalarar av eit merke som ikkje er representert i Europa, er ei utfordring. Heldigvis slapp eg å ta denne utfordringa – Sanders og InnerSound har ein framifrå oppfylging av kundane, same kvar dei bur.

Sjølve høgtalarane er akkurat det eg ynskjer meg, men som eg ikkje har funne tidlegare. Dei er store, svarte (dei nye modellane er langt vakrare), og til dels stygge nok, men lette å stille opp, så lenge du kan sitte midt i mellom dei. Oppløysing, lydbilete og dynamikk er slik at eg kjenner meg svært tilfreds. Klangen kan regulerast med nivåskilnadane over og under 500Hz, det kunne kanskje vore meir oppdelt, sjølv om eg sjeldan reagerer på klangproblem.  Som demo-sett var dei ikkje dyrare enn at eg kunne investere i dei. Det vert nok lenge til eg skiftar høgtalar neste gong…

LINK TIL PRODUSENTEN

Lest 2829 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.