tirsdag, 07 desember 2004 23:00

Musikk gjennom øyretelefonar

Skrevet av

Den ideelle musikkoppleving får du utan tvil ved å vere til stades på konsert. Diverre er det ikkje gjennomførleg å klare dette, så stereoanlegget er for dei fleste av oss eit akseptabelt kompromiss. Men stove-stereo er heller ikkje alltid akseptabel lydkjelde. Kanskje du må dele rommet med andre brukarar, som slett ikkje har lyst til å høyre det du ynskjer.

 



Kanskje du ikkje har råd til god nok stereo til at du finn det akseptabelt til verkeleg kritisk lytting? Kanskje du vil ha med deg musikken ut? Ettersom også bærbar stereo har breidd seg, har vi fått eit svært utval av øyretelefonar, med ulike brukargrupper i sikte. Her er eit knippe frå Sennheiser, ein av dei aller største produsentane av høyrelurar.

LITT OM UTVALET 
Eg har avstått frå å bruke øyrepluggar, dvs. slike øyretelefonar som stappast inn i øyret. Sjølv om desse er praktiske å ha med på tur, er det mange grunnar til å heller velje ein av dei modellane som ligg utanpå øyret: 

  1. Lyden er alltid betre, fordi ein bøyle held telefonane på plass.
  2. Du kan få alvorlege høyrselsskadar ved å ha telefonar liggande så tett på trommehinna
  3. Musikkformidlinga er kanskje mindre sosial (jfr. dobbel fjortis-lytting), men så avgjort meir hygienisk....

For å avgrense artikkelen litt, har det ikkje vore prøvd ut trådlause øyretelefonar denne gongen. Det er også verd å merke seg at alle Sennheisertelefonane er i prinsippet opne konstruksjonar, som ikkje isolerer deg frå omverda, om du då ikkje legg deg på eit lydnivå om overdøver dei som vil ha kontakt med deg. Du spreier då også litt lyd til omgjevnadane..

Før all kritisk lytting har eg spelt inn telefonane i om lag 1 time på høgt volum, utan at eg har hatt hovudet i bøylen. Vidare har lyttinga skjedd i to etappar, fyrst via bærbar CD-spelar, deretter direkte frå SACD-spelar. Dei tre-fire dyraste modellane vart også prøvde ut på øyretelefonugangen på Rotel RC-03 forforsterkar. Eg har brukt fleire musikksjangrar, både elektronisk og akustisk. 

imagePX 200
Denne saken kjem samanbretta i eit lite etui, ei småfiks og stilig løysing som er nyttig for den som skal ha med seg musikken i ryggsekk, eller reknar med anna hardhendt transport. Det går greitt å brette PX 200, og telefonane gjev eit solidt inntrykk. Det er tydleg at denne er laga for bærbar-folket, for kabelen er ganske kort, og det er berre minijack-kontakt. Heilt greitt for denne kundegruppa. Bærekomforten er typisk for slike øyretelefonar, grei nok, men med press på øyremuslingen. Dette er litt travelt om du har lange lytteøkter, men du har ikkje noko val om du ikkje brukar proppar eller utanpåliggande øyretelefonar. Telefonen må pressast mot øyret om du skal få brukbar bassattgjeving. Lydkvaliteten er også tilpassa bærbart. Det dynamiske er i fokus. Oppløysing kan ikkje samanliknast med dei store modellane, men det er heller ikkje noko poeng om du lyttar til MP 3. Køyrer du dei utan equalisering, vil du kanskje sakne litt trøkk i bassen, men dei tåler godt dei ulike loudness-funksjonane som bærbart utstyr er utstyrt med. 

KONKLUSJON
Ein høyrelur som passar til utandørs bruk. Liten og lett, men ser ut til å tåle både hardhendt bruk og mykje guffe. Passar best til rytmisk musikk.

imagePMX 60
Dette er ein konstruksjon som er særleg godt eigna for dei som tykkjer ein kvardag utan hovudplagg er skremande. Bøylen går bak nakken, og hektast slik at han heng over øyremuslingen. Dette gjer at du slepp presset mot øyret, og fungerer heilt greitt, bortsett frå at det aller djupaste trøkket i bassen ikkje kjem med. (Det gjer det som regel heller ikkje på telefonar som pressar mot øyremuslingen). Sjølv om eg ikkje brukar hatt eller tilsvarande, fann eg PMX 60-løysinga til å vere den beste mindre telefonen å ha på seg over lengre tid. Elles er dette også ein sak for bærbar-folket, med kort leidning, og utan overgang til vanleg stereojack. Eit anna spesiell eigenskap med PMX 60, var at han var svært lettdriven. Dette er positivt ut frå at du faktisk merkbart kan spare batteriskift - det går faktisk mindre straum med. Du kan også equalisere utan at dei ørsmå forsterkarane i bærbare CD-spelarar vert overstyrte, noko som skjedde då eg prøvde basshevinga på dei store, tungdrivne øyretelefonane gjennom same spelar. Men pass på høyrselen - PMX 60 kan spele faretruande høgt!! Lyden elles er meir enn OK, meir solid bass enn dei andre små høyrelurane, men ikkje så djup som dei store, utanpåliggande. Mellomtone og diskant er også utan irriterande sider. Denne modellen kan godt brukast til akustisk musikk, om "analysebehovet" av lyden ikkje er for påtrengande, eller du er forgapa i djupbass-hjarteslaga på Pink Floyds DSOTM . KONKLUSJON: Ein telefon for heile familien. Men pass på lydstyrken, elles vil familiens håpefulle ikkje bli vurdert som lytefri på sesjonen. Verkar robust, men har ikkje eiga mappe eller oppbevaringssystem. Passar til utandørs bruk, men fyrst og framst for slike som tar vare på sakene sine..

imagePXC 250 
Kanskje den mest spesielle øyretelefonen frå Sennheiser. Ser til forveksling ut som ein PX 200, men har ein batteriboks på lydkabelen, med ein av/på-knapp. Etuiet er av stoff, og har også overgangspluggar, både til flybruk og vanleg stereojack, så her er det tenkt på breiare brukargrupper enn bærbar-folket. PXC 250 er utstyrt med Noiseguard-systemet, som er eit svært interessant system for å fjerne støy, utan å fjerne musikk, eller å isolere deg frå omverda, slik t.d. høyrselvern med radio gjer. Når du slår på knappen på batteriboksen, skjer to ting. For det fyrste vert støykjelder med jamn, sinusprega lyd redusert med 8 - 10 dB, det verkar ikkje så mykje, men utgjer faktisk det som skal til for å motvirke langtidsskadar av denne typen støy, t.d. frå motorar som held same turtal over lengre tid. Det andre som skjer, er at musikken du lyttar til vert equalisert, med litt meir trøkk i bassen.Om batteriet er svakt, eller støyreduksjonen avslått, er det framleis akseptabel lyd i telefonane, men det let litt tamt. Du bør difor ta takhøgd for batteribruk. PMX 250 har ein høg pris, og er eit spesialprodukt. Eg vil likevel rå deg til å prøve dette, om du sjenerast av støy i lengre periodar, t.d. om du ofte reiser med snøggbåt eller fly. Særleg morosamt er dette systemet ut frå at det ikkje tek bort tale og "spontan" støy, og du får gjerne med deg det som vert sagt i setet bak deg..... Det er ikkje eit fullgodt høyrselsvern, men gjer nytta i svært mange samanhengar. 

imageHD 580 PRECISION
Dette er ein open øyretelefon med klokker som ligg på utsida av øyremuslingen. Sjølv om dei veg litt over 1/4 kg, er dei svært behagelege å ha på seg, med eit fast grep rundt skallen som sikrar god bassattgjeving. Pluggen kan "demonterast", slik at ein minijack kjem til syne om du drar litt, men det er tydeleg at denne øyretelefonen er tenkt til stasjonær bruk. Du kan med fordel bruke han på hytta, men han er tungdriven, og du må rekne med å skifte batteri i CD-spelaren langt oftare enn på PMX 60 og dei andre "lette" telefonane. Til gjengjeld har du fullt frekvensområde med deg, og det er for ille å bruke loudnessfunksjonar på denne konstruksjonen - dessutan gjekk min vesle bærbarCD i klipping då eg prøvde dette.... Men det er slett ikkje tilfeldig at HD 580 har fått tilleggsnamnet "PRECISION". Her høyrer du nemleg detaljar som aldri før. Bortsett frå det fysiske trøkket i bassen, var heile frekvensområdet med, og du høyrde alle små fiksfakseri i opptaka. Å lytte til intrikate klassiske opptak er ei fryd med desse telefonane, og ingenting vert skjult sjølv i vanskelege symfoniar. Også koropptak vert formidla med soleklar detaljrikdom rundt dei ulike stemmene. Bassattgjevinga elles er utmerka - den beste av alle Sennheisertelefonane, og du høyrer tydeleg at det puslast på med 32 Hz-hjarteslaga på introen på DSOTM. Om du skulle skifte til frå SACD-avspeling til CD på 30-års jubileumsutgåva, vert det irriterande "stønning" og stresslyd på dei same hjarteslaga der CD kjem til kort. Og du høyrer også korleis CD rotar til klokkekiminga på "time" på same album. Folk sine hovud er ulike, og på mitt store vart øyrene ei smule inneklemde etter tre timars lytting. På den andre sida er det ikkje ofte det lyttast 3 timar i samanheng. 

KONKLUSJON
Eit monitorreiskap med generell detaljformidling som overgår 99,9% av alle høgtalarkonstruksjonar eg har vore bort i. Dessutan kan HD 580 PRECISION formidle musikk som få andre øyretelefonar, samstundes som det er eit glimrande monitorreiskap. (Eg har rekvirert eit sett Stax øyretelefonar for å finne ut om desse framleis er betre enn dei dynamiske. Eg trur nemleg at Sennheiser pustar elektrostatane tett i nakken....)

imageHD 600 
Dette er Sennheiser sin toppmodell, iallfall når det gjeld slikt som er kommersielt tilgjengeleg. (det er også rørdrivne elektrostatar til sals, men også ei romferge kan seiast å vere "kommersielt tilgjengeleg", dersom du har nok pengar.....lat oss halde oss til høyrelurar som kostar mindre enn ein tilnærma normal høgtalar) HD 600 har nokre år på baken no, men er tydeleg eit prestisjeprodukt, med svært forseggjort etui, og ein utsjånad som er ekstra påkosta. Dei fløyelsmjuke putene kan skiftast ut, og pluggen har same smarte løysing som 580-modellen. Elles er HD 600 ganske lik denne, men er endå litt meir behageleg å ha på seg. Lytteinntrykket var svært likt 580-settet, og ved direkte samanlikning var det vanskeleg å skilje lyden. For å skilje dei, må du lytte spesielt etter dynamiske detaljar, som HD 600 generelt fiksar ei halv aning betre enn 580. På den andre sida er bassen heller mindre kontant over HD 600. Elles er denne toppmodellen like "ille" som 580 når det gjeld å vere tungdriven og tappe batteriet...

KONKLUSJON 
HD 600 er meir forseggjort enn HD 580, men dekkjer elles akkurat dei same bruksområda. Eit glimrande monitorreiskap. Eg har mistanke om at 600 har ei lengre levetid, men ut frå lydkvaliteten åleine kan ein ikkje forsvare omgrepet "toppmodell".

imageHD 497
Dette er ein rimeleg modell, med lang ledning og overgangsplugg. Det er all grunn til å sjå på denne som ein kombinasjon som er i stand til å dekke både bærbare og stasjonære behov, men det vert liksom litt stakarsleg. Modellen er grei nok, brukbar komfort, men med for små klokker til å omslutte vaksne øyrer, så du har ein utanpåliggande konstruksjon, som ikkje eignar seg særleg for dei lange lytteøktene. Ergonomien er god, men med lyst grått plastdesign, utan den kvaliteten som dei store modellane har, og heller ikkje med samanbretting eller noko småfikst opplegg som gjer at HD 497 eignar seg spesielt til utandørs bruk. Den er gjennomsnittleg lettdriven, betre enn dei største modellane, men ikkje heilt slik som PMX 60 og PX 200. Lydkvaliteten er kanskje eit hakk betre enn PX 200, men utan den klare fokusen på dynamikk, eller den gode bassen og oppløysinga/detaljrikdomen som dei tre største modellane har. Eg saknar spesielt den gode diskantattgjevinga til dei dyrare konstruksjonane.

KONKLUSJON 
HD 497 er ein allsidig budsjettmodell for den som treng ein rimeleg øyretelefon. Kanskje ein sak som eignar seg til hytta eller båten? (Sjølv om eg heller ville hatt ein betre modell, eller ein meir hendig sak) Så billeg at du tåler å miste dei...

HD 590
Denne liknar på HD 580 og 600, men er ikkje fullt så forseggjort i designet. Det er også interessant at kabelen kan takast ut frå telefonen med ein "micro-jackplugg", mindre enn ein minijack. Såleis er dette den einaste modellen som har leidning inn på venstre side åleine. Alle andre modellar har leidning til begge klokker. HD 590 er den mest tungdrivne av alle konstruksjonane, og den tåler ikkje heilt same lydtrykk som dei to andre toppmodellane før du merkar at presisjonen dabbar av. Til gjengjeld har desse øyretelefonane ein svært engasjerande spelestil, med eit vell av klangdetaljar. Såleis er HD 590 mitt fyrsteval til akustisk musikk, særleg når dei i tillegg er svært behagelege å ha på seg. Store, omsluttande klokker med eit mildt press utanpå øyremuslingen kan tålast i timevis. Eg trur dette er den mest behagelege øyretelefon eg har hatt på meg, med unntak av dei legendariske Jecklin-lurane (som hadde andre problem med å halde seg på hovudet). Dette er også den rimelegaste av dei tre toppmodellane, og eg trur eg må anbefale HD 590 som det beste kjøpet, og det du bør satse på til kritisk lytting, med tre atterhald: HD 580 PRECISION og HD 600 kan spele høgare utan å anstrenge seg. Dette bør ikkje vere noko stort argument, om du ynskjer å bevare høyrselen lenge. Dei to dyrare modellane har større oppløysingevne. Eit musikkdøme: Spor 4"Loaded" på Ricky Martin sitt album (SACD-utgåve) "sound loaded" har ein intro der eit sinnsjukt intrikat blåsearrangement vert miksa med vokalpanomering. Detaljane i dette kjem klart fram med 580 og 600, medan 590 ikkje klarer å halde desse detaljane frå kvarandre. Har du behov for eit monitorreiskap, bør du velje ein av dei to dyraste. Så er dette at 590 er ganske tungdriven, og tappar batteriet på ein bærbar spelar om du guffar litt. 

KONKLUSJOND
et beste valet til klassisk musikklytting, med nokre små avgrensingar. Dessutan mest for pengane, og den som eignar seg best på hovudet over tid. Brukbar som monitor til ikkje alt for krevjande oppgåver.

Prisar
HD 580 Pre. = 2511,00 
HD 590= 1920,00 
HD 600= 3197,00 
HD 497= 613,00 
PXC 250 Noiseguard= 1344,00 
PX 60=336,00 
PX 200=538,00


Sist oppdatert : 08.12.2004 11:14:34

Lest 7228 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.