mandag, 14 juni 2004 23:00

Stax SRM 006t - verdas beste?

Skrevet av

Sennheiser sine øyretelefonar imponerte stort. Men mi tidlegare referanse var Stax sine elektrostatiske øyretelefonar, som var heilt eineståande samanlikna med alle andre eg hadde høyrt.
Det er fleire år sidan eg høyrde Stax, og dei har også utvikla fleire modellar. For å kunne trekkje konklusjonar om det generelle høyrelur-nivået i dag er det altså ingen veg utanom, eg måtte altså samanlikne Sennheiser med desse. Tor Aamodt på TAA import vart difor kontakta



No er det ikkje heilt enkelt med Stax. Elektrostatiske øyretelefonar liknar på elektrostatiske høgtalarar på den måten at dei opererer med heilt andre spenningar enn dei dynamiske elementa. Dei må difor ha ein relativt diger boks med straumforsyning. I denne er det også ekstra forsterkar med to inngangar og ein utgang, i tillegg til uttak for i alt tre Stax-telefonar.
Du koblar difor anten signalkjelda direkte til, eller let signalet frå forforsterkar gå inn på Stax-boksen, og så vidare til effektforsterkar. Stax leverer to sett kablar som ser betryggande ut, men eg brukte eit utval av signalkablar eg no har til utprøving. For det meste nytta eg CD-spelar og SACD direkte inn i boksen, utan å gå vegen om forforsterkarane, som trass alt har ein viss eigenlyd. Eg sparte også eit ekstra signalkabelledd når eg kobla på denne måten.



Det finnest fleire Stax-modellar, og Tor hadde sendt meg noko av det råaste som er å få; SRM 006t boks, og Sigma signature telefonar. Desse er nyleg sett ned frå 17000 til 14775 kr, og er såleis noko av det dyraste som er tilgjengeleg på marknaden (Stax har også dyrare modellar). Grunnen til den høge prisen er ikkje berre snobberi, noko eg oppdaga då eg pakka ut forsterkarboksen. Denne har ein uvanleg høg kvalitet på alle måtar. Dessutan er han basert på rør, og det skulle undre meg stort om dei ikkje er kopla direkte på telefonane. I så fall er dette den gamle draumen med direktekopla rør utan trafo, og direktedrivne elektrostatar, der du også slepp trafo. Det fanst nokre få elektrostathøgtalarar med innebygde rørforsterkarar som arbeidde på denne måten, og eg har hatt gleda av å lytte til dei for over 20 år sidan: Beverigde modell 2 og Acoustat X. Desse høgtalarkonstruksjonane var vanvittig kostbare den gongen, men hadde også kvalitetar som var eineståande. (Faktisk er Beverigde sin konstruksjon på ny tilgjengeleg på marknaden, produsert av sonen til konstruktøren, men til ein pris som er fleire gongar den opprinnelege.)

Det var altså med ein god del forventningar eg tok på meg øyretelefonane. Og utruleg nok: frå fyrste sekund vart dei innfridde, og overgått på dei aller fleste felt. Utan noko oppvarming, berre med den obligatoriske venteminuttet før røra var klare til bruk, var eg inne i ein av dei mest presise lydattgjevingane eg har høyrt.

Vi kan starte med frekvensgongen:
Ekstremt nyansert, og alle innspelingsnyansar av klang er ikkje berre tydelege, men krystallklare. Den einaste innvendinga er når du forventar ein fysisk bass. Naturleg nok kan ikkje desse små greiene du heng på skallen sende så mykje mekanisk energi inn i kroppen din at du får med imponatoreffektar fullt ut. Til gjengjeld har eg aldri oppfatta ein meir korrekt attgjeving av ståbass. Resten av frekvensområdet var berre heilt rett, og vert berre avgrensa av innspelingsteknikk og signalkjelde. Berre synd at eg ikkje disponerer ein spolebandopptakar og ein passeleg samling av masterband…… Eg må driste meg til å påstå at all eigenklang og påverknad frå Stax er ikkje berre bagatellmessig, men forferdeleg vanskeleg å registrere. Lesaren får unnskylde at eg ikkje klarer å beskrive noko slikt. Men eg kan trekkje fram klangen på Nils Lofgren "Acoustic live". Dette svært gode opptaket vert endå eit hakk meir tydeleg, og alle mikrodetaljar vert ekstremt tydelege; små justeringar som vert gjort på instrument og endring av måten Nils vinklar seg mot mikrofonen er krystallklare. Dei to Earwitness-Cdane (Isophon) - innspelingar av rundt 80 år gamle pianorullar på ei Steinwayflygel pianomaskin, inneheld også lyd som kjem frå det tekniske utstyret, og dette vert langt meir tydeleg over Stax-settet enn eg har registrert tidlegare.Så går vi over til dynamikk. Det tek berre sekund før du oppdagar kor eineståande desse øyretelefonane er når det gjeld mikrodynamikk. Vanlege øyretelefonar er nesten alltid glimrande på dette feltet, men her er vi langt over det nivået vi er vant til.Endeleg har vi detaljane og nyanseringsevna, som normalt er svært godt gjennom øyretelefonar. Dette var nesten vanvittig. Gjennom mine relativt få SACD-innspelingar var det nyansar som eg ikkje har fått med meg på sjølv svært analytiske høgtalaroppsett. Å lytte til kompleks musikk som t.d. Orff Carmina Burana på Telarc SACD 60575, eller for den saks skuld Kaizers "Ompa til du dør" gjev ny innsikt, og eg må ta tilbake ein god del av det stygge eg tidlegare har sagt om innspelingsteknikken på Kaizers. Lyden er ganske god, dersom lydformidlaren er god nok, som han var i dette tilfellet. Og det var moro å analysere ting som føregjekk i miksen når eg kunne høyre det tydeleg, og ikkje berre ane det, som eg gjer med nokre vage endringar på somme spennande innspelingar.
Å spele ekstremt dynamiske ting kjem også godt igjennom. 

Det er eigentleg berre to avgrensingar:
Signalkjelda. På ny er eg i ferd med å irritere meg over CD-mediet sine svake sider i diskanten, men dessutan oppdagar eg at heller ikkje SACD er så lytefritt som eg skulle ynskje. No har eg ein rimeleg spelar, så eg er kanskje særleg utsatt, men vinylplater er nok framleis det eg likar best (bortsett frå spoleband, som eg ikkje har prøvd på snart 10 år). Pink Floyd DSOTM i 30års hybrid jubileumsutgåve imponerer samanlikna med ein tidleg CD-versjon, også CD-sporet. Du får ein god del med info på klokkeklemtinga. Men samanliknast det med vinylplatene, kjem også SACD til kort.
Dine eigne grenser. Det er klart at ei forvrengingfri attgjeving kan lokke deg til å spele høgt, skikkeleg høgt. Dette er freistande, men usunt i lengda, og absolutt unødvendig. Mange gode høgtalarar treng litt trøkk for å opne seg og syne sine beste sider, men det gjeld ikkje desse øyretelefonane. Du får med deg alt som finnest på opptaka også ved ganske lave volum, så det å slite høyrsel er berre ein dårleg vane.Ting som forvrenging, høgtalarmedlyd og resonansar treng vi ikkje bry oss med. Dette er fråverande!



Ikkje noko negativt?
Det du vert misfornøgd med, er at dette trass alt er ein øyretelefon, og altså lagar eit lydbilete deretter. Har du, eller kan du lage "dummyhead-opptak", der du plasserer eit kunsthovud med to mikrofonar der øyrene er, vil eg tru du ikkje kan ha det betre enn via dette Stax-settet. Den dag Stax gjenlanserer elektrostatiske høgtalarar (sjekk ut på internett ESTA 4U, F81 og 83 - nokre av dei verste mareritt for forsterkararkonstruktørar som har vore laga), må vi vere klar. Kan ein høgtalar lagast like korrekt som denne øyretelefonen, er himmelriket nådd…Men dette er altså ein øyretelefon. Kven er så dette produktet laga for? Definitivt ikkje noko å ha for den som skal på joggetur. SRM 006t skal vere tilslutta 220 v, og er dessutan eit svært delikat stykke elektronikk som ikkje bør flyttast rundtromkring. Du må også ha tålmod til å vente ca 1 minutt i frå du slår på forsterkaren til røra er oppvarma, og det er lyd igjennom. Høyretelefonar kan heller ikkje erstatte høgtalarar, korkje i sosiale samanhengar eller når det gjeld å formidle ei musikalsk oppleving med oppleving av rom og luft. Men dersom du bur slik at du ikkje har høve til å spele på anlegget, er dette ei god erstatning. Heilt asosial treng du ikkje vere, det er uttak til ein telefon til, så to stykke kan lytte samstundes - på same signalkjelde…Dessutan er det ein "normal" utgang, som eg trur er tilpassa dei gamle utgåvene, som arbeider på ei litt anna spenning enn "pro"-utgåvene.

Dersom du har vorte gripen av audiophilia, men ikkje har råd til høgtalarar til hundre tusen, eller du berre er nysjerrig på å sjekke ut klang på eit opptak, er dette Stax-settet det beste reiskap du kan ha. (Det er også perfekt for ein audioskribent som ynskjer å høyre nyansane på signalkabel….) Og det er trass alt betre å bruke 14000 for å finne ut om du eigentleg vil satse på denne hobbyen. Stax si evne til å gje att dynamiske nyansar er rett og slett utan konkurranse; betre enn høgtalarane InnerSound Eros, Quad 57 og 63, Acoustat, dei Martin Logan-modellane eg har høyrt, og Magnepan. Einaste konkurrent eg kan komme på av høgtalarsida er tyske Josef Manger sine spesialelement, men då berre i akkurat det viktige mellomtoneområdet. Av øyretelefonar finnest vissnok framleis dei legendariske sveitsiske Jürgen Jecklin "Float", og Sennheiser sin rørbaserte superutgåve til minst 5 gonger Stax-prisen (ja, det skal finnest eit slikt sett i landet). Ein Sennheiser HP 600 eller 580 kan nok også gjere susen for ein lydprodusent, og har fordelen av å kunne pluggast rett i øyretelefonutgangen på miksebordet, dersom det vesle chipset som skal vere forsterkar i denne samanhengen er godt nok. Men om du spyttar i ca 11 000 fleire kroner, er Stax Sigma Signature SR 404 og SRM 006t koblingsboks betre på alle audiofile felt.

Pris 14775 kr

LINKER [importør/forhandler] 

Sist oppdatert : 15.06.2004 10:01:33

Lest 8150 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien STAX SR-007 SYSTEM »