søndag, 30 april 2006 23:00

Rogue Metis – nye rør – ny pickup – ny vurdering.

Skrevet av

Denne relativt rimelege forforsterkaren vart prøvd ut tidlegare, men Håvar hadde også tilgang på fleire rørutgåver, og eg fekk lyst til å prøve ut potensialet ved rørskift. Dessutan var eg så heldig å få den svært eksklusive Teac Esoteric X-01 på utprøving, noko som burde kunne avsløre fleire sider av forforsterkaren sin linjedel.

av Arve Åheim, mai 2006

Den nye utprøvinga gjekk for seg i fleire etappar. Fyrst lytta eg til Metis med dei opprinnelege røra, og via riaa-forsterkaren med Dynavector DV10x5, akkurat som sist. Deretter var tida inne for å eksperimentere med ny pickup og ymse digitale signalkjelder.

 

Nye rør

Attende i anlegget vart Metis forsynt med to svært kostbare NOS-rør frå Mullard. Dette aukar prisen på forforsterkaren med nokre tusen, så i kva grad det er fornuftig, kan sikkert diskuterast. Under mi utprøving fekk forforsterkaren vente i om lag 20 minutt før eg sette meg ned for lytting, og her var det definitivt endringar sidan sist. Den kanskje litt for kjedelege, men dønn nøytrale hi-end-lyden var merkbart forbetra klangmessig. Eg meinte også å registrere auka dynamikk.

Også andre rør vart brukt, og spennande nyansar mellom dei ulike alternativa kunne registerast. Eg må diverre melde at dei dyraste røra hadde størst appell til meg, men dei andre var absolutt til å leve med, dei også.

Mine erfaringar med forforsterkarar og ulike røralternativ er at dei stort sett har skilnadar på klang og støy, medan forforsterkaren sine basiseignskapar i svært liten grad endrast ut over dette. Slik er det stort sett også her. Dei tredimensjonale eigenskapane er ganske konstante. Men i tillegg gav dei kostbare røra frå Mullard ekstra løft på dei dynamiske eigenskapane, noko som gjorde at dette uvikårleg vart mine favorittar.

 

Ein litt flottare pickup

 

Eg gjorde så eit pickupskift, til Dynavector DV20x, som er omtalt i eigen artikkel. Og her kan eg glede ”vinylkameratane” med eit svært interessant stalltips: Mi fyrste utprøving baserte seg i hovudsak på hi-output-MC-pickupen Dynavector DV10x5. Denne gongen fekk eg også høve til å prøve den noko dyrare DV20x frå same produsent, med formidabelt resultat. Sjølv om denne pickupen kanskje ikkje i same grad får deg til å fokusere på Metis sine perspektiveigenskapar, er det snakk om ei verkeleg symbiose mellom pickup og riaa-del. Eg vil gå så langt som å seie at du skal opp i dei økonomisk brutale anlegga for å finne noko som gjer ein totalt sett betre jobb ut frå ein audiofil ståstad. I kva grad dette skuldast eit ørlite kraftigare utsignal (DV10x5 leverer  2,5 mV, medan DV20x klarer 2,8), eller om det er dei generelle eigenskapane som matchar så perfekt, kan eg ikkje seie noko om, men

 

 

Så lenge eg heldt meg til linjedelen gjorde Mullard-røra forforsterkaren så bra at eg ikkje sakna dynamikken til min gamle SP10.   Støy er det uansett lite av (importøren har sendt meg rør utan merkbar mikrofoni), då røra står i linjedelen, og riaa-forsterkaren er bygd opp med transistorar, så dette er ikkje noko du treng tenkje på i særleg grad.

Resultat med ein anstendig CD-spelar

Sjølv om ein vinylrigg beståande av Dynavector DV20x og Metis er glimrande, er det visse avgrensingar av ein trass alt anstendig budsjettert riaa-del. Det er difor gledeleg å kunne fortelje at linjedelen oppfører seg som noko nesten utruleg betre enn det prislappen kunne få deg til å håpe på.

Eg fekk høve til å bruke Metis saman med Teac Esoteric x-01 SACD-spelar. Resultatet var tredimensjonalitet som med god margin overgjekk alt digitalt eg har hatt i hus. Det eg likte best, var eit lydbilde   like djupt som det beste eg har oppnådd med min noverande vinylrigg. Også dynamisk var X-01/Metis-kombinasjonen uhyre bra, ikkje berre dynamisk, men også når ein tok ”heilt ut” med innspelingar der ein stressar CD-mediet til maksimum. Du høyrer sjølvsagt at det er CD du spelar, men det er så lite klangmessig påverknad frå spelar og linjetrinn, at eg opplever å vere heilt på grensa av CD-formatet sitt musikalske potensiale. Det er verkeleg moro å kunne seie at som linjetrinn/forforsterkar er Metis i stand til å levere ”alt som leverast kan”. Skal du finne betre dynamikk, betre tredimensjonalitet og meir nøytral klangbalanse er dette det definitivt beste linjetrinn eg har vore bort i til under 25 000.

 

Musikalske vurderingar:

Harry Belafonte let heilt utruleg, perspektivmessig like bra som over SP10. Her var det tydeleg at mi originalpressing på vinyl overgjekk standard-CD-en på alle punkt, men likevel var det svært hyggjeleg å lytte også til digitalformatet.

Så lenge eg spelte CD, var lydkvaliteten på gamle 60-og 70-tals innspelingar av pop/rock, var det flott og tilgjevande å lytte. Dei mange remiksane var ganske greie. The best of ulike grupper som Kinks, Hollies, Beach Boys, tidleg Procol Harum og den slags var kjekkare å høyre på enn kva eg kan hugse frå andre samanhengar. Dette er ikkje spesielt gode opptak, så det å sleppe sjenere seg for dårleg lyd, er svært velkome.   Men å spele vinyl med DV20x synte seg å vere svært kritisk til gode opptak. Dårlege opptak som t.d. Jesus Christ Superstar vart uuthaldeleg, og endå til relativt gode opptak som Steely Dan, George Benson fekk litt kjedeleg dynamikk.

Men verkeleg gode opptak kom til gjengjeld ordentleg gjennom. Å spele EMI sine beste ASD-vinylplater eller RCA sine Lewis Layton-produksjonar av klassisk musikk er ein sann svir. Det same kan seiast om Reference Recordings sine superinnspelingar, trass i at DV20x kanskje er aller mest glad i elektrisk musikk i rocke- og pop-sjangrane.

 

Ein liten ettertanke

At forforsterkarar skal ha så mykje å seie for det musikalske sluttresultatet, har alltid undra meg. Men slik er det, også i dag når musikk også kan opplevast frå CD, gjennom eit puslete linjetrinn, utan at forforsterkaren har innebygd riaa med dyre komponentar. Og stort sett veit forsterkarprodusentane å ta seg godt betalt for dei forforsterkarane som er i stand til å skildre musikken så realistisk og godt som han fortener.

Det er ikkje tvil om at Rogue Metis høyrer heime mellom desse superforforsterkarane, og når ein dertil kan få denne for ein eigentleg latterleg låg pris, samanlikna med alt anna på same kvalitetsnivå, skulle det vere enkelt å starte jubelen, og gje løp&kjøp-tilrådinga. Likevel har et eitt ørlite atterhald. Denne forforsterkaren tilfører anlegget ditt svært lite sjarm i seg sjølv – her er det ikkje snakk om farga solbriller som gjer trist lyd kjekkare å lytte til. Dette er eit dønn nøytralt produkt som slepp igjennom alt utan å sukre eventuelle bitre pillar, der vere seg innspelingar og anlegget elles. Å kjøpe Metis utan å vere klar over dette, kan vere frustrerande. I alle fall må du bruke tid på å sette saman anlegget ditt fornuftig. Eg vil absolutt tilrå at du har perspektiveigenskapane i tankane, for Metis vil garantert ikkje vere minimumsfaktoren i anlegget på dette feltet. Sannsynlegvis vil signalkjelda di vere eit større problem.

Når det gjeld dynamikk, er tinga litt annleis. Sjølv om dei brutale fortissimo-partia absolutt kjem heilskinna gjennom Metis, er denne forforsterkaren spesielt sterk på å nyansere dynamikk. Attende i 1987 sleit eg med denne problematikken då eg skulle velje mellom ARC SP10 og 11, og enda opp med SP 10 si store slagkraft framfor SP 11 si enorme detaljoppløysing og nyanseringsevne. Dette bør du tenkje på i samband med ei eventuell investering. Rogue Metis vil vere eit glimrande val saman med elektrostatar, medan eg ville hatt ei runde på heimlån før eg ville bruke denne saman med hornhøgtalarar. I alle fall treng du ein effektforsterkar som gjev att lyden krystallklart, men helst ikkje analytisk. Sjølv om dynamikken og klangeigenskapane kan regulerast ein del gjennom rørskift, er dette absolutt ein hi-end-forforsterkar, sjølv om prisen ikkje tilseier det.   Gløymer du dette, kan du bli ulukkeleg.

 

Konklusjon

Rogue Metis er den billegaste hi-end-forforsterkaren på marknaden eg kjenner til. Som hi-end-produkt, er han avhengig av å verte brukt saman med produkt i same kvalitetsklasse. Slike ting er normalt dyre, og du må rekne med å bruke tid på å komme fram til passande effektforsterkar og høgtalarar. Signalkjelder også, med unntak for vinylentusiastar, som like godt kan kjøpe Dynavector hi-output fyrst som sist – matchen, spesielt med DV20x, er suveren.  Ver ikkje redd for å spandere rør av toppkvalitet til Metis. Om anlegget ditt er godt nok, vil det vere tydeleg kva som er best. Og prisen på forforsterkaren er i utgangspunktet så låg at du ganske sikkert har råd til denne oppgraderinga, dersom du har råd til eit anlegg som passar saman med Metis. Mitt einaste atterhald på Rogue Metis er av det same slaget fotballag bør gjere seg når dei rykker opp ein divisjon eller to. Tøffare krav til kva du driv med….

 

 

Fleire opplysningar og opprinneleg omtale på Rogue Metis preamp
Link til importør: www.planetsnapa.no

Lest 5237 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.