onsdag, 29 juni 2005 23:00

Rogue Audio 2x90 watt med KT 88-rør

Skrevet av

Her på den definitive vestkanten av landet utan eit utprega audiofilt nærmiljø eller for mange abonnement på fagtidsskrift, vert audioskribentarbeidet mindre prega av andre meiningar. Rogue Audio var nytt for meg då Håvard Snapa kontakta meg for å høyre om eg kunne tenke meg å prøve denne rørforsterkaren. Nytt amerikansk rørforsterkarmerke? Slikt seier ein ikkje nei til.


Av Arve Åheim 30.06.05

Å hente skikkelege effektforsterkarar, særleg dei med rør, er alltid ei fysisk oppleving. Denne saken var slett ikkje så ille. Tre fornuftig dimensjonerte trafoar fører til ei vekt på knappe 30 kg, når ein har nokre kilo skikkeleg emballasje. Pakkinga var glimrande, med forsterkaren fastskrudd i ei kryssfinerplate som held dei indre delane i ro under transporten. Utgangsrøra er også pakka for seg, slik at det vert så lite mekanisk påverknad av desse som råd. Eg tykkjer pakkinga av rørforsterkarar er ein vesentleg faktor, det er ille å sitte med noko defekt når ein har gledd seg til ny effektforsterkar ei stund. Rogue Audio har gjort dette skikkeleg, pass berre på at du ikkje ripar opp golv eller møblar før du har fjerna vengemutrane frå undersida av kryssfinerplata.

Litt rør(-ete?) kommentarar:
Det fyrste eg gjorde, var å opne forsterkaren for å montere effektrøra. Desse er russiske KT 88 EH, som var nye for meg, men dei verkar akkurat som vanlege KT88 av god kvalitet, solide mekanisk, og sannsynlegvis sjekka for mikrofoni. Røra var nummererte, så biasjustering er gjort frå fabrikken. Håvard råder likevel til at du sjekkar dette så fort som råd. Dei andre røra er 12AX7/ECC83 – eg reknar med dette er fyrste forsterkardelen, og 6SN7 sannsynlegvis fasesplittar. På tilsvarande konstruksjonar har eg opplevd at kvaliteten på ECC83-røret er vel så viktig som dei dyre utgangsrøra, så her kan det vere interessant å eksperimentere litt. Håvar sende meg eit sett med alternative inngangsrør, og forsterkaren endra klangkarakter ein smule, utan at eg fekk tid til å bestemme meg om i kva grad dette førte til forbetring av lyden. Men tydeleg skilnad var det i alle fall.

Elles fortel Håvar at forsterkaren også kan arbeide med EL34 utgangsrør, om ein skulle ha lyst til dette. I så fall får du litt mindre effekt, og sannsynlegvis ein litt varmare og ”feitare” lyd. Personleg har eg erfart at KT88 (eller 6550) er betre rør enn EL34, og tapet av utgangseffekt er heller ikkje ynskjeleg i mine samanhengar.
Ein liten knapp på baksida kan endre forsterkaren frå ultra-lineær til triodekopling. Triodeforsterkarar har fått stor legendestatus, og ved triodedrift vert vrenginga mindre (men ikkje dersom du speler svært høgt). Det fine med denne effektforsterkaren er at du kan prøve ut dei lydmessige fordelane direkte under avspeling, utan eingong å mute forsterkaren. Saman med vanlege høgtalarar som ProAc Studio 140 var det beste ultralineær drift. Bassen vart strammare og meir naturleg, og dei 90 Watta gjorde nytte for seg når det skulle spelast høgt. Eg opplevde ikkje auka vrenging som eit problem i det heile tatt. Einaste negative endringa var ei forsiktig innskrenking av lydbildet, mest merkbart heilt ute på fløyane (det er også eit av dei få svake punkta til referanseforforsterkaren min). Produsenten tilrår deg å prøve ut kva som let best, det heng saman med korleis utgangstransformatorane og høgtalarane sitt delefilter fungerer i lag.

Forsterkaren er laga ganske brukarvenleg med tanke på bias. For den som er ukjend med rørforsterkarar, er bias-spenninga viktig å ha optimalt justert dersom du vil ha maksimal levetid og optimal lyd ut av røra. Eit meter er montert inne i forsterkaren, og med ein veljar måler du kvart einskilt rør. Med eit medfylgjande skrujern justerer du så biasen gjennom fire små, blå skruar, ein for kvart rør. Når du har stilt meteret inn på rett rør, skrur du berre skruen til du måler 35 mA, og dette gjentek du for alle fire røra. Dette bør du gjere etter at du har spelt ei stund. Andre forsterkarar eg har eigd treng denne justeringa etter eit par- tre hundre timars bruk, og det er ingen grunn til å tru du må gjere det oftare på denne forsterkaren. Når du ikkje lenger klarer å skru biasen korrekt, er tida inne for rørskifte. Normalt kan dette ta godt over 3000 timar på KT88 i ultralineære forsterkarar. Men når to slike rør skal levere 90 watt i lag, må dei drivast litt hardare enn det eg er vant til. Du kan likevel trygt rekne med over 2000 timars drift på utgangsrøra. Spelar du to timar dagleg i gjennomsnitt, skulle det gå snart tre år før du treng rørskift. (Er du like nyfiken som meg, har sannsynlegvis eksperimentlysta fått deg til å skifte lenge før det). Hugs å mute eller slå av forforsterkaren før du styrer med biasen, elles måler du feil – men høgtalarane skal vere tilslutta. Dei fleste veit nok at vanlege rørforsterkarar aldri skal vere påslått utan tilslutta høgtalar eller tilsvarande belastning, men det kan vere lurt å minne om dette.
Eg er litt usikker med tanke på at triodedrift stiller større krav til røra enn ultralineær drift, men erfaringane eg har frå min gamle ultralineære KT88-sak tilseier at det ikkje er nødvendig å betale ekstra for matcha utgangsrør. Juster biasen skikkeleg, og du kan endå til blande rør frå ulike produsentar utan særleg stor skilnad (det beste er likevel å halde seg til ein produsent. Du treng ikkje bruke mykje pengar på dette, leik deg heller med ulike klangeigenskapar ved å skifte ECC83 inngangsrøra.
Då eg skulle justere bias etter nokre timars bruk, synte det seg at berre det eine røret trengte ein ørliten vridning av potmeteret, altså er dei medleverte utgangsrøra av god kvalitet, som sannsynlegvis ikkje har problem av noko slag.

Rørforsterkarar har gjerne fleire ”tappepunkt” til høgtalartilslutninga, slik at du kan velje mellom 8 og 4, gjerne også 16 Ohm. Dette har ikkje Rogue brukt pengar på. Inne i forsterkaren ligg eit ekstra sett tilkoplingar for 4 Ohms tappepunktet frå utgangstrafoen. Det er meininga at du skal ordne dette sjølv, og det er ganske enkelt. Du skrur berre av nokre mutrar, og skifter leidningane. Hugs å trekke på isolasjonen på dei. Dette fungerer heilt greitt, men heilt brukarvennleg er det ikkje. Eg tykkjer likevel det er ein akseptabel måte å ordne dette på, dei færraste treng å skifte impedanse oftare enn dei skiftar høgtalarar, og då berre dersom dei eventuelt får nye høgtalarar med anna impedanse enn tidlegare. Frå fabrikken er 8 Ohm lagt, som er den vanlegaste høgtalarimpedansen.

Elles har ikkje Rogue Audio langt like stor vekt på straumlinjeforma plassering av komponentane og vakre printkort som t.d. Conrad Johnson og Audio Research. Men komponentar og kabelføring er av uvanleg god kvalitet, og alt som verkeleg betyr noko er tatt godt vare på. Høgtalarterminalar og phonokontakter er utmerka, sjølv om eg gjerne ville hatt litt større dimensjonar og større avstand mellom høgtalarkontaktene (I dag eit vanleg ynskje frå alle som ikkje brukar bananpluggar. Det ser ut som stadig færre forsterkarprodusentar tek omsyn til grove kablar).

Designet elles
Utsjånaden er heilt grei, slik vi ventar oss ein effektforsterkar, eit 20 cm høgt kabinett i standardbreidde med frontplate i børsta aluminium, der straumbrytaren er sentrert i eit sirkulært hol akkurat i midten, med ei blå lysdiode over. Dekselet du må fjerne for å komme til innmaten er festa med ti skruar som du ikkje må miste. Under utprøvinga lot eg dekselet vere av. Berre den delen av dekselet som er over røra er perforert, så er du skikkeleg klønete, kunne du komme til å montere det feil, og fått kjølinga over trafoane i staden, med ein viss risiko for dårleg kjøling av røra, iallfall om forsterkaren står plassert i eit rack. Rør skapar alltid varme, så helst bør dei stå fritt. Produsenten tilrår fritt rom 20 cm over, og 15 cm til sidene. I eit rack ville eg latt forsterkaren stå utan deksel permanent.

Innspelingstid
Ein heilt ny effektforsterkar treng ei viss innkøyring før alle eigenskapar stabiliserer seg. Dette skjer med alle forsterkarar, og skuldast nok at det må gå litt straum gjennom komponentane, slik at dei tilpassar seg. Nokre forsterkarar kan ta lang tid å få stabile. Eg har opplevd at 14 dagars innkøyringstid har vore påkrevd, og eg har til og med fått rapportar om at ulike rørforsterkarar kan ta endå lenger tid enn dette. For Rogue Audio var det greitt å stå påslått 10 timar om dagen i fem-seks dagar før eg ikkje greidde å merke endringar lenger. Denne innbrenningsfasen kan arte seg på mange måtar, t.d. endringar i klangbalanse og "elektronisk susing". Denne gongen arta desse endringane seg dessutan som nivåskilnadar mellom kanalane, slik at eg innimellom måtte bruke balansekontrollen, men etter 14 dagar var alt i orden. Dette er bagatellar, og du treng ikkje frustrere deg særleg mykje i innspelingstida. Det går godt an å lytte til musikk heile tida. Men det tek om lag 20 minutt til ein halv time å få forsterkaren optimal kvar gong du slår han på. Dette gjeld dei fleste forsterkarar, og absolutt alle rørforsterkarar eg har høyrt som ikkje er utstyrt med ”standby”-funksjon som held forsterkaren varm heile tida.

 

Lytteinntrykk og ulike drifter….
Folk snakkar ofte om ”typisk rørlyd” som noko klangmessig svært komfortabelt, men ikkje heilt korrekt. Ein rørforsterkar treng absolutt ikkje vere varm i klangen og feit og rund i bassen, like gjerne ha heilt motsett karakter. På ”skikkelege” rørbaserte effektforsterkarar tykkjer eg dette rørlydsomgrepet er misvisande. Det som kjenneteiknar ein god rørforsterkar er nøytral klang, dynamisk autoritet/nyanseringsevne og glimrande tredimensjonale eigenskapar. Dette gjeld nesten alle litt påkosta KT88-baserte konstruksjonar eg har vore bort i, spesielt dei ultralineære. I Rogue-konstruksjonen har vi ein fin sjanse til å gjere direkte samanlikningar mellom ultralineær og triodedrift, og det har vore ei lærerik erfaring. Under triodedrift merkast ei svært opa scene, med massevis av luft rundt instrumenta, som attgjevast med alle dei detaljar som innspelinga tillet. Verkeleg gode innspelingar avslører seg umiddelbart, og du er i stand til å høyre Harry Belafonte som ein skikkeleg tredimensjonal figur, langt meir truverdig enn dei ”pappsiluettane” rimelegare transistorkonstruksjonar skapar. Mikrodetaljar i alle gode opptak kjem fullt ut til sin rett, og spelegleda er hjerteleg til stades. Musikken vert svært levande, betre enn på mange vesentleg dyrare rørforsterkarar eg har prøvd gjennom tidene. Dette minner om flotte, klassiske triodeforsterkarar, men Rogue syner mykje meir musklar, sjølv om eg gjerne spelar litt lavare enn vanleg. Når ting er så klangmessig nøytralt som dette, føler eg ikkje behov for å guffe dei gode opptaka i særleg grad. Mange anlegg treng litt ekstra trykk for å løyse opp detaljane, gjerne fordi høgtalarane (eller faktisk også forsterkarane) har høg lytteterskel.

Med triodedrift er lydbildet nesten usannsynleg godt oppløyst, og det slår meg at dette er uvanleg mykje lydkvalitet for pengane. Klangmessig er dette så midt i mellom varmt og kaldt som eg nokon gong har opplevd frå eit effekttrinn, og matchinga til den supernøytrale ARC SP10 forforsterkaren eg har som referanse er nesten fullkomen. Det einaste som minner om "rørlyd" dukkar opp i bassen når eg spelte høgt med ProAc Studio 140 som høgtalar, særleg når denne bassglade høgtalaren var plassert i eit relativt lite rom (på 24 m2). Litt buldretendensar og litt for lite kontroll over basselementa i desse bassreflekskonstruksjonane. I slike samanhengar er ultralineær drift betre, sjølv om du må gje avkall på litt mikrodetaljar og plastisk attgjeving. Om du vanlegvis speler lavt, eller du har fulltoneelektrostatar eller horn, vil eg tru at triodedrift som utgangspunkt er det beste. For relativt tungdrivne trykkammer- transmisjonslinje- eller bassreflekshøgtalarar, er ultralineært tingen. Når skiftet mellom dei to driftsformene kan gjerast så enkelt som her, er det berre å velje den lyttesituasjon du ynskjer. Du treng ikkje eingong mute forsterkaren, berre vende over til du bestemmer deg for kva driftsform som fungerer best. Forsterkaren kan fylgjeleg også tilpassast ikkje berre anlegget, men også audiofile humørsvingingar – Dumdumboys spelast t.d. best ultralineært, men Hary Belafonte krev triodedrift. Grunnlaget for å vere fornøgd er alltid til stades.

For ultralineær drift må eg innrømme at eg for ein gongs skuld er ute av stand til å beskrive nokon klangkarakter. Eg kan ikkje hugse å ha høyrt ein meir nøytral effektforsterkar i denne disiplinen. Ikkje det at skilnaden er enorm, men du høyrer at dette ikkje er nokon transistorkonstruksjon. Ikkje sånn at dette kjem av ein rørmessig signatur av lyden, iallfall ikkje før du tek til å ta ut effektreservane for alvor. Når forsterkaren nærmar seg full guffe, får du meir av den klassiske rørlyden som ein kan kjenne frå andre tilsvarande konstruksjonar. Dette er svært kledeleg for musikk som skal spelast høgt, som rock eller symfoniske verk, men når det kjem til komplekse verk frå t.d. Supertramp eller Schubert, der mikrodynamikk og oppløysingevne vert avgjerande, vil det vere kjekkast å gå over på triodedrift og retteleg nyte desse sidene av musikkopplevinga, sjølv om ein må gje slepp på kontrollen av bassområdet. Så den einaste frustrasjon eg opplevde saman med Rogue 90, var avgrensa til litt frustrasjon fordi eg ikkje fekk både triodedrift-oppløysing og ulitralineære musklar på same tid. Ei herleg luksusproblem!

Konklusjon
Dette osar av skikkeleg referanselyd. Rør har rett nok sine tilhengjarar og skeptikarar, men her er altså ein av dei mest nøytrale forsterkarane eg har hatt i hus. Kanskje ikkje fullt så supernøytral og detaljrik som dei beste effektforsterkarane eg har høyrt frå ARC, og heller ikkje så fantastisk tredimensjonal som når Conrad Johnson tek ut sitt fulle potensiale. Men likevel i samme gate, ganske tett på desse legendene, og eit lydmessig kompromiss mellom ideala frå desse som eg finn svært tilfredsstillande (eg har alltid hatt store kvaler for å bestemme meg for kva eg likte best av desse to favorittmerka). Og til ein pris som er langt mindre enn konkurrentane. Dessutan er det ein sak eg ikkje har hatt det minste tull med dei vekene eg har hatt han til låns, ein stabil konstruksjon til skapeleg pris. Med valfridom mellom triode eller ultralineær drift bind du deg ikkje til ein spesiell høgtalartype, men kan la anlegget utvikle seg saman med ein svært allsidig forsterkar, som kan brukast til dei aller fleste høgtalarar med godt resultat.

Dette er ein forsterkar som inviterer til eit langt og lukkeleg samliv! Og eg har vorte skikkeleg nyfiken på Rogue Audio!

 

Tekniske data:
Effekt:                         2x90W
Frekvensrespons:          5 – 50 000 Hz +- 1dB
THD                            <0,1% typisk.  (<1% v full utgangseffekt)
Mål:
Vekt:                           25 kg (27 kg m/emballasje)
Pris:                            21 900

Importør:                    Håvar Snapa, www.planetsnapa.no

Lest 9675 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.