søndag, 06 juni 2010 06:35

Brutalt, men raffinert frå Kina: Xindak PA 1 Monoblokker

Skrevet av

Xindak er kinesisk, og høyrest ganske så eksotisk ut. Vi snakkar her om toppeffektforsterkaren derifrå: Monotrinna PA-1, som veg 34 kg. Altså nesten sytti kilo effektforsterkar, og då endåtil ikkje på rør. Klasse A, står det på frontane, og prisen er no 24000 kr.  230 W, og dobbelt så mykje i 4 Ohm. Interessant?

Xindak PA 1Xindak PA 1 er ganske tøffe krabatar, og eg er glad dei vart leverte på døra, slik at min personlege  innsats innan transport kunne vere minimal - tung hifi er krevjande å teste.
Dei var rimeleg store, 43 x 46 x 20,5cm, og kan også på denne måten samanliknast med rørbaserte monoblokker. Sidene består av store kjøleribber, og det signaliserast at her er musklar i massevis. Eg rekna difor med råskinn-lyd då eg gjorde dei klare til å trekkje elektrostatpanela i hybridhøgtalarane mine frå InnerSound.

 

Forsterkarane er utstyrte med to sett høgtalarterminalar, slik at biwiring er enkelt, og dei har også xlr-kontakt for balansert drift. Sidan min referanseforforsterkar Conrad Johnson ET 2 er ubalansert, Xindak PA 1 Baksidavart XLR-kontaktene uprøvde frå mi si side.  Ut over ein inngangveljar mellom phono og XLR, er PA 1 enkle i bruk, berre utstyrte med ein straumbrytar i fronten. Denne tenner ei blå diode, og eit rele slepp signalet gjennom etter 7 – 8 sekund. Dersom du har 10A sikring på stereoanleggskursen din, bør forsterkarane tennast etter tur. Det er mykje straum som skal leverast før dei er speleklare, og eg måtte i sikringsboksen eit par gongar før eg opparbeidde fornuft og tålsemd nok til å gjere dette.

Her er det altså snakk om nokre verkelege beist som leverer 230 Watt i 8 Ohm, men som også skal klare 460 W i 4 Ohm. Eg følte difor at det burde passe godt saman med elektrostatane. Dette viste seg å stemme svært godt.

Etter ein times oppvarming, starta eg på den kritiske lyttinga. Med deling på 400 Hz, og ein eigen bassforsterkar som jobba under dette, fekk PA 1-tvillingane ein svært enkel jobb, særleg når høgtalarane leverer 94-96 dB på ein Watt. Det var altså ikkje snakk om å få dei til å nærme seg klippegrensa. Musklane er altså nesten ubrukte i denne samanhengen. Heller ikkje når dei vart brukte til å drive transmisjonslinjebassane. Fyrst då eg tok dei på JBL TL 260, fekk dei køyrt seg litt, men også her brukte dei berre nokre få prosent av potensialet sitt.

Eg spurte Ove på Audiofoni om dette med klasse A-drift. Han innrømma at dette med 230 Watt klasse A var ei kinesisk overdriving. Men han kunne fortelje at dei jobba opp til 60 watt før klasse B slo inn. Såleis var det nok Klasse A-drift på dei gjennom heile utprøvingsperioden. Dei har varm overflate, men ikkje så varm at det opplevast som skummelt, så lenge dei får stå fritt. Eg lot dei stå på toppen av ei TV-hylle, og då var ikkje varmen noko problem. Vekta, derimot...Vekta av to PA 1 er nesten 70 kg

Det naturlege vil vere å plassere dei ganske nær høgtalarane og bruke lange signalkablar + korte høgtalarkablar, som etter mitt syn er den mest økonomiske så vel som lydleg beste måten å gjere det på. På grunn av at eg ikkje ville endre for mykje på oppsettet mitt i referanseanlegget, vart det til at eg brukte mine standardkablar på 3 meter. På kontrollyttinga med JBL TL 260 i lytterom #3, var leidningane under ein meter korte.  Eg kan nok ikkje trekke konklusjonar om PA 1 sin potensiale når det gjeld korte/lange kablar, men vil neppe tru at du får problem same kva løysing du går for.

Etter ein del eksperimentering fann eg ut at oppvarmingstida for optimal lytting var ganske kort, sånn rundt ein halv time, noko som er imponerande raskt for såpass avanserte og store beist. Det var også positivt at forsterkarane ikkje vart så varme at ein fekk skrekken om dei stod på heile dagen.

Lyden:
Veldig fort vart eg klar over at dette ikkje var slugger-forsterkarar, men svært så raffinerte ting med stor nyanseringsevne. Eg var gjennomgåande svært forbausa over kor raffinert desse kjempesterke monotrinna  kunne gje att musikalske nyansar. Mine forventningar om rå kraft og ekstremdynamikk vart absolutt innfridde, men det var altså ikkje dette som var den sterkaste sida av PA 1. Dei spelar nemleg svært nyansert, med eit vell av detaljar som eg nesten utan unntak berre har erfart gjennom vesentleg dyrare utstyr. Dette er forsterkarar som innfrir behova til dei som spelar musikk av både kompleks, minimalistisk, og dynamisk nyansert type, så vel som ganske brutalt dynamiske opptak som t.d. Telarc si 1812-overtyre. Saman med forforsterkaren ET 2 vart det tredimensjonalitet som trygt kan samanliknast med dei betre røreffektforsterkar eg har hatt i hus i manns minne. Her vart det også køyrt Ricky Martin ”Loaded” i SACD-utgåve, så vel som Yello og klassiske innspelingar av både moderne og eldre RCA/Mercury-innspelingar frå både vinyl og sølvskiver. Heile tida kunne desse effektforsterkarane by på essensen av musikken, på ein måte som eg fann uvanleg tilfredsstillande.

Når det gjeld klangbalanse, fargar PA 1-paret lyden i svært liten grad, og det vert som vanleg langt viktigare å tenkje over spørsmålet om matching. Saman med ET 2 vart det vakker forførar-lyd av det slaget eg kan la meg fascinere av i timevis i strekk, utan at klangen vart varm eller overdrive romantisk av den grunn. Kombinasjonen er ein av dei meir vellukka, og den som vil ha rørforforsterkaren sine kvalitetar kopla saman med utruleg kraftige, problem- og vedlikehaldsfrie transistorbaserte mono effekttrinn, kan vanskeleg finne seg noko betre i dette prissegmentet. Her kan du også spele lavt, noko som ikkje er sjølvsagt med såpass kraftige forsterkarar. Alt for ofte må forsterkarane arbeide med tungdrivne høgtalarar eller spele veldig høgt for å kunne syne kva dei er gode for, men her kan du altså drive elektrostatar på ganske svakt lyttenivå med stort engasjement, og likevel ha krefter i massevis til dei gongane du er åleine heime med behov for å løyse på rockefoten. Eg hadde veldig lyst til å prøve desse med Magnepan 3.6, eller kanskje dei store Soundlab for å sjå om dette kunne vere ein perfekt match, men har ikkje tilgong på slike høgtalarar for tida.

Slik lyden vart i mine to oppsett, var det avgjerande at PA 1 hadde ET 2 som forforsterkar. Det andre alternativet var iallfall håplaust; ein passiv forforsterkar, eller snarare kontrollboks/inngangsveljar/volumkontroll OBH 22 frå Creek. Saman med signalkjelder av vanleg type kan denne gje forbausande presis lyd i mange samanhengar, men til PA 1 må vi tydelegvis ha ein skikkeleg, aktiv forforsterkar. ET 2 frå Conrad Johnson gjorde ein fenomenal jobb. Utan å overromantisere bassen fekk mellomtonen den heilt rette intensiteten som gjer lyden så utruleg realistisk. Ein ørliten tendens til varme i øvre bassområde gjer underverk, så lenge dette ikkje går ut over presisjon, noko som slett ikkje skjer i denne samanhengen.

Eg kan vel seie at PA 1 spelar utprega musikalsk og engasjerande, og ganske klangnøytralt. Her er også svært god detaljrikdom, men utan tendensar til analytisk stresslyd.

Såleis ein av dei meir vellukka effektforsterkarkonstruksjonane eg har vore bort i av transistorslaget.  

Konklusjon:
Svært gode effektforsterkarar, passande for den som er ute etter både mykje effekt og detaljar. Rette partnar til skikkeleg gode rørforforsterkarar og relativt vanskelege høgtalarar. Har uvanleg gode eigenskapar når det gjeld perspektiv og romoppleving, så om anlegget og rommet har potensiale i den retning, er Xindak PA 1 svært gode val. Ikkje minst når ein tenkjer på at dette er transistorkonstruksjonar. Men du må ikkje rekne med imponator-lyd som tek pusten frå lyttarane. Her må du ha betre tid, og finhøyre deg fram til kvalitetane. Etter kvart som du gjer deg kjent med dei, vert det tydeleg at måten dei formidlar musikk på er rein og skjær realisme. Absolutt verd pengane!

Importør: www.audiofoni.no
Pris: 24 000 kr.

Lest 12211 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.