Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024, laurdag og sundag.
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg skriv denne innleiinga. Seinare går det slag i slag heile helga. Veret ser ikkje bra ut med tanke på påsketuristane, men for oss svartkledde jazzarar passar det perfekt. Jazz er heldigvis ein inne-idrott.
Me likar oss best heime når hauststormane herjar. Men stundom lyt ein ut for å finna inspirasjon, for å læra noko, og for å ha noko å reflektera over når du er heima. Ein slik læringsarena er Osafestivalen, skipa til av Ole Bull Akademiet på Voss, årvisst i oktober. Hit kjem kvedarar og musikantar frå heile landet og vidare, og dei kan framføre dramatiske forteljingar, slik folkemusikk typisk nok byr på. Eg sette av helga, møtte fram på utvalde konsertar (eller rettere so mange som eg rakk over) og deler med glede inntrykka frå nokre av dei.